Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘kasus’

Akkusativ

CD-en til unge Carina Gerlach er det ein song som heiter «Akuzativo», med tekst og melodi av Marina Korotj. Særleg to liner i songen tiltalar meg:

Sed nun sen vi ne eblas la vivo – Akuzativo.
Neniam al vi diros mi adiaŭ.

På norsk vert det:

Men no er ikkje livet mogeleg utan deg – Akkusativ.
Aldri skal eg seie farvel til deg.

Sjeldan kan ein høyre tilsvarande direkte kjærleiksfråsegner til grammatiske trekk, særleg innanfor kategorien kasus. Det næraste ein som regel kjem i musikk elles, er visse godt innpakka ynske om overgang frå singularis til dualis, men numerus vert jo ein heilt annan kategori, og til vanleg er det ikkje spesielt eksplisitt heller.

Kalle Kniivilä har eit videoopptak av akkusativ-songen her. Plata kan du kjøpe på Vinilkosmo (sjå under popmusikk).

(For dei uinnvigde: Akkusativ er ei bøyingsform av t.d. pronomen eller substantiv som typisk viser at me har å gjere med eit (direkte) objekt. På norsk skil me mellom subjektsforma eg og objektsforma meg, og eit anna namn på objektsforma er altså akkusativ.)

Read Full Post »