Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘engelsk’

Popen og han Cole

Eg sat i bilen for ei stund sidan og lytta til NRK P2, der studiogjesten snakka om ein kjend austerriksk komponist, men akkurat der eg slo på radioen, var det ikkje så lett å forstå kven av dei det var snakk om. Innslaget enda med at eit musikkstykke, og heilt til slutt kom programleiaren med namnet på komponisten: [dʒousəf] Haydn. Ja ja. Eg hugsar ein gong på 90-talet at ein annan NRK-journalist snakka om Tysklands forbundskanslar [hɛlmət kəʊl].

No er jo eg ein av dei her til lands som ikkje uttaler «Nachspiel» (eller med liten n på norsk) som [ˈnæʃpiːl] eller kortforma [næʃ] (giss korleis eg uttaler det). Og er ein fyrst så sær, så er det duka for mange observasjonar av Helmet Cole-typen, også skriftlege:

Fru Judith og eg var i Vilnius på esperantokongress i 2005, og kan skrive under på at det er ein flott by. Også VG har vore der, og rapporterer:

Morgengryets port – Gate of Dawn – med Mariabildet som besøkes av tusenvis av pilegrimer hvert år, viser vei inn i Vilnius» gamleby – den litauiske hovedstadens stolthet.

Å omtale Aušros vartai (engelsk lenkje her) som «Morgengryets port» på norsk er sjølvsagt heilt greitt. Men så kjem det eit overraskande tillegg: «Gate of Dawn». Tyder dette at «Gate of Dawn» er originalnamnet på porten? Eller i det minste eit meir offisielt eller meir opphavleg namn? Slik les i alle fall eg VG.

Ein skal vakte seg for luftige spekulasjonar, men kanskje var det verkeleg noko profetisk over det då History Channel for nokre dagar sidan omtalte programmet «Nostradamus Effect» på denne måten på norsk: «Hvorfor trodde egypterne at en komet kjent som Destroyer vil forårsake ufattelig ødeleggelse?» For korleis kunne dei gamle egyptarane kjenne det moderne engelske namnet på kometen om ikkje dei var synske og visste at kometen ikkje har noko norsk namn?

Ein snopsnaken snopsnok som eg er sjølvsagt interessert i reisene som smaker sjokolade, slik desse er omtalte i ærverdige Aftenposten. Det ligg ein sjokoladefabrikk i Mexico City, les me der. Det er kanskje urettvist å trekkje fram akkurat Aftenposten, men kvifor ikkje heller omtale Mexico by som Mexiko-Stadt (tysk) eller Città del Messico (italiensk)? Det finst sikkert mange tyskarar og italienarar som liker sjokolade. Men dei les kanskje ikkje norskspråklege aviser som Aftenposten, då. Nei. Så då, så. Mexico City.

Frå kunstverda kunne den like ærverdige Aftenposten fortelje no i mars at det var tjue år sidan eit spektakulært kunsttjuveri:

Blant kunstskattene som ble stjålet denne natten var det to verk som pekte seg ut. Det ene var Rembrandts Storm On The Sea Of Galilee, hans eneste kjente maritime motiv. Det andre var Vermeers The Concert, et av kun 36 kjente Vermeer-bilder.

Voksfigurar er vel òg kunst, også voksfigurar av førre og noverane pave, og Aftenposten fortel viljug vekk:

Danny Balan plasserer vokshodet av Pave John Paul II ved siden av voksfiguren av den nåværende paven, Benedict XVI.

Eg er imponert over at det ikkje vart «pope», eg. Slik overlèt ein heller til Nettavisen:

Et tredje så vi sist jul da en mentalt forstyrret kvinne igjen angrep Pope Benedict XVI under midnattsmessen.

Nei, no trur eg eg skal slutte før fnatten kjem og tek meg i overførd tyding. Difor over til fagmodus:

Det er i det minste veldig interessant at engelsk er det «standardspråket» som det meste kan tolkast i lys av, både i uttalen og skrivemåten av personnamn, og når ein i elles norske tekstar vil omtale kunstverk og byar med eit anna namn enn det norske namnet.

Read Full Post »