Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘karakterar’

No snakkar politikarane igjen om hovudmål og sidemål og sånt. Eg lurer på om eg ikkje høyrde skuleministeren seie på radioen ein morgon eller føremiddag denne veka at det å fjerne karakterane frå sidemålet vil motivere elevane betre i sidemål. Men ettersom eg ikkje kan finne noko sitat frå henne som kan underbyggje at det faktisk var henne eg høyrde (radioen var ikkje forgrunnen, eg hadde litt andre ting å konsentrere meg om), må eg heller ty til ein politikar frå eit anna parti, som har sendt ut pressemelding og er referert i mange aviser på denne måten:

Han tror endringene vil gi elevene mer motivasjon for å lære både sitt hovedmål og sidemål. Dette gjøres best gjennom å integrere sidemål som del av norskundervisningen, og ikke ha egne karakterer eller eksamen, sier Pedersen.

Vel, tja. Spør studentane på eit emne nokre av oss har høyrt om på ein høgare utdanningsinstitusjon ein stad (eller spør referansegruppa som forutsåg det, og som grunngav profetien sin). På det kurset var strykprosenten rundt 10, pluss minus litt, så vart dei graderte karakterane erstatta av «greidd/ikkje greidd» (bestått/ikke bestått på sidemålet mitt), og kort tid seinare låg strykprosenten oppunder 40. Men (agurknytt) som delprestasjon gjorde dei det langt betre i den delen som vart undervist vha. (tilfeldig, dette med målformkorrelasjonen, vil eg tru, men la oss krydre agurken her) sidemålet til dei fleste, hm.

Men i alle fall, ifylgje den politisk kompetente analysen (og eg vedgår at eg ikkje har politisk kompetanse), så må desse greiene her tyde at…

Men hm, huff. Hysj no.

Legg forresten merke til at eg ikkje har vore innom spørsmålet «ja eller nei til spynorsk eller bok-jål» her. Eg har berre kommentert ein hypotese. Og eg skal vere ærleg nok til å ta med atterhalda om at det er sjølvsagt mange ting som kan påverke motivasjonen for både det eine og det andre.

Read Full Post »

Det eg skriv her, er ei heller tilfeldig samling med slikt som ikkje er basert på pedagogisk forsking. Og la meg presisere det som er presisert på «Om»-sida: at denne bloggen skriv eg som privatperson, men med innslag frå fleire delar av livet mitt, også frå slikt som skjer på jobben. I denne bloggposten skriv eg somme ting som eg openbert kjenner til i kraft av stillinga mi (ingenting av det er underlagt teieplikt), derfor vil eg for ordens skuld understreke at til liks med dei andre bloggpostane her skriv eg også denne bloggposten på fritida.

Det nesten sjølvsagde
Sjukdom, bekymringar og eksamensangst kan få konsekvensar, men også fødselsterminar. Treng du litt tilrettelegging, så ta kontakt med faglæraren, eventuelt via studiekonsulenten. Av og til kan ein også samtykke i alternativ eksamensform. Lækjarattest kan av og til vere nyttig.

Og så har vi det meir vanlege: Kven har vel ikkje nedprioritert eit fag? Også eg har gjort det. Men å dukke opp eit par dagar før eksamen og lure på kva som er pensum, og om det er nokon vits i å lese det, «for det er jo berre eit innføringskurs», det er kanskje ikkje noko sjakktrekk.

Pensum og forkunnskapar
Det kan vere vanskeleg for faglæraren å finne gode pensumtekstar. Anten er bøkene for elementære, eller så er dei for avanserte, eller for uoversiktlege, eller kva det skulle vere. Førelesingane har som funksjon å hjelpe til. Sjå også bloggposten Kva er eit pensum?

Det kan også vere at stoffet er meir framandt enn alle aktuelle pensumbøker legg opp til. På somme språkfag er det t.d. kjent at fleire studentar har gløymt både ordklasser og setningsledd frå grunnskulen.

Nye måtar å tenkje fag på
Eg hugsar korleis det var då vi som studentar plutseleg skulle forhalde oss til hierarkiske strukturar (t.d. i syntaksen) som vi aldri hadde hatt om på skulen. Det tok litt tilvenjingstid, ja. Eit aktuelt døme litt lenger oppe i systemet er eit fordjupings- og masterkurs i fonologi (lingvistikk). Klassisk fonologi spør «kvifor vert A uttalt som B?», medan den meir moderne teorien på dette kurset spør omtrent stikk motsett: «Kvifor vert ikkje A uttalt som A, C eller D?» Slikt treng tid. Ikkje gje opp, og ikkje utset det til like før eksamen. Snakk med læringsassistenten eller faglæraren, gjerne på førelesing, det er garantert andre som har dei same problema.

Karakterskala og vurderingstekniske rutinar
Sjølv om studenten gjer same jobb, så kan vurderingstekniske forhold få konsekvensar for karakteren. Når karakterskalaen er ikkje-gradert («greidd» og «ikkje greidd», bokmål «bestått» og «ikke bestått»), kan det, anten vi vil eller ikkje, føre til at E-kandidatar vippar over til stryk. Dette heng saman med at E typisk er ein karakter som vi gjev til ein kandidat som vi «eigentleg» har lurt på om vi skulle stryke, men når vi skal navigere etter ein todelt skala, kan denne nyansen forsvinne. Det er også eit omdiskutert spørsmål i fagmiljøet kvar strykgrensa skal gå ved ikkje-gradert skala, og mange førtrekkjer å vere strengare der enn med bokstavkarakterar, ettersom dei ikkje lenger har ein dårleg karakter av typen E å dele ut (eg høyrer til den fløyen som, i alle fall pr. i dag, er skeptisk til å vere strengare).

Karakterkriterium og ambisjonar
Sjå på desse formuleringane i dei generelle vurderingskriteria for karakteren A:

Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

Undersøkingar vha. spørjeskjema har gjerne vist at studentane kan ha høgre ambisjonar enn det vi ser att i karakterstatistikken. «Eg vil ha slik og slik karakter» er eit fint mål, men kva skal eigentleg til for å få den karanteren? Frå mine gamle førelesarar då eg sjølv var student, høyrde eg historier om knapp berekning også i deira studietid. På somme fag var det visst også om å gjere å berre så vidt stå, og det gjekk ikkje alltid like bra. Rådet er altså: Sikt høgre enn du meiner at du treng.

Karakterskala og ambisjonar
Men når det ikkje finst nokon gradert karakterskala, berre «bestått» og «ikkje bestått», så er det særleg lett å setje seg som mål å «berre stå på eksamen». Då er det fort gjort å vippe under strykgrensa (også om vi justerer for dei vurderingstekniske sidene av saka som er nemnde over). Det er ting som tyder på at dette skjedde på eit kurs som endra karakterskala. Ikkje berre kom det eksplisitte innspel frå studentane om dette aspektet, det kunne òg observerast på ei endring i måten som studentane svarte på oppgåvene på, også hjå studentar som stod på eksamen.

Rådet er altså: Prøv å gjere det så bra som mogeleg også når du ikkje får ein karakter som fortel deg kor bra du gjorde det. Bonusen er at du kan risikere å verte fagleg flink, og plutseleg få glede av det seinare ein gong.

Spesifikke vanskar med formalisme
At dysleksi kan gjere studielivet vanskeleg, kan alle forstå. Men også dyskalkuli («matematikkvanskar») kan vere eit problem, sjølv i språkfag. Overraska? Ikkje ver det. Dyskalkuli handlar nemleg ikkje berre om matematikk, men skaper også problem for dei vanlege læremåtane når ein skal tileigne seg formalisme og faglege algoritmar i språkfag. Eg har stor respekt for den studenten som opna auga mine her. Det rettleiingsopplegget vi fekk snikra saman på tampen av semesteret, var uhyre lærerikt også for meg. På sikt vil det vere aktuelt å trekkje inn litt av det også i ordinære førelesingar, for ein treng ikkje ha dyskalkuli for å møte formalismeveggen. Studentar med spesielle vanskar (typisk slikt som ein kan få lækjarattest på) kan søkje om tilrettelagd eksamen, t.d. alternativ eksamensform. Og merk at studentar med lærevanskar er like glupe som andre studentar, men dei kan altså trenge tilrettelegging for å få vist kva dei faktisk er gode for.

Førelesaren
Eg er intuitivt litt redd for kva som kan dukke opp når førelesaren skal drøftast, men det må vel nemnast, dét òg. At det finst dårlege førelesarar, veit alle, og ein dårleg førelesar kan verke inn på motivasjonen til studenten. Men sidan alle veit dette, så tillat meg å fortelje litt frå den andre sida, altså det som ikkje alle veit:

Trynefaktor kan spele inn, altså at ein førelesar vert opplevd som dårleg pga. utanomfaglege forhold. Om faginteressa hjå studentane i utgangspunktet er låg, kan det også spele inn. Når studentane gjev lite respons undervegs i førelesinga, kan det vere tungt å førelese (og plutseleg kan vi få ein vond sirkel). Av og til vert førelesarar kasta ut i noko på kort varsel, eller andre rammevilkår gjer det vanskeleg å få til eit godt opplegg. Som student opplevde eg ein gong å verte utkommandert til eit føredrag der eg absolutt ikkje kunne yte mitt beste pga. diverse pålegg som plutseleg dukka opp, og det var ekkelt (det var regelrett audmjukande). Eg har også vorte sett til å undervise i slikt som ikkje er spesialområdet mitt, men då seier eg gjerne frå om det til studentane.

Førelesarar kan også, som anna folk, feilberekne publikum. Kvart kull er ulikt, eg hugsar særleg eitt kull som var veldig imøtekomande og dialogisk, men også eit kull der studentane var veldig stille og såg strenge ut.

Av og til kan det vere lett å gløyme at førelesarar ikkje er pedagogisk personale på ein skule men (som oftast) forskarar ved ein vitskapleg institusjon. Studentane er ikkje lenger elevar. (Ordet «elev» er i slekt med eit ord som kan forståast som ‘oppsede’, ordet «studere» tyder opphavleg ‘streve etter, vere ihuga for’.)

Eg har sjølv lært mykje av såkalla «dårlege» føredragshaldarar på seminar og slikt, og tilsvarande lite av folk med publikumstekke. Og motsett. Men nokre førelesarar er sjølvsagt dårlege. Og mange førelesarar er sjølvsagt kjempeflinke. Eg har ikkje noka standardoppskrift for korleis ein går fram dersom ein førelesar er regelrett dårleg. Hugs berre at det kan liggje fleire ting til grunn enn det som er synleg på overflata. Konstruktiv kritikk med konkrete råd via evalueringsskjema, referansegruppe eller andlet til andlet vil truleg fungere betre enn uspesifikke og sårande kommentarar av typen «du er ein dust».

Alt i alt
Det finst mange humpar i vegen mot eksamen, og fleire enn det eg har gått gjennom her. Noko kan studenantane gjere noko med sjølve, andre ting er utanfor deira kontroll, noko kan førelesaren gjere noko med, atter andre ting kan ingen gjere noko med.

Dersom studentar har problem med mine fag, set eg pris på det når dei seier ifrå til meg. Kanskje kan vi løyse det med ein rettleiingstime, kanskje kan vi klare å få til eit opplegg som fungerer. Hugs berre at på kurs med eit par hundre studentar kan eg dessverre ikkje tilby individuell oppfølging til alle som sit fast med eitt eller anna. (Mykje kan dei finne ut av ved å gå på øvingstimar, spørje læringsassistenten eller arrangere kollokvium. Heh, eg har også vorte kontakta av studentar som berre ikkje har orka å lese neste side, det var så mykje enklare å skrive til meg. Men det kan ta veldig lang tid å svare skriftleg på slikt.) Men studentar med spesifikke lærevanskar må gjerne ta kontakt for rettleiing og tilrettelegging, eventuelt via studiekonsulenten. Å trenge tilrettelegging er ikkje flautt.

Ei bøn frå førelesaren
Det er vel ingen som har lese denne bloggposten og kome så langt ned som dette, som altså er slutten. Så eg tillèt meg å spore av med denne bøna, som er ein konkret hump i førelesaren sin veg mot eksamen:

Dersom du ikkje har tenkt å gå opp til den eksamenen du har bestilt, så ver å snill å trekkje deg formelt frå eksamenen. Det tek myyykje tid å lage eksamensoppgåver og organisere eksamen, og det er trasig å lage mat, dekkje på bordet og avlyse andre avtalar, når gjesten ikkje kjem og heller ikkje seier ifrå om det. Sjølv om det er andre studentar som tek eksamenen, så kan det vere forhold (formalitetar, språkval, eksamenslokale, eksamensvakt og mangt anna) som gjer at det går med tid (og pengar) som kunne ha vorte brukt betre.

Read Full Post »