Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘iPhoto’

Ein iPhoto-feil

Sist eg skreiv om iPhoto, nemnde eg denne «flotte» funksjonen som modifiserer bileta automatisk ved import. Dermed kan ein hjulkapsel eller ein lampe som vert identifisert som «andlet», verte kvitt dei «raude augo» sine utan at ein så mykje som treng å tenkje på det. Denne funksjonen er det umogeleg å slå av.

Så finst det heldigvis noko som heiter «Gjenopprett original». No har eg ikkje prøvt dette spesifikt på eit bilete der raude augo har vorte automatisk fjerna, men eg skreiv sist at ein kan berre markere alle dei nyimporterte bileta og gjenopprette originalane i éin jafs. Noko meir omstendeleg å importere bileta, sjølvsagt, men det er ein måte å gjere det på.

Trudde eg.

Det viser seg at ein kan klikke «Gjenopprett original» i det uendelege. Har iPhoto ’09 fyrst bestemt seg for at eit bilete skal modifierast automatisk, så får du ikkje tilbake originalen, nei. Straks den modifiserte versjonen er fjerna, vert ein ny oppretta, det ser ein også i iPhoto-biblioteket, om ein rotar seg inn der via filsystemet.

Å duplisere biletet er heller ikkje hjelp i. Den dupliserte versjonen lid under dei same tvangshandlingane.

No er det rett nok sjeldan eg lèt eit bilete stå umodifisert, men det er ille at ein ved somme tilfeldige bilete ikkje har høve til det. Eg har heller ikkje sjekka om den sta versjonen av tvangsmodifiseringa ser ut som originalen eller ikkje, men eg har i alle fall sjekka og sett at den modifiserte fila har ein annan storleik enn originalen. Så med jpeg-grunnlag i originalen vil me ved somme bilete tvangsmessig få dobbel kompresjon. Det er ikkje bra. Originalfila ligg jo framleis i iPhoto-biblioteket, men ho gjer ikkje så mykje av seg der.

Feilmelding er send i retning Apple, og så får me sjå om dei bryr seg noko meir om denne feilen enn om den eldgamle feilen som dei ikkje har gjort noko med enno: Den som skjer til eit bilete i eit sjølvvalt format (t.d. 10 × 13, som er nokså standard her til lands), og går vidare til neste bilete medan ein framleis er i redigeringsmodus, vil oppleve at det neste biletet vert skore til heilt av seg sjølv (men ikkje biletet deretter igjen).

Read Full Post »

iPhoto ’09

Fyrst likte eg iPhoto ’09. No er eg ikkje så glad i det lenger.

I iPhoto vert bileta grupperte til hendingar (hendelser, events). No er iPhoto sjølvsagt eit databaseprogram og ikkje eit filbehandlingsprogram, men likevel: Tidlegare har det vore slik at når eg har importert nye bilete til ei gamal hending, så har desse nye bileta lagt seg fint inn i mappa (på harddisken) som har det same namnet som hendinga. Denne mappa er rett nok ikkje synleg i det daglege, ho ligg inne i iPhoto-biblioteket.

I iPhoto ’09 fungerer det ikkje slik lenger. Fyrst importerte eg mine eigne bilete frå turen til Os, redigerte dei og flikka litt her og der. Sidan importerte eg bilete som eg hadde fått frå andre som hadde vore til stades. Det viste seg då at dei nyimporterte bileta la seg i ei anna mappe enn dei fyrst importerte bileta, og at dei heldt seg i separate mapper trass i at bileta vart samla til éi hending i sjølve iPhoto.

Ein skal sjølvsagt ikkje rote for mykje i iPhoto-biblioteket same kva (då kan databasen fort slå seg rang), men det finst faktisk grunnar til å ta ein kik av og til. For noko sidan var eg i tvil om kva slags eksport eg hadde brukt på bileta som eg hadde lasta opp til Eurofoto, og då var det kjekt å kunne samanlikne dei opplasta bileta – på filnivå – med dei originale og modifiserte bileta som låg i iPhoto-biblioteket. Det er mykje enklare å gjere dette når alle bileta frå ei hending ligg samla og ikkje er fordelte på fem mapper med meir eller mindre tilfeldige namn (som aldri endrar seg). Det finst jo også lokalmeny-val i iPhoto for å sjå på filene. Men no vert altså import-historikken teken vare på til evig tid i filstrukturen.

Ein annan grunn til at den gamle løysinga var betre, er at dersom iPhoto-databasen rotar seg til (for slikt kan skje), og ein ikkje har backup, så er det mykje enklare å rekonstruere biletsamlinga si dersom filstrukturen gjenspeglar databasestrukturen. Redundans er ein fin ting.

Det andre eg misliker med nye iPhoto, er at ved import vert nokre av bileta automatisk modifiserte. Eit bilete eg importerte av Judith no nettopp, vart modifisert, eg aner ikkje kva eller kvifor: I hjelpeteksten til iPhoto ’09 står det at iPhoto automatisk prøver å fjerne raude augo frå slikt som programmet meiner er eit andlet. Men då eg samanlikna originalfila med den modifiserte fila, såg eg ikkje raude augo nokon stad. Ein annan ting er jo at andletsgjenkjenninga til iPhoto kan identifisere både hjulkapslar og serviettar som andlet, og då vert vel desse fort modifiserte allereie før ein har fått sjansen til å seie ifrå til iPhoto om at dette ikkje var eit andlet?

Løysinga på det fyrste problemet er å vente til ein har alle dei bileta som ein har tenkt å importere for ei gjeven hending. (Og det er lettare sagt enn gjort dersom ein skal ha bilete frå fleire fotografar.)

Løysinga på det andre problemet er å markere alle dei nyimporterte bileta, høgreklikke og velje «Gjenopprett original».

Eg liker ikkje denne tendensen som Apple har fått til å ta kontrollen frå brukaren. Det finst ikkje eingong eit preferanseval for å sleppe denne automatiske modifiseringa.

Oppdatering 16.7.2009: Gjenoppretting av original fungerer ikkje. Les meir her.

Read Full Post »