Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘flash’

Flashreklame

PithHelmetReklame her ute på nettet er noko ein må leve med. Men så byrja reklamebannera å trekkje prosessorressursar, av og til laga dei lyd òg. Då eg for nokre år sidan høyrde lydreklame éin gong for mykje, var det nok, og eg skaffa meg PithHelmet, ein tropehjelm for nettlesaren Safari, som stoppa dei fleste av dei mest påtrengjande annonsane, t.d. hurtigrutereklamen som sette i med ei veldig tuting.

Eg har levt livets glade dagar på nettet sidan då. Men her om dagen slutta plutseleg PithHelmet å fungere på adressa.no. Prosessoren min byrja å sveitte, det meste gjekk saktare, berre vifta fekk opp farten. Det var Flash-annonsane. Dei tok føre seg av maskina mi, og vart aldri mette. For å få det til å slutte måtte eg skru på kraftig annonsesperre i PithHelmet spesifikt på adressa.no, men det førte til at også det meste som ikkje var reklame, vart sperra. Eg vurderte for alvor å slutte å lese Adressa på nett.

ClickToFlash

Men ei venleg sjel på gode, gamle Usenet (no.it.os.mac.diverse) føreslo ClickToFlash, og hjartans takk for det! Med ClickToFlash kan eg no lese så mange nettaviser eg berre vil. Og om eg skulle få lyst til å sjå noko Flash-greier likevel, så kan eg berre klikke på den staden der Flash-snutten ligg. På adressa.no bruker eg no PithHelmet til moderat blokkering (som slepp gjennom det meste), og i ClickToFlash har eg kvitelista tenaren som TV Adressa-snuttane ligg på, medan Flash-annonsane altså får klare seg utan meg.

Rettnok er det ikkje god butikk for nettavisene når folk gjer som eg, og blokkerer reklamen på denne måten. Men når annonsørane bestemmer seg for å kapre CPU-en min med Flash, og når avisene går med på det, så har dei seg sjølve å takke. Det er som om ein seljar set opp kraftige høgtalarar for å få merksemd frå potensielle kundar, men skrur volumet så kraftig opp at folk heller rømer området.

I skrivande stund blokkerer eg 17 Flash-dingsar på framsida til adressa.no, og dei tapande annonsørane er:

Adresseavisen/jobbannonsørane («ledige stillinger»-rulleteksten)
A.F. Wigen
City Syd
Coop Obs!
Gule sider
Heimdal Eiendomsmegling
ICA Maxi Moholt
MelhusBanken
Musum-Tepper
Nardo Bil
Norwegian
SpareBank 1
Talkmore
Trondheim kino
Trondheim Rock
Trondheim øyelegesenter
TV2 Sport

adressa.no utan flash

adressa.no med flash

Read Full Post »

Sjukehuskart

Tenk deg at du har eit ærend på St. Olavs hospital, kanskje skal du vitje ein pasient, kanskje er du ute i eige ærend. Kanskje er du gamal og svaksynt og har ikkje særleg peiling på datatekniske saker, men du har datamaskin, og veit å navigere på nettet. I alle fall treng du å vite kvar du skal gå, ikkje nøyaktig på centimeteren, men sånn omtrent på tjuemeteren. Det held sikkert også å få vite kva for eit bygg du skal til, og kvar dette bygget ligg. Framgangsmåten er slik:

Gå til heimesida til sjukehuset, klikk på lenkja til kartsida deira, og klikk deretter på «Kartbok over sykehusområdet på Øya». Denne kartboklenkja er ikkje ei vanleg nettside men ei MHTML-fil, som er er eit arkivformat for nedlasta nettsider. Filsuffikset er .mht. Om du ikkje har Internet Explorer (t.d. om du har Mac eller Linux, eller ein Windows med ein annan nettlesar), så vil klikket ditt på lenkja, om du tilfeldigvis har Opera (som eigentleg har MHTML-støtte), føre deg til ei side som tilsynelatande inneheld eit kart over luftromet over ein sjø høgt oppe på fjellet i 13-tida på ein skyfri dag i juli:

Har du ein annan nettlesar, risikerer du å laste ned MHTML-fila frå http://www.stolav.no. Om dette skjer i Safari, risikerer du no at fila vert oppfatta som ei e-postfil, og at Safari under nedlastinga legg til suffikset .eml. Men opnar du denne eml-fila i e-postlesaren din, t.d. Mail, får du berre ein like blå bakgrunn med ei melding om at du må aktivere JavaScript, installere Adobe Flash Player og ta omstart på nettlesaren din, sjølv om du hittil har klart deg fint ute på nettet, også i flashmyra. Og det er heller ikkje sikkert du har lyst på slikt i e-postlesaren.

Rett nok ser du ikkje naudsynleg denne meldinga før du har klikka på «last inn bilder», ettersom «meldingen inneholder bilder som ikke er lastet inn». Meldinga over om at du må installere Flash Player, er nemleg ikkje tekst i MHTML-fila, det er ei png-fil som er vedlegg i MHTML-fila som vart lasta ned frå nettsida til sjukehuset.

Fjernar du .eml-suffikset for å få det originale .mht-suffikset på fila, og opnar denne fila i Mail no, så ser du berre ein tom e-post med ei vedlagd fil som heiter det same som den fila som du nettopp opna i Mail, nemleg «Karthefte for St_ Olav, Universitetssykehuset i Trondheim.mht».

Dobbelklikkar du direkte på fila for å opne henne i det programmet som er best eigna til å opne MHTML-filer, så er det Microsoft Internet Explorer som gjeld. Har du ikkje Microsoft Internet Explorer, t.d. om du har Mac, kan du vere viss på at fila vert attkjend nettopp som eit MHTML-dokument, og då er det Microsoft Word som melder seg som det eigna programmet å opne fila i.

Dobbelklikk på fila, Word startar, Word prøver å opne fila, Word nektar å opne fila fordi ho ikkje er ei gyldig arkivfil.

I staden kan du med fordel opne den nedlasta fila i eit tekstredigeringsprogram som TextEdit. Fila er formatert som ei e-postmelding, og byrjar slik:

From: <Lagret av Windows Internet Explorer 8>
Subject: Karthefte for St. Olav, Universitetssykehuset i Trondheim
Date: Thu, 21 Jan 2010 10:27:20 +0100
MIME-Version: 1.0
Content-Type: multipart/related;
type=»text/html»;
boundary=»—-=_NextPart_000_0000_01CA9A84.501CB660″
X-MimeOLE: Produced By Microsoft MimeOLE V6.00.2900.3028

This is a multi-part message in MIME format.

——=_NextPart_000_0000_01CA9A84.501CB660
Content-Type: text/html;
charset=»iso-8859-1″
Content-Transfer-Encoding: quoted-printable
Content-Location: http://www.uniflip.com/online-magazines/3/12096/34433/pub/index.html

<!DOCTYPE HTML PUBLIC «-//W3C//DTD HTML 4.0 Transitional//EN»>
<!–
Copyright – this website and the content, text, pictures and coding is =
owned by UniFlip A/S – any whole or partly violation will be followed =
persuaded by court of law!

«This website» som UniFlip meiner å ha opphavsrett på, er altså noko som står i ei fil som du har lasta ned direkte frå http://www.stolav.no. Men dette er altså ei arkivfil som eigentleg ikkje har noko med http://www.stolav.no å gjere. Ikkje vert forvirra.

Legg no merke til uniflip-nettadressa ved «Content-Location». Kopier denne og lim inn i nettlesaren din. Då kjem du til ein flash-framvisar for pdf-filer, og pdf-fila som du no kan bla i, inneheld massevis av detaljkart over sjukehusområdet, heilt ned til einskildrom. Her kan du finne ut kva for nokre spesifikke rom på ein viss korridor som har senger der du finn nyrepasientar eller endokrinologipasientar, nøyaktig kva som er operasjonssal for nevrokirurgi, at denne ligg vest for operasjonssalen for øyre, nase, hals og kjeve, at dagkirurgien held til rett austanfor dette igjen, og at oppvakningssalen ligg vegg i vegg mot søraust. Ja, om du har bestemt deg for å leggjast inn på akutten og få biletdiagnostikk av thorax, så finn du dette òg.

Fila er dermed heile 76 sider lang. Men om du leiter etter ein bestemt stad på sjukehuset, så finst det eit søkjefelt, der du kan skrive inn søkjeord (t.d. namnet på avdelinga der pasienten ligg) og få ut ei liste over alle dei sidene som du etter tur kan prøve deg fram på. Om du synest at dette er tungvint, så kan du klikke på «Last ned PDF» nedst i framvisaren, slik at du kan opne sjølve PDF-fila i eit dertil eigna program.

Så slik gjer ein det dersom ein vil at folk skal finne fram: På nettsida til sjukehuset legg ein ut ei lenkje til ei arkivfil som ein lastar ned og opnar i TextEdit for å finne ei lenkje til ein annan nettstad som inneheld noko flash-greier som viser fram ei detaljert oversikt over alle store og små rom på sjukehuset, systematisk samla i ei 76 sider lang pdf-fil, som flash-framvisaren gjev deg tilbod om å laste ned.

Er det no eg skal seie «å, så kult»?

Å, så kult.

Eventuelt kan ein google og finne ei to år gamal pdf-fil som på éi A4-side og utan Flash fortel kvar alt ligg (eller i alle fall kvar det låg i 2008). Men det er klart, dette er jo ikkje akkurat ein særleg barokk måte å gjere det på.

Read Full Post »