Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Jon Gelius’

For nokre år sidan skreiv eg ein bloggpost om korleis ein kunne få dåverande statsminister, osloensaren Jens Stoltenberg, til å høyrast ut som vestlending. Eg tok nokre sekund frå ein nyårstale han hadde halde, justerte tonefallet i aktuell fonetisk programvare, og la lyden tilbake i videoen. Bloggposten, som elles snakka om den vitskaplege nytten av slike manipulasjonar, gjorde ei viss lukke, om enn meir som underhaldning enn som vitskap, og ei tid seinare kom også NRK og bad om å få bruke dei femten sekunda i eit innslag i programserien Dialektriket.

No før helga fekk eg ei ny utfordring. Ein kollega skulle bruke den gamle Stoltenberg-manipulasjonen min i undervisninga, men etterlyste også det motsette: Kan dagens statsminister, bergensaren Erna Solberg, gjerast til austlending?

Lat oss prøve.

Éin av skilnadene på bergensk og austlandsk tonefall er litt enkelt sagt at nokre av tonane i språket er oppned. Der ein vestlending når toppen, når ein austlending botnen, og motsett. Og så er det sjølvsagt meir innfløkt enn som så, for i tillegg er det også ulikt korleis toppane, botnane, vegen mellom dei — og andre element i setningsmelodien elles — oppfører seg. Vi veit ein del om dette, men eg skal ikkje utbrodere det her.

Manipulasjonen i videoen over har nokre kompromiss her og der, og er vel ikkje perfekt, men dei eg har spurt om resultatet, svarer at no snakkar ho ein slags austlandsk med skarre-r. Somme vil heimfeste henne så langt sør som til området rundt Arendal. Andre seier at dette vart eit rart knot, ein bergensar som prøver å snakke austlandsk men som ikkje får det heilt til.

Det fortel oss likevel noko interessant. Språket er fullt av fenomen både i einskildlydar og i språkstrukturane generelt. Vokalar, konsonantar, ordbøying og meir til er viktig når ein skal lære språk, og det er viktig i fagdisiplinar som talemål (dialektlære og nærskylde vitskapar). Prosodi, altså tonar, trykk og ein del anna slikt, har tradisjonelt spelt ei av dei mindre rollene, i alle fall i lærebøker av ymse slag. Men så ser vi at i det spontane medvitet vårt er prosodien likevel vel så viktig: I denne videoen er det berre tonefallet som er manipulert, likevel er det nok til å flytte talaren over fjellet og til ein annan landsdel.

Kan eg tillate meg å nytte høvet til å seie at prosodi er ein viktig disiplin? Og som nemnt førre gong er det to fag involverte her: Det eine er lingvistikk med fagområdet fonologi, som ser på lyd-grammatikken, i dette tilfellet korleis språk (dialektar) bruker tonefall ulikt. Det andre faget er fonetikk, som ser på dei konkrete språklydane, her den akustikken som ligg bak det tonefallet vi høyrer.

Personleg kom eg til å tenkje litt på Jon Gelius då eg sat og laga Solberg-manipulasjonen og plutseleg såg han på Dagsrevyen. Han er frå Arendal. Men ein vert jo gjerne litt miljøpåverka, og dette går vel i begge retningar, slik vi kan sjå når Gelius intervjuar Solberg:

Det er ikkje alltid at akustikken i originalsignalet gjer det lett eller mogeleg å manipulere så godt som ein vil, og det kan ein høyre, men det var artig å prøve.

Her er for ordens skuld klippet frå nyårstalen med originalt tonefall, og bak denne lenkja finn du heile talen.

Og her er Dagsrevy-klippet med originalt tonefall, den fulle sekvensen vart henta her:

Read Full Post »