Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘København’

Det vart altså likevel til at vi tok oss ein tur til København i slutten av juli, og fekk med oss slutten på den vekelange esperantokongressen (Wikipedia). Det eine hovudføremålet var å møte kjentfolk, om vi klarte å finne dei mellom dei 1458 påmelde. Det andre hovudføremålet var å få med oss den internasjonale kulturkvelden på fredag, som plar vere høgdepunktet på desse kongressane.

Det fanst grunnar til at vi ikkje hadde planlagt nokon slik tur i år, men å ikkje reise når det skulle vere så nær, vart til slutt for vemodig. Dermed sette vi oss på flyet, skaffa oss dagspass til fredagen (siste ordinære kongressdag), og troppa opp allereie ettermiddagen i førevegen.

Stablar med bøker

Frå kongressbokhandelen

Kjentfolk fann vi, om enn med litt teksting og tvitring fram og tilbake for å få det til, bortsett frå dei som vi møtte tilfeldig, då. Sånn som den polske kjenningen som gav meg ein stor klem og påstod at eg ikkje var til å kjenne att fordi eg hadde lagt sånn på meg.

Vi fekk også møte nye kjentfolk, slike som vi berre hadde møtt på nettet tidlegare.

Min fyrste esperantokongress var den i Bergen i 1991, to og eit halvt tusen menneske frå heile verda som snakka esperanto med kvarandre. Sidan har det vorte ein del esperantokongressar.

Visse vanar finst: Den eine vanen er kongressbokhandel med bøker og musikk som ein vanskeleg får tak i andre stader. Denne gongen avgrensa eg meg til Dhammapada, omsett til esperanto direkte frå pāli (som eg altså ikkje kan) av Gunnar Gällmo, og eg legg merke til nokre litt ulike val mellom denne omsetjinga og Kåre A. Lie si norske omsetjing.

DVD-omslag

Dokumentaren «The Universal Language»

Ein annan vane er føredrag og seminarverksemd. Mellom anna kan det vere ei oppleving å dukke opp på årsmøtet til den internasjonale esperantiske katteeigarforeininga. Vi var ikkje der i år (det var før vi kom), men fekk ei helsing frå kjentfolk via SMS. På ei anna side rakk vi innom årets auksjon, ikkje for å kjøpe, men for å la oss underhalde.

Medan den eine av våre nye kjentfolk gjekk opp til eksamen (gratulerer!), var Judith og eg på filmframsyning med tittelen «La universala lingvo» (The Universal Language). Denne dokumentaren av den velrenommerte regissøren Sam Green hadde eit forfriskande utanfrå-perspektiv: forfriskande fordi det ikkje var ein esperantobrukar som laga filmen, og forfriskande fordi det var ein dokumentar om noko så snodig som esperanto.

Og så var det kulturprogrammet, då. Det er ofte fleire konsertar på desse kongressane, og dei held som regel eit bra nivå. No kom vi så seint at vi ikkje fekk med oss så mykje meir enn ein og ein halv konsert, men den internasjonale kulturkvelden fekk vi med oss. Dette var også hovudattraksjonen som vi sikta oss inn mot då vi sette oss på flyet.

Folk på scena

Alle artistane på scena under finalenummeret

På kulturkvelden (Internacia Arta Vespero) er nivået gjerne noko variabelt, men i år var det betre enn på lenge. I sin bloggpost ramsar Judith opp variasjonen med korte innslag, dans frå heile verda og musikk i ulike stilar, og ho nemner finalenummeret, der alle artistane framførte Kim Henriksens populære song «Sola». Og ja, dei fekk hjelp frå publikum òg.

Her er nokre sekund med grovklipte videoopptak frå kulturkvelden:

Og så var det slutt. Det vil seie, neste dag var det «høgtidleg avslutning», i praksis massevis av talar, premiar og prisar, litt korsong, overrekking av kongressflagget til neste års kongressby Hanoi, musikalsk helsing frå barnekongressen, og til slutt avsynging av esperantohymnen. (Ei rørsle frå 1800-talet med respekt for seg sjølv har jo ein hymne.) Og sundagen gjekk turen til Kastrup, men det har eg allereie fortalt om: Flyplasskontroll og sånt.

Read Full Post »

Tryggingskontrollen på flyplassane er alltid spanande. Til dømes når det står oppslag om at datamaskiner skal pakkast ut og liggje synlege, og i neste augneblink at verdisaker ikkje skal liggje synlege.

Kastrup à la Google Street View

No har vi nettopp vore på flytur igjen. Det vart nemleg likevel til at vi tok oss ein tur til København for ei veke sidan, frå torsdag til sundag juli, og fekk med oss slutten på den vekelange esperantokongressen, sjå bonusvideoar under.

Men tilbake til dette med flyplassar. Det er ikkje lenge sidan eg gløymde å ta av meg beltet på Gardermoen, og det peip ikkje i det heile teke, trass i at utstyret tradisjonelt har vore strengare kalibrert der enn på Værnes.

Og så var det altså København, då. Vi kom til Kastrup på sundag no for nokre dagar sidan og skulle heimover mot Trondheim. Belte, jakke, mobil, pengar, alt vart stappa ned i ei korg som skulle leggjast på bandet til gjennomlysing. Men eg fekk ikkje gå gjennom metalldetektoren heilt enno, nei.

– Er lommene tømde? spurde vakta.

– Eg har ikkje noko metall der, iallfall, sa eg, og viste fram: Eg har berre dette lommetørklet.

– Legg det der, sa vakta, letta på jakka mi, smilte og peikte.

Lommetørklet skulle altså gjennomlysast. Og til liks med verdigjenstandar skulle det leggjast skjult under noko anna. Sjølvsagt var eg litt i stuss over dette. Eit lommetørkle kan jo innehalde litt av kvart, så kanskje vakta trudde at det var eit biologisk våpen eller noko? Eller var han berre veldig ivrig på at alt skulle gjennomlysast og minst mogeleg skulle gjennom metalldetektoren? Kanskje utstyret var endå strengare kalibrert der enn i Noreg og snappa opp både metall og baseluskar?

Eg spurde sjølvsagt ikkje. Ein diskuterer ikkje med vakter på ein flyplass. Han her såg dessutan koseleg ut. Så i staden ville eg vere samarbeidsviljug, og spurde derfor, framleis med tanke på metalldetektoren framfor meg: – Brillene mine er av metall, skal eg ta dei av?

– Nei, det går fint, svarte vakta, sende meg gjennom, og på den andre sida kunne eg plukke opp att både jakke, pengar, belte, penn, klokke og mobil. Og altså lommetørklet.

Bonusvideoar: dans på den internasjonale kulturkvelden på esperantokongressen og litt frå finalenummeret. Les meir om kongressen her.

Read Full Post »