Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘grief’

Sorg

(An English translation is given below. Click here.)

Eg skal ikkje seie så mykje kløktig og liksom-reflektert her. Det har eg ikkje behov for. Eg har behov for det motsette, å ha lov til å fortelje at nei, det går ikkje så heilt bra. Og at det skal få lov til ikkje å gå så heilt bra. Dermed vert denne bloggposten så personleg at han kan tippe over i det private. For dette er spørsmål eg har fått av og til i det siste: «Går det bra?» eller «Korleis går det?» Nokre av dei spør kanskje fordi dei kjenner svaret og orkar å høyre det endå ein gong: Sjølvsagt går det ikkje bra, og det skal det heller ikkje gjere. Ikkje eintydig bra, i alle fall.

Eg miste bror min for ti veker sidan. Heilt plutseleg. Han som alltid har vore der, sidan eg var tre, og som skulle vere der til vi vart gamle. Eg var så stor at eg hugsar at mor vår var gravid. Eg hugsar framleis det lukkelege andletet hennar då eg tok henne på magen for å kjenne barnet der inne sparke. Eg hugsar at han vart fødd og fekk namn. Og samstundes var eg så liten at vi fekk vekse opp saman. Han utgjer 43 år av livet mitt, sjølv er eg 46. Det var ingen eg kunne stole på slik som eg stolte på han. Vi kjende kvarandre slik som berre to brør i tosam oppvekst kan kjenne kvarandre.

No er eg åleine om å representere den fellesskapen som var oss to. Dette gjeld både leiken og det kjekke vi hadde saman heilt opp i vaksen alder, det gjeld livet i baksetet på ferieturane som små, samtalane vi hadde til langt på natt som ungdommar, og det gjeld det stygge som vi til dels fekk oppleve kvar på vår kant, og til dels i fellesskap. Vi vart utforma saman med kvarandre i den same støypeskeia. Då eg miste bror min, miste eg halve livet og halve hjartet mitt, halve fortida mi, halve notida og halve framtida mi. Eg miste halve meg og heile han.

Den fyrste tida kom gråten i krampar som ikkje kunne styrast. Gjerne på kjøkengolvet. Store, vaksne mannen. Det var berre å leggje seg ned. Puste kunne eg ikkje, krampane styrte alt. Etter kvart kom gråten anten så venta eller så kontrollert at eg i det minste kunne få meg ut til senga. Ikkje at det hindra akutt krampegråt og gauling i passasjersetet som heldt på å skremme sjåføren ut i grøfta. Og ikkje at det hindrar plutseleg skjelvegråt kvar som helst og som overrumplar også meg. Det er ikkje så mykje vakkert, sivilisert og ærverdig over dette. Det skal det heller ikkje vere.

Kvar syrgjer på sin måte. For meg var det avgjerande å få møte bror min, å få vere nær han med syskenkjærleik også i den tilstanden. Og med tårer og snòr, og mange ord som berre kona mi og ho med teieplikt var vitne til. Og bilete. Bilete av oss to saman med han i kapellet. Av han og meg. Og seinare av storebrors rå, ufiltrerte fortviling ved grava. Men også bilete frå tidlegare, frå livet, av han og familien, eller av oss to saman, medan vi feira jol eller nyttår, eller ved andre høve. Videosnuttar. Lydopptak med stemma hans. Eit dikt han skreiv som tenåring og som eg hugsar at han skreiv. Eit måleri han gav oss, så fullt av kjærleik og omtanke. Alt er med på å gjere det verkeleg. Det er vondt å leggje han att utandørs nede i jorda, men han er i alle fall saman med våre kjære.

Gards grav

Gard kviler i høgre delen av grava til beste- og oldeforeldra våre på Eggesbø-sida av familien. Den opphavlege gravsteinen står til venstre for den mellombelse krossen på biletet.

Sorga kjem i bylgjer, langsame eller brå, og bårene er ulikt høge og ulikt djupe. Dagane er ulike, og timane er ulike. Skuldkjensle? Eg er storebroren hans, eg skulle ha passa på han! Sjølvsagt er dette irrasjonelt, sjølvsagt kunne eg ikkje sitje ved senga til ein vaksen, gift familiefar 360 km unna i tilfelle noko svikta i kroppen hans. (Men eg kunne gjort slik eller slik.) Og overlevingsskuld som eldstemann med mindre familie? Eg har vel fått smake på dei fleste normale sorgreaksjonar, også slikt som ein sjeldan snakkar høgt om, og mykje som eg ikkje nemner her. Gråt er berre den mest synlege reaksjonen.

Det har gått litt meir enn to månader. Den mest akutte delen av sjokket er over. Eg byrja å få i meg litt mat igjen etter berre eit par veker. I det siste har eg av og til klart å utøve nokre vanlege heimeaktivitetar frå kvardagslivet. Gråten kjem som oftast meir varsamt enn før. Men elles er to månader å rekne som kort tid. Sorga har berre så vidt teke til.

Gråt er god medisin. Dei dagane eg ikkje har tid til å gråte, er dei tyngste, når jobben eller andre plikter kjem i vegen. Gråten kjem lettast på dei dagane eg klarer å fatte kva som har skjett. Og gråten hjelper meg med å flette det eg veit, saman med det eg føler, og saman med resten av det som skjer i livet, for der skjer det også slikt som er fint og som har stor glede i seg. Å ha det bra eller ikkje bra er ikkje ein eigenskap som ein plasserer på ein eindimensjonal skala. I gleda ligg også sorga og saknet etter han som skulle ta del i gleda. Som medisin og for samanflettinga si skuld vil eg gjerne halde fram med å gråte så lenge eg treng det. Om gråten er ei roleg tåre i sofaen, eller om han kjem med skjelvepust på senga, er ikkje så viktig. Sorguttrykket endrar seg naturleg med tida.

Og kvifor skriv eg denne bloggposten? Det er av den grunnen som eg nemnde i det fyrste avsnittet. Det finst eit press her i verda for å vere lukkeleg og sterk. Men eg vil ikkje låst som om alt er i orden berre fordi det har gått nokre veker. Eg vil ikkje blenkje med nypussa fasade og seie at det ordnar seg. Og eg vil ikkje nedtone eller skamme meg over at sorga mi er så kraftig, for ein bror har all rett til å syrgje, og til å syrgje tungt. Å lære seg å leve med sorg tek tid, sorg er alt anna enn vakkert, og eg veit at saknet vil vare til dess mi tid er komen og vi skal møtast igjen.

Eksterne nettsider om sysken som syrgjer:
Christina Hibbert: Siblings & Grief: 10 Things Everyone Should Know
P. Gill White, The Sibling Connection: Loss of an Adult Sibling
Wikipedia: Grief. Death of a sibling.

Eg gret då eg las dette essayet av Lynn Shattuck, fordi eg kjende meg igjen i så mykje (ikkje alt, men mykje): The Loss of a Lifetime: When an Adult Brother or Sister Dies. Ho har også ein lesverdig blogg.

– – –

In English: Grief

(This is a translation of the original text in Norwegian. I have made it for our friends who don’t understand the original language. Some of the stylistic and semantic nuances from the Norwegian text will be lost. English is also not my native language.)

I won’t write many clever or seemingly thoughtful words here. That is not what I need to do. I need to do the opposite thing, I need to be allowed to tell that, no, I am not all that fine. And that I am allowed to be not all that fine. As such, this post will be so personal that the contents may cross the boundary between personal and private. For these are questions I have heard now and then lately: ‘Are you fine?’ or ‘How are you?’ (In Norwegian, both of these would be equivalents of ‘how do you do’: an honest answer is not required.) Perhaps some of them ask because they know the answer and are willing to hear it once again: Of course I am not fine, and I should not be expected to be fine either. At least not unambiguously so.

I lost my brother ten weeks ago, all of a sudden. I lost the one who has always been there since I was three, and who was supposed to be there until we got old. I was big enough to remember even today that our mother was pregnant. I can still remember her happy face as I touched her belly to feel the baby kick inside her. I remember that he was born and was given a name. And at the same time I was young enough for the two of us to grow up together. He constitutes 43 years of my life, and I am 46 years old. There was noone I could trust the way I trusted him. We knew each other like only two brothers who grew up together can know each other.

Now I am the sole representative for the unity that was the two of us. This applies to our playing and having fun even into adulthood, it applies to life in the back seat during the holidays when we were small, our conversations late at night as adolescents and young adults, and it applies to the mean things that we experienced in part separately and in part together. We were formed together with each other in the same mould. When I lost my brother, I lost half of my life and half of my heart, half of my past, half of my present and half of my future. I lost half of me and all of him.

At first, my crying was spasmic. It might happen on the kitchen floor. Me, a grown-up man. There was no other way, I simply had to lie down. I could not breathe, the spasms controlled it all. At a later stage, my tears were either so expected or so controlled that I could at least make it to my bed. This did not prevent acute spasmic crying in the car, almost scaring the driver off the road. And it does not prevent the sudden crying that may occur anywhere, catching even me off guard. Nothing of this is beautiful, civilised or dignified. It is also not supposed to be.

Everyone grieves in their own way. To me it was of huge importance to meet my brother, to be close to him with brotherly love even now. With tears and snot, and with many words that only my wife and the undertaker witnessed. And photos. Photos of the two of us together with him in the chapel. Of him and me. And later of his big brother’s raw, unfiltered despair at his grave. But also photos from earlier, from life, of him and the rest of the family, or of the two of us, celebrating Christmas or new year, or at other occasions. Video clips. Sound recordings of his voice. A poem that he wrote as a teenager — I can remember that he wrote it. A painting that he gave us, with love and thoughtfulness. It all helps to make it real. It hurts to leave him outdoors, in the ground, but he is together with others that we love.

Gard’s grave

Gard rests in the rightmost part of the grave of our grandparents and great-grandparents of the Eggesbø branch of the family. The original headstone is to the left of the temporary cross.

My grief hits me in waves, slow or sudden, and the waves vary in height and depth. The days vary, and the hours vary. Guilt? I am his big brother, I should have looked after him! These are of course irrational thoughts. Of course I could not sit at the bed of an adult, married father 360 kilometers away in case something failed somewhere in his body. (But I could have done this or that.) And survivor guilt, being the older one with a smaller family? I soon got acquainted with most of the normal reactions of grief and loss, also those that one does not commonly talk about, and many that I do not mention here. Crying is just the most visible reaction.

A little more than two months have passed. The most acute part of the shock is over. I started eating somewhat more normally after just a couple of weeks. Lately I have at times been able to perform some common home activities from everyday life. Most often, my crying is more careful than before. But a period of two months is still a very short amount of time. My grief has just barely started.

Crying has a therapeutic effect. The days when I don’t have the time to cry, are the hardest ones, when work or other duties demand too much attention. It is the easiest to cry on the days when I manage to comprehend what has happened. Crying helps me to intertwine what I know with what I feel, and with everything else in life, because in life there are also great joys. Being fine or not is not measured on a one-dimensional scale. Along with joy there is also the loss and sorrow for him who should have taken part in that joy. For the therapy and the intertwining function I will keep allowing myself to cry for as long as I need to. It is not so important if this is a silent tear in the sofa or a trembling weep lying down. The expressions of grief change naturally over time.

And why do I write this blog post? I do it for the reason that I mentioned at the top. People are expected to be happy and strong. But I will not pretend that everything is all right just because a few weeks have passed. I will not sparkle with a polished façade and state that it will be OK. And I will not tone down or be ashamed of the fact that my grief is profound, for a brother has the right to mourn, and to do so heavily. Learning to live with grief takes time, grief is all but beautiful, and I know that I will miss him until we meet again.

External web pages on sibling grief:
Christina Hibbert: Siblings & Grief: 10 Things Everyone Should Know
P. Gill White, The Sibling Connection: Loss of an Adult Sibling
Wikipedia: Grief. Death of a sibling.

I cried when I read this essay by Lynn Shattuck, because I recognised so much of it (much, not everything) from my own situation: The Loss of a Lifetime: When an Adult Brother or Sister Dies. She also has a blog that is worth reading.

Read Full Post »