Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘feilsendingar’

Eg har ei e-postadresse som eg nesten ikkje har brukt, men som vart oppretta for nokre år sidan fordi adressa var tilgjengeleg. Eg seier ikkje kva adressa er, det held å seie at folk ofte slurvar med kva dei plasserer til venstre for krullalfaen, og når dei slurvar, er det visst mi adresse dei skriv i staden. Eg har rutine på å varsle dei som sender noko feil.

Feilsendingane har kome frå fleire verdsdelar, og det har vore alt mogeleg rart: takkebrev for gratulasjonar som eg aldri har sendt, pris på muring av grunnmur, ein morovideo, stadfesting av motteken jobbsøknad, flyreservasjon, hotellreservasjon, varsel om mødregruppe-hyggjetreff, møteinnkallingar, faktura for billeige, innkallingar til jobbintervju både her og der, innkalling til Telenor-kampanjemøta til eit marknadsføringsbyrå, gratulasjonar for nykjøpt hund, gratulasjonar for å ha runda ein alder som ikkje stemmer med meg, kvittering for fondsinvesteringar, jobbinstruksar og jobbtilbod på andre sida av eit stort hav, kvittering for oppretting av ein e-postkonto, passordhjelp for ein e-postkonto, forretningsbrevveksling av det uformelle slaget, utkast til obligatorisk oppgåve i ex.fac. (med saftig omtale av «driten», men ta det med ro, det var ikkje min student eller mitt universitet eingong), kontoopplysningar for bombrikkeabonnement og mykje meir.

Frå Danmark har eg fått tilsendt eit opplegg for å gå ned i vekt. Eg melde tilbake at mitt problem alltid har vore å halde vekta oppe. Dermed fekk eg eit anna tilbod:

Jamen du kan da få et par kilo fra mig så 🙂 Og – ja, mailen er vist sendt forkert – undskylder.

Det var jo eit triveleg tilbod. Særleg med tanke på den tvangsslankinga eg dei siste månadene har vorte utsett for frå ei idrottsforeining på Sørlandet. Det byrja så fint med invitasjon til fest, eg gjorde merksam på feilen, og fekk dette trivelege svaret tilbake:

Vel, det er jo langt mellom Trondheim og Arendal, og det står respekt av deg om du hadde vært trener for et av våre håndballag…

Men å rette feilen i adresselista var lettare sagt enn gjort. Vedkomande hadde nemleg ført opp namn (ikkje mitt namn) og adresse i To-feltet (i staden for Bcc-feltet), og hadde dermed publisert adressa mi for over 40 sportsorganiserte sørlendingar. Dermed tok det ikkje lang tid før eg vart invitert med på kurs for handballtrenarar, kampanje for Grasrotandelen, og no sist kom det ein invitasjon til å delta på Vestfossen Cup. Eg kunne ikkje dy meg, men måtte spørje om korleis adressa hadde funne vegen dit. Jau, dette var ei adresse som nemnde sportsforeining i Arendal hadde publisert på nettet. Då eg googla e-postadressa mi, fann eg fort telefonnummeret til ein hyggjeleg sørlending som no fekk ei forklaring på kvifor han i det siste hadde fått litt mindre handballpost enn tidlegare.

Det er klart at denne idrottsforeininga i Arendal etter kvart har fått ein heilt eigen plass i hjartet mitt. Takka vere dei framstår eg som meir sportsleg enn eg nokon gong har vore, om enn under feil namn.

Det er likevel nokre andre feilsendingar som har teke kaka. Den eine var ei melding som eit tryggleiksfirma sende til ein av kundane sine, der firmaet m.a. forklarte kor flinke dei er til å passe på at ingen stel identiteten til kunden. Fleire kommentarar trengst vel ikkje om den saka.

Men på fyrsteplass ligg (ikkje står men ligg) ei av dei fyrste feilsendingane eg fekk, så langt tilbake som i 2004. Dette var frå ei dansk jente som hadde lagt ved både portrettfoto og, ja, eg trudde faktisk fyrst at det var pornospam, så eg svarte ikkje. Men biletet (eh, portrettfotoet) som i dag finst på Facebook, stadfester at det ikkje var spam likevel. Eg fekk både «knus» (dansk for klem) og altså litt til.

Så berre pass på at du bruker rett e-postadresse. Før du veit ordet av det, er det eg som sit på alt som du ikkje vil at eg skal vite noko om.

Read Full Post »