Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘hundar’

Sint lingvist. Voff.

Eg tillèt meg å sakse ei sak frå Language Log.

Der har nemleg Geoff Pullum skrive ein bloggpost som osar så sterkt av forakt for forskingsjournalistikken at ein berre må lese vidare. Saka handlar om eit oppslag i Daily Telegraph som hevdar: «Dogs as intelligent as two-year-old children». Pullum tek til motmæle:

Dogs are not as bright linguistically as a human two-year-old. But what is true is that dogs have the same general intelligence and ability to detect bullshit as the average Science Correspondent for the Daily Telegraph or BBC News.

Avisa påstår at visse hundar er i stand til å forstå tydinga til 250 ord. Dette vert avvist av Pullum, som gjer framlegg om at journalisten heller burde ha spurt hundepsykologen om kva det går ut på å «forstå kva eit ord tyder». Evidensen for påstanden om språkleg oppegåande hundar er nemleg at visse hundar spring og hentar ein ball når nokon roper «ball». Pullum lurer difor på om hundar er i stand til å forstå adverb som «surreptitiously», og vidare kvifor hundetestord alltid er substantiv (t.d. «ball») eller verb som skal utløyse ein eller annan fysisk aktivitet som hunden er dressert til, som t.d. å hente noko:

Why is it always nouns and verbs triggering trained physical actions like fetching? I understand the noun «turd», but if you say [it] to me I don’t run to try and find one.

Noko som kanskje skil korleis menneske bruker språk, frå korleis hundar responderer, ja. I ein tidlegare bloggpost om eit liknande oppslag om den same hunderasen for fem år sidan avslutta han slik:

The trained object-fetching behavior of Rico, the border collie that this German research is talking about, has nothing at all to do with understanding language. The behavior is comparable to what you would have shown if you demonstrated that you had trained your goldfish to swim to a given object in its tank when you showed it a card with a given letter of the Greek alphabet. By all means attempt that too, if you think it would be interesting science. But don’t bring it to me for my approval under a headline saying Research Shows Goldfish Can Read Greek, that’s all!

hund

Ein kan sjå Pullums utbrot i samanheng med den allmennlingvistiske forståinga av at lydar kan vere uttrykk for språk, men ikkje er språk. Heller ikkje bokstavar er språk. Språk i den språkvitskaplege tydinga dreier seg ikkje om dresserte koplingar mellom ein lyd (eller eit anna sanseinntrykk) og ei handling, men om kompetanse i meir abstrakte men systematisk variable strukturar (grammatikk i vid tyding, t.d. at me straks skjønar skilnaden på hundetestord og ordtesthund, sjølv om me ikkje har høyrt orda før). Om det er god nok evidens til å snakke om språk når ein hund responderer ved å hente ein ball når me seier «ball» til hunden, slik han er opptrena til, så er det også god nok evidens til å snakke om språk når synet av ein småtrist Jardar ved snophylla får kona mi til å kjøpe snop, slik ho er «opptrena» til. Dette ville ha vorte ei veldig laus og diffus avgrensing av eit kjerneomgrep som «språk» med tanke på at ein altså snakkar om vitskaplege eksperiment her.

På ei anna side, når lingvistar som alle andre har eit lettvint forhold til kilogram og kallar dette eit mål for tyngd (det er eigentleg eit mål for masse, 1 kg er 1 kg også på månen, sjølv om tyngda målt i newton er berre ein sjettedel der), så kan ein heller ikkje vente at psykologar med hundar som spesialitet, og heller ikkje forskingsjournalistar utan språkfagleg konsulent, heilt av seg sjølve skal bruke ordet «språk» på ein måte som akkurat yrkesgruppa lingvistar er fullnøgde med. Slik fungerer det rett og slett ikkje her i livet. At det er skilnad på daglegtale og fagsjargong, burde kanskje lingvistar til og med vere dei fyrste til å hugse.

Men Language Log tilrår eg gjerne, om ikkje anna så for den faglege underhaldningsverdien og mang ei aha-oppleving.

[Bilete: René Gómez, GNU-lisens. Original her.]

Read Full Post »