Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘bildør’

Dunk

Det er trongt der, så langt til høgre som den tøffe bilen har parkert, men eg får plass. Varsamt opnar eg døra mi og smyg meg ut, medan eg observerer den utståande gummilista på døra til bilen til venstre for meg. Eller vinyllista, eller kva materiale denne lista er laga av. Mjuk er ho i alle fall, og eg ser at ho ligg akkurat der ho skal liggje.

Eg kjem meg ut, men akkurat når eg snur meg for å late att døra etter meg, overtek gravitasjonen, og døra mi glid sakte eit par centimeter utover og lagar eit lett dunk inn mot lista på nabobilen. Det er rett nok slike ting ei slik list er til for, sjølv om eit egg ville ha tolt akkurat dette dunket like bra. Men tøffe bilar er gode resonanskasser, og små dunk høyrest godt på innsida.

Eg rekk å låse før mannen frå den tøffe bilen kjem ut og rundt til meg: «Hyggelig!» seier han. «Det gjekk bra,» konstaterer eg. «Gjorde det det?» spør han skeptisk og bøyer seg ned mot litt feil område. «Ja då, eg kan vise deg,» seier eg og låser opp døra, opnar henne, og lèt døra mi besudle lista hans på ny.

«Da håpe æ at du ser dæ litt bedre for neste gang du SLÆNGE OPP DØRA DI!» seier han. «Ja, klart det!» svarer eg med godt samvit, ettersom eg veit med meg sjølv at eg aldri har slengt opp ei bildør i heile mitt 21-årige liv som sjåfør, men det var jo dumt med dette vesle dunket her, då, tenkjer eg. I alle fall mot akkurat denne bilen.

«Ha en fin dag!» avsluttar han resolutt. «Ha ein fin dag, du òg!» repliserer eg, og går og gjer ærendet mitt. Ein servicemann som står attmed den tøffe bilen, berre smiler stort.

Read Full Post »