Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Eyjafjallajökull’

I natt drøymde eg at eg var på ein eller annan språknerdkonferanse, då spørsmålet dukka opp om korleis Eyjafjallajökull skal uttalast. Ho som sat bak meg, ein kjend norsk språkforskar som eg ikkje skal nemne namnet på her, sette då i gang med ei lang utgreiing på islandsk. Dette førte til både sukking og protestar frå dei andre i salen. Ein mann svarte henne hissig på islandsk og meinte at no overdreiv ho kraftig omfanget på utgreiinga si. Sjølv vart eg meir og meir irritert, og skulle akkurat til å utbryte dei få orda eg nesten har lært på språket: «Við viljum læra framburðinn – bara framburðinn, ekki alla málfræðina!» (vi vil lære uttalen – berre uttalen, ikkje heile grammatikken).

Men akkurat då vakna eg, og forstod momentant at no hadde eg endeleg eit påskot, eg òg, til å blogge om uttalen av Eyjafjallajökull. Som alle veit, er uttalen fullt i samsvar med korleis stadnamnet vert stava (så sant ein kjenner uttalereglane): [ˈɛɪjaˌfjatlaˌjœːkʏtl̥] («ejafjatlajøkutlh»). Kjem ein frå nordlegare strok og snakkar ein litt annan dialekt, kan ein gjerne aspirere velaren, [kʰ].

Massevis av folk der ute i verda har blogga om uttalen.

No er det jo likevel slik at eg, som er sunnmøring, ikkje uttaler stadnamnet Malvik med tjukk l, sjølv om eg har budd så lenge i Midt-Noreg at eg no er i stand til å produsere den lyden. Eg uttaler heller ikkje Farstad som «Fasjta» eller, endå meir relevant, sørvestlandske fjellnamn som sluttar på -fjellet som «-fjedlet». Eg held meg til «-fjellet», til og med med sunnmørsk uttale og palatal l (fjelljet). Når norske tv-journalistar uttaler Eyjafjallajökull som om det var norsk og vart stava «Eiafjallajøkul», så vert det på den same måten, og det synest eg er greitt. Eg har tidlegare jamra meg over folk som legg engelsk til grunn for alt, men her legg faktisk folk norsk til grunn for noko, og då er det all grunn til å juble.

Interessant er det likevel å observere at folk legg mykje arbeid i å uttale engelske namn sånn meir eller mindre på engelsk, t.d. Washington uttalt med [w]. Ein kan også høyre NRK-folk bruke ein angloamerikansk dialekt som grunnlag for uttalen av britiske namn: Mang ein gong har dei snakka om tronervingen Charles med uttalt amerikansk r i Dagsrevy-studio, mannen sjølv ville nok aldri ha uttalt det slik.

Det hadde sjølvsagt vore kult om dei la like mykje arbeid i å uttale desse dagars mest populære brenamn på orginalspråket, til naud på nettopp ein avvikande dialekt. Dessverre for denne isbreen er ikkje islandsk like kult som engelsk med angloamerikansk uttale, sjølv ikkje i ei sak som dominerer nyhendebiletet i vekevis.

Difor synest eg også at det står respekt av BBC (og Al Jazeera, sjå video under), som faktisk prøver å uttale Eyjafjallajökull sånn omtrentleg på islandsk. Å uttale det med engelsk som grunnlag ville vel fort ha vorte uoverkomeleg, same kva (men det ville unekteleg ha vore morosamt). Også på tyske tv-sendingar kan ein høyre ein halvvegs islandsk uttale, og som nokon påpeikte ein eller annan stad: på russisk har dei til og med fått islandske element inn i stavemåten Эйяфьядлайёкюдль, og det same har dei fått til i gresk Εϊγιαφιατλαγιοκούτλ.

Read Full Post »