Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘exfac0003’

Etter ein exfac-eksamen

I førre bloggpost tok eg føre meg nokre råd for eksamenar generelt, i praksis med utgangspunkt i slikt eg fann i eksamensbunkane denne gongen. Her kjem nokre faglege kommentarar spesifikt om eksamenen i EXFAC0003 5. desember 2009 (tok du den eksamenen, bør du lese også førre bloggpost), men nokre av kommentarane kan kanskje vere nyttige elles òg. Eg avgrensar meg sjølvsagt til lingvistikkdelen av oppgåvesettet.

I morfologioppgåvene den dagen var det fleire som på eige initiativ drøfta om samansetjingsformativen (fugeformativen) var bøyingsformativ eller ikkje. Resonnementa viste gjerne til at «hunde» i «hundebjeffinga» ikkje er noka bøyingsform i seg sjølv, og at det difor er aktuelt å analysere e-en som noko anna enn bøyingsformativ, nemleg samansetjingsformativ. Dette er godt forklart.

Litt meir risikabelt er det når resonnementet tek utgangspunkt i ein spesifikk dialekt som ikkje er identisk med den målforma (bokmål, nynorsk) som ligg til grunn for det som skulle analyserast, t.d. «i min dialekt er ikkje hunde noka bøyingsform, difor er e-en i hundebjeffinga ein samansetjingsformativ». Hugs her at alle språk, dialektar og språknormer må analyserast i lys av seg sjølve. At noko er på ein bestemt måte i éi norm (bokmål, nynorsk, ein dialekt, eit språk), tyder sjølvsagt ikkje at det er på den same måten i ei anna norm, så løyser me ei oppgåve som baserer seg på bokmål, er det systemet i bokmål som skal analyserast.

Berre ein handfull studentar fekk til oppgåve 2. Der stod det opplyst at det var to (to, ikkje tre) morfar i kvart av dei oppramsa orda frå akan. Denne gratisopplysninga var det mange som ikkje såg i stresset, og dei identifiserte dermed ein tredje morf (ei presensending) som det ikkje var grunnlag i materialet for å identifisere. Nokre av studentane kommenterte kvifor dei meinte å sjå ein slik tredje morf (grunngjevinga er eit formildande omstende: begge verba hadde tilfeldigvis i som siste skriftteikn), men mange slo berre fast utan grunngjeving at ein slik morf var til stades, eventuelt med ein (eksplisitt eller implisitt) referanse til at fordi norsk har presensending, må også akan ha det (eit resonnement som gløymer at språk er ulike).

Verba i oppgåva vart bøygde i person, og dei aktuelle bøyingsformativane vert ikkje rekna som pronomen, sjølv om norsk bruker pronomen. Jamfør at verbet «vil» ikkje vert rekna som formativ i norsk, sjølv om japansk bruker formativ i verba for å uttrykkje vilje.

Fleire skreiv at ein i Noreg ikkje gjer skilnad på 1., 2. og 3. person i verbbøyinga, til skilnad frå akan. Dette er truleg rett tenkt men feil formulert. Det finst jo mange språk i Noreg som har personbøying, t.d. samiske språk, og det finst også akan- og engelskspråklege her. Derimot finst det ikkje personbøying av verb i norsk. Ethnologue har ei oversikt over ein del språk med tradisjonar i Noreg.

Syntaksoppgåvene testa mangt og mykje, og i den eine oppgåva var ordstillinga noko omsnudd som ei lita felle for dei som stappar inn subjektet før verbalet på autopilot. I den andre oppgåva fanst det ei relativsetning som er del av den NP-en (substantivfrasen) som utgjorde subjektet. Og nei, ikkje noko av dette er i strid med norsk grammatikk, nei. 🙂

Og til slutt: Dersom du noko overraskande har fått «greidd» (bestått) i staden for ein bokstavkarakter som fortel deg korleis du ligg an, så er ikkje studentane dei einaste som vart overraska denne gongen. Eg tek ikkje offentleg korleis dette kunne gå til. Men om du vil vite kvifor du stod (eventuelt ikkje stod), så hugs at det er lov å be om grunngjeving for karakteren innan visse fristar.

OK, heilt til slutt: Dersom gjennomgangen over såg nedslåande ut, så kjem det berre av at eg har fokusert på vanlege problem. Dersom det hadde vore bokstavkarakterar på denne eksamenen, med eigne karakterar for dei ulike delane, ville gjennomsnittet for lingvistikkoppgåvene åleine (ikkje medrekna fonologi, som av tidsmessige grunnar er feilplassert som fonetikk) ha vore ein litt betre enn middels C (strykkandidatane ikkje medrekna), med B som den hyppigaste karakteren. Så alt i alt var det slett ikkje så verst.

Read Full Post »