Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Flataklockan’

Polfarar

VegskiltEr det noko som er sikkert etter ferien i Sverige, så er det at eg skal ikkje på ekspedisjon til fots i Antarktis. No skal det til mitt forsvar seiast at det var motbakke heile vegen, og at det er mi eiga skuld alt saman. Eg er likevel ikkje sikker på om det siste kan brukast til mitt forsvar, men jau kanskje, for det tyder på at dette var ein heltedåd og ikkje galskap.

For saka var altså at vi hadde vore i Sundsvall,  og på veg heim sikta vi oss inn mot Sveriges geografiske midtpunkt, som er midtpunkt dersom vi seier at midtpunktet er det punktet som ein kan balansere ein todimensjonal projeksjon av Sverige på etter å ha teke Öland og Gotland og pressa dei heilt inn til svenskekysten.

kart

I alle fall, GPS-en tok oss bort frå hovudvegen, deretter bort frå den vegen som ikkje var hovudveg, og til slutt oppover ein smal veg som skulle ta oss heilt opp til… Hæ? Har du sett. Då det var 1,3 km igjen å køyre, møtte vi snø. Djup snø.

Judith spurde om vi berre skulle snu, men eg, overmodig som eg var, meinte at hallo, no er vi 1,3 km frå Sveriges midtpunkt, og så skal vi snu? 1,3 km er som heimanfrå og til… Ja, avbraut Judith, det er som frå hotellet til butikken vi gjekk til i dag, og tilbake.

Jardar med GPS

Sjekkar GPS-en før vi legg i veg på ubrøytt veg.

Skilnaden var sjølvsagt at til butikken var landskapet flatt og snøfritt. Judith ymta frampå noko om snøføret, men eg høyrde ikkje på.

For å gjere ei lang historie kort: På veg til butikken hadde eg spurt eit par gonger om det var langt igjen å gå. På veg oppover mot toppen av Flataklocken ropte eg andpusten men triumferande ut for kvar gong GPS-en fortalde at det var 50 meter mindre å gå. Heilt til Judith måtte overta GPS-en fordi eg fraus på fingrane.

Jardar i snølandskapet

Ikkje hadde eg stillongs heller.

Gjennom den fyrste svingen prøvde eg å ta ein snarveg. Innersving, altså. Ikkje utanfor vegen, men likevel utanfor der snøen var hardpakka av skutersporet. Eg enda med snø til midt oppover høgre låret og måtte krype for å få meg opp att, og deretter få hjelp til å kome meg over til gangbar skare igjen.

Og etter mange fleire svingar, la oss kalle dei motsvingar sidan dei gjekk oppover, der eg heldt meg på overflata fordi Judith passa på at eg ikkje tok snarvegar, kom vi sigrande  i mål på toppen av Flataklocken, vart gripne av kraftig vind, gjekk nokre steg opp i tårnet, men snudde medan vi framleis hadde fotfeste.

Toppen med tårnet.

Målet i sikte

Og slik gjekk det til at eg vart kurert for alle potensielle planar om å verte polfarar. Det vil seie. Vegen nedover igjen var jo mykje enklare. Eg utbraut entusiastisk at slik skulle alle landskap ha vore: unnabakke! Kanskje det finst slikt i Antarktis òg?

I sin bloggpost om opplevinga, «Sveriges Mitt i ødemarka», fortel Judith om møtet vårt på nedturen med familien som var på opptur, med to ungar i fortropp, ei forfrosen mor i midten og ein like forfrosen far til slutt. «Er det langt igjen?» spurde mora, og fekk vite av oss at det er berre to svingar igjen og at det er kraftig vind der oppe.

Og då vi til slutt sat i bilen igjen, var humøret på topp, og fantasiane om å verte polfarar var likevel ikkje skrinlagde. I alle fall ikkje dersom eg kan setje meg i ein bil med varmesete når eg treng det.

Read Full Post »