Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘intonasjon’

For nokre år sidan skreiv eg ein bloggpost om korleis ein kunne få dåverande statsminister, osloensaren Jens Stoltenberg, til å høyrast ut som vestlending. Eg tok nokre sekund frå ein nyårstale han hadde halde, justerte tonefallet i aktuell fonetisk programvare, og la lyden tilbake i videoen. Bloggposten, som elles snakka om den vitskaplege nytten av slike manipulasjonar, gjorde ei viss lukke, om enn meir som underhaldning enn som vitskap, og ei tid seinare kom også NRK og bad om å få bruke dei femten sekunda i eit innslag i programserien Dialektriket.

No før helga fekk eg ei ny utfordring. Ein kollega skulle bruke den gamle Stoltenberg-manipulasjonen min i undervisninga, men etterlyste også det motsette: Kan dagens statsminister, bergensaren Erna Solberg, gjerast til austlending?

Lat oss prøve.

Éin av skilnadene på bergensk og austlandsk tonefall er litt enkelt sagt at nokre av tonane i språket er oppned. Der ein vestlending når toppen, når ein austlending botnen, og motsett. Og så er det sjølvsagt meir innfløkt enn som så, for i tillegg er det også ulikt korleis toppane, botnane, vegen mellom dei — og andre element i setningsmelodien elles — oppfører seg. Vi veit ein del om dette, men eg skal ikkje utbrodere det her.

Manipulasjonen i videoen over har nokre kompromiss her og der, og er vel ikkje perfekt, men dei eg har spurt om resultatet, svarer at no snakkar ho ein slags austlandsk med skarre-r. Somme vil heimfeste henne så langt sør som til området rundt Arendal. Andre seier at dette vart eit rart knot, ein bergensar som prøver å snakke austlandsk men som ikkje får det heilt til.

Det fortel oss likevel noko interessant. Språket er fullt av fenomen både i einskildlydar og i språkstrukturane generelt. Vokalar, konsonantar, ordbøying og meir til er viktig når ein skal lære språk, og det er viktig i fagdisiplinar som talemål (dialektlære og nærskylde vitskapar). Prosodi, altså tonar, trykk og ein del anna slikt, har tradisjonelt spelt ei av dei mindre rollene, i alle fall i lærebøker av ymse slag. Men så ser vi at i det spontane medvitet vårt er prosodien likevel vel så viktig: I denne videoen er det berre tonefallet som er manipulert, likevel er det nok til å flytte talaren over fjellet og til ein annan landsdel.

Kan eg tillate meg å nytte høvet til å seie at prosodi er ein viktig disiplin? Og som nemnt førre gong er det to fag involverte her: Det eine er lingvistikk med fagområdet fonologi, som ser på lyd-grammatikken, i dette tilfellet korleis språk (dialektar) bruker tonefall ulikt. Det andre faget er fonetikk, som ser på dei konkrete språklydane, her den akustikken som ligg bak det tonefallet vi høyrer.

Personleg kom eg til å tenkje litt på Jon Gelius då eg sat og laga Solberg-manipulasjonen og plutseleg såg han på Dagsrevyen. Han er frå Arendal. Men ein vert jo gjerne litt miljøpåverka, og dette går vel i begge retningar, slik vi kan sjå når Gelius intervjuar Solberg:

Det er ikkje alltid at akustikken i originalsignalet gjer det lett eller mogeleg å manipulere så godt som ein vil, og det kan ein høyre, men det var artig å prøve.

Her er for ordens skuld klippet frå nyårstalen med originalt tonefall, og bak denne lenkja finn du heile talen.

Og her er Dagsrevy-klippet med originalt tonefall, den fulle sekvensen vart henta her:

Read Full Post »

Alle veit at Jens Stoltenberg er frå Oslo, og at han eigentleg snakkar oslodialekt. Men dette går det an å gjere noko med. Sjå på denne videoen her, plutseleg høyrest han ut som ein forfina vestlending, somme vil også høyre eit snev av nordlending. Korleis har dette gått til?


Litt enkelt sagt har eg justert tonefallet hans slik at det som gjekk oppover i melodien i originalopptaket, går nedover i den «vestlandske» varianten, og motsett. Dette er ikkje heile historia, men men. I illustrasjonen under er originaltonefall markert i grått, justert tonefall er markert i grønt. Utdraget som er illustrert her, er delsekvensen «Dette er grunnen til at vi fra og med i dag får et helt nytt pen[sjonssystem]». Sjølve vokalane og konsonantane er akkurat som før, det er berre tonefallet som er justert. Justeringa her er eit skikkeleg unøyaktig hastverksarbeid, men det fungerer.

Pitchmanipulasjon i Praat

Det er klart at i språk er tonefallet veldig viktig. Ser vi på den neste videoen, forstår vi litt av kvifor. Det tonefallet vil vi aldri møte i naturleg språkbruk. I denne andre videoen går vi altså langt utanfor dei grensene som finst for tonefall i eit språk, i dette tilfellet norsk:


Kva kan så dette brukast til, bortsett frå å ha det morosamt? Jau, dette illustrerer jo at tonefallet har ein funksjon i språket. Den funksjonen går faktisk langt utover t.d. det som er kjent som tonelagsskilnad, altså skilnaden på dei to orda «(å) skrive» og «(dette) skrivet».

Ved å justere tonefallet i slike lydopptak kan ein gjennomføre eksperiment for å finne ut nøyaktig kva det er i tonegangen som er viktig, og korleis det er viktig. Kva skal t.d. til i ein bestemt dialekt eller i eit bestemt språk for å oppfatte, eller kanskje forkludre, at eit ord i ei ytring har eit ekstra sterkt trykk? Og i eit større perspektiv: Kva konsekvensar vil slik innsikt ha t.d. for folk som skal lære norsk, eller for datamaskiner som skal kjenne att eller produsere mennesketale?

Å justere tonefallet i denne videosnutten sveiper innom to ulike fagområde. Det eine fagområdet er fonetikk, som handlar om dei konkrete lydane, i dette tilfellet dei konkrete frekvensane i tonefallet, altså sjølve lydbylgjene. Det andre fagområdet er lingvistikk, her med underdisiplinen fonologi, som i dette tilfellet tok føre seg korleis språk bruker tonefallet, og ikkje minst kva slags språklege grenser som finst og som tonefallet må forhalde seg til.

Og til slutt, her er originalvideoen med Oslo-tonefall:


For ordens skuld: Denne teksten er brukt også i jobbsamanheng, nærare sagt her.

Read Full Post »

To månader etter at dei fyrste oppslaga kom om at tyske og franske spedborn græt i samsvar med melodien i morsmålet, har også Aftenposten ei slik overskrift: «Babyer skriker på morsmålet».

I november-bloggposten min om studien trekte eg fram ein del problematiske moment i metode, analyse og framstellingsform i den no vidgjetne artikkelen som stod på prent i tidsskriftet Current Biology. Men eitt skal forskarane bak artikkelen ha: Dei har ikkje påstått at «babyer skriker på morsmålet», t.d. at tyske nyfødde skrik «das gefääääällt mir gaaaaaaar niiiiiicht!».

Aftenposten har henta saka frå Science News. Det er interessant å sjå på utviklinga i tittelformuleringa, frå fagartikkelen, via pressemeldinga som skulle selje saka til omverda, og over til massemedia:

Current Bilology: Newborns’ Cry Melody Is Shaped by Their Native Language
Pressemeldinga: Language begins with the very first cry
Science News: Newborn babies may cry in their mother tongues
Aftenposten: Babyer skriker på morsmålet

Alle forstår jo at «Babyer skriker på morsmålet» er ei betre overskrift enn «Dokumentasjonsfri studie i biologitidsskrift hevder at gjennomsnittet av noen håndplukkede babyskrik på sett og vis er statistisk i samsvar med postulerte strukturer i foreldrenes morsmål hvis man kategoriserer både skrikene og foreldrespråkene på bestemte måter, men språkforskere stiller spørsmål ved hva som egentlig ble forsket på».

Read Full Post »

Skrik

Både forskning.no og andre nyhendeformidlarar, t.d. VG og Reuters, har i det siste fortalt oss at spedborn græt i samsvar med tonefallet til språket i området: Ei undersøking viser at franske spedborn har stigande stemmeleie, tyske spedborn har fallande stemmeleie.

Forskingsartikkelen som er bakgrunn for oppslaga (tilgjengeleg for m.a. oss som er på NTNUs nett), er publisert i tidsskriftet Current Biology, og er fire sider lang, medrekna ei side med referansar. I artikkelen kan ein lese at F0-toppen hjå franske spedborn ligg på 0,58 sekund (som gjennomsnitt i eit tidsnormalisert skrik på 1 sekund). For dei tyske spedborna ligg den tilsvarande F0-toppen på 0,44 sekund.

Forklaringa artikkelen gjev, er at borna truleg lærte desse mønstera før dei vart fødde (med eit lite atterhald i ein parentes om at «we cannot completely exclude early postnatal learning during the first 2–5 days of life»).

Eg er ikkje den fyrste som har blogga om dette, men til liks med Mark Liberman på Language Log la også eg fort merke til figurane som viser eit «Typical French Cry» og eit «Typical German Cry»:

babyspektrogram

Legg merke til at det «typiske» franske skriket har eit normalisert toppunkt på ca. 0,7 sekund, medan det «typiske» tyske skriket har eit maksimum på ca. 0,25 sekund. Figurane som skal underbyggje den markante skilnaden på «typiske» franske og «typiske» tyske skrik, viser altså ikkje typiske skrik. Dei viser i staden tilfelle med ekstremt tidleg topp sjølv til tysk å vere, og ekstremt sein topp sjølv til fransk å vere, og då altså med dei valde ekstremretningane tilfeldigvis fullt i samsvar med hypotesen om at toppunktet kjem tidleg i tyske skrik og seint i franske skrik.

Om intonasjonen i skrik og språk (dialektar er ikkje spesifiserte) heiter det i artikkelen:

These patterns are consistent with the intonation patterns observed in both of these languages. In French, intonation is characterized by a pitch rise toward the end of several kinds of prosodic units (words, intermediate prosodic phrases), except for the very last unit of an utterance, which presents a falling contour (see, e.g., [29, 30]). This is a crucial difference from German intonation, which typically exhibits a falling melody contour, e.g., from the accented high-tone syllable to the end of the intonational phrase [31].

Dersom desse korte skrika har ein intonasjonskontur som byggjer på konturane i prosodiske domene (på ord- og frasenivå) i dei aktuelle språka, så seier forfattarane her at spedborna (som alle var 2–5 dagar gamle) allereie før fødselen hadde tilgang på nettopp ordprosodiske og fraseprosodiske strukturar i det dei høyrde i livmora. I pressemeldinga frå Universität Würzburg (her sitert engelsk versjon, den tyske versjonen fortel det same) seier ein av forskarane bak studien rett ut at:

In French, there are a great many words where the stress lies towards the end, producing a rising melody, while in German it is usually the other way round

Her saknar eg ein hypotese om korleis ein ufødd unge veit at den aktuelle fonologiske grensa mellom to ord eller to frasar ligg akkurat der i dei fonetisk kontinuerlege stemmerørslene oppover og nedover i ei lang ytring. Det er jo berre på den måten ein kan vite om ein skal skrike oppover eller nedover, når ein veit kvar ein plasserer startpunktet for eit nytt ord eller ein ny frase. (Ein annan ting er at trykket i standardtysk kan realiserast med varierande tonalitet, og slett ikkje alltid har den høgtonen som studien ser ut til å basere seg på.)

Og dersom det med ord og frasar er meint metriske domene med syntaktisk og morfologisk basis (i motsetnad til reint tonalt definerte domene), og dersom ein legg til grunn at trykkstavingar på tysk har høg tone (noko dei altså ikkje alltid har, sjå også tre avsnitt lenger ned), kva då med t.d. ord- eller fraseinitiale trykklette element på tysk, som under desse vilkåra ville ha gjeve eit heilt anna tonemønster i vaksenspråk enn det som hypotesen her legg til grunn? (Artikkelen og pressemeldinga stør seg til at tyske ord har tidleg trykk, men i tysk plasserer ein som regel trykket på ei av dei siste stavingane i usamansette ord. Men ein treng jo gjerne litt meir enn to stavingar i rota for å sjå dette mønsteret.)

Eller er dei prosodiske ord- og frasegrensene som ligg til grunn for denne studien, definerte for å innehalde bestemte tonemønster (fallande i tysk og stigande i fransk, noko som løyser også problemet med kvar ein skal plassere ord- og frasegrensene)? Det ville vel gje ein litt sirkulær analyse?

I språk finn ein fleire ord og fleire frasar pr. utpust (og ikkje sjeldan også fleire intonasjonsytringar), samstundes som ei ytring også kan kome føre på fleire utpustar. Prosodiske strukturar, herunder også tonekonturar, går altså på tvers av utpustgrenser. Artikkelen jamfører einskildskrik med ord- og fraseintonasjon, men skriket vert avgrensa som «the vocal output occuring on a single expiration». Er dette uproblematisk?

Over nemnde eg tysk (for eg kan ikkje fransk), men som John Wells nemner i sin bloggpost om saka, burde det vere problematisk at både fransk og tysk eigentleg kan ha både stigande og fallande melodiar. Eg vil seie at forfattarane kanskje (eg har ikkje sjekka eventuelle statistikkar, difor «kanskje») kjem unna dette når dei refererer til «the main intonational patterns» (mi utheving), truleg i fonetisk-kvantitativ tyding innanfor eit fonologisk gjeve prosodisk domene. Men då vert problemet igjen, sjølvsagt, at fonetikken inneheld jo ikkje opplysningar om ord- og frasegrenser.

spedbarnAv 2400 skrik er berre 1254 utvalde til å vere med i undersøkinga, m.a. (men ikkje berre) fordi skrika skulle avgrensast til «rising-and-then-falling melody arcs», og så kan plasseringa av toppunktet, til høgre eller til venstre for midten, seie oss kva for eit språk kvart skrik liknar mest på. Kjem toppunktet seinare enn midten, er skriket «stigande», elles er det «fallande». Det er lett å forstå desse kategoridefinisjonane, som gjer det enklare å rekne ut snittverdiar, samstundes som jamføringa med vaksenskonturane (med postulert initialt vs. finalt toppunkt) berre vil kunne handle om tendensar til likskap (artikkelen bruker ord som «tendency» og «preference»). Ved normalisert lengd på 1 sekund pr. skrik har det gjennomsnittlege tyske skriket toppunktet sitt 0,06 sekund før midten, det gjennomsnittlege franske skriket når toppen 0,08 sekund etter midten, og pga. definisjonane er dette nok til å seie at dei høyrer til to kategoriar, «fallande» og «stigande», sjølv om dei alle eigentleg er fyrst stigande og deretter fallande, dersom ein ser bort frå kategorinamna.

Det kan sikkert stillast ein del spørsmål om kategorigrensa, utveljingskriteria og den direkte jamføringa mellom (kategoriane i) slike handplukka einskildskrik og dei fonologiske frasestrukturane i vaksenspråk som artikkelen refererer til.

Men eit endå meir nærliggjande spørsmål når ein les om saka i massemedia, er om ein slik metode og slike resultat verkeleg kan borge for ingressar av typen «nyfødte gråter i samme toneleie som foreldrenes morsmål» (VG), overskrifter som «Gråter på morsmålet» (forskning.no) og generaliserande skildringar som «French newborns tend to cry with a rising melody contour, while their German neighbors prefer a falling melody shape» (Reuters).

Ein kan mistenkje massemedia for å ha rapportert på grunnlag av den forenklande pressemeldinga frå Universität Würzburg (her sitert på engelsk, den tyske versjonen seier det same):

Comparisons between babies a few days old in France and Germany reveal that even newborns cry in their native language. […] While French newborns more often than not produce cries with a rising melody contour, tiny Germans tend to cry with falling contours.

Pressemeldinga tek trass alt munnen noko fullare enn fagartikkelen i Current Biology.

Men i dette tilfellet seier også fagartikkelen nokså direkte og utan atterhald om grunnlaget for det som forfattarane meiner å ha observert:

The observed melody contours of French and German newborns’ crying show that they not only have memorized the main intonation patterns of their respective surrounding language but are also able to reproduce these patterns in their own production.

Eg seier ikkje at konklusjonane i artikkelen er feil. Og resultata frå statistikken deira er jo interessante. Eg seier berre at det finst moment som kunne ha borga for litt fleire atterhald.

Read Full Post »