Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Kongens fortenstmedalje’

Tale til Elna Matland
ved leiaren i Norsk Esperanto-Forbund, Jardar Eggesbø Abrahamsen,
i høve overrekkinga av H.M. Kongens fortenstmedalje i sølv,
Grand Hotel Terminus, Bergen, fredag 18. september 2009.

Gode Elna.

Tale til ElnaDå styret i Norsk Esperanto-Forbund byrja å nøste i merittane dine, visste me allereie på førehand at dette kom til å ta tid. Det me derimot ikkje visste, var kor omfattande arbeidet ditt faktisk har vore. Me innbilte oss at du hadde lagt ned ein enorm innsats for esperantorørsla, men di meir me nøsta, di meir forstod me at orda «enorm innsats» rett og slett var for små.

Mykje av det du har gjort, har me allereie høyrt nemnt, og alt vitnar om at du er eit organisasjonsmenneske:

Du hadde vel knapt lært esperanto, før namnet ditt dukka opp i klubbavisa for Bergens Esperantoklubb – som redaktør. Du har sagt til meg at dei var så ivrige i klubben etter å aktivisere deg.

Men eg trur det kanskje er mange her i dag som har ein mistanke om at det var ikkje berre klubben som var ivrig.

Du må naudsynleg ha vore ivrig då du sykla til kretsstemne i Vikedal i 1942, midt under krigen, og tre år etter at du lærte esperanto. Resultatet av den sykkelturen var at Bergens-klubben neste år melde seg inn i Vestlandets krets.

Ved frukostbordet på landsmøtet no i sommar lærte du oss ei takk for maten-regle: «Pro la manĝo dankon, ni ne trovis mankon, dankon.» Kvar hadde så denne regla oppstått? Jau, på det årlege Lofthus-arrangementet på 40- og 50-talet som me allereie har høyrt om, og der du hadde ein ikkje ubetydeleg finger med i spelet.

Då du fylte 50, skreiv Carl Støp-Bowitz i medlemsbladet Norvega Esperantisto at du er «unu el la plej dinamikaj esperantistoj en Norvegujo» (ein av dei mest dynamiske esperantistane i Noreg). Og han hadde belegg for påstanden: «Tra la jaroj ni trovas ŝin en preskaŭ ĉiuj eblaj oficoj de la movado» (Opp gjennom åra har me funne henne i nesten alle mogelege verv i rørsla). Og så brukte han 26 liner i medlemsbladet på å ramse opp veldig overflatisk ulike verv og andre gjeremål i norsk og internasjonal esperantorørsle.

Me høyrde i stad at Støp-Bowitz avslutta sin gratulasjon den gongen med at dei fleste esperantistar ikkje ville ha oppnått halvparten så mykje på hundre år som du har oppnått på dine femti fyrste.

Men så la han til: «dezirante al la jubileulino minimume kvindek pliajn same aktivajn jarojn». Han såg altså fram til minst femti nye år med eit tilsvarande aktivitetsnivå.

No har det snart gått førti nye år, og eg trur Støp-Bowitz ville ha vore nøgd.

Mitt fyrste møte med deg var under Universala Kongreso i Bergen i 1991. Der hadde eg den glede å observere deg i full fart gjennom Grieghallen med eit einaste stort smil om munnen. Og det var eit velfortent smil, for under di leiing vart Universala Kongreso i Bergen ein svært vellukka esperantokongress. Eg har vore på mange kongressar, og veit kva eg snakkar om frå eit publikumsperspektiv. Også i Revuo Esperanto, det internasjonale bladet til UEA, forstod dei kva som hadde hendt, og kongressen vart omtalt i svært rosande ordelag.

Bergens-kongressen var også usedvanleg synleg for den jamne bergensar, og med kongress-namneskiltet på brystet opplevde eg å verta stoppa på gata av blide bergensarar som ynskte meg hjarteleg velkomen til Noreg. Dei kom med den velkomsten på engelsk, men dei visste kva esperanto var, og dei hadde høyrt om kongressen.

Elna og Jardar

Dagens forbundsleiar solar seg i glansen frå den gamle leiaren.

Same sommaren gjekk du av som leiar i Norsk Esperanto-Forbund etter seks år i det vervet. Sjølv om du har prøvt å roe deg ned, så har du likevel med visse mellomrom levert friske og ikkje minst dagsaktuelle innspel:

For nokre få år sidan føreslo du å omorganisere den norske esperantorørsla, at me kunne gå vekk frå den tradisjonelle medlemssentrerte organisasjonen og over til ein struktur som var meir i tråd med tida. Forslaget førte nok ikkje til den omfattande debatten som du hadde ynskt, men det illustrerer likevel at du gjev gjerne folk nye tankar å tenkje på, og det gjer du på grunngjevne måtar.

Du er også engasjert på meir tradisjonelt vis. På landsseminaret i 2006 var det du som var hovudattraksjon, med eit entusiastisk føredrag om norsk esperantohistorie, spesialbestilt av forbundsstyret. Du greidde sjølvsagt ikkje å dy deg der heller, så du smugla inn eit lite innlegg om fordelar og ulemper ved den landsmøteordninga som finst i dag.

Som sagt har du prøvt å roe deg ned. Men etter det eg har klart å spore opp, har du framleis to verv i esperantorørsla: Du er varamedlem i styret til Bergens Esperantoklubb. Og etter 51 samanhengande år er du framleis delegito (lokalrepresentant) for Universala Esperanto-Asocio.

Alt i alt har du – så langt – hatt 70 år som ein usedvanleg aktiv esperantist. Dette tyder at sjølv om me har prøvt å nøste i merittane dine etter beste evne, så kan me umogeleg ha greitt å få oversikt over alt det som du har gjort for esperantorørsla, og som du har gjort i tillegg til både lærargjerninga, kommunalpolitiske verv og verv i andre organisasjonar.

Du er sjølvsagt allereie æresmedlem i både Bergens Esperantoklubb, i Norsk Esperanto-Forbund og i Universala Esperanto-Asocio. Likevel følte me altså i forbundsstyret at det var noko som mangla.

Og i dag ser me at kongen var samd med oss.

På vegner av Norsk Esperanto-Forbund: gratulerer og takk!

Read Full Post »