Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘biletformat’

Når biletet er vidare enn det er

Biletformatet 4:3 for video er ikkje 4:3, og 16:9 er ikkje 16:9. Det vil seie, ved overgangen til HD er 16:9 likevel 16:9, men i standardoppløysning (SD) er både 4:3 og 16:9 eigentleg litt vidare. Proffane som eventuelt les dette, får vere tolmodige med meg. Eg er ikkje noko meir enn ein sjølvlærd amatør, og det eg skriv her, er meir unøyaktig og mindre fagleg enn faget fortener.

I alle fall. Det var då eg ville lage stillbilete av videopptaka mine (SD) for nokre år sidan at eg kom bort i dette problemet. Eg hadde nokre videoklipp med flotte motiv som fotoapparatet ikkje hadde fått med seg, så eg laga stillbilete, eksporterte til jpeg, og passa på at biletformatet var nøyaktig 4:3. Sjølvsagt var eg budd på at det skulle verte dårlegare bilete enn frå eit fotoapparat, men eg hadde ikkje venta at folk skulle verte for smale i andletet. Dette fenomenet er også relevant for andre typar arbeid, til dømes:

  1. når ein skal lage stillbilete frå SD-videoen, som substitutt for fotografi,
  2. når ein skal lage mpeg4-eksport el.l. (kvadratiske biletpunkt) av SD-videoen sin,
  3. når ein skal bruke stillbilete frå fotoapparat el.l. som del av SD-videoeprosjektet,
  4. når ein skal bruke video frå fotoapparat/mobiltelefon eller (nedskalert) frå HD-videokamera som del av eit SD-videoprosjekt
  5. når ein skal ta ein SD-video og oppskalere denne i eit HD-videoprosjekt.

Fyrst det som eg allereie visste: Både fotoapparat og HD-videobilete på t.d. 1920 × 1080 har kvadratiske biletpunkt. Eit godt, gamaldags SD-bilete har ikkje det. Eit SD-bilete (PAL) har 720 biletpunkt i breidda og 576 biletpunkt i høgda, same om det er eit 4:3-bilete eller eit 16:9-bilete. Poenget er at desse biletpunkta er avlange, dei er breiare enn dei er høge. Dersom vi lèt biletpunkta vere kvadratiske, vil 720 punkt i breidda verte for smalt i begge tilfella (men særleg smalt for eit 16:9-bilete). Dette er heilt slik som det er venta å vere.

For å illustrere dette kan vi sjå på eit stillbilete som er laga av eit videoopptak, som kompensasjon for at eg ikkje hadde fotoapparatet parat. Det er henta frå eit 4:3-opptak der motivet uoppfinnsamt nok er ei DVD-plate, filma beint på. Denne plata skal sjølvsagt vere heilt rund, men når vi lèt biletet vere 720 kvadratiske biletpunkt breitt, vert ho for smal. Eg har lagt ein raud og heilt rund sirkel rundt som referanse.

Biletet er altfor smalt.

Dette er altså ikkje noka overrasking. Eg visste allereie at biletpunkta i eit SD-videosignal er litt breiare enn dei er høge. Bileta over er slik det ser ut dersom vi ikkje kompenserer for dette, men læst som om biletpunkta er kvadratiske.

Dersom vi strekkjer ut dei 720 punkta til ei breidd som svarer til 768 kvadratiske punkt (fordi 576/3·4=768), får vi akkurat 4:3. Strekk dei ut til 1024, og vi får akkurat 16:9. Men det er her det er lett å gå i fella. Her er biletet i nøyaktig 4:3-format:

Biletet er framleis litt for smalt.

Nettopp. Biletet er mykje betre, men framleis er det litt for smalt. Og det er altså her der er lett å gå i fella. Saka er at av dei 720 avlange biletpunkta i breidda er det i eit SD-bilete (PAL) berre dei 702 i midten som utgjer 4:3-biletet, eller 16:9-biletet, då, for dei som har litt meir moderne opptak. Dei resterande 9+9 punkta kjem altså utanfor fjernsynsbiletet. Grunnen til at det er gjort på denne måten, er at tradisjonell fjernsynsteknologi kjapt sagt trong litt å gå på, og då var det greitt å kunne beskjere tv-biletet litt på denne måten. Derfor dette ekstraområdet til venstre og høgre (overscan heiter det visst).

Eg som ville lage jpeg-stillbilete med kvadratiske biletpunkt, måtte dermed strekkje ut videobileta frå 720 punkt til tilsvarande ca. 787 kvadratiske punkt i breidda for 4:3-bilete (QuickTime Player 7 hintar om 786,667). Eit 16:9-bilete har tilsvarande 1048 punkt i breidda. Då vert bileta korrekt proporsjonerte, men dei vert altså også vidare enn respektive 4:3 og 16:9. På biletet under ser vi dette, eg har lagt inn ei ramme rundt sjølve 4:3-området.

Korrekte proporsjonar.

Å eksportere stillbilete er i og for seg enkelt nok. I fleire program er det vel til og med eit eige menyval for det, og vi treng ikkje å tenkje på biletpunkt og sånt i det heile teke. Men dei siste åra har eg redigert video i Final Cut Express, som Apple nyleg har skrota til fordel for noko nytt og mindre. I FCE har eg brukt å lage ein sekvens («del-film») der klippa er einskilde stillbilete, som eg eventuelt også har deinterlaca. Dette har eg så eksportert til DV i ei QuickTime-fil. Med QuickTime Player 7 Pro kan eg eksportere frå slike DV-filer (eller frå vanleg DV-fil med video i) til jpeg-bilete, og før ein ordnar den eksporten, kan ein i teorien gå til eigenskapane for filmen (⌘J), og endre «blendaropninga» til hovudsporet (les: beskjering og proporsjonar).

No synest det som om min versjon av programmet (7.6.6 på Mac OS X 10.6.8 i skrivande stund) har litt problem med å vere konsistent her, men «Kodede bildepunkter» gjev 720-biletet (det som er altfor smalt), medan dei andre innstillingane i teorien skal kunne gje 768-biletet (det som er litt for smalt), 787-biletet (eller kanskje i praksis 786, innstillinga «Produksjon») eller eit beskore 4:3-bilete (768 i breidda) med korrekte proporsjonar. Skulle programversjonen ha hikke, så passar ein berre på at heile biletet viser (altså at det ikkje er beskore), og så gå til PAL-sporet og passe på at biletet er 576 punkt høgt og samstundes 786/787 punkt breitt (eller 1048 for 16:9-bilete).

Ja, og om eg no ikkje deinterlaca i utgangspunktet men treng å gjere det no, så kan eg huke av for «høy kvalitet» + «enkeltfelt» i QuickTime Player 7 før eksport av «Film til bildesekvens» (merkeleg nok fungerer ikkje slik deinterlacing for videoeksport, berre på bileteksport, prøv heller JES Deintertlacer til videobruk). Ein sjekk av storleiken på eksporterte bilete er òg lurt. Merk at desse bileta ikkje har fargeprofil. Men redigerer du bileta i iPhoto, får dei fargeprofil tilsvarande skjermprofilen din. (Oi oi, no får grafikkproffane låkt i magen. Det er betre å tilordne fargeprofil t.d. i Photoshop eller noko. GraphicConverter kan visst tilordne fargeprofil utan å rekomprimere, om eg har forstått rett.)

Og om ein vil eksportere til mpeg4 eller noko anna med kvadratiske biletpunkt, så må ein tenkje på proporsjonane på same måten.

Her er eit stillbilete henta frå eit amatørvideoopptak av ein kjend tysk visesongar som bukkar etter konserten sin (klikk her for bloggposten om den konserten). Utydeleg vert det når det er videobilete, men fotoapparatet mitt var ikkje framme, og ikkje hadde det god nok zoom heller, så dette vart den naudløysinga som fungerte, og minnet er berga, om enn med låg oppløysning:

Visesongar med korrekte proporsjonar.

Men dette var altså berre to av punkta i lista over: lage stillbilete eller mpeg4 el.l. av videobilete, dvs. når ein i utgangspunktet har avlange biletpunkt og skal over til eit format som har kvadratiske biletpunkt.

Det finst tre punkt til på lista. Punkt nr. 3 og 4 handlar om å bruke materiale med kvadratiske biletpunkt i eit miljø med avlange punkt, punkt 5 på lista handlar igjen om å bruke materiale med avlange biletpunkt i eit miljø med kvadratiske biletpunkt. Eg skal ta alt dette meir eller mindre under eitt her. Og merk at eg ikkje veit korleis saker og ting fungerer i iMovie, Premiere, Final Cut Pro X (som eigentleg berre er ein slags iMovie) eller Final Cut Pro (som var eit proff-program). Eg kjenner berre Final Cut Express 3.5 og 4.0.

Dersom ein har eit SD-prosjekt og vil bruke eit stillbilete t.d. frå fotoapparatet i det videoprosjektet, så må ein vere merksam på dette – og la oss for dømet si skuld rekne med at biletet er i eksakt 4:3-format, og at prosjektet også er 4:3-format:

Fotografi har kvadratiske biletpunkt. Dette veit Final Cut Express, og kompenserer for det. La oss derfor tenkje oss at fotografiet har ei oppløysning på 768 × 576 biletpunkt. Dette er eksakt 4:3. Her er det Final Cut Express gjer ein feil: Fotografiet vert lagt inn tilsvarande 720 avlange punkt i breidda, dvs. at fotoet dekkjer absolutt heile området til videobiletet. Hugs at 4:3-området til tv-biletet eigentleg berre utgjer 702 av desse 720 avlange punkta. Dermed vil folk som er avbilda på fotografiet, verte ekstra breie i andletet, fordi fotografiet vert strekt utanfor 4:3-formatet.

Det same skjer dersom ein importerer ein videosnutt frå eit fotoapparat. Dette har firkanta biletpunkt, og videobiletet der har ikkje noko ekstraområde på sidene. Final Cut Express vil likevel behandle det som eit vanleg videoklipp med ekstraområde på sidene, og dermed vert folk litt for breie i andletet. Slik var det då eg skulle redigere eit 4:3-prosjekt der eg også trong eit 4:3-klipp frå eit fotoapparat. Løysinga var å redusere breidda på klippet til 0,975 gonger original breidd. I Final Cut Express gjer ein dette i Distort-delen av Motion-fana. (Eit anna prosjekt gjorde eg ferdig før eg oppdaga dette. Ja ja, veldig mykje vidare vert ikkje folk av det.)

Om ein vil ta eit SD-prosjekt i DV-format og oppskalere dette i ein HD-sekvens, får ein det motsette problemet: Final Cut Express trur at dei 720 biletpunkta utgjer breidda i eit 3:4-bilete (eller 16:9), dermed vert folk for smale i andletet. Korleis ein gjer det, er kanskje ei smakssak, eg veit ikkje. Det ser i alle fall veldig likt ut for mine augo, anten eg strekkjer ut Distort-punkta på x-aksen frå 360 (halvparten av 720) til 369,231 (som er 720/702 gonger større enn 360), eller om eg justerer Aspect Ratio-variabelen til null og strekkjer ut Distort-punkta til 393,33 (som er 786,67/720 større enn 360), eller om eg justerer Aspect Radio-variabelen til -9,259.

Men korleis den Aspect Ratio-variabelen eigentleg skal reknast ut, har eg ikkje funne ut for visst, for dokumentasjonen er noko mangelfull. Når eit SD/DV-prosjekt vert stappa inn i ein sekvens med oppløysning 1920 × 1080, vert Aspect Ratio automatisk sett til -6,67, noko som strekkjer ut dei 720 biletpunkta til eit område som svarer til 768 kvadratiske punkt i HD-sekvensen (pluss oppskalering i tillegg). Ein PAL-pixel er sjølvsagt ikkje heile 6,67 gonger så brei som han er høg. Derimot ser eg at 768/720=1,0667. Har det noko med saka å gjere? Slik at dersom eg vil bruke Aspect Ratio å strekkje ut 720 PAL-pixlar til 786,667 i breidda, så set eg aspect ratio til -(786,667/720-1)*100 = -9,259? Det såg i alle fall greitt ut.

Same kva, Apple slakta nyleg både Final Cut Express og Final Cut Pro, så spørsmålet er ikkje så aktuelt lenger. Dessutan er det meir eller mindre slutt på uredigerte SD-prosjekt her i garden. I praksis har eg berre utfordringa med eventuelt å konvertere ein del SD til HD, og kven veit kva slags program eg kjem til å bruke til dette.

Read Full Post »

Hipp og brei

Tenk deg at du har eit fotoapparat som tek bilete i formatet 10 × 13. Etter ein ferietur sender du filene inn til ein fotolab for å få papireksemplar av bileta dine som du kan setje i album. Du kryssar sjølvsagt av for at fotolaben skal ordne korrekt papirformat.

Foto: Andrea De Stefani

Tilbake kjem det eit eksemplar som er 10 cm høgt og 15 cm breitt. Den smale kusina di heilt til venstre og den magre fetteren heilt til høgre har vorte påfallande vide og vrengde i kroppsfasongen, medan folket i midten berre er litt tjukkare enn dei skulle vere.

Foto: Andrea De Stefani, modernisert av Jardar

Du tek kontakt med fotolaben og spør om kva i all verda dette er for noko, og får svar:

Nesten alle fotoalbum i dag har plass til fotografi i formatet 10 × 15 cm. Dersom du skulle fått eit bilete tilbake med korrekte proporsjonar, ville du anten fått kvite striper i kantane på fotopapiret, eller du ville fått eit fotopapir som er kortare enn lomma i albumet ditt. I begge tilfella vil du ikkje fått utnytta den plassen som 10×15-formatet gjev. Derfor fekk du automatisk eit bilete med feil proporsjonar.

Du undrar deg over dette, du vil jo at bileta skal ha korrekte proporsjonar. Svaret tilbake til deg er:

Altså, eg ser ikkje problemet. Det er jo sjølve poenget med dagens fotoalbum at dei skal ha plass til 10×15-bilete. Men om du absolutt vil ha originale proporsjonar, så er det jo berre å bøye biletet litt i kantane, late att det eine auget ditt og sjå på fotoet litt på skrå. Dersom du synest dette er tungvint, så kan du vel berre venje deg til at fotoet ser ut som det gjer, vel?

Dette er i dag situasjonen for fjernsynsapparat. Fjernsynsapparata har skjermformat 16:9, men er sjølvsagt også i stand til å syne filmar i det klassiske 4:3-formatet. Apparata har til og med automatisk omskifting av biletformat når signalet kjem frå ei analog kjelde. Men her ligg også aberet: I dei fleste tilfella er denne automatiske omskiftinga ei veksling ikkje mellom 16:9 og 4:3, men mellom 16:9 og eit maltraktert 4:3 som er utstrekt for å dekkje heile skjermbreidda, der folk i biletkanten er unaturleg utpløste og forvridne, medan folk i midten berre er litt meir lubne enn originalen.

Litt på overtid stod det eit tv-apparat i heimen som var så gammalt at det hadde biletrøyr, men så byrja det å verte smått med reservedelar, og noko måtte gjerast. Dessverre var vi godt vane: Denne gamle dingsen, som trass i høg alder hadde skjerm i 16:9-format, klarte å veksle automatisk mellom 16:9 og ekte 4:3 (altså med svarte stolpar på sidene). Men dette var altså ein tv frå 2001, dvs. frå den yngre steinalderen. Dermed vart vi vanskelege kundar.

Dei tenkte sitata frå fotolaben er ikkje heilt mine eige påfunn. Dei er berre lettare omskrivne versjonar av det vi fekk høyre i kontakt med seljarar og teknisk kundestøtte.

For fleire moderne seljarar skjønar ikkje det utdaterte spørsmålet om automatisk veksling mellom biletformata. «Det er jo ein 16:9-tv.» Gamle gubben i starten på førtiåra (altså eg) forklarer at det hadde vore fint å få korrekte proporsjonar utan å måtte trykkje fem gonger på formatknappen på fjernkontrollen for å velje korrekt format manuelt kvar gong eg skifter kanal eller signalkjelde (vi har både SCART-utstyr og analog kabel-tv med skiftande biletformat). Seljaren ser litt forvirra ut, eller som i det eine tilfellet, ser nokså bestemt ut og seier:

Eg forstår ikkje kva som er problemet, for det er jo ein 16:9-tv, og skjermen vert jo fylt. Og det kan du jo venje deg til, vel.

På ynskjelista stod også OK lyd. Dei fleste flatskjermar har som kjent pistrelyd som signaliserer «sjå kor tynn skjermen min er». I valet mellom betre lyd og det å beundre tv-en sidelengs vel gamle folk det fyrste. For å få OK lyd kunne vi sjølvsagt kjøpt oss ein separat lydplanke med eiga straumforsyning og fjernkontroll. Då eg var ung, var slikt integrert i tv-en.

Standardoppløysningsbilete (SD) er ikkje framtida, men fortida vil nok vere samtid lenge enno, både med filmar, SCART-basert utstyr og eit kabelnett som også har analoge kanalar. Så sjølv om mottakarboksar og sånt kan oppskalere frå SD til HD, leggje på svarte stolpar når det trengst, og gje korrekte proporsjonar, så kan det framleis vere eit poeng å ha ein tv som klarer å oppskalere på ein bra måte på eiga hand.

Då vi byrja å undersøkje kva som fanst på marknaden, var det nokre modellar som peikte seg ut med god lyd og fin SD-attgjeving. I bruksanvisninga til den eine modellen (frå Grundig) stod det til og med at apparatet vekslar automatisk mellom 16:9 og 4:3 på analoge signal, noko som rett nok ikkje stemte med realitetane då vi fekk fysisk tilgang vedunderet. Eg skal ikkje gjenta heile brevvekslinga med teknisk kundestøtte her, det held å sitere litt frå då eg spurde om feilen låg i tv-en eller i bruksanvisninga. Svaret (i mi omsetjing frå tysk) var at når det ikkje er eit 16:9-bilete,

så vert biletet strekt ut slik (mindre i midten enn ved kantane) at det vert attgjeve formatfyllande. Vår røynsle er at dette er den innstillinga som dei fleste kundane vil ha. Dersom dette ikkje svarer til Dykkar førestellingar, kan formatet også stillast inn manuelt. Men automatikken fell ut her.

Ja, det var her vi hadde desse fem tastetrykka, då.

Slik går det når ein sit og mimrar. I verkeleg gamle dagar fanst det til og med ein ekte avknapp på tv-en, men no har visst avknapp-gruvene gått tome.

Gamle gubbar jamrar best. Denne gubben klarte til slutt å jamre seg fram til den oppdaginga at Sony har forstått dette med biletformat, og klarer å veksle automatisk. Det finst til og med eigne innstillingar for korleis den automatiske vekslinga skal fungere, så alle kan gjere det på den måten dei liker best. Lyden òg er bra. Avknapp er det så som så med på vårt eksemplar, men det har vi løyst på andre måtar.

Og her kunne bloggposten ha slutta eller til og med gått upublisert i gløymeboka, eit års tid etter at eg kladda han, om det ikkje hadde vore for at Rislappen (tidsskriftet til Risvollan borettslag) uventa kom med ein, eh, illustrasjon på den illustrasjonen eg opna med, nemleg fotoformat:

Faksimilie, Rislappen 1/2011

Det som ser ut til å ha skjett, er at biletet måtte tilpassast formatet til den ledige plassen mellom spaltene i artikkelteksten. Men det som gjer ironien komplett, er at dette tilfeldigvis er eit bilete av redaksjonsmedlemmer i ein lokal tv-stasjon saman med instruktøren på eit fagkurs i eit redigeringsverkty.

Eg innser at den innleiande illustrasjonen min plutseleg ikkje er så usannsynleg likevel, og eigentleg berre vitnar om at eg ikkje fylgjer med i tida.

Read Full Post »