Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘esperantokongress’

I København opna i dag den 96. Universala Kongreso de Esperanto med ca. 1400 påmelde deltakarar frå 66 land. Normalt skulle eg ha vore der, men av ulike grunnar vart det ikkje slik denne gongen.

Ein grunnleggjande verdi for esperantorørsla er tanken om fred og forbrødring. Den høgtidlege opninga kl. 10 i føremiddag vart innleidd med at president Probal Dasgupta i det internasjonale esperantoforbundet UEA bad om eitt minutts stille for å minnast dei omkomne i terroråtaka.

Som del av opninga er det tradisjon for at representantar frå dei ca. 60 landa bruker nokre få sekund kvar på å framføre ei lita helsing. Ingebjørg Rambjør hadde dette oppdraget på vegner av det norske forbundet, alafabetisk plassert (Norvegio) mellom Nepal og Polen. Men to dagar før skjedde plutseleg tragedien. Eit vanleg «hei frå Noreg» var ikkje nok i år. Vi snakka saman på telefon om ordvalet laurdag ettermiddag, det vart slik, og eg får tårer i augo når eg ser opptaket:

Nome de la norvegaj esperantistoj mi salutas kun la jenaj vortoj: Nur amo povas venki malicon kaj malamon. Amu.

På vegner av dei norske esperantistane helser eg med desse orda: Berre kjærleik kan vinne over vondskap og hat. Elsk.

Helsingane frå Nepal (slutten), Noreg og Polen:

Den japanske deltakaren «Bonulo» overførte opningsseremonien via ustream.tv (del 2 her), og eg har tillate meg å klippe dei to snuttane frå overføringa hans.

Read Full Post »