Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Fosen’

Dialog

Direktøren: Vi har teke ungane frå nokre foreldre og sett dei i eit fangehòl, og så tvingar vi ungane til å produsere gode produkt for oss, slik at vi får pengar på kontoen.

Høgsterett: Dette er ikkje lov. Det er jamvel i strid med menneskerettane.

Direktøren: Ja, då må vi få nokre avbøtande tiltak, då. Kanskje vi kan sende foreldra på tivoli og gi dei noko godt å drikke. Vi kan jo ikkje gi frå oss ungane.

Foreldra: Vi vil ha tilbake ungane våre.

Direktøren: Men tenk på alt vi har investert her, med topp moderne fangehòl og fin veg. Det vert jo svindyrt å kvitte oss med det.

Foreldra: Vi vil ha tilbake ungane våre.

Direktøren: Men tenk på kostnadene! Og tenk på pengane vi tener på dette, som går tilbake til samfunnet, og alle dei fine produkta som folk treng! Utan borna går ikkje dette! Tenk kor mykje samfunnet taper dersom vi gir frå oss ungane! Alt kjem til å verte dyrare! Foreldra er nokre store egoistar!

Foreldra: Menneskerettar er ikkje valfrie.

Direktøren: Men høgsterett sa ikkje at vi skulle sleppe ungane fri.

Stasdirektøren: Send foreldra på tivoli, du. Vi må ta dette i rett rekkjefylgje, veit du.

Direktøren: Ja, for no treng vi eit kunnskapsgrunnlag som sikrar at vi får behalde ungane. Noko anna ville vere uansvarleg. Dette er ei vanskeleg avveging, tenk på pengane og på det ansvaret vi har. Og dessutan er vedtaket om å etablere fangehòlet gyldig så det syng etter.

Foreldra: No set vi oss ned framfor kontoret ditt heilt til du byrjar å oppføre deg.

Politimannen: Nei veit du kva. Det er ikkje lov å setje seg ned framfor kontoret hans, så no har vektaren hans bede oss om å flytte dykk, så då flyttar vi dykk, det har vi både rett og plikt til. Det vert solide bøter for dykk som sit, ja!

Read Full Post »