Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘kj’

Kj-lyden igjen

SøylediagramI førre bloggpost såg vi på den korrekte kj-uttalen i ord som kjole, kjenne og liknande. Dette var sjølvsagt aprilsnarr. Vitskapen prøver å skildre og eventuelt forklare dei fenomena som finst, og vurderer ikkje om det eine fenomenet er meir korrekt enn eit anna fenomen (vitskapen er deskriptiv, ikkje normativ). Dermed vil ingen som forskar på lydar, hevde at sj-uttalen, den meir tradisjonelle «kviskra j»-uttalen eller altså tsj-uttalen er meir feil (eller meir korrekt) enn noko anna.

Norsk skule har dessutan sidan 1878 vore pålagd av Stortinget å respektere «Børnenes eget Talesprog» så høgt at til og med «Undervisningen i Almueskolen saavidt muligt meddeles» på dette.

Det som derimot er sant, er at /ç/ («kviskra j») er sjeldsynt i verdssamanheng, og at /c͡ç/ («tsj») er mykje meir vanleg. I ei stor oversikt over lydeiningar i 451 språk (UPSID) finst /ç/ oppført for 21 språk, /ʃ/ (sj) står oppført for 189 språk, medan «tsj»-lydar som /c͡ç/, /t͡ʃ/ og liknande står oppførte for til saman ca. 222 språk, avhengig av teljemåte.

Det er også verdt å nemne at frå eit vitskapleg perspektiv framstår lydendringa frå /ç/ (kj) til /ʃ/ (sj) som alt anna enn tilfeldig slurv (ein annan artikkel: pdf-fil, sjå særleg avsnitt 5.2). Noko anna er at ord som i dag har kj-lyd, hadde ein heilt annan uttale på norrønt, nemleg ein heilt vanleg k. Ord som kjenne og kysse var på den tida kenna og kyssa, begge uttalte nettopp med k, ikkje med kj.

Og til slutt: For oss som har den nemnde tsj-varianten (eg er sunnmøring), er det rart å sjå den kviskra j-en omtalt som «kj-lyd» overalt. Mange av oss synest heller han høyrest ut som ein, ja nettopp, som ein slags sj-lyd.

_____
Relatert:
Kjell à la Storm

(Parallellposta her.)

Read Full Post »

Korrekt kj-lyd

figur i kursmatereiellet

Frå materiellet som skal brukast i etterutdanninga av norsklærarar. Klikk for større versjon.

Alle veit at det er feil å uttale kj i ord som kjole som sj (sjole). Men nye forskingsresultat viser at også den uttalen som tidlegare vart rekna som korrekt, er feil. Dette vil få konsekvensar for opplæringa i norsk skule frå komande skuleår av, etter initiativ frå Språkrådet og Utdanningsdirektoratet. Informasjon om etterutdanning av norsklærarar vert sendt ut til skulane denne veka.

Den hittil korrekte uttalen av kj har vore ein såkalla palatal frikativ, som er vanleg i store delar av landet, til dømes i austlandsk og trøndersk. I lydskrift vert han stava [ç]. Men no viser det seg at også denne uttalen er feil. Mellom anna er lyden ikkje noko meir enn ein kviskra j, og det er heilt feil å bruke ein kviskra j i ord som kjole, eller for den saks skuld kjenne og kysse. I eit tverrspråkleg perspektiv ser vi også at denne lyden finst i relativt få språk.

Den uttalen som seglar opp som den korrekte, er tsj-uttalen som finst i fleire vestlandske og nordnorske dialektar, altså omtrent den same lyden som ch i engelske ord som chair. Også austlandsk har denne lyden i tydeleg uttale av ord som tsjekkisk, og i uttrykk som ritsj ratsj filibom-bom-bom. Den vanlege «kviskra j»-lyden i kj-ord som kjole og kjenne er ein dårleg og slapt uttalt variant av tsj-lyden.

Tsj-uttalen er ein såkalla affrikat. I lydskrift vert han ofte transkribert som [c͡ç] (engelsk gjerne som [t͡ʃ]). Denne lyden er mykje meir anerkjend på verdsbasis, han har akustisk optimale kvalitetar, og framstår som ein svært tydeleg lyd.

Forskings- og utgreiingsarbeidet har vorte utført av ein komité samansett av verdas fremste ekspertise på språklydar under leiing av fonetikkprofessor Tone Ana Kruse, og i samarbeid med Noregs Mållag.

(Parallellposta her.)

Oppdatering: Kj-lyden igjen

Read Full Post »