Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘byråkrati’

Tenesteveg

Dersom dei involverte fagmiljøa på instituttnivå tilrår eit feilrettande administrativt grep i samband med det faglege og pedagogiske, må fagfolket sende slik tilråding via eit råd som ligg utanfor instituttnivå, og som inneheld hyggjelege folk som ikkje har direkte kjennskap til kurset, og som ikkje har aktuell fagkompetanse, men som vil vere i stand til å lytte på ein god måte. Dette rådet kan deretter gje si tilråding til instituttnivået som fagfolka sorterer under.

Det er ikkje ved mitt institutt det er slik, men eg har vorte inspirert. I morgon skal eg sende ei grunngjeven tilråding til ein styrerepresentant på arbeidsplassen til kona mi om at han rår kona mi til å fatte eit vedtak om å ete det kakestykket som eg la på fatet hennar etter at kona mi hadde bede meg om å leggje det der.

Eg legg forresten merke til at eg skriv veldig myke jobbrelatert her på bloggen. Det er eigentleg ikkje heilt meininga, trur eg. Skal sjå om eg klarer å skjerpe meg.

Read Full Post »

Noko av stillinga mi er sett av til undervisning. Eg er glad i å undervise, og er glad i å møte studentar. Men eg er altså ikkje lærar, undervisningsrelaterte aktivitetar skal i prinsippet utgjere under halvparten av timeverka mine. Og undervisning er sjølvsagt mykje meir enn det å stå i auditoriet og snakke med studentane, auditoriebiten utgjer berre ein mindre del av den delen av jobben som er undervisningsrealtert. Og då skal eg ikkje eingong kome inn på rettleiingsarbeid på mastergrad og slikt, som også skal hente timar frå denne potten.

På eit gjeve kurs med så og så mange studiepoeng er det sett av så og så mange timar til førelesing (etter fastsette normer). Med eit visst timetal til førelesingar fylgjer det med eit anna timetal (etter visse andre normer) til førebuingar og litt administrasjon av undervisninga. Dette femner m.a. om å snakke uformelt med studentane, kopiere papir til bruk i undervisninga, velje pensum, melde inn pensum til bokhandelen, setje seg inn i pensum og sjølvsagt skrive førelesingane.

Det samla normerte timetalet, undervisning med førebuingstid, ligg til grunn for arbeidsplanar, budsjett osb.

Så har det kome nokre reformer. Somme arbeidsoppgåver har alltid vore der, t.d. å lage eksamensoppgåver og å vere tilgjengeleg i eksamenslokalet. Andre oppgåver var friviljuge før men obligatoriske no, eller dei er heilt nye: møte referansegrupper og rapportere utførleg om det etterpå (slik at nestemann kan rapportere om motteken rapport), utarbeide evalueringsskjema og gjennomføre evaluering, utarbeide eit opplegg for øvingar (somme er obligatoriske for studentane, somme er friviljuge for dei), syte for at det vert gjeve tilbakemeldingar på obligatoriske øvingar, samordne og føre godkjenningslister, skrive sensurrettleiingar på ein måte som tek fleire juridiske omsyn enn faglege omsyn (under trugsmål frå fakultet og meir sentralt hald om at studentar kan saksøkje oss), osb.

Eigentleg bør ein vel også skrive ein rapport om evalueringsskjemaet for å presisere rammevilkår og forståingsmåtar som ikkje er openberre for dei overordna som les rådata frå skjemaet, men dette er ikkje obligatorisk, og kan sløyfast. Ein er nemleg ikkje pålagd å gjere skjemaet brukbart, ein er berre pålagd å bruke skjemaet.

Dei fleste av pliktene er velmeinte og nyttige, nokre er det også umogeleg å leve utan, men alt tek sjølvsagt tid. Då finst det eit vedtak om at alle undervisningsrealterte plikter, også reint administrative, er ein del av nettopp den tida som tidlegare vart kalla førebuingstid til undervisning. Dermed vil ikkje den auka tidsbruken der dukke opp i arbeidsplanane, budsjetta eller andre dokument, og formelt sett finst det ikkje noko problem med tidsbruken. Det er eins eige ansvar å ikkje bruke for mykje tid, ein må berre passe på å oppfylle alle pliktene sine.

Realitetane på det mest administrerte kurset mitt er likevel slik at når eg har gått på alle møte, fylt ut alle skjema, gjennomført alle evalueringar, svart på alle spørsmål, skrive alle obligatoriske dokument, kvalitetssikra alle godkjenningar, sjekka alle lister, gjeve rettleiing til læringsassistentane som skal avlaste meg slik at eg får meir tid til undervisning, og til slutt har sett av tid til å stille opp i eksamenslokalet, så er eg allereie på minussida i timetal, og har eigentleg ikkje tid att til å skrive førelesingane eller halde dei. (Men nettopp å skrive førelesingane og halde dei er jo også noko som ein ikkje akkurat kan hoppe bukk over utan å verte oppdaga.)

Det er altså mange fleire oppgåver som i dag formelt sett (og reelt nok i budsjett og arbeidsplanar) skal inn i dei timane som tidlegare var førebuingstid, men normene for utrekning av samla timetal pr. undervisningstime er uendra. Giss korleis ein då i realiteten får tid til alt.

Eg har difor to ynske: ein auka timefaktor for å gjenspegle realitetane både i arbeidsplanar og budsjett, og fleire tilsette i kvar fagdisiplin å fordele oppgåvene på.

Ynska mine er neppe realistiske. Dei kostar nemleg pengar.

Read Full Post »

Timeplansurr

Timeplanen for haustsemesteret var sjekka, justert, kvalitetssikra og vedteken i mai, som vanleg. Kabalar vart lagde, opplegg vart tilpassa, og etterpå kunne livet gå vidare. Me ante fred og ingen fare.

Med eitt no på fredag tre månader seinare, etter at semesteret hadde starta og få minutt før orienteringsmøtet på det eine studieemnet, vart det oppdaga at høgare makter heilt plutseleg hadde flytta førelesingane og dei ca. 330 studentane på kurset til eit nesten unemneleg klokkeslett: 18.15–20.00. Dette kan ein vel i det minste kalle uheldig, og det fører til mykje kluss for alle.

Såleis vart det eit sært informasjonsmøte på fredag. Kven som var mest forferda, veit eg ikkje, om det var studentane, eller om det var faglærarane og studiekonsulenten. Til grunn for flyttinga låg det visst nokre timeplankollisjonar med andre fag. Berre at det kunne fort avklarast at fleire av dei oppførte faga slett ikkje hadde nokon timeplankollisjon med oss. Eit uhell hadde altså oppstått på ein ulokalisert stad i systemet. Uhellet smatt til og med forbi instansar som til vanleg har stålkontroll på slikt.

vørterølMen sjølv uhell må jo sjekkast. Kanskje hadde det oppstått fylgjefeil, og kanskje fanst det slikt som me ikkje visste om.

Det gjekk bra til slutt. Difor vil eg gjerne utbringe denne skåla ikkje berre for studiekonsulent Gunn som klarte å rydje opp i det og som i dag fekk flytta oss tilbake til opphavleg tid, men òg for studentane som tok dette med meir fatning enn nokon kunne be om. Skål!

Read Full Post »

På onsdag 1. april kom omsider førespurnaden. Mona på ekspedisjonen skreiv på instituttlista:

I skjæringspunktet Fagprofil 2020 og de pågående lønnsforhandlingene ønsker HF-fakultetet å foreta en foreløpig kartlegging av arbeidstokken ved institusjonen. Materialet bør imidlertid være innhentet før møtet i Fakultetsrådet førstkommende torsdag, derfor har vi som er medlemmer i Rådet, fått følgende oppdrag: Å få inn tentative data på hvor stor andel av de ansatte ved våre respektive institutter som anser seg selv som «slitere». Hvorvidt en er en sliter eller ikke, er ifølge myndighetene noe en selv må avgjøre. Jeg vil derfor be dere som anser dere som hørende til i denne kategorien, melde fra til meg, og så tar jeg med meg dataene til Fakultetsrådsmøtet på torsdag. Det er flott om dere også melder fra om hvorfor dere anser dere som slitere. Materialet vil bli behandlet konfidensielt.

Eg skal vedgå at eg ikkje følte meg heilt sikker på om dette verkeleg var ein aprilspøk. Men eg landa på at eg i alle fall ikkje treng den skisserte konfidensialiteten, så her er svaret mitt:

Hei! Eg er ein siltar. Eg vedgår at eg har silta nokså mykje det siste året, særleg i 14-tida. Siltinga mi vert som regel initiert av perifer gryving i interaret, men eg har også opplevt opptakter til sterkare posisjonar, særleg i interaksjon. Grunnen til at eg oppfattar meg som ein siltar, er nettopp at utklavet på fakultetet etterlèt seg så uhorveleg mykje fjakk. Eg håper såleis at fakultetet kan lavja utklavet på Dragvoll litt mindre på eiga hand i framtida. Særleg i 14-tida, når eg har for vane å silta sjølv.

Read Full Post »

Glupt

Som det er med alt anna, tek det også tid å skrive førelesingar, setje seg inn i fagstoff og vere tilgjengeleg for studentane. Heldigvis finst det faste normer for slik førebuings- og undervisningstid. Så kva gjer ein i ei tid der dei administrative ordningane for førelesarane (administrasjon er elles ein separat del av stillinga) veks seg store og sterke og staute? Jau, ein vedtek dette:

Administrasjon av egen undervisning og forskning tilhører undervisnings- og forskningsdelen av stillingen.

Og vips, så er det massevis av administrasjonsarbeid som plutseleg har vorte stappa inn i dei gode, gamle normene for førebuingstid til undervisning. Det er veldig glupt, for då kan ein til og med dokumentere og synleggjere i arbeidsplanane at ingen bruker for mykje tid på administrative oppgåver.

Read Full Post »

Sensurrettleiing har eg skrive systematisk i alle år, både for andre (den tida det framleis var vanleg med eksterne sensorar, men det var før Kvalitetsreforma) og for min eigen del. Ei tradisjonell sensurrettleiing inneheld opplysningar om kva slags konkrete moment ein håper å sjå i eit godt svar (i den grad eksamenen ikkje er eit meir sjølvstendig prosjekt). Ein tek òg med opplysningar om pensum og førelesingar, altså slikt som ein sensor bør vite.

Under sensuren ser ein ikkje berre på deloppgåvene, men òg på heilskapen, m.a. kor jamt eller ujamt det faglege nivået er. Ein ser på kor utførleg eller knapt svaret er, og i kva grad studenten har klart å demonstrere den faglege kompetansen sin. Den fagspesifikke karakterforklaringa for karakteren A seier:

Høyt kunnskapsnivå. Svært god teoretisk innsikt og, i emner der det er relevant, svært gode praktiske ferdigheter. Kan plassere kunnskapene inn i en sammenheng. Kan bruke kunnskapen til selvstendig og kritisk drøfting og refleksjon over forklaringer, tolkninger og sammenhenger.

På eit fag som er så lite fasitorientert, kan sensurrettleiinga sjølvsagt presisere viktige moment som skal takast spesielt omsyn til, men det ville vere håplaust å konkretisere spesifikke karakterar før eksamen, t.d. kartleggje alle kombinasjonar av styrkar og veikskapar, og alle måtar som ei sjølvstendig drøfting kan gjennomfrast på. Ein kan jo oppnå ein bestemt karakter på svært mange og ulike måtar. Ein skal òg vere varsam med å binde opp eventuell ekstrasensor eller klagesensor på eit slikt detaljnivå, ettersom dette vil minske verdien av slike ordningar.

Skjema

Semesteret nærma seg slutten, og på dagen to veker før det fyrste eksamensoppgåvesettet skulle vere heilt ferdig, kom det instruks om eit eige skjema for sensurrettleiingar. Det skulle vere ferdig samstundes med oppgåvene. Bakgrunnen var at karakterforklaringane ikkje er konkrete nok. I instruksen las me (mine uthevingar):

Sensurrettleiinga må tilpassast den einskilde eksamensoppgåva – det er eit hovudpoeng med ordninga – men det er visse basiselement som bør vere med uavhengig av fagområde, vurderingsform og innhaldet i sjølve eksamensoppgåva:

1. Emnekode og emnetittel
2. Semester/år og vurderingsform (eksamenstype)
3. Oppgåveteksten
4. Relevant pensumlitteratur og evt. hjelpemiddel
5. Krav til eksamenssvaret:
[…] – Definer kva som kvalifiserer til karakteren A
6. Eventuell presisering av oppgåveteksten i høve til tolkingsskjøn (etter behov) 

Mange forstod det slik: Sensurrettleiinga skal tilpassast kvar einskilde eksamensoppgåve. Samstundes finst det ein del som bør inkluderast på skjemaet uansett, uavhengig av kva slags eksamensoppgåve det er, og uavhengig av fagområde og vurderingsform. Desse punkta omfatta m.a. emnekode, oppgåveteksten og pensum på lik line med «kva som kvalifiserer til karakteren A». Ved eitt av punkta (presisering av oppgåveteksten) stod det rett nok ein merknad i parentes: «(etter behov)».

Resultatet var mange sinte, overvelda, resignerte eller fortvilte menneske i mange fagmiljø på ulike institutt. Nokre tok instruksen som ein spøk, andre brukte mange timar og dagar på å fylle ut skjemaet. For det skulle fyllast ut eit eige skjema til kvar deloppgåve på kvar einaste eksamen, og punktet om karakteren A var rett og slett umogeleg å fylle ut så konkret på førehand.

Folk har hatt dårleg tid, dei har jamra seg, dei har kontakta overordna nivå og spurt seg føre, men likevel fått instruksar som har ført til berre endå meir jamring. Ein kollega sa det omtrent slik: «Men om me konkretiserer kva som skal liggje i å drøfte sjølvstendig, så tek me jo sjølvstendet frå studenten.» Det var ikkje hjelp i. Også etter direkte samtale med instruerande instans, der skjemaet var eit eige punkt, jamra folk seg over det umogelege oppdraget.

Oppklaring

Mot slutten av eksamensførebuingsperioden var eg så heldig å få snakke og brevveksle med rette vedkomande på tomannshand. Mi forståing av oppklaringa er:

For det fyrste: Punktet om å definere for kvar oppgåve kva som kvalifiserer til karakteren A, må ikkje forståast som eit krav om å definere kva som kvalifiserer til karakteren A. Det kan i staden forståast som ei ikkje-oppgåvespesifikk utgreiing om slikt ein særleg bør sjå på før ein eventuell A kan vere aktuell (i praksis ei slags generell men noko meir omstendeleg karakterforklaring).

For det andre: Sitatet over skal ikkje forståast som ei liste over «basiselement som bør vere med uavhengig av fagområde, vurderingsform og innhaldet i sjølve eksamensoppgåva». Det inneheld ordet «bør», og skal difor forståast som eit råd om element som ikkje naudsynleg er basale, men som ein bør ta med på skjemaet avhengig av at fagområdet, vurderingsforma og innhaldet i eksamensoppgåva tillèt det. Implisitt er det dermed heller ikkje berre punkt 6 som er «etter behov».

Og dermed har me potensielt rett og slett den slags sensurrettleiing som eg har skrive på eige initiativ i alle år.

Eg fortel gjerne folk rundt meg om dette, for i skrivande stund er det framleis mange som sit og er sterkt irriterte – ikkje naudsynleg over fenomenet sensurrettleiing, men over skjemaet.

Før denne oppklaringa kom, skreiv eg nokre fortvilte men dønn seriøse sensurrettleiingar (hadde ikkje særleg god tid heller, det finst fristar for slikt) som vart formidla vidare til den instansen som utforma instruksen. Dei vart formidla som praktiske døme på korleis det vert sjåande ut når eit skjema skal fyllast ut slik som folk trudde (tydelegvis feilaktig) at det skulle fyllast ut, om ein skulle unngå å forplikte seg juridisk til bestemte karakterar før ein i det heile hadde sett kva studentane skriv. Eg veit at eg ikkje er den einaste som har skrive slike sensurrettleiingar, men det er vel berre mine som har vorte vidareformidla.

Det fall ikkje i god jord, for å seie det sånn.

Read Full Post »