Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Dachau’

Bokbrenning

Eg har vitja konsentrasjonsleiren Dachau to gonger: éin gong som barn, ein annan gong som vaksen. Og det er jo gjerne slik at når ein kjem heim frå ein lang tur, så er det visse inntrykk som ikkje vil sleppe taket, og då kan ein vere sikker på at desse inntrykka tok ein ikkje bilete av.

I Dachau hang det eit bilete av eit bokbål frå starten av Hitler-regimet, og saman med biletet stod det eit sitat av den store tyske diktaren Heinrich Heine (1797–1856):

Das war ein Vorspiel nur, dort wo man Bücher
verbrennt, verbrennt man auch am Ende Menschen.

På norsk vert det omtrent som så:

Det var berre eit forspel. Der ein brenner bøker,
brenner ein til slutt også menneske.

Kort tid etter at Hitler kom til makta i 1933, vart det organisert bokbål for å brenne såkalla «utyske» bøker. Nazistane hadde teke mål av seg til å definere kva som var eigentlege tyske verdiar og kva som var utysk.

Det vert sjeldan rettsinn og vidsyn når nokon definerer seg til å vere dei einaste som representerer rett og røyndom, og set seg over andre ved å hevde monopol på dei sanne, samfunnsdefinerande verdiane.

Å brenne bøker vert ein audmjukande maktdemonstrasjon, eit signal om hat og forakt. Det vert å symbolsk brenne også dei menneska som har tilknytnad til bøkene. Mellom bøkene som vart brende i Berlin 10. mai 1933, var også bøker av Heinrich Heine. Sitatet av han er i dag å finne på minnesmerket etter bokbrenninga.

Men det var sjølvsagt ikkje denne framtidige bokbrenninga frå 1933 Heine kommenterte. Sitatet er henta frå tragedien Almansor, utgjeven i 1821. For bøker hadde jo brunne tidlegare òg. Dramaet er lagt til det mauriske Iberia, og i kontekst lyder sitatet:

Almansor:
Wir hörten daß der furchtbare Ximenes,
Inmitten auf dem Markte, zu Granada –
Mir starrt die Zung im Munde – den Koran
In eines Scheiterhaufens Flamme warf!

Hassan:
Das war ein Vorspiel nur, dort wo man Bücher
Verbrennt, verbrennt man auch am Ende Menschen.

På norsk vert det omtrent som så (utan versemålet):

Almansor:
Vi høyrde at den grusame Ximenes
midt på marknadsplassen i Granada –
tunga mi kan nesten ikkje røre seg –
kasta Koranen i flammene til bålet!

Hassan:
Det var berre eit forspel. Der ein brenner bøker,
brenner ein til slutt også menneske.

Read Full Post »