Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘bestemor’

På bestefars hundreårsdag

I dag ville han bestefar ha fylt hundre år.

Han bestefar på Neset (altså Eggesbøneset), morfaren min, John Eggesbø, vart fødd 2. mars 1911. Han var einebarn, og ti år gamal miste han far sin. Oldefar var snikkar og handelsmann, og då han døydde berre femti år gamal, var det syskenbarnet til bestefar som sytte for butikken til dess bestefar kunne ta over sjølv i 1930.

Bestefar gjekk middelskule i Volda og Treiders Handelsskole i Oslo, men det var på «ungdomsskulen» i Ulsteinvik (det som i dag heiter folkehøgskule) han skulle kome til å møte ei to år eldre jente som heitte Nanna.

I 1936 gifte dei to seg. Bestemor var fødd i Sør-Dakota, og vart med til Noreg då foreldra hennar reiste heim til gamlelandet nokre år seinare. På skulen i Noreg rekna ho på engelsk inni seg, for det var engelsk ho kunne best på den tida. Ikkje før i godt vaksen alder var ho på ein ferietur tilbake til sin barndoms heimtrakter saman med bestefar.

Medan bestefar var liten, hadde oldemora mi kjøpt harmonium (trøorgel) for å gje sonen eit musikalsk innslag i livet, men bestefar vart i staden felespelar. Dette visste eg ikkje om då eg sjølv vart interessert i instrumentet, men sjølv om eg aldri vart flink, hadde vi altså eit fellestrekk der. Eit anna fellestrekk skal vere at også bestefar som vaksen mann var veldig glad i iskrem.

Som ung vaksen hadde bestefar motorsykkel med sidevogn. Han og bestemor fór på bryllaupsreise til Sulitjelma med denne. Ferieturar seinare vart det lite av, men i 1959 reiste heile familien på camping til Italia: John, Nanna og fire born.

Bestemor, bestefar og eg.

Den store hagen på Eggesbøneset var det bestemor som tok seg av. Der var det også gjerne ville kattar som gjekk husimellom, nokre generasjonar av dei vart tame pga. nærkontakt med underskrivne, og besteforeldra mine lét meg ta dei med inn og kose med dei. Der fekk eg også snakke om korleis Eggesbøneset var før i tida, t.d. at bestefar hadde drive bensinstasjon og ferjekai, og at oldemor hadde drive telefonstasjon og vore aktiv i sanitetsforeininga.

Bestefar var meir eller mindre fast inventar på butikken til lenge etter pensjonsalder, men det vart sjeldnare dei siste åra han levde. Han døydde nokre månader etter åttiårsdagen sin, fire år etter bestemor.

(Takk til mamma, som har levert opplysningar om skulegangen og avsnittet om ferieturar.)

Oppdatering:
Svigerinna mi har skrive om svigerbestefaren sin, klikk her. Oppsummering: Bestefar hadde gjerne karamellar lett tilgjengelege, og han snakka gjerne på rim. Dei gode minna strøymer på! Hm, og apropos fellestrekk…

Read Full Post »