Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Gardermoen’

For nokre dagar sidan skreiv eg om opplevinga på Kastrup, der eg måtte sende lommetørklet mitt til gjennomlysing i tryggingskontrollen.

Vi var ute på ny flytur igjen no i august. Grytidleg opp for å nå flyet frå Værnes, hyggjelege vakter som smilte og var blide og sa «god morn» sjølv om klokka berre var seks, avgang, ankomst, bagasje ut, bagasje inn, og så var det berre å stille seg opp i køen på Gardermoen. Køen var glisen på denne tida av døgeret, så det gjekk fort.

Pip pip pip. Eg hadde teke av meg alt av metall, trudde eg, men nei då. «Ta av deg skoene» seier vaktmannen bryskt. Eg bøyer meg forsiktig ned og lirkar av meg skorne. Dei sit tett og fungerer stabiliserande. «Eg har så vondt i venstre hælen min,» nemner eg og grur meg til skorne skal på igjen: «Du har ikkje tilfeldigvis ei skoskei?»

Utsikt frå flyet

Vegen til vêrs går via tryggingskontrollane.

Ikkje eit ord til svar, knapt nok eit blikk. Sjølv han på Kastrup nokre dagar tidlegare hadde eit smil om munnen då han bad meg om å leggje lommetørklet på bandet til gjennomlysing.

«Nå sender vi skoene gjennom der. Strekk ut armene. Snu deg. Løft foten. Løft den andre.» Dei hanskekledde hendene hans tok meg både her og der. «Gå videre.»

Judith står godt or vegen for alle andre, like innanfor metalldetektoren nokre meter unna der eg hadde vorte teken til sides for å verte avskodd. Og akkurat medan eg byrjar å halte vidare på jakt etter skorne mine, høyrer eg frå henne: «Æ følle me’ tingan mine.» Som vanleg hadde vi jo vorte jaga gjennom medan verdisakene framleis låg på utsida, og no var hennar verdisaker forseinka fordi passasjeren framføre hadde ei vanskeleg veske. «Da får du gå ut igjen» seier vakta der borte.

Så fyrst møter vi strenge oppslag om å passe på verdisakene våre i tryggingskontrollen, så skal vi jagast gjennom lenge før verdisakene våre er gjennom, deretter skal vi jagast ut igjen dersom vi passar på verdisakene våre.

Og som Judith skriv i sin bloggpost om opplevinga: Plutseleg låg verdisakene våre både på enden (innsida) og på utsida av kontrollen, og ingen, heller ikkje vaktene, hadde kontroll på kven som forsynte seg med kva. Til dømes rakk Judith omsider bort til boksen på bandet med sakene mine, m.a. videokameraet, og forsynte seg med dette utan at nokon reagerte.

Alle kan ha ein dårleg dag, og det smittar gjerne. Det undrar meg kvifor eg stundom vert smitta nettopp på Gardermoen, og mykje meir enn på andre flyplassar.

På veg ut frå området seier eg til Judith: «Det er no eg verkeleg får lyst til å diskutere med vaktene. Men det er neppe tida og staden for å seie at dei skulle ha vorte (host)

«Hysj, vi har et fly å rekk!»

Og for ordens skuld: På heimturen var vaktene hyggjelege også på Gardermoen, og skorne mine peip ikkje heller.

Judith har skrive ein bloggpost om den same opplevinga. Klarte du å lese min, vil du nyte å lese hennar. Klikk her.

Read Full Post »