Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘eksamensråd’

Det er januar 2010, sensurperioden for hausten 2009 nærmar seg slutten, og her kjem nokre råd og tips på grunnlag av det eg har sett i bunkane denne gongen.

Det fyrste rådet er å ikkje bruke fargekoding i formalismen. Det er fint å vere kreativ og gå utanom pensum, men akkurat dette med fargar er litt vanskeleg, ettersom sensor gjerne sit med ein kopi i svart-kvitt. (Dette fekk ikkje karaktermessige konsekvensar for nokon av mine studentar denne gongen.)

Eit anna tips er å ikkje skrive viktige ting med veldig lita skrift heilt ute ved kanten på arket. Dette vert nemleg ikkje med på kopien.

Når oppgåveteksten seier «forklar med nokre få ord» kva noko «handlar om», er ein ute etter å teste om studenten har forstått kva noko handlar om. Om så sensor ser fargekodinga og instruksen om at slik og slik farge indikerer eit bestemt fenomen, eller om dette fenomenet er markert med store bokstavar eller understreking, så er det lite hjelp i. Det som trengst i ein slik situasjon, er nemleg nokre ord som forklarer kva det aktuelle fenomenet handlar om

Dette sorterer gjerne under det å lese oppgåveteksten nøye, noko som ikkje alltid er like lett i ein stressa eksamenssituasjon. Men også om du les oppgåveteksten nøye, kan du kome i tvil om kva som er meint, særleg dersom du har veldig god oversikt. Dersom du har så god oversikt at dette er grunnen til at du er i tvil, er det er OK å skrive i klartekst i svaret ditt korleis du forstod oppgåva, og kvifor. Du kan sjølvsagt også alltid spørje når faglærar kjem på trøysterunde under eksamenen.

Og av og til når eg les eksamenssvar, tenkjer eg nettopp som så: «Nei og nei, her har du bomma på noko som du faktisk kunne ha spurt om på eksamenen, og så får det konsekvensar for korleis du svarer på det som oppgåva handlar om.» Hugs at når faglærar (i dette tilfellet eg) kjem på trøysterunde, er det lov å spørje om alt. Det er faglærars ansvar å ikkje svare for mykje.

Til slutt: Når ein eksamen skal prøve studentane i fagkompetanse, er det ikkje puggesvar som demonstrerer fagkompetansen best, men refleksjonen rundt svaret, i den grad oppgåva innbyd til det, sjølvsagt (og med ein heil haug med småoppgåver innbyd det ikkje alltid til dei store drøftingane). Så skriv gjerne utførleg dersom du føler behov for det, i staden for å avgrense deg til eit minimumssvar med to strek under. Det er klart, dersom du verkeleg ikkje har peiling (slikt kan jo skje av og til), bør du kanskje vere varsam med å skrive utførleg. Men har du peiling, kan det gå som med den studenten som såg ut til å ha misforstått grunnleggjande saker. Men forklaringa viste at dette var eit medvite val, og eg konkluderte: «Alt i alt tykkjer eg at dette var så reflektert at sjølv om det bryt med pensum, bør studenten få full utteljing.»

Og i halen på dette: Dersom du har brukt støttelitteratur som dekkjer fleire slags pensum/tilnærmingsmåtar (t.d. Starthjelp-boka), så kan det løne seg å sjekke kva som er pensum, slik at du kan kommentere det dersom du vel å gjere ting på din eigen måte.

No må eg vel vere ferdig. Ja, det er eg. Trur eg. Ja.

Read Full Post »