Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘helsenorge’

Offentleg SMS-spam

Eg har mobiltelefon, men ikkje fordi eg vil vere umiddelbart tilgjengeleg for alle som har eitt eller anna på hjartet. Som døme kan eg nemne at for ei tid sidan fekk eg SMS frå Trondheim parkering med melding om at appen deira hadde kome i ny versjon. Eg har hundrevis av appar. Eg vil ikkje ha SMS kvar gong det kjem ei oppdatering.

Når eg får slike ubedne tekstmeldingar, særleg frå gjengangaren kabelselskapet Get (som ikkje lèt folk reservere seg enkelt, og som sender SMS-spam trass i registrert reservasjon), har eg byrja å be om mobilnummeret til dei som er ansvarlege for utsendinga, slik at eg kan sende dei ein SMS når eg har noko på hjartet som eg synest er viktig. Eg bruker ikkje å få mobilnummeret. Forstå det den som kan.

Det offentlege

Også det offentlege har kasta seg på denne bylgja. Den 9. september i fjor, nokre dagar før valdagen, kom denne tekstmeldinga på bokmål akkurat kl. 19:00, også kjent som «hysj, no byrjar Dagsrevyen»-klokkeslettet:

Hei! Dette er en vennlig påminnelse om lokalvalget 13. og 14. september. Demokratiet har bruk for din stemme, så husk å delta i valget! Hilsen valg.no

Eg hadde aldri gjeve nokon noko samtykke til å sende sånt til mobilen min. Dilemmaet som melde seg, kan kanskje oppfattast humoristisk, men det inneheld eit alvorleg element: På den eine sida er eg for demokrati, men på den andre sida vil eg ikkje støtte spammarar. Hadde det ikkje vore for at eg spurde spammaren om kva dette var for noko, så kunne denne meldinga ha fått utilsikta konsekvensar for stemmegjevinga her i huset.

Men eg spurde, altså, og spammaren viste seg å vere Kommunal- og moderniseringsdepartementet. SMS-en var del av eit forskingsprosjekt, og ein byråkrat i departementet kunne mellom anna fortelje dette på e-post:

Valstyresmaktene vil med prosjektet kunne få meir sikker kunnskap om visse måtar å informere veljarane på har noko å seie for valdeltakinga. […] Telefonnummeret ditt er henta frå offentlege register. […] Samtykke før valet ville gitt mindre truverdige resultat.

Så dei skulle altså forske på effekten av samtykkefri SMS-spam. Dette var eit dårleg teikn. På bakgrunn av desse opplysningane forstod eg metoden for datainnsamlinga i prosjektet, men eg forstod også framtidsutsiktene: Har du mobil, skal vi sende deg tekstmeldingar om valet anten du vil eller ikkje.

Men framtida skal verte verre enn som så.

Vilkåra for digital postkasse

No i mars fekk ein eg e-post frå Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT), den same instansen som står bak den offentlege innloggingsløysinga MinID. Eg har registrert e-postadresse og telefonnummer der, opphavleg var det vel for å kunne bruke miside.noreg.no (Wikipedia). Difi fortel at eg må skaffe meg digital postkasse, for no skal det offentlege byrje å kommunisere med folket primært på elektronisk vis fordi dette er billigare enn papirpost.

Så eg klikka meg inn på den informasjonen som eg kunne finne, og fann mellom anna dette:

Når det offentlege sender ei melding via digital postkasse, kjem det e-post og SMS om det. Det offentlege vil også sende andre påminningar via e-post og SMS, mellom anna meldingar om snømoking, lækjaravtale eller at det er eitt og eit halvt år sidan sist du oppdaterte kontaktinformasjonen.

Det går an å reservere seg mot digital post frå stat, fylkeskommune og kommune. Då vil alt kome på papir. No har eg ikkje noko imot å kommunisere elektronisk, men så fann eg vilkåra for reservasjon. Dersom ein reserverer seg mot «kommunikasjon på nett» med det offentlege, som det heiter, så vil dette skje (lenkje):

Dersom du reserverer deg, vil reservasjonen gjelde

• enkeltvedtak
• forhåndsvarsel etter forvaltningsloven § 16
• meldinger som har betydning for din rettsstilling eller for behandlingen av saken
• meldinger som det av andre grunner er av særlig betydning å sikre at du mottar

Du vil fremdeles få servicemeldinger, informasjon og liknende på SMS eller e-post, for eksempel påminning om legeavtale og varsel om stenging av vann, eller brev digitalt som ikke faller inn under punktene over.

Det offentlege har altså tenkt å spamme mobilen min med tekstmeldingar kvar gong dei har noko på hjartet, anten eg reserverer meg eller ikkje? Kunne dette stemme? Det er greitt nok å få ein e-post av og til (med det atterhaldet at ein aldri veit kor mykje dette vert misbrukt av instansar som fyrst har fått kloa i adressa mi), men SMS er ei svært invaderande kommunikasjonsform. Den som sender ein SMS, inviterer seg sjølv heim i sofaen min og ber om mi umiddelbare merksemd. Eg vil ikkje ha éin slik eigeninvitert gjest, og eg vil i alle fall ikkje ha hundre.

SMS-gissel

Dette måtte undersøkjast nærare. Premissane var altså at når det offentlege sender noko til digital postkasse, men også elles når dei har eitt eller anna på hjartet, så kjem det ein SMS til meg. Så eg sende ein e-post til Difi og spurde:

Er det mogeleg å reservere seg isolert mot varsel på SMS, sånn at varsel om meldingar kjem berre på e-post?

Svaret var nei.

Det vil seie, ein kan reservere seg selektivt mot SMS-spam ved å slette mobilnummeret sitt frå kontaktregisteret i MinID-profilen på Dine kontaktopplysningar, altså det som elles er omtalt som ID-porten. Framgangsmåten er, her sitert frå e-posten eg fekk frå dei (det er altså framleis mogeleg å kommunisere elektronisk med det offentlege utan SMS):

• Klikk på «slett» bak mobilnummer
• Tast inn korrekt e-post
• Klikk på lagre

Då melde det seg eit nytt spørsmål: Dersom ein slettar mobilnummeret sitt frå kontaktregisteret, vil det føre til at ein ikkje lenger kan få tilsendt eingongskode på SMS når ein skal logge inn med MinID?

Svaret var at dette stemmer.

Dette er altså alt eller inkje. Har det offentlege telefonnummeret ditt, så vert det SMS-spam. Og vil du ikkje ha SMS-spam, så skal du sanneleg ikkje få logge inn med MinID når du skal sjekke skatten.

Helsekontaktopplysningar

I mellomtida hadde eg oppdaga at det endeleg hadde vorte mogeleg å logge på helsenorge.no også for oss som berre har BankID på mobil. Ein er litt sårbar når ein ikkje har flust med alternative innloggingsmetodar (jf. dilemmaet over med å fjerne mobilnummeret sitt). På helsenorge.no fungerer nemleg ikkje MinID. Men i alle fall, eg logga inn, sjekka kjernejournalen min og sånne ting, og der fann eg sanneleg både e-postadresse og mobilnummer (innsanka via Difi/MinID), saman med denne teksten:

Vær oppmerksom på at mange behandlere fortsatt benytter kontaktopplysninger de har lagret lokalt. Hvis du endrer dine kontaktopplysninger her, bør du også kontakte behandlere som du ønsker skal komme i kontakt med deg, for eksempel sykehus og fastlegen din.

Det er viktig å ha korrekte kontaktopplysningar i helsesamanheng. Av og til kan det stå om livet, sjølv om eg håper at eg aldri vil hamne i den situasjonen. Og kontaktopplysningane, står det, kan endrast via digitalt kontaktregister, også kjent som ID-porten. Hm, vent litt. ID-porten og denne nettadressa hadde eg jo sett berre nokre minutt tidlegare. Men i all verda.

Neste spørsmålet gjekk dermed fort av garde til Difi:

Eg ynskjer altså å reservere meg selektivt mot den invaderande kommunikasjonsforma som det er når alle som har noko på hjartet, vil sende meg SMS. SMS krev umiddelbar merksemd, og er ikkje ei allmenn postkasse. Eg forstår at for å reservere meg selektivt mot slike SMS-ar må eg slette mobilnummeret mitt frå brukerprofil.difi.no.

Dette vil då føre til at eg ikkje lenger kan få MinID-eingongspassord på SMS.

Vil det også føre til at helsepersonell ikkje lenger vil finne mobilnummeret mitt i kjernejournalen (helsenorge.no)?

Og svaret var: Ja. (Svaret var eigentleg lengre, men eg oppsummerer det med «ja».)

Det er dårleg gjort, det. Det er veldig dårleg gjort å kople innloggingstenester og potensielt livsviktig helsekontaktinformasjon med eit samtykke til SMS-spam. Skal ein kunne kontaktast av helsevesenet, må ein samstundes samtykkje til SMS-varsel om vegarbeid.

Kva gjer vi?

Hadde dette vore marknadsføring frå næringslivet, ville vi hatt Marknadsføringslova § 15 til å hjelpe oss. Men her er det altså nokre glupingar i det offentlege som har bestemt at det å ha registrert mobilnummeret sitt som innloggingsinformasjon er ein invitasjon til å sende hastemeldingar på SMS kvar gong ein eller annan i kommunen, fylkeskommunen eller staten har noko på hjartet.

Det kunne ha vore så enkelt å la folk få bestemme sjølve kva for nokre kanalar dei vil la det offentlege nå ein på, og det kunne ha vore så enkelt å halde innloggingsportal og helsekontaktopplysningar åtskilde frå slike utsendingslister. Men nei då.

Nokre dagar tidlegare hadde Judith fått SMS frå Trondheim renholdsverk klokka 7 på sundagsmorgonen fordi dei gjerne ville informere om at dei skulle hente spesialavfall nokre dagar seinare. Då bad eg henne om å blogge om det. Så skjedde dette i mellomtida. No har ho blogga. Les bloggposten hennar her. Les bloggposten hennar! Gjer det! Der fortel ho også om vår kontakt med kabelselskapet Get, og dessutan mange andre ting som vedkjem nettopp denne konkrete saka som eg har blogga om her. Nemnde eg at du skal lese bloggposten hennar?

Vil du ha eit samfunn der ein offentleg byråkrat plutseleg og ubeden troppar opp på kjøkenet eller stova eller soveromet når som helst, dag som natt, for å seie ifrå om at «vi, det offentlege, har noko som er så viktig å seie at vi må avbryte deg her og no: det vert henting av spesialavfall i overimorgon»?

Korleis kan vi få stoppa denne galskapen?

(Ja, og så må du lese Judiths bloggpost.)

Read Full Post »