Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘brønnpissing’

Eg har problem med å ta det seriøst når nokon tillegg folk kollektivt personlege eigenskapar utan å kjenne korkje folket eller rammevilkåra deira.

Ei nyhendesak hjå NRK Trøndelag fortel at studentane (les: studentpolitikarane) ved dei fire store universiteta våre krev at førelesarane skal vise engasjement og tenkje nytt. Å vise engasjement og tenkje nytt er det same som å bruke elektroniske hjelpemiddel i undervisninga, særleg podkast og e-bøker. Fint å sitje med definisjonsmakta, ja. Poenget med desse hjelpemidla er visst at studentane ikkje skal vere avhengige av å møte fysisk til førelesing.

Når dette ikkje skjer i det omfanget som studentpolitikarane ynskjer, fortel leiaren av Studentparlamentet UiO at dette «skyldes en konservativ grunnholdning og et manglende fokus på studentene», og i tillegg «at dette ikke handler om penger, men om endringsvilje».

Dette er sjølvsagt ikkje anna enn brønnpissing, ein personorientert argumentasjonsteknikk som berre er eigna til å diskreditere folk, spore av debatten, og gjere det bortimot umogeleg å kome med sakleg informasjon utan å verte fanga av førehandskarakteristikken. I beste fall vil ein verte stempla som surpomp utan truverde i saksopplysningane, same kva dei opplysningane måtte vere.

Eg, som i alle år har trutt at eg bryr meg om studentane mine, hadde opphavleg kladda ein lengre og heilt sakleg bloggpost om at eg ikkje er imot elektroniske hjelpemiddel, at eg sjølv bruker slikt til ein viss grad, men at det finst pedagogiske omsyn og faglege, økonomiske og andre rammevilkår som gjer at eg ikkje kan oppfylle det studentpolitiske ynsket.

No veit eg ikkje heilt. Skal tenkje på det. Snakkar desse studentpolitikarane på vegner av studentar flest, tener det ikkje noko føremål å skrive ein slik bloggpost. Snakkar dei berre på vegner av seg sjølve, trengst ikkje bloggposten.

Men om du som les dette, er studenten min, så må du for all del kome til meg og fortelje om det dersom det er noko som fungerer dårleg i undervisninga mi (eller dersom det er noko eg gjer som faktisk fungerer bra). Slik eg ser det, er dette det aller mest grunnleggjande hjelpemiddelet for undervisninga: at studentar og førelesarar har gjensidig innsikt i kvarandre sin situasjon.

Read Full Post »