Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘klementin’

Løysemiddelluktmysteriet

Her om dagen syntest eg det lukta løysemiddel på stova. Løysemiddel? Ja visst, løysemiddel. Men det var ei veldig svak lukt, og det var umogeleg å finne ut kvar ho kom frå. Og ikkje var ho der heile tida heller, syntest eg. Så eg sa ingenting om det til Judith.

Men neste dag var det på same måten, berre litt sterkare. Nja, det kunne vel kanskje vere ein nabo, då, tenkte eg. Ein nabo som driv med løysemiddel eller noko. Det skjer jo så mangt i eit burettslag. Det er jo til og med så urbant her at folk ikkje alltid ventar til etter kyrkjetid på sundagane med å hamre. Slikt venta ein med nettopp til «etter kyrkjetid» (etter kl. 13) då eg var liten og budde på ei øy som sjølv då vart rekna som litt urban, i den grad det i det heile teke vart hamra på sundagar. Så dersom vi har det moderne nok til at folk av og til hamrar på ein sundags føremiddag, så kan det vel også finnast grannar som arbeider med løysemiddel seint på kveld.

Men utanfor hadde eg ikkje lagt merke til nokon løysemiddelaktivitet. Derimot merka eg at lukta var ekstra sterk når eg sat i sofaen og bøygde meg fram og plukka opp datamaskina som eg gjerne ville ha på fanget. Og så forsvann lukta igjen. Kanskje det heile var innbilt.

Men den tredje kvelden vart lukta intens, og eg kunne ikkje halde det for meg sjølv lenger.

– Luktar det løysemiddel her? spurde eg, og lurte i mitt stille sinn på om det var Judith som hadde styrt med neglelakk, men det burde eg ha oppdaga, så det hadde ho neppe.

– Ja, meinte Judith, det luktar noko, ja, hm.

Eg snusa litt på datamaskina som eg hadde på fanget. Judith gjorde det same med si datamaskin. Nei, det lukta kanskje litt varm elektronikk, men ikkje løysemiddel.

– Vi har jo ikkje løysemiddel på stova, sa eg, kjem det utanfrå?

Judith gjekk ut på soverommet, der vindauget stod på gløtt. Så kom ho tilbake med ein fersk istapp som pus fekk snuse på, medan ho rapporterte: – På soverommet luktar det i alle fall ikkje. Uh, det er litt kvalmande, dette.

Så vi opna verandadøra og snusa litt der òg. Ingenting å finne no heller. Er vindauget ope bak gardina, då? Nei, absolutt ikkje.

Og så oppdaga vi det. Eller rettare sagt, Judith oppdaga det, la det vere klart at det er ho som er den beste detektiven av oss to.

Vi kan ikkje ha frukt her i huset utan å dekkje til fruktskåla, for vi har også to pusar som er veldig glade i alt som ikkje er tildekt. Ute av syne, ute av sinn, ikkje sant. Problemet er at dette prinsippet gjeld også for menneske. Og der fann vi kjelda. Det var ikkje løysemiddel, nei. Det var ein mygla klementin.

Mygla klementin

Read Full Post »