Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘forsking’

«Alle» snakkar om forskingsbasert undervisning, og nokre av dei meiner det òg. Forskingsbasert undervisning handlar kort sagt om (med litt varierande presisjonsnivå) at det er viktig å ha fagleg oppdatert undervisning i regi av folk som veit kva dei snakkar om. Det skulle berre mangle. Men dette går begge vegar, og det som er mindre omtalt, er den samanhengen som eg vil kalle undervisningsbasert forsking. La meg fortelje litt om dette.

Eg gjer merksam på at eg vil fokusere på rolla til studentane og studietilboda her, nettopp fordi eg vil snakke om undervisningsbasert forsking under dei vilkåra at dei vitskapleg tilsette skal både forske og undervise. Sjølvsagt speler også fagfellesskap mellom kollegaer ei viktig rolle, men ikkje i denne bloggposten.

Det openberre

BøkerMen altså, undervisningsbasert forsking. Og fyrst det heilt openberre: Det ein skal forklare for nokon, lærer ein også betre sjølv. Å formidle faget til studentar som skal lære seg å handtere det, gjev ein eigen nærkontakt med faget.

For alle med eit ærleg forhold til jobben sin veit også at det ein driv på med på fulltid, kan ein betre enn det ein ikkje driv på med på fulltid, så det er fint å kunne undervise i det faget som ein også forskar i, når ein fyrst skal gjere begge delar. Det vert enklare både å halde seg oppdatert og å halde eit kontinuerleg fagleg fokus. Og heilt banalt, kor ofte har eg vel ikkje fått spørsmål frå ein kollega og har svart «veit du, dette snakka vi litt om på ei førelesing sist veke»?

Så her er litt meir av det openberre: Ofte nok kan jo studentar vere mellom dei som ligg nærast å ha eit disiplinspesifikt fagdrøs med på detaljnivå i dagleglivet. Som til dømes, for å nemne nokre kvardagshendingar, då vi gjekk gjennom ein artikkel om tonar og fekk ei fin detaljdrøfting av register i tonal trekkgeometri. Eller då ein student hadde prinsipielle atterhald om Align-krav i OT, og vi fekk diskutert eit viktig «pass på her»-moment. Slikt og mykje anna, også på korridoren, er sånne småting som gjer kvardagen rikare.

Å rettleie meir sjølvstendig arbeid (t.d. masterstudentar) gjer sjølvsagt godt for sjela på sin eigen og meir systematiske måte, og kan vere lærerikt på meir enn eitt vis.

Meir nærgåande

Av og til kan ein til og med verte fagleg inspirert av samtalen med studentane. Sjølvsagt også i diskusjonar og rettleiing som over, men ikkje berre der.

Studentar kan nemleg finne på å stille spørsmål om slikt ein ikkje har tenkt på før, som då ein student kom på døra med eit lite spørsmål som resulterte i ei heil lita førelesing nokre veker seinare. Eg vil ikkje røpe her kva dette handla om, men kan nemne at då eg stilte det same tilsynelatande elementære spørsmålet til ein kollega med nærliggjande fagområde, vart han ståande og måpe. Eg var ikkje like mållaus, men svaret var større enn spørsmålet, ja.

Også når ein sit med ein ny idé (eller med ein meir gjennomarbeidd ein), kan studentar vere kritiske samtalepartnarar, då tenkjer eg på spontane samtalar i nærmiljøet. «Det er mange som bruker studentane som sparringpartnerar,» var det ein som uttrykte det på jobben. Og dette er ikkje rart. Der kollegaer, sjølv med delvis overlappande fagområde, har ulikt fokus, vil studentane dine ofte kunne forstå momentant kva du snakkar om. Dette og mykje anna er sjølvsagt spesielt verdfullt for dei som har få direkte fagfellar på arbeidsplassen.

Eit døme som kombinerer litt av det eg har nemnt hittil: Den siste tida har eg innimellom alt det andre sete og fordjupa meg i nokre fenomen som allereie er utførleg skildra på sin meir klassiske måte m.a. for eit bestemt språk. Men eg vil nærme meg materien på ein noko meir oppdatert måte. Dei meir allmenne artiklane eg har i botnen då (dei tek føre seg fenomena, ikkje dette bestemte språket), hadde eg frå før, men då dei vart aktuelle for eit masterkurs, fekk eg eit kjærkome høve til å lese dei på ein ny måte og diskutere innhaldet i detalj med studentane. Forresten ville desse tekstane aldri ha banka på døra på den måten på eit anna fag, ikkje eingong på faget som handlar om det aktuelle språket, pga. omsynet til fagleg eigenart. Delar av analysen min har eg òg fortalt til studentar undervegs, ikkje nokon av mine gode kollegaer på korridoren ville ha forstått dei aktuelle detaljane. Heilt udramatisk, slik er det berre.

Direkte medverknad

Vi trong ein assistent

Kan det verte betre enn dette? Ja, det kan det. For i det siste har vi arbeidt med eit pilotprosjekt på jobben, vi held på med slikt som ein kan forske på i eit laboratorium, og som på sikt kan vere med på å danne grunnlag for nokså nyttige saker, sjølv om det på dagens stadium er grunnforsking innanfor spesialiserte fagområde som verda aldri vil trenge mange utøvarar av.

Då trong vi ein assistent til å gjere kompetent arbeid for oss. For ein stor del rutinearbeid, men tidkrevjande og med trong for kompetent fagleg refleksjon undervegs. Kvar fann vi denne assistenten? Jau, vi fann ein student som hadde kvalifisert seg ved å studere dei aktuelle faga, som dermed ikkje berre kunne arbeide sjølvstendig, men som også kunne delta i dei faglege diskusjonane, som etterpå var med på den internasjonale konferansen der vi la fram forskingsresultata, og som endeleg også er å rekne som medforfattar.

Tilfellet er langt frå eineståande. Og kvar i all verda skulle vi ha funne slike assistentar om det ikkje var for at vi faktisk utdanna slike folk? Studentar er viktige på mange måtar, også direkte i forskinga.

Del av infrastrukturen

Og dermed til slutt noko heilt sjølvsagt igjen: Studentar vert ikkje berre assistentar. Også våre framtidige kollegaer vert rekrutterte mellom dei som i dag studerer. Studentar i det aktuelle faget er dermed naudsynte for å føre faget og forskinga inn i framtida. Det er så sjølvsagt at det nesten er flautt å trenge å seie det.

Forsking skal liggje til grunn for undervisninga, og undervisninga skal vere eit gode for studentane. Men i dette samspelet har studentane også noko å bidra med tilbake, både i forsking, i fagleg kontinuitet og i individuell fagleg utvikling for den fagtilsette, anten studentane veit det sjølve eller ikkje.

For meg er studentane ein del av den faglege infrastrukturen på arbeidsplassen. Og då har eg ikkje eingong vore inne på kor viktige dei er for trivselen der.

_____
Relatert:
Kvifor det unyttige er nyttigLingvistikkÅ verte føreslegen nedlagdFramtidsretta medisinutdanning

Read Full Post »

Ein kollega av meg, og eg er tilfeldigvis språkmann, peikte ein gong på at språk er ein veldig sentral del av det å vere eit menneske, og at det er klart det er viktig å forske på kva det går ut på å vere eit menneske. Han peikte altså på eigenverdien av kunnskap heller enn den umiddelbare nytteverdien.

rotte

Laboratorierotter vert glupare dersom dei veks opp i eit stimulerande miljø. Ho her har som livsoppgåve å vere tjukk. (Foto: Joanna Servaes, Wikimedia Commons)

Eg skal kome tilbake til språk litt seinare, men også andre fagfelt har forskarar som ikkje alltid tenkjer på den umiddelbare nytteverdien: Det var ein vitskapleg studie ein gong i tida som viste at rotter som levde i eit stimulerande miljø, vart smartare enn rotter som levde i eit sterilt og fattig miljø. Det var vel ikkje akkurat noka bombe, men det vart altså forska på og dokumentert, for noko over 70 år sidan. Kanskje ikkje det som politikarar og næringsliv vil forbinde med adjektivet «nyttig».

Annleis stiller det seg vel med den nyhendemeldinga som kom i februar i år, då svensk radio kunne melde om ei mogeleg framtidig behandling av hjerneslag. Medan dagens behandling handlar om å løyse opp ein blodpropp, noko som må skje innan fire timar, kan ny medisin vonleg hjelpe hjernen til enkelt sagt å reparere seg sjølv. Best av alt er at ein kan starte behandlinga så seint som to dagar etter slaget.

Men litt bortgøymt midt nede i nyhendesaka kunne vi lese dette:

Den svensk-amerikanska upptäckten baseras egentligen på observationer gjorda på råttor för över 70 år sedan, som visade att råttor som levde i en stimulerande miljö blev smartare än råttor i en torftig och steril miljö. […] Det handlar om att forskarna funnit den gen som aktiveras av en stimulerande miljö och får hjärnan att självläka.

Tilbake til dei meir abstrakte og mindre handfaste faga: Eg veit ikkje kva folk flest meinte om den indiske matematikaren som leikte seg med eit binært talsystem for 2500 år sidan. Eller kva folk tenkte når Leibniz leikte seg med det same på 1600-talet. Og kven hadde vel praktisk og matnyttig glede, med umiddelbar innteningsverdi, av boolsk algebra på 1850-talet?

På sikt, derimot, viste det seg å vere svært så nyttig, det som desse særingane hadde drive på med. Utan binært talsystem og boolsk algebra måtte vi klart oss utan datamaskiner, digitale armbandsur og mangt anna som vi i dag tek for gjeve.

På sikt

For stikkordet er «på sikt». Det var på sikt vi fekk nytteverdien, til og med på svært lang sikt. Og slik er det det fungerer. I grunnforsking er ein fyrst og fremst oppteken av å utvikle fagleg innsikt og kompetanse. Dei store framstega i vitskapen ville ikkje ha kome utan.

Og dette er altså «på sikt» ikkje berre frå det eine hundreåret til det neste, men også her og no. Det handlar om å få tid, ro og stabilitet til at fagmiljøet med sine einskilde fagfolk kan arbeide og tenkje fagleg langsiktig og på eigne vilkår, utan å verte kasta hit og dit av tilfeldige påfunn kvart femte år.

Forsking og fagutvikling er i all hovudsak er ein langsam prosess. Det er veldig mykje som er resultat av langsame prosessar, men som vi gjerne tek for gjeve i dag. Og sjølv om vi ikkje ser umiddelbare praktiske resultat av t.d. språkforsking, rotteintelligens eller matematikk av det slaget som er for dei spesielt interesserte, så er desse langsame prosessane like fullt avhengige av at kompetansen vert halden ved like, for kvar og éin i sitt arbeid, og for fagmiljøa over mykje lengre tid.

Kontinuitet

Remøybrua

På tide å kvitte oss med alle brubyggjande ingeniørar? (Foto © J.E. Abrahamsen)

Ein kontinuerleg fagleg infrastruktur er jo grunnlaget både for fagleg utvikling her og no, og for å kunne gjere seg nytte av gammal kunnskap.

Til dømes: Ein kvittar seg ikkje med alle ingeniørar og fagmiljøet deira når det plutseleg er nok bruer, for deretter å gjenopprette fagmiljøet eller den spesifikke fagmodulen ti år seinare når vi treng ei ny bru.

Dette gjeld også for fag som knapt har nokon kommersiell marknad i det daglege. Eg har nokre kollegaer som arbeider med å utvikle digitale verkty for språklæring, der ein tek omsyn til kva som er vanskelege språklydar, til dømes for ein engelskmann som skal lære norsk, eller ein svenske som skal lære russisk. Dette er openbert eit veldig nyttig produkt.

Til grunn for prosjektet ligg ein kombinasjon av ulike fag som aldri har hatt mange studentar. Men utan å halde denne kompetansen kontinuerleg ved like ved eitt og same miljø, herunder også å ha eit stabilt studietilbod og langsiktig stabile arbeidsforhold for den einskilde fagpersonen, ville slike hjelpemiddel aldri ha sett dagens lys. Dei praktiske metodane i hjelpemiddelet baserer seg m.a. på teoretisk arbeid over ein periode på hundre år, og på språkleg kartlegging av eit slag som hittil har vekt mest teoretisk interesse. Ein dag fekk eg også gleda av å verte konsultert då dei støytte på eit uventa fenomen: tyskarar og nederlendarar som har det same problemet med ein engelsk språklyd, får ulike feiluttalar. For meg var det ikkje uventa. Men også mitt fag er for dei få, og kjem aldri til å verte noko anna.

Tenk om…

amplitude, spektrogram og pitch

Språklydar med bølgjeform (øvst), spektrogram (nedst) og tonefall (blått).

Dei openbert nyttige språkprodukta vi omgjev oss med, anten det er hjelp til å lære vanskelege lydar, ei lærebok i eit framandspråk, dysleksitilpassa lese- og skrivestøtte (dette produktet er utvikla av fagfolk med bakgrunn frå min arbeidsplass) eller noko heilt anna, er i realiteten berre biprodukt av mange, mange år med forsking og utdanningstilbod som folk der og då syntest var unyttig, gjerne også innanfor fleire ulike fagområde. Sjølvsagt var det ingen av språklydforskarane på 1800-talet som planla at ein liten, teknisk dings skulle forstå talespråk eller sjølv snakke, men no sit eg likevel og kan ringje kona mi berre ved å seie namnet hennar (nyttig i trafikken), og datamaskina kan lese tekstar for meg, og til og med bruke eit meir eller mindre leveleg tonefall.

Heldigvis finst det eigne institusjonar som er oppretta nettopp for å sikre ein kontinuerleg og langsiktig infrastruktur ikkje minst for små og teoretisk orienterte fag som av naturlege grunnar aldri vil få nokon stor sjølvstendig marknadsverdi, men som likevel kan fungere som premissleverandørar i ein større samanheng (t.d. fonetikk og allmenn lingvistikk, eg er jo meg sjølv nærast). Dette er universiteta. Og som ein kollega understreka: Ingen andre institusjonar har ein slik funksjon.

Tenk om til dømes arbeidsgjevaren vår i departementet eller lokalt fekk den ideen at det er lurt å la marknaden styre forskings- og studieprofilen i tråd med ein gjeven innteningsmodell – t.d. produksjon av studiepoeng – som skal gje adekvat økonomisk inntening innanfor neste budsjettår?

Tenk om det kom stendige og alltid nye varsel om omlegging av både studietilbod og faglege forhold elles, alt etter budsjett og innteningsmodell? Dersom framtida var kontinuerleg usikker og alt arbeid med omstillingar vart kontinuerleg nullstilt, kva ville hendt med arbeidsmiljø og arbeidsmoral då? Kva ville hendt med fagutvikling, infrastruktur og fagleg fokus i grunnforskinga dersom studietilbod og faginteresser stendig skulle skifte etter kortsiktige omsyn?

For tenk om politikarane administrerte universiteta på grunnlag av den mistydinga at forsking og utforskartrong handlar om umiddelbart synlege resultat, til glede for samfunnet i morgon den dag, motivert av tilgang til pengar frå eksterne kjelder? Kva ville skjedd med det faglege økosystemet og med den kontinuerlege kompetansen då? Og kva ville skjedd med dei premissleverande faga?

Å etterlyse raske og handfaste resultat, men utan særleg vilje til å sikre den langsiktige kompetanseutviklinga som altså av og til får slike utslag, det ville jo vere som å be om å få kome til ferdigdekt bord på ein restaurant, men utan å tillate innhausting, slakting, foredling, kompetent kokk eller kelnar, nei, vi skal berre ha maten.

Med ein slik modell ville det ikkje vere lett å tenkje langsiktig, korkje i forskinga eller i den utdanninga som skal vere basert på forskinga. Og kontinuerleg fagleg infrastruktur? Gløym det.

Hm. Eh. Vent no litt.

Gjeldande innteningsmodell for høgare utdanning i Noreg, med dei regelmessige konsekvensane dette har for både forsking og studietilbod, baserer seg jo nettopp for ein stor del på produksjon av studiepoeng innanfor inneverande eller dei næraste budsjettåra, saman med finansiering frå eksterne kjelder med kommersielle interesser.

Opps.

_____
Meiner du å kjenne att formuleringar i denne bloggposten annanstads frå, så er det ikkje plagiat. Eg har vore innom emnet tidlegare i ein anonym og dermed bokmålsk kommentar til ein bloggpost ein annan stad, før eg sjølv byrja å blogge.

* * *

Epilog

Eg har arbeidt sporadisk med denne bloggposten. Då berre illustrasjonane stod att, kom det ei melding frå arbeidsgjevaren om at studietilbod, fagleg infrastruktur og kontinuitet i forskingsorienterte fag ikkje vert rekna som formålstenleg, med nøyaktig slik grunngjeving som er nemnd over. Sjølv ser eg på slike fag som ein ressurs og eit gode for framtida, og eg er glad for å ha ein arbeidsplass der arbeidstakarane veit å setje pris på kvarandre og på all den kompetansen som finst.

Read Full Post »