Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘do’

Når dodørlåsen går rundt

I dag vart eg trengd på den måten som folk og fe gjerne vert av og til, og eg måtte ta meg ein tur til toalettet på jobben. Store ting var det som skulle ut, så der sat eg, då, og gjorde mitt.

Døra var låst og fargefeltet på låsen var raudt, men det er jo sjeldan hjelp i. Plutseleg var det nokon som røska resolutt i døra, som så mange gonger før. Kan ikkje folk berre sjå etter om låsen er kvit eller raud? tenkte eg. Det er jo knapt eit toalettbesøk utan at dette skjer.

Men så rakk eg ikkje å tenkje meir på den saka. For akkurat då byrja låsen å vri på seg. Reaksjonsevna mi heldt eit overraskande høgt nivå, og eg fekk kasta meg framover akkurat då låsen gjekk rundt og døra gjekk opp. Med den eine handa slamra eg til meg den allereie 15 cm opne døra, med den andre handa låste eg døra på nytt.

Det var då veldig så desperat trengd vedkomande var, hadde han verkeleg tenkt at eg skulle dele skåla med han?

Men på utsida var det no heilt stilt, eg fekk gjere meg ferdig i fred, og då toalettet vart ledig, stod ingen lenger i kø der ute. Hadde eg rett og slett vorte utsett for ein inspeksjon frå Toalettdørrøskarforbundet?

No har i alle fall toalettdøra vår fått seg eit oppslag med instruksjonar for tolking av fargekode:

Når dette feltet er raudt, tyder det at døra er låst fordi det er nokon på innsida. Det er ikkje naudsynt å røske i dørhandtaket eller låse opp frå utsida.

Livet er spanande, folkens.

Read Full Post »

Ny doring

Det er seksten og eit halvt år sidan eg kom til Trondheim og Dragvoll, men i veka som var, skjedde det ei endring med eit viktig møbel. Doskåla har fått ny ring. Eg trur det var tysdag 24. mars eg la merke til det.

Den gamle doringen var svart, og loket oppå var også svart. Men plutseleg ein dag denne veka hadde det svarte vorte kvitt. Og ikkje nok med det, for det var ikkje lenger noko lok der. Ikkje på jentedoen heller, forresten, i fall nokon lurte.

Ein skal ikkje undervurdere kor viktig dette møbelet er. Det er eit møbel som mange ved instituttet har eit nært forhold til, sjølv om ingen snakkar høgt om det. Difor bør det heller ikkje gløymast når det skjer endringar med møbelet.

Og kva mann har vel ikkje hamna i diskusjon med ei kvinne om doloket skal vere oppe eller nede. Legg ein ned doloket, må det jo likevel opnast neste gong nokon skal på do. Loket har ingen annan funksjon enn å opnast og leggjast ned.

Kona mi har klart å oppsede meg på dette punktet. Etter fleire års usemje om dolokets opningsstatus skulle me erstatte benken på badet med eit toalett.

«Men me kan jo ikkje ha skapet på same plass då,» meinte eg, «for før ein veit ordet av det, dett tannkremen ned i doskåla.»

«Det er berre å late att loket, det,» sa fru Judith.

«Hmf,» sa eg. Og sidan har doloket vore regulert etter normene til frua. Så godt har ho dressert meg at eg har gripe meg sjølv i å leggje ned doloket på jobb òg.

Men no er det slutt på doloknedlegging på jobb. Den nye, kvite ringen er forresten merkbart lågare enn den gamle, svarte. Og kva jentene skal gjere no når heller ikkje dei har noko dolok å leggje ned, veit ingen.

dragvolltoalett

Read Full Post »