Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘garderobe’

Nakne verdiar

Ein skule hadde innført kjønnsdelt gymundervisning, men den ordninga vart det slutt på, melder NRK. Det var nemleg i strid med opplæringslova § 8-2.

Den offentlege debatten om saka handla likevel lite om lovteksten. Då saka dukka opp i oktober, kunne Frp ikkje uventa fortelje at «dette er islamisering». Samstundes kunne ein mann (tilfeldigvis prest) stille den diagnosen at vi ikkje torer å «holde på vårt eget». Ja, verre enn som så: Kjønnsdelt gymundervisning «bryter med norske grunnverdier», noko også Frp var inne på: «kjønnsdeling bryter med grunnleggende verdier». Ikkje småtteri, altså: grunnleggjande verdiar. Og lesarkommentarane på dagbladet.no? Giss éin gong. Kanskje den paranoide muslimhamringa der var uttrykk for grunnleggjande norske verdiar?

Frå mine heimtrakter.

Opplæringslova er frå 1998. Då eg gjekk på barne- og ungdomsskulen på Sunnmøre på 70- og 80-talet, var kjønnsdelt gymundervisning regelen, ikkje unntaket. Dette var greitt nok, eg følte meg ikkje undertrykt av det, eg slapp å vere flau i same gymsal eller basseng som jentene, og eg har ein mistanke om at jentene òg syntest det var greitt å sleppe gutane.

Bortsett frå å avskaffe heile kroppsøvinga var det to ting eg ynskte meg på den tida: separat bås i garderoba og separat dusjbås. Eg likte rett og slett ikkje å opptre naken framfor dei andre gutane. Kall meg gjerne sær, men slik var det, og eg liker framleis ikkje å opptre naken for andre enn kona mi. Men då det viste seg for nokre år sidan at nokre muslimske jenter i Trondheim var like sære som eg, så vart det offentleg debatt om muslimane som kjem hit til vårt stolte Noreg og vil ha spesialbehandling. (Om jentene kom hit eller var fødde her, var like lite interessant som trusfridom.)

Tenk om eg hadde ytra det blyge ynsket mitt om dusjbås i 1984, og så hadde det vorte nasjonal debatt om knefall og jardarisering, og om denne fyren frå Eggesbøneset som kjem her og vil bestemme, «snart skal vel alle klasserom vendast i retning Eggesbøneset». Det hadde ikkje vore særleg kult for ein blyg fjortenåring.

Men no forstår eg det slik at kjenslene mine og forholdet mitt til eigen kropp ikkje fell inn under definisjonen på «norsk». Oppveksten min på Sunnmøre var «unorsk», og vil eg ikkje integrerast og angre på blygskapen min, så…

Eller er det av uforklarlege grunnar rom for avviket mitt likevel? – Og får eg i så fall lov til å vere den neste som definerer kva slags kjensler som er bra nok til å kunne kallast norsk?

PS: Dusjbåsane i Trondheim vart forresten populære uavhengig av religion. Bombe.

Read Full Post »