Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘harddisk’

Så langt er verda komen

Ein kompis ringde og fortalde at han har ein ekstern harddisk med nokre gamle filer på. No tenkte han på å formatere disken og bruke han til betre føremål, og i det høvet lurte han på om disken då ville kome til å fungere som ein minnepinne.

«Ja,» sa eg litt nølande, «eg plar jo heller seie at ein minnepinne fungerer som ein ekstern harddisk.»

«Så langt har verden komme,» seier fru Judith, og sjølv sit eg i sofaen og føler meg som ein teknologisk steinaldermann, med dei referanserammene eg har.

Read Full Post »