Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘brilleglas’

Nye brilleglas

Du verda, det vart sjøgang, ja. «Eg ser dobbelt,» seier eg til dama bak kassa hjå optikaren. «Har du fått justert mykje, då?» spør ho, og trøystar meg med at hjernen kompenserer betre etter nokre dagar. «Hugsar ikkje, du har det sikkert på datamaskina.» Ho fann fram til opplysningane om meg: «Oi, såpass ja!»

Det kan vel takast som eit hint om å få sjekka synet sitt litt jamnare. Så no går eg her og sjanglar. «Det e heue ditt så e litt forvirra akkurat no,» seier fru Judith.

Read Full Post »

Synstest

Mysande augo og eit lite snev av hovudverk (det siste kan også ha andre årsaker) burde vere eit greitt hint: gå til optikar og få deg nye brilleglas. Og synstesten i går gjekk slik føre seg:

– Kva er tydelegast av 1 og 2?
– 2, trur eg, men det er jo sjølvrapportering, og det… Få sjå igjen. (Tenkte: Kanskje det er forventningane mine som speler meg eit puss.)

– Kva farge har den sirkelen?
– Eg opplever han som kvit, men eg ser at han eigentleg er raud. (Tenkte: Her var det mykje raud bakgrunnsstøy, farr, men heldigvis klarer hjernen å kompensere for det.)

Kommentar frå fru Judith seinare på dag: «Du vet du e akademiker når du må ta forbehold i optikerstolen.»

Opps.

Read Full Post »