Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘katt’

Nera

Nera, den eine av dei to kattejentene våre, verka fin og frisk, men ho var det ikkje. Det kom snikande, heilt til ho plutseleg vart veldig sjuk. Vi fekk behalde, og behandle, Nera i ei dryg veke etter diagnosen. Avliving vart planlagd onsdag 25. april, men vi rakk det ikkje. Nera døydde heime den natta kl. 05.54, nesten åtte år gamal, og systera Tigris er no einaste katt i familien. Dette fører her til ein bloggpost med gode minne, fordi det er enklare å skrive personleg, kall det indiskret, om ein katt enn om ho hadde vore menneske.

Nera

Det fulle namnet hennar var Nera Bianca Missydotter. Ho fekk det fordi ho var svart (Nera) og kvit (Bianca), og var dottera til Missy frå Meråker. Nera og Tigris kom til oss som kattungar i 2010. Sjølv om maktforholda nok kan vere asymmetriske, kan vennskapar gå på tvers av dyreartar. Var det noko gale med oss menneska, så sette Nera og Tigris seg attmed oss og såg roleg på oss. Slik var det til dømes den gongen eg beit meg så hardt i tunga at eg berre måtte leggje meg på senga.

Alle katteeigarar veit at kattar har personlegdom. Nera hadde mange særtrekk. Det eine var at ho alltid har vore forsiktig, og ho har vore blyg for framandfolk, medan Tigris er meir frampå. Då dei kom hit til oss, var det såleis Tigris som utforska den nye heimen fremst, med Nera rett bak. Ringjer det på døra, kjem Tigris springande nyfiken (om enn småskeptisk), medan Nera straks gjekk og gøymde seg.

Sovehjartet deira var òg forskjellig. Mest tydeleg var dette etter kastreringa. Tigris sov av seg narkosen på skikkeleg vis på badet. Nera stod opp etter få timar og insisterte sjanglande på å gå på do på vanleg stad i etasjen under, og nekta å bruke kattedoen på det som for henne var feil rom. Ho sjangla og halvvegs ramla ned trappa, og vi måtte springe etter med kattedoen for å nå fram i tide.

Nera, dersom ho fann plastfolie eller liknande, så var handleposen, dopapiremballasjen eller chilinøttposen snart gjennombora av skarpe tenner. Eg trur ho likte lukta av chilinøtter. Og ho lærte seg å opne både dører og skap. Ho laga ein krok av labben og drog til seg døra dersom opninga gjekk i den retninga. Judith blogga om skapopningane medan teknikken vart utvikla (her og her), og her er videoopptaket (opptak ved Judith P. Abrahamsen 2015, lisens CC BY-NC-SA):

NeraDet er ikkje alltid det er praktisk for eit menneske at det ligg ein katt i vasken og slappar av. Men Nera gjorde slikt. I naudsfall skrudde eg derfor på vatnet for å halde henne unna. Fungerte det, då? Metoden resulterte i at Nera føretrekte å drikke vatn rett frå springen. Og ville ho ha vatn når det ikkje rann, så byrja ho å slikke på springen, for då ville det etter kvart kome rennande vatn der. Biletet er lånt frå Judiths twittermelding 11.4.2015, i dag dessverre utan biletet.

NeraHo drakk også av glas. Stod det eit glas med vatn på bordet, måtte ein vente å finne svarte kattehår som ein ring langs innsida av det etterpå. Eg har lånt biletet frå Judiths twittermelding 24.9.2015 med kommentaren «Vann er vann».

Kattar er til vanleg ikkje glade i våte omgjevnader. Men når vi dusja, stod Nera og venta på kos utanfor dusjkabinettet, og strauk seg gjerne mot eit vått andlet eller ein våt legg etterpå. Vart ho ekstra utolmodig, så kom ho like gjerne inn til oss straks vi skrudde av vatnet og opna døra. Ein pus friviljug i det nydusja dusjkabinettet, det er bra gjort. Andre stader rista dei begge på labben dersom dei trakka oppi noko vått.

Nera«Nera-testen» er namnet på ein lokal hygienetest her i heimen. Var eg nokon gong i tvil om eg burde skifte sokkar, så stakk eg foten bort til Nera så ho kunne lukte på. Dersom ho pusta gjennom munnen etterpå, skifta eg sokkar, elles venta eg til neste morgon. Tigris har ikkje den eigenskapen. Ho berre kosar med sokken uansett. Eg har tidlegare blogga om Nera og tåfislukt her, og biletet er henta frå den posten.

Og så var det alle dei morgonane der Nera ikkje ville at eg skulle gå på jobb. Ho stilte seg mellom meg og døra. Prøvde eg å knyte skorne, tok ho det som ein invitasjon til å leike med skoreimane, med klør og tenner og liv og lyst, men alltid skånsamt mot fingrane mine. Straks eg tasta alarmkoden ved døra og det sa «plipp plipp» under tastetrykka, så byrja ho å mjaue sårt. Og når vi kom heim, stilte Nera og Tigris som velkomstkomité i fellesskap.

Ville Nera ha kos, skaut ho rygg når ho såg oss, eller la seg på sida framføre oss, slik mange kattar ville gjort. Men var ho ekstra kosete, dirra halerota hennar så ho gjekk hundar ein høg gang. I starten låg ho elles ofte på skuldra til Judith, men så slutta ho med det. Dei siste åra likte ho likevel veldig godt at vi heldt henne. I motsetnad til Tigris vart ho derimot aldri komfortabel med å liggje på fanget (med nokre få unntak i eitt spesielt tilfelle, nemleg etter dei hektiske vekene etter brannen), men ho la seg gjerne rett ved sida av oss i sofaen.

Dei to systrene kunne springe etter kvarandre, gjerne med fresing og pelsdottar i kjeften. Men dei snutehelste på kvarandre heile livet, og stelte kvarandre med tungevask i fjeset. Og gjorde den eine noko som dei visste dei ikkje fekk lov til, som å gå på bokhylla eller nærme seg skrivaren, så mjaua den andre dirrande: «Ikkje gjer det, vi får ikkje lov, no vert det skjenn.» Av og til vart det lange mjauedialogar av dette.

Då Tigris vakna frå rusen etter ei medisinsk undersøking, fekk Nera sjå henne, og då skjedde noko som ikkje hadde skjett dei gongene vi menneska var innom: Tigris prøvde desperat å reise seg og gå bort til systera si. Det var ikkje tvil om kven som stod Tigris nærast.

Tigris vaskar Nera i sofaen

Nera la seg gjerne rett attmed oss i sofaen.
Her i lukkelegare tider i 2016 og med vaskeassistanse frå Tigris.

Sjukdommen til Nera kom snikande. Men plutseleg skaut han slik fart at han var umogeleg å ikkje oppdage. Då Nera vart synleg sjuk, heldt Tigris seg i nærleiken, ho slutta å erte systera si, men heldt fram med å vaske henne når Nera ikkje lenger orka det sjølv. Mjaua Nera, så kom Tigris springande.

Ho var rettnok i ei merkeleg god form. Nesten heilt til det siste hoppa ho via vindauget på gangen og heilt opp til toppen av skapet, ein av favorittstadene i heimen.

Nera fekk straks livsforlengjande behandling, men det var for seint. Etter omtrent ei veke kom vi til det punktet der neste steg ville vere å avlive henne. Men no var det like før stengjetid, og vi la ein plan i samråd med dyrlækjaren. Ho skulle avlivast neste morgon. Det gjekk dermed slik at ho fekk smertelindring heime utover den natta, medan vi veksla på å passe på henne. Før vi rakk å køyre nokon stad med henne, vart ho mykje dårlegare, og døydde. Klokka var 05.54 då ho pusta for siste gong. Eg skal vedgå at tårene sat laust.

Ein time seinare la eg henne varsamt i kassa som skulle vere kista hennar. Ho var så mjuk, med verdas mjukaste pels, og no heilt slapp i kroppen. Nera vart individuelt kremert same kveld hjå Smådyrkrematoriet Buvika. Der er det eit eige rom med plass til å ta skikkeleg avskil. Ho fekk avskil med mellom anna fire roser, dei var frå Tigris (som sat heime) og dei tre menneska i familien. Dei to kattesystrene har alltid vore så avhengige av kvarandre. Tigris har verka uroleg og litt forvirra etter at Nera vart borte, og ho mjauar meir, held seg meir nær oss, og søkjer kontakt meir aktivt. Vi prøver å halde henne godt med selskap.

Relatert:
Judith har i dag laga ei oversikt med lenkjer til bloggpostar og twittermeldingar som vi har skrive om Nera eller om Nera og Tigris sidan 2010. Les her: Nera.

Read Full Post »

Kattetisshjarte

Når tisseklumpen i kattedoen ser ut som eit hjarte. ♥
Wenn der Urinklumpen im Katzenklo wie ein Herz aussieht. ♥
When the urine clump in the cats’ litter box looks like a heart. ♥
Kiam la pisbulo en la kata necesejo aspektas kiel koro. ♥

Hjarteforma tisseklump

Read Full Post »

Tigris

Fyrst kastar du opp.
Så nektar vi deg mat.
Så stappar vi deg i buret.
Så tek vi deg med til ei framand dame.
Ho kjenner på deg så det gjer låkt.
Vi held deg fast. Du skjelv.
Plutseleg får du eit termometer i baken.
Du ser på oss. Heilt stum.
Så kjenner ho endå meir på deg.
Au. Du snur deg men er for redd til å jamre.
Så får du ei sprøyte. Du jamrar deg.
Så vert du trøytt og sovnar.
Og når du vaknar, vil du så gjerne gå, men får det ikkje til.
Og når du får det til, får du ikkje lov.
Og når du får lov, finn du ikkje mat.
Du tiggar og ser at systera di får mat, men du må svelte.
Og når du får mat, er det berre små porsjonar.
Så held vi deg fast og tvingar i deg ei kvit gugge
med smak og lukt som er berekna på menneskeborn.
Morgon og kveld.
I dagevis.

Og likevel legg du deg i fanget mitt når du vil kose deg i svevn.

tigrisfang400

Read Full Post »

Pus fekk det til

Nera i vindaugskarmenPus fekk det til. Tre år tok det, tre år med intens jakt, men til slutt fekk ho det til.

Ho fanga halen sin.

For medan systera Tigris har vakse av seg halejakt, finn vi stendig Nera i full, tja, sving rundt seg sjølv, snart tre år etter at både hovud og hale vart fødde.

Så kan ein spørje om kva alt oppstyret desse åra har handla om. Ja, kva gjer ein katt med det etterlengta byttet når tre års iherdig innsats endeleg har ført fram, når sigeren er eit faktum, og ingenting lenger står mellom pus og den absolutte fullendinga av halejakta? Kva gjer pus med halen sin då?

Giss éin gong.

For sjølvsagt, det kan jo ikkje vere noko anna enn dette eine: Ho tek eit solid grep, står resolutt med framlabbane på halen, og slikkar.

Eg hadde dessverre ikkje mobilen eller fotoapparatet for hand då det skjedde, så dette biletet av sigersjenta i vindaugskarmen etterpå får halde.

Read Full Post »

Turrfisk til du blør

Blodige sår på lippeneTurrfisk er godt. Nam. Det har også pusane oppdaga, sjølv om dei kan vere uhyre tolmodige og utvise stor sjølvdisiplin når eg sit og kosar meg.

Men det finst altså grenser også for sjølvdisiplin. Då kan det gå som på biletet. Det var ho Tigris som var ute med kloa og ville sikre seg at ikkje mannemennesket stakk av med delikatessa. Dette er altså turrfiskkampsår.

Dei to største såra fekk seg ein svidande omgang med alunstift etterpå. Seinare på kvelden kom Tigris i fanget og skulle trøyste meg, skulle helse litt med nasen, og oppdaga den rare lukta frå lippa mi. Ho sniffa litt, sniffa litt til, endå meir intenst, så snudde ho seg bort og pusta gjennom munnen. Akkurat no var nok ikkje dette favorittlukta.

Tigris et turrfisk frå handa

Tigris og eg i lukkelegare stunder, framleis med klør.

Tolmodige er dei, men når dei skjønar at eg er spandabel (ved ein bestemt stol på kjøkenet), handlar dei resolutt. Særleg Tigris slår gjerne klørne i handa mi når fingrane held rundt ein mòle turrfisk på veg mot menneskemunn, det er ein veldig effektiv måte for ein pus å overta måltidet på. Nera har byrja å setje klørne i låret mitt og tvinge meg ned på golvet med herlegdomen. Men andletet har dei kjemperespekt for, om det er aldri så mykje turrfisk i sving der, så dette var nok berre eit uhell.

Dessutan fekk eg vel som fortent, etter å ha vifta turrfisksmular framfor snuten på Tigris dei føregåande minutta og vekt jaktinstinktet hennar litt for grundig.

Read Full Post »

Tigris-kos

Eg har funne eit skikkeleg kosepunkt på Tigris, og Judith tok opp litt video av det. Litt dårlege lysforhold i sofaen, men ein ser at det er kos på gang.

Read Full Post »

Tåfis. Æsj!

Eg stakk tåa mi bort under nasen til Nera. Judith kom litt for seint til å få med seg då pusen måtte ty til munnen for å puste, men resten er vel like illustrerande. (Samposta med Judith.)

Read Full Post »

Katteplaskdebut

Eg sit i sofaen og sjekkar nettavisene like før sengetid. Plutseleg høyrer eg ein plaskete krafselyd frå badet, og deretter Judith som roper: «Jardar! Kan du kome og hjelpe?»

Bileta talar for seg. Tigris var kjempesur på oss etter å ha vorte tvangsdusja berre fordi ho hadde hoppa oppi doskåla like før Judith rakk å skylje ned.

Men når sant skal seiast, så var ho også utruleg roleg både før, under og etter turen til dusjkabinettet. Flink pus. Trass alt.

Ein forsiktig handduk kunne hjelpe litt, men slikke seg turr vil ein katt helst gjere på eiga hand. Framleis lett distrahert av halen bak gardina prøvde ho å leike med syster Nera, men å bykse fram minte henne berre på kor våt ho var. Rist litt ekstra på labben, slikk litt til, og så kom ho ikkje lenger med leiken.

No har nurka lagt seg for kvelden, medan Judith og eg sit og bloggar.

Read Full Post »

No mjauar det i heimen

Det er som det kitlar heilt ned i tåa når eg ser desse to hjarteknusarane saman. Dei to jentene kjem frå Meråker og har flytta heilt til Trondheim for å adoptere oss.

Tigris var nok ei god støtte for forsiktige Nera då dei kom til den nye heimen sin. Tigris forska ut staden, og Nera fylgde etter. Ein milestolpe var nådd då den mest atterhaldne av dei leikebeit meg i fingeren. Å vere akseptert av ein katt er noko ein kan tillate seg å vere stolt over.

Dei to har sine heilt eigne personlegdomar, slik det høver seg for kattar. Begge er dei nokså kjælne og leikne av seg, Tigris er den som mel snarast, men i går kveld vart Tigris så leiken at Nera vart lei og gjekk ned på kjøkenet i staden. Og medan Tigris er meir framfus enn Nera, er det Nera som har mot til å hoppe frå skuldra og heilt ned på golvet. Nera er også den store klatraren – her tidlegare i dag vart ho observert på veg opp dørkarmen.

Elles er dei veldig avhengige av kvarandre. Eg kan ta den eine på fanget og klappe henne, men så kjem det eit murremjau, og katten reiser seg og går for å leggje seg hjå systera tretti centimeter lenger borte.

Nera er den som er svart oppå og kvit under. Det fulle namnet hennar er Nera Bianca Missydotter. Tigris er sjølvsagt den stripete jenta, med det fulle namnet Tigris Felisa Missydotter.

Judith har skrive litt om jentene våre her.

Read Full Post »