Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘brann’

Nei, vi har ikkje flytta heim

Nei, vi har ikkje flytta heim, men arbeidet går framover, og eit konkret tidsperspektiv vil verte røpt seinare i denne bloggposten.

Sidan sist eg skreiv om brannen, 2. mars, har det skjett mykje i bygningsmassen men lite akkurat hjå oss. Litt har likevel skjett. Inne på kjøkenet har vi fått nye gipsplater over og ved sida av vindauga. Men på utsida ventar vi framleis på bordkledning, og vindauga skal visst kome innan ei vekes tid no. Då vert også vindaugskarmane laga, og vonleg får vindaugsveggen eit målingsstrok slik at han ser eins ut trass i tidlegare møblering. Det hadde vore kjekt.

Eit fint støvlag som lukta røyk, la seg på vegger og dører på kjøkenet, og delvis oppe på stova, då det vart sandblåse hjå naboen tidlegare i vår. Eit rekkjehus har mang ein luftekanal sams mellom grannar. I rein trass vaska eg sjølv ned kjøkenveggene her om dagen.

Også taket har fått ei overhaling. Biletet er frå 5. mai.

Og på kjøkenet luktar det inntil vidare svide. Dette kjem vonleg berre av at dei brannskadde vindauga framleis står der, og at veggen enno ikkje er reparert på utsida, men det må jo sjekkast når tida er inne. I tillegg har vi «godlukta» som luktsaneringa tilførte, denne stinkar både her og der, men skal gå bort av seg sjølv med tida. Og det er mykje betre no enn før både med den eine og den andre lukta.

Heilt til her om dagen, då det plutseleg byrja å stinke svide på hittil ukjende stader. Årsaka fekk vi neste dag: Dei hadde sett på full varme ein annan stad i bygningsmassen for å sjekke korleis det eigentleg stod til med lukta der. Varme får nemleg fram lukta, og dei fekk stadfesta mistanken sin om at luktsaneringa ikkje var heilt i mål. Truleg var det slik lukt som trengde gjennom også til oss. Vi fekk låkt i halsen, og den aktuelle naboen får ein ny omgang med kjemisk tåkelegging.

Innbuforsikringa lèt oss ta den tida som ting tek, og uttrykkjer stor forståing for situasjonen. Forsikringsselskapet for bygningsmassen har det nok litt meir travelt. Det er sikkert dyrt for dei å ha oss buande i eksil i månadsvis, og det er viktig å få heimen vår fort i stand.

Utanfor kjøkenet den 28. mai. Vindauga er svidne og delvis knuste og må skiftast. Bordkledninga og den venstre delen av utgangsverandaen er fjerna.

Det er dessutan også sistnemnde som skal betale for kjøkenet vårt. Etter å ha sendt oss ut på jakt etter kjøkeninnreiing (og etter at vi hadde funne noko som kunne vere aktuelt), fekk vi melding om at det berre var to kjøkenleverandørar vi kunne bruke, og den som vi hadde vitja, var ikkje mellom desse to. Under hastverksprega påtrykk vart kjøkeninnreiinga bestilt frå korrekt velsigna leverandør i april, utan all verdas tid til å tenkje så nøye gjennom absolutt alle vala som skulle gjerast. Sjølv kontrollmålingane heime nokre veker seinare var på litt gyngande grunn fordi kjøkenveggene ikkje var (og ikkje er) ordna enno.

Vi konstaterte tidleg at vi treng nytt termometer.

Dermed var det ikkje meir enn 3. juni då telefonen kom om at bilen med kjøkeninnreiinga var på veg til Risvollan. Vi fekk stoppa utkøyringa i siste sekund. Ein kan ikkje montere, og heller ikkje lagre, ei kjøkeninnreiing på eit kjøken der både vegger skal reparerast, nytt golvbelegg skal leggjast, og lukta må inspiserast etter veggreparasjonane. Dermed står kjøkeninnreiinga no på lager, dette kostar visst forsikringsselskapet dyrt, hastverket har dermed vorte skrudd opp fleire hakk, med framlegg både om å leggje golvbelegg før veggarbeidet er ferdig, og om å montere kjøkeninnreiing før lukta er under kontroll. Vi lèt oss heller ikkje overtyde av ein optimisme som kan vere stor nok til ikkje å merke svidelukta.

Men no har det kome ein ferdigdato som eg vågar å seie høgt. Altså, det vel optimistiske overslaget som eg ikkje våga å vidareformidle då vi fekk høyre det i januar, var påske (byrjinga på april). Men slik vart det ikkje. Fyrst var det anbodsrunde på å rydde ut (i desember), så rydda dei ut, så var det anbodsrunde på å byggje opp, og no driv dei og byggjer opp og ventar framleis nokre dagar på at vindauga skal kome. Vi har fått vite at entreprenøren planlegg å vere ferdig med heile bygningsmassen til 20. september. Vår heim kan verte ferdig før den tid. Men i desember vart verandaen vår fjerna pga. brannskade, verandaene er einaste fluktveg utanom utgangsdøra, og dei nye og meir brannsikre verandaene kan visst tidlegast vere ferdige i august, avhengig av papirkverna i kommunen. Vi har ikkje spurt om datoen 20. september inkluderer marginen for forseinkingar.

Har det elles skjett noko i det siste? Ja, det har det sikkert.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid

Read Full Post »

Reparasjonar tek tid

Natt til 3. mars er det tre månader sidan brannen. Folk spør om vi har flytta heim att. Det har vi ikkje. Folk spør òg om korleis det har gått med bygningsmassen, kva som er framdrifta i arbeidet, og slike ting. No er saka den at vi ikkje veit så veldig mykje meir enn det vi sjølve spør om, men litt veit vi, og litt har vi spurt.

Dei som arbeider i det totalskadde området hjå naboane, fortalde for nokre dagar sidan at dei var nesten ferdige. Dei har rydda og reinska og sandblåse på innsida, og var så å seie i mål no. Dei har også teke prøver frå betongen, og har ikkje fått meldingar som tyder på anna enn at denne har overlevt, medrekna etasjeskilja.

Og vi har sjølve sett at brannveggene har fungert. Få centimeter unna var det heilt utbrent, men på kjøkenet vårt hadde ikkje eingong plastemballasjen til plastkoppane merka noko til varmen, endå så nær veggen dei låg.

Fasade med stillas framføre.

Februar 2015

Eg opnar med dette generelle fordi ryddinga, sandblåsinga og sånt i det totalskadde området må gjerast ferdig før arbeidet med gjenoppbygging og reparasjonar kan ta til. Og sjølv om vår heim ikkje vart meir enn røykskadd, med brannskade på utsida og litt sot og sløkkjevatn på innsida, så er delar av arbeidet hjå oss avhengige av det generelle gjenoppbyggingsarbeidet i bygningsmassen.

Karaffel med sotvatn.

Sløkkjevatn, ja. Det var òg noko. I den fyrste bloggposten om brannen fortalde eg at det ikkje var vasskade hjå oss. Ved seinare ettersyn fann vi då korkje vatn eller vasskade der vi elles kunne ha venta det. Men midt mellom alt det turre øvst i kjøkenskapa fann vi to karaflar som var fulle av sotvatn. Det er eit aldri så lite mysterium korleis det vatnet har funne fram dit, for ingenting anna var vått, og kjøkenutstyret som stod rett innanfor den mistenkte ventilen fleire skap til venstre, stod pent og pynteleg på plassen sin utan spor av nokon vasstråle.

I desember vart husværet (i alle fall mesteparten) luktsanert vha. varme og eit plantebasert stoff som dampa rundt i lufta, og det står framleis nokre luktbrikettar utplasserte. Den røyk- og sotskadde kjøkeninnreiinga vår vart kasta ut i januar. Kjøkenet er dermed tomt, lukta vart momentant betre, vindaugsveggen kunne ribbast på innsida der det var mest sot og lukt, og i februar vart delar av kjøkenet både slipt og måla med spesialmåling for å sikre at eventuell restlukt forsvann. Det luktar framleis litt svide, men så er det også brent på utsida av vindaugsveggen, rundt vindauga og innover i ventilane, og før reparasjonane er i hamn og luktbrikettane er borte, er det vanskeleg å seie heilt nøyaktig kva stoda er.

Når dette er sagt, må det også seiast at lukta er himmelvidt betre enn i desember. No kan vi gå omkring utan gassmaske. Den endringa kom då kjøkenet vart kasta ut og vindaugsveggen med sot på vart ribba. Fleire rom der dørene er attlatne så ikkje «godlukta» frå luktbrikettane kjem inn, luktar akkurat slik som dei skal. «Her luktar det kontor» kan vi seie om kontoret.

Utkasta kjøkeninnreiing.

Takk for lang og tru teneste. Men no stinka du for mykje. Ubehandla tre er ikkje noko sjakktrekk under ein brann.

Tomt kjøken.

På kjøkenet er det rimeleg tomt, og vestveggen (i midten) er ribba for slikt som hadde sotskade. Vindauga og ventilane over dei er framleis sot- og brannskadde, og må skiftast.

Kva tid gjenoppbygginga og dei utvendige reparasjonane startar, det veit vi altså ikkje. Tidsperspektivet er truleg «nokre veker», med nokre litt meir spesifikke tidsoverslag som er så lause at eg ikkje skal seie noko høgt. Ryktet seier at dei tekniske krava har late vente på seg.

Mislukka forsøk på å lufte på stova.

Men eitt er i alle fall sikkert: Ting må skje i rett rekkjefylgje også hjå oss. Veggene våre må fiksast, kjøkenvindauga med tilhøyrande ventilar må skiftast, alle luktkjelder og tilført lukt må bort (medrekna lukta frå luktsaneringa), og då fyrst kan vi stadfeste resultatet, få installert nytt kjøken og flytte heim.

Så spør folk om korleis det går med oss. Jau takk, etter måten bra. Det var sjølvsagt ikkje spesielt triveleg å vakne i joleferien av at røykvarslaren hjå foreldra mine byrja å pipe midt på natta, det seier seg sjølv. Defekt var han, og det gjorde vi noko med straks det lysna av dag.

Det er sjølvsagt keisamt å ikkje bu heime, dagleglivet vert i samsvar med den spartanske møbleringa, og vi saknar naboane og nabolaget. Det er vanskeleg å planleggje saker og ting når det – kanskje forståeleg nok – ikkje alltid finst nøyaktige tidsperspektiv.

Men kattane har funne seg vel til rette, og inspiserer skapa våre anten vi vil eller ikkje. Sjå Judiths bloggpost med video av korleis Nera opnar skapdøra og bryt seg inn.

Pus i klesskapet.

Finn du ikkje Nera? Sjå etter i skapet.

(Foto: JEA & JPA © 2015, berre så det er sagt, men det står i lova òg.)

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet

Read Full Post »

På plass i eksilet

Kva har Tigris gjort? Foto: JPA © 2015

Det har vorte nytt år og litt til. Eg ligg ein månad på etterskot med det meste, men her kjem endå ei lita oppdatering om livet etter brannen. Les også bloggposten som Judith har skrive i dag om superpus Tigris sine handverksmerittar (lenkje til slutt i denne bloggposten).

Seint onsdag kveld den 17. desember flytta vi inn i ein sokkel på Nidarvoll, delvis møblert. Vi hadde funne ein husvert som sjølv hadde hatt katt, og som visste at slikt ikkje er noko problem.

Det var Judith som kommenterte det fyrst, alle desse småtinga som ein har i hus men som plutseleg manglar når ein er evakuert. La meg nemne i fleng for eiga rekning: saks, skrujarn til å montere Ikea-bord, teip til å pakke jolegåver, flaskeopnar og ikkje berre vørterølflaske, spray med godlukt når nokon har laga ein litt stor bommelom, ei panne til å koke noko i (det som trønderar og austlendingar kallar «gryte»), og hadde vi hatt panne eller steikjepanne, ville vi garantert ha sakna sleiv og steikjespade. Det er stendig eitt eller anna som manglar. Og så er det dei litt større tinga: vaskemaskin, lett tilgang på reine handdukar og klede, garasjeplass, heimen i seg sjølv.

plastvegg med sluse

Kjøkenet er skilt ut som eigen sone, og dei fleste kvitevarene er flytta til den andre sida av plastveggen. Foto: JEA © 2014

Tittelen på bloggposten er «På plass i eksilet», men det er eigentleg lite som er på plass. Både fordi vi ikkje har så mykje med oss, og fordi det heile er ein einaste lang unntakstilstand som vi ikkje kjenner sluttdatoen for.

slange

Luftpumpe for å skape undertrykk på kjøkenet. Foto: JEA © 2014

Men litt tidsperspektiv har vi fått, utan dei store garantiane, rettnok: Vi høyrde for nokre dagar sidan at no over helga skal dei byrje å reinske dei husværa som er totalskadde. Så vert det endå ein anbodsrunde, og så byrjar arbeidet med gjenoppbygging og reparasjonar truleg midt i februar. Ryktet seier at vårt husvære er i så god stand at det er mogeleg at det vil verte prioritert, men nokon konkret dato for heimflytting har vi altså ikkje.

Dei har allereie fjerna lukt frå mesteparten av heimen vår, det skjedde før jol, og dei prøver å halde luktkjelda på kjøkenet under kontroll. Det er hengt opp plastvegger og sett på undertrykk slik at ikkje noko skal sive ut til andre rom. Men det er kanskje ikkje alltid like lett å halde lukta ute når slangen som skal pumpe ut luft frå det elles isolerte kjøkenet, nektar å samarbeide, men losnar frå skapet der ventilen i veggen sit. Dermed har det vore to periodar der varm røykstank berre vart resirkulert inne på kjøkenet, med spreiing ut til det området som tidlegare hadde vorte behandla mot røyklukt. Vi tek det ikkje så veldig tungt. Dette er fagfolk som kan tinga sine, det kjem til å ordne seg, og dei har også funne ein betre måte å setje slangen til veggs på.

Etter brannen var det kattane som fyrst fekk alt dei treng. Dei fekk til og med jolegåve frå menneskesida av slekta i form av nye katteleiker utan røyklukt. Og vi er glade for at dei ikkje forstår noko av det omskiftelege livet dei har vore utsette for, med til saman fem heimar sidan starten på desember, medrekna den eigentlege heimen og kattepensjonatet i joleferien. Tidlegare har berre Tigris lagt seg på fanget og sove, medan Nera har vore kontrollfrik og nekta (med unntak av éin gong medan ho var lita, ho var misnøgd då ho vakna, så eg trur det var litt ufriviljug). Men dei siste dagane har også Nera lagt seg på fanget og sove.

Nera søv på fanget mitt på eige initiativ for fyrste gong i sitt snart fem år lange liv. Foto: JEA © 2015

Men litt joleferie vart det, altså, med kattane trygt plasserte på pensjonat. Vi køyrde sørvestover til der eg er frå, og tok ein avstikkar innom kjøpesenteret på Moa i Ålesund så eg fekk meg ein ekstra genser eller tre. Og merka straks kulturskilnaden frå Trøndelag:

Klikk her for å sjå kva Tigris har gjort. Foto: JPA © 2015

«Éin ullgenser, og to bomull… desse får du for berre 400 til saman når du kjøper to!» opplyste ho entusiastisk, ho som stod bak disken. «Ja, det var det eg oppdaga,» svarte eg like entusiastisk. «Du veit,» la ho til, «når ein sparer litt her og litt der, så løner det seg i lengda, det.» «Åh, det er herleg å vere på Sunnmøre igjen.»

Og heilt til slutt: No har altså vi og kattane budd på Nidarvoll i ei vekes tid etter joleferien. I går kveld høyrde vi ei veldig skramling frå badet. Les Judiths bloggpost Sterk i klypa for å sjå kva Tigris hadde gjort.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen

Read Full Post »

Oppdateringar etter brannen

Ei lita oppdatering her. Det har vore travelt i det siste, mesteparten av døgeret har gått med til å rydde og ordne på Risvollan, eller å køyre rundt og skaffe utstyr og gjenstandar i staden for slikt som må kastast eller som ikkje kan brukast no. Men no har det roa seg litt.

No er ikkje dette nokon rosablogg, og tittelen på denne bloggposten er ikkje «Outfit». Men etter at det førre sjølvportrettet vart teke, gjekk vi over til masker med gassfilter. Støvmaskene var ikkje gode nok, og vi fekk vondt i halsen etter eit par timar. Dei nye maskene har filter av typen P3 (må skiftast ofte), og er mykje betre. Kan kjøpast på Biltema, berre nemner det.

Foto: Jardar Eggesbø Abrahamsen © 2014

Dette er ikkje ein moteblogg. Foto: Jardar Eggesbø Abrahamsen © 2014.

Heime må det ryddast for å gjere jobben for saneringsfolka enklare. Mesteparten av ryddinga må vi ta sjølve, men vi har fått vennehjelp med å bere ut søpla. Hjå dei same vennene har vi òg fått lov til å lagre saker og ting. Slikt og anna kan høyrast lite ut, men er det ikkje. At folk har funne på å spandere ein lunsj eller lage litt ekstra middag, eller altså «berre» ber ut søpla for oss eller gje oss litt lagerplass, det har gjort alt så mykje lettare når vi har vore nøydde til å ha tankane ein heilt annan stad.

Vi har framleis ikkje nokon stad å bu, men arbeider med saka. For tida bur vi framleis på omgang hjå nokre veldig, veldig snille og tolmodige venner som kan ta imot både folk og kattar. Det har også vore noko uvisst kor lenge vi treng å leige ein stad å bu, og kor stort vi treng å ha det. Tidsprognosane har variert, og det same har arealprognosane.

Kattane, her Tigris, har fått seg ny og røykfri klorestolpe. Dette bergar møblane til snille venner som tek imot oss. Foto: JEA © 2014.

Planen har vore at alt innbuet skulle pakkast ned, fraktast til Tiller, verte behandla mot røykskader der, verte pakka ned att og verte plassert på lager til husværet var fiksa, og så tilbake dit igjen. Under synfaringa på onsdag denne veka var det også mykje som forsikringsselskapet meinte burde kastast. Til dømes fjernsynsapparatet, fordi det er vanskeleg å fjerne lukt frå plast. Men då vi fortalde om kor mykje vi hadde arbeidt med å finne ein modell med akkurat desse spesifikasjonane og utan glas framfor skjermen (sol inn frå vest), så var det nok til at dei i staden ville prøve å berge tv-en. Også sofaen stod i fare for å verte kasta. Heilt til Judith fortalde om kor mange år vi har leitt etter ein slik sofa. Og då dei såg kor bra kvalitet det var, vart også den berga. Vi må seie at vi opplevde forsikringsselskapet som heile tida på «vår side», trass i at dei har som oppgåve å tenkje økonomi.

Då vi kom til kjøkenet, vil eg sitere det slik som Judith formulerte det på Facebook tidlegare i dag:

Da kommer det fra den ene. «Hm. Det lukter ikke like ille her i dag som det gjorde første gang vi var inne. Nei, det er svært lite lukt faktisk.» Så snakker de litt sammen, og lanserer tanken om å dele leligheten inn i to soner: kjøkkenet og resten av leiligheten. Og så luktbehandle leilgheten med alt innbo inntakt – på stedet. Altså ikke pakke ned og frakte ut, men la alt stå der det står.

Dei tok med seg luktprøver frå alle romma, altså tekstilar som hadde vore der under brannen, og som skulle testast på skikkeleg vis. Og seint torsdag ettermiddag kom gladmeldinga: Det var nesten ikkje lukt å finne i gjenstandane! Dermed kan planen truleg gjennomførast. Kjøkenet vert skilt ut som ein eigen sone, med sluse mellom der og resten av husværet, og så vert dei behandla som skissert. Luktkjelda må dessutan òg fjernast.

Vi må framleis finne ein annan stad å bu i ei tid, men dette reduserer både arbeidsmengd og stressnivå. Og bra er det, for vi har lassevis av oppgåver på jobb å ta igjen. Spørst om ikkje dei innmelde feriedagane i jola kjem til å ryke heilt eller delvis.

På kjøkenet vil nok ein del utstyr måtte kastast same kva, ettersom det er sterk lukt der og også litt sot, og slikt er ikkje bra, særleg ikkje for elektriske artiklar. Dette gjeld mellom anna nokre bryllaupsgåver, og dét er sårt.

* * *

Etter å ha sjekka telefonlogg og fildato på den fyrste mobilvideoen litt meir på sekundet har vi kome fram til at vi brukte maksimalt tre minutt på å kle på oss, fange kattane og få oss ut. Tre minutt er mykje i ein slik situasjon.

Eg tenkte på det allereie før brannen, og fekk oppleve det den natta: Smarttelefonar kan vere treige. Fyrst må ein ut av den appen som er i gang, t.d. klokka, og det gjer ein ved å trykkje på eit lite punkt på skjermen og håpe at ein klarte det på fyrste forsøk. Når ein har kome ut, må ein vente til GUI-et har roa seg litt ned, før ein kan opne telefonappen. Kanskje tek også dette eit par sekund, før ein til slutt kan ringje 110 og vente på at telefonen skal oppdage det. Samanlikn dette med slik det var før i tida: Tast 110 og ring.

Onsdag 10. desember: Ved kjøkenvindauget vårt (2. etasje) kunne det gått mykje verre dersom det ikkje hadde vore for vindretninga og at brannvesenet byrja å sløkkje i vår ende av brannen akkurat i tide. På biletet har dei allereie fjerna den brannskadde, venstre delen av inngangsverandaen vår utanfor kjøkenvindauget. Foto: JEA © 2014.

Laurdag 13. desember: I går byrja dei å setje opp stillas utafor naboane (og delvis oss), og også i dag var det folk der. Foto: JEA © 2014.

Klede er ei anna historie. Nokre klede som lukta røyk, vart sende til hastevask via forsikringsselskapet. Dei viktigaste kleda som eg gjekk i ute i kulden i mellomtida (og framleis) – det er trass alt desember – har vore jakka eg fekk av far min ein gong, og skjerfet som bror min og familien hans gav meg i jolegåve for nokre år sidan. Og sjølvsagt presterte vi å sende av garde berre éin av tre hanskar til vask.

I hastevasken låg også ein god, varm og fin vinterhatt av ull som eg kjøpte i København, det var hattemakarens eige merke til og med. Den hatten presterte dei å vaske på 60 °C eller deromkring, han har i alle fall både krympa, fått hòl og vorte øydelagd på andre måtar, trass i vaskesetel med «dry clean only». Og at eg irriterer meg så kraftig over slike ting, og at Judith har irritasjonsmoment på det same prosaiske nivået, det trur eg må vere eit teikn på at det går relativt bra med oss no.

Også direkte gledelege ting har hendt. Få dagar etter brannen fekk eg vite at min uteksaminerte student Cecilie, på ein delt fyrsteplass, hadde fått tildelt prisen for beste masteroppgåve ved HF-fakultetet. På det tidspunktet kunne eg ikkje seie det høgt, men fredag 12. desember kom ho til Trondheim og tok imot. Dette er stor stas også for meg som rettleiar, og eg er veldig stolt. Her er pdf av oppgåva hennar: Perceptual acquisition of Norwegian close rounded vowels by Chinese Mandarin learners of Norwegian.

Read Full Post »

Ryddedagar

Det vart fredag, men denne bloggposten vert nok ikkje ferdig før natt til laurdag.

Då vi vitja husværet vårt dei fyrste gongene, verka det framandt og annleis, sjølv om det såg ut omtrent som før. No i dag (fredag) måtte vi byrje med å rydde, sortere og gjere klart til det som vert utflyttings- og bergingsprosessen, vi har nokre få dagar på oss.

Eit sjeldsynt fenomen her på bloggen: sjølvportrett. (Eller for dei unge: selfie.)

Vi kom opp til stovevindauget. Verandaen er borte, og det same er skiljeveggen der ute. Då vi såg ut gjennom stovevindauget i dag, hugsa eg ein liten detalj: Eg veit ikkje kor lenge eg stod og såg på flammene onsdag kl. 02.17, men no hugsa eg at eg tolka synet som om skiljeveggen var oppbrend på nordsida av veggen men framleis heil på vår side, og at logane var store og hissige og ville gjennom.

Vi byrja å rydde på gangen og kjøkenet fyrst. Kaste det som kan kastast, samle saman det som må sorterast. Vaske opp eit par småting. Få litt orden. Notere oss slikt som må kastast, t.d. røykskadd kattemat i kilovis. Ta bilete av svenskesnop som kjenningar kanskje kan få kjøpe til oss dersom dei kjem over det når dei fer til Åre i helga. 🙂

Men lufta der inne er ikkje god, og vi byrja snart å kjenne ein kløe i halsen. Dermed måtte vi utstyre oss med masker som vi fann på ei byggvareforretning.

Eg har skrive tidlegare at vi har vore heldige. Og vi har kanskje vore heldigare enn vi har trudd at vi var, som Judith sa det. For sotflekken over ventilen på kjøkenet er nemleg ikkje ein sotflekk, viser det seg. Det er tapeten sjølv som har gjeve etter for varmen som seig inn, anten vi skal kalle det at han har smelta eller brunne eller nesten brunne (det må vel fagfolk eventuelt avgjere). Og akkurat då retta brannvesenet slangen mot ytterveggen vår og stoppa det varme innsiget.

Men på kjøkenbenken stod plantene våre tett inntil vindauget, med sot oppå men utan varmeskade. Den viktigaste planta berga vi ut allereie på onsdag ettermiddag, det er ein liten orkidé som studentane på den no nedlagde lineforeininga Ludimus gav meg (til liks med kollegaene mine) i sommar.

Det har kome ein ny men veldig usikker prognose. Dersom alt klaffar (og då er det veldig mykje som må klaffe), kan vi få flytte inn att på eit omtrentleg tidspunkt som eg ikkje skal skrive her (det er for usikkert), men som er tidlegare enn eit halvt år inn i framtida. I mellomtida må truleg alt innbu ut. Og no har ryddedagane starta.

Read Full Post »

Den andre dagen utan heim

Det har vorte torsdag. Eg trur vi kanskje sov eit par timar i natt. Dagen opna med ein telefon frå burettslaget om takstfolka som skulle kome. Men fyrst gjekk turen Dragvoll, der studentane mine hadde eksamen, og då må ein gå det som internsjargongen kallar «trøysterunde». Judith var med og stod utanfor og var telefonvakt. Telefonen ringjer mykje desse dagane.

På Risvollan kom det brannfolk som arbeidde med brannførebygging, og dei fekk sjå korleis det stod til. Dei kunne konstatere sot berre på kjøkenet, der det hadde brunne på utsida. Sot i kjøkenskapet kjem av at det er ein ventil der. Forsikringsselskapet vårt var òg innom, dei hadde med seg luktspesialistar. Folk frå saneringsfirmaet kom, og fekk m.a. med seg nokre sekker med klede som dei skal prøve å vaske. Også burettslaget sitt forsikringsselskap var innom. Allereie i går fekk eit saneringsfirma med seg fotoalbuma våre.

Når det stinkar av ei anna verd og det er umogeleg å bu der, så er det visse andre ting vi ikkje tenkjer så nøye på. Men det hindrar ikkje gjestene. Vener og kollegaer frå utlandet som lurer på kor alvorleg nordmenn tek denne delen av norske tradisjonar, kan notere seg dette: Fleire av dei som gjesta det ubebuelege og så vidt ikkje utbrende husværet vårt, spurde høfleg om dei kunne gå inn med skor på. Ja sanneleg, det skulle dei få lov til.

Det er ikkje mogeleg å bu der på ei stund. Overslaget vi fekk, var eit halvt til eitt år, fordi vi er så nær der det er heilt utbrent. No vil den næraste framtida vår handle om to ting: Vi må rydde og sortere før det kjem saneringsfolk og hentar tinga våre. Og vi må prøve å finne eit stort husvære der det er lov å ha kattar.

I dag fjerna dei verandaen vår. Verandaen hang på skeiva og måtte takast bort før han gjorde skade på folk. Men ved skiljeveggen der stod også parabolen. Eg hugsar frå brannatta at logane stod mot parabolen. Men parabolen var utruleg nok uskadd. DiSEqC-svitsjane og kablane har sett betre dagar, og monteringsstolpen var tilsota, men plastparaplyen over LNB-ane hadde faktisk ikkje eingong smelta. Det var umogeleg for oss å gå ut på den skeive verandaen, men ein snill bergingsmann henta ned parabolen for oss før verandaen stod for tur.

Og då verandaen vart lyfta bort og lagd i konteiner like etter, så tenkte vi – og dette er jo ein slik liten ting, men vi tenkte: Heldigvis rakk vi ikkje å beise verandaen i år.

Dette er luksus. Naboane berga livet men miste resten. Vi berga både liv og innbu. Og så melder tanken seg, éin av mange: Kven var det som oppdaga brannen, som ropte, som varsla naboar, politi og brannvesen? Når vi reknar på dei få minutta som gjekk den natta, veit vi at det sit nokon der ute som har berga liv.

Read Full Post »

Då brannen kom

Takk til alle som har ringt, teksta, skrive e-post og elles brydd seg. Vi har vore heldigare enn grannane våre som miste alt, men omtanken gjer oss godt.

Når eg set meg ned for å skrive dette, har vi vore vakne i rundt 40 timar. Natt til onsdag 3. desember la vi oss seint, og medan Judith fekk sove i kanskje ein time, låg eg og tenkte på faglege ting. Klokka 01.45 var eg oppe og skreiv ned nokre tankar, det brukte eg fire minutt på, til klokka var 01.49. Vi bur i 2. og 3. etasje i rekkjehuset, soveromet og stova er oppe, kjøkenet er nede i 2. etasje, og inngangen er i 2. etasje frå ei utvendig trapp.

Etter nokre minutt til i senga, vi veit ikkje kor mange, byrja vi å høyre gauling, hyling og banking. Vi tenkte kvar for oss at no er det nokon som har ein veldig høglydt krangel. Slikt kan jo skje i eit burettslag. Men så byrja også fleire stemmer å rope, og plutseleg høyrdest det ut som om nokon skrudde på dusjen. Lyden kom frå husværet som ligg vegg i vegg med vårt soverom, nord for oss i rekkjehuset. Det var rart, kommenterte vi, for dei har jo ikkje dusjen sin på den kanten.

Seinare har vi fått vite at den lyden vi høyrde, var lyden då det vart overtent hjå naboen. Slikt høyrest litt ut som ein dusj.

Det visste vi ikkje då. Judith stod opp og gjekk ut på stova. Ho fortalde sidan at det var ei rar lukt der, som om noko var brent. Og utanfor gardinene såg ho eit merkeleg lys. Så ho trekte frå gardinene litt, og så høyrde eg henne rope av full kraft: DET BRENN!

Vi bur rett til høgre for det som er høgrekanten for elden på dette biletet. Elden spreidde seg sidan over til oss, men brannvesenet greidde å sløkkje det. Foto: Jardar E. Abrahamsen

Eg må ha rive med meg mobilen då eg sprang ut til henne, for det neste eg veit, er at klokka 02.17 ringde eg til 110 og ropte «det brenn på Risvollan», og fekk sporenstreks svar om at det allereie var meldt inn. Politimannen har sidan fortalt at det kom melding om brann kl. 02.14 (massemedia nemner 02.13). Utanfor vindauget vårt, ut mot verandaen i 3. etasje, såg vi elden sprute ut frå naboen på den andre sida av skiljeveggen, og delvis mot oss.

Eg hugsar ikkje alt som skjedde no. Eg hugsar at eg tok på meg klokka, og at eg stappa Macen og dagboka ned i Mac-sekken. Eg hugsar ikkje at eg tok på meg kleda, men eg hugsar at eg plutseleg var fullt påkledd. Eit anna minne er at Judith sa at ho fangar kattane. På eitt eller anna tidspunkt sjekka eg at vindauga var attlatne. Eg hugsar ikkje at vi sprang ned trappa, men eg hugsar så vidt at eg såg at katteburet stod rett innanfor ytterdøra vår der nede. Ein eller annan gong før eller etter dette opna eg ytterdøra og ropte til ein politimann som hadde ringt på: VI VEIT DET! Og ein eller annan gong hugsar eg at Mac-sekken stod på kjøkenet. Det siste eg hugsar frå innsida er at eg knytte skoreimane og tok på meg jakka, men at eg ikkje visste kvar Judith og buret var, og ropte til ein utolmodig politimann i døropninga: KONA MI OG KATTANE, ER DEI UTE??! Han svarte ja. Så hugsar eg at eg sprang ut døra og lét henne att etter meg, og at det brann til høgre for meg. Eg hugsar ikkje at eg sprang ned den utvendige trappa, men eg hugsar at eg sprang gjennom hagen fordi elden var for nær til at eg ville springe rett ut. Og der nede på plenen lenger framme stod Judith med katteburet.

Judith har sidan fortalt om korleis ho fanga dei to vitskremde kattane våre, og eg gjenfortel det her med meir eller mindre hennar ord: Etter at ho hadde kasta på seg litt klede, sprang ho ned til 2. etasje for å gjere buret klart. På veg ned trappa møtte ho Tigris, som var på veg opp, fanga henne i spranget, og fekk hausa henne inn i buret. Men kvar var Nera? Judith hadde ein mistanke om at Nera hadde gøymt seg under senga i 3. etasje, så ho sprang opp dit, la seg på alle fire, og fann pus på andre sida av senga. Judith sprang rundt dit og skremde henne ut. I det Judith reiste seg, fekk ho ikkje med seg kvar Nera sprang, men satsa på at ho hadde sprunge ned, og det hadde ho gjort. Nede på kjøkenet fekk Judith tak i henne og bar henne mot buret, men ho sprikte med føtene og kjempa mot. Då Judith opna buret for å få Nera inn, sprang Tigris ut, men Judith klarte å gripe henne og vri henne tilbake til buret saman med Nera. Og så flytta ho buret ut i yttergangen, henta Mac-sekken sin, så ringde politimannen på, eg opna døra og ropte «VI VEIT DET», Judith heiv på seg ytterjakke og skor, og sprang ut med buret. Eg vart verande att ein liten augneblink før eg kom etter. Ho veit ikkje kva eg gjorde i mellomtida, og det veit heller ikkje eg. Kanskje eg tok på meg skor.

Så stod vi der. Stod og venta på brannvesenet. I ei lang æve. Kor lang var den æva? Klokka 02.27 ringde vaktselskapet vårt. Eg trur eg svarte: «Det brenn, og brannvesenet er her.» Ja, vaktselskapet hadde registrert at brannalarmen vår hadde vorte utløyst. Men om eg hugsar rett, tok det altså under ti minutt frå vi sprang ut og til brannvesenet var der. Det føltest som mykje lenger.

Så måtte vi gå til parkeringsplassen og registrere oss hjå politiet. Eg gjekk tilbake etterpå og såg på sløkkingsarbeidet, og då det hadde roa seg litt ned, var det ein veldig snill røykdykkar som gjekk inn på kjøkenet vårt og henta Mac-sekken min. Naboar som vi aldri hadde møtt før, møtte oss med ein atterhaldsfri omtanke som gjorde natta til å halde ut.

Vi ringde òg til vår gode venn Jørgen, som kom straks. Undervegs til oss ringde han tilbake: «Det brenn her òg!» Då hadde han nettopp passert brannen på Nidarvoll. Han køyrde rundt på oss resten av den natta, og han og familien har gjeve oss tak over hovudet.

Men natta var ikkje over. Fyrste stopp var Radisson Blu Royal Garden, der det vart etablert evakueringssenter. Det var ikkje så mykje som skjedde der før Judith og eg vart oppmoda om å få oss til legevakta. Vi hadde fått i oss litt for mykje røyk, og reagerte på det. Likevel ikkje verre enn at dei slapp oss fort ut. Etter nok ein tur til hotellet fór vi til Risvollan. Der var brannen no sløkt. Klokka må ha vore rundt 6 på morgonen. Vi stod utanfor sperringane og såg på, før vi fekk oss ein frukost hjå våre gode venner, og så var det intormasjonsmøte på hotellet i 10-tida på føremiddagen. Vi fekk kjøpt oss tannkost, ny backupdisk og andre viktige ting, og var med på nytt informasjonsmøte kl. 13. Der vart det m.a. sagt om nokre av husværa at dei er «ubebuelege». Vår vegnummerbokstav vart nemnd der.

Vi fekk gå inn i husværet vårt utpå ettermiddagen saman med fagfolk som var på staden. I skrivande stund veit vi jo ikkje korleis det står til med bygningsstrukturen etter brannen. Og vi venta å møte store skadar heime, kanskje hadde både fotografi, dagbøker og anna uerstatteleg gått tapt. Slik var det likevel ikkje. Akkurat no, etter ei svært overflatisk synfaring, verkar det som at det hjå oss korkje er brann- eller vasskade, og i hovudsak berre ei uuthaldeleg røyklukt. Og dei uerstattelege tinga våre kan dermed sjå ut til å ha overlevt. Vi håper det stemmer. Framtida til husværet kjenner vi ikkje no. Men vi fekk hente ut det viktigaste.

Verandaen vår har vorte skakk. Naboane miste alt. Foto: Judith P. Abrahamsen

Judith hadde berga kattane våre. Dei fekk ein sjekk hjå veterinær, som erklærte at det hadde gått bra.

Vi var heldige. Fleire av naboane våre miste alt. Men vi var heldige med vindretninga og at brannvesenet kom så fort som dei gjorde. Mykje var tilfeldig her, det kunne gått mykje annleis. Vi var heldige.

Read Full Post »

« Newer Posts