Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Facebook’

Eg er ikkje på Facebook

Er det nokon som hugsar Sixdegrees? Plutseleg var alle med der, og det rausa inn med oppmodingar om å melde seg inn. Eg rakk aldri å melde meg inn før det var over.

Sidan kom det andre nettstader for sosiale nettverk av ymse slag. Eg har til dømes ikkje tal på kor mange invitasjonar eg har fått til LinkedIn og Orkut. Eitt av dei siste nettfenomena i denne sjangeren er Facebook, og eg reknar sjølvsagt med at det skal gå av moten i løpet av månaden. Hm, at Facebook går av moten i løpet av månaden, har vore orsakinga mi i to år no. Heh. For eg er altså ikkje på Facebook.

Andre orsakingar for dette er at eg er noko lat. Og litt skeptisk til å ta aktivt stilling til kor godt eg kjenner folk.

I tillegg, og det er kanskje det verste, så har eg denne pinlege eigenskapen at eg har altfor lett for å gløyme både namn og andlet. Og plutseleg bankar det folk på døra som eg ikkje veit kven er, ikkje sant. Men som eg burde vite kven er, i alle fall om dei bankar på Facebook-døra for å vere venen min.

Eg plar gjerne fortelje om han som eg sat saman med på tyskstudiet i eit heilt år. Då andre semesteret tok til, måtte eg vedgå for han at eg hadde gløymt namnet hans. (Hei, Trond, om du les dette!) Trond er forresten ein veldig hyggjeleg fyr, og me har sidan både budd på studenthybel i same sokkel, og me har halde tale i bryllaupa til kvarandre.

Bloggane her på WordPress har statistikksider som m.a. viser korleis folk finn fram til bloggen. (Det er utruleg mange som kjem hit fordi dei har googla etter «normativ deskriptiv». Og no vert det vel endå fleire.) For nokre månader sidan dukka det opp ein referanse frå Facebook, og til mi overrasking oppdaga eg at det fanst ei Facebook-side som var oppkalla etter meg, at eg var klassifisert som «kjendis/offentleg person», og at tilhengjarane mine heitte det same som studentane mine. Sidan eg ikkje er på Facebook, skjønar eg meg lite på slikt, men eg visste så avgjort at dette var ei ære.

Den vesle ulempa med å verte ei slik ære til del er at det er lett for folk å tru at det er eg sjølv som har oppretta sida:

I mars la min amerikanske slektning Janice att ei melding til meg på veggen til den Facebook-sida, og fru Judith (som er moderne og dermed på Facebook, og som har forklart meg kva ein vegg er) sende ei melding tilbake om korleis ting heng saman.

No i juni spurde min gamle medstudent Monica på den nemnde veggen:

Hallo Jardar, long time no seen -som det heiter på godt nynorsk :-) Kvifor har du ikkje vanleg profil? Det er litt skummelt å klikka på «bli tilhengjar»…

Og ho fekk svar frå Bjørg:

Heihei :) Enig med Monica: Det er veldig sleipt av deg å forlange at man skal bli tilhenger av deg for å kunne skrive på veggen din altså! :P

Ja, korleis skal ein svare, når ein sjølv ikkje er på Facebook? Nja, ein kan nyte godt av den moderne kona si igjen. Ho har no lagt att ei melding der om at eg ikkje er på Facebook, men at eg har blogg og dermed ikkje er heilt i steinalderen likevel.

Så no har eg blogga om det. Ah, eg er så moderne at! 🙂

Read Full Post »