Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘kontaktliste’

Kontaktliste

Etter å ha synkronisert mobilkalender med iCal på to datamaskiner vha. iSync og MobileMe i lengre tid ville eg sjå om Adressebok på Mac-en var noko å satse på for meg. Det skulle vise seg at det ikkje var noko for meg, men eg lærte litt av forsøket.

Mellom anna fekk eg oppleve korleis det går når mobiltelefonen berre har eitt felt for namn, medan Adressebok har to: eitt for førenamn og eitt for etternamn. Kort sagt gjekk det ikkje bra. Den oppdikta testpersonen «Ola Ola Olsen» fekk plutseleg førenamn «Ola» og etternamn «Ola Olsen», og den same lagnaden møtte alle eg kjenner som har to førenamn utan bindestrek.

Mobilen min kjem frå Sony Ericsson, og det same namnefenomenet kan ein observere når ein prøver å sortere kontaktlista på telefonen etter etternamn: «Ola Olsen, Ola».

Dette løyser ein enkelt ved å skifte ut mellomromet i «Ola Ola» med eit fast mellomrom, altså det teiknet som ikkje lèt seg dele ved lineskift, heksadesimal teiknadresse A0. På Mac får ein fram dette ved å halde nede alt-knappen medan ein trykkjer mellomrom. Så eg stappa teiknet inn i ei tekstfil som eg overførte til mobilen, og så kunne teiknet kopierast derifrå. Ettersom dette ikkje er eit vanleg mellomrom, vart no «Ola Ola» behandla som eitt ord, medan det ekte mellomromet før «Olsen» markerte skiljet mellom førenamn og etternamn.

Å slå opp i kontaktlista på mobilen ved å taste starten på namnet gjekk framleis fint, medrekna mellomromet, ettersom telefonen oppfatta mellomrom i så måte som synonymt med fast mellomrom. Ikkje noko problem.

Men å synkronisere med Adressebok var altså ikkje noko for meg. Det viste seg at telefonen og Adressebok ikkje har dei same felta: Mellom anna har ikkje Adressebok eigne felt for privatmobil og jobbmobil, derimot har det heimefaks og jobbfaks, medan kontaktlista på mobilen berre har eitt faksfelt. Ein skulle tru at i 2010 er det meir sannsynleg at folk har fleire mobiltelefonar enn at dei har fleire faksmaskiner, men slik er det altså ikkje i Adressebok.

Dette førte til at i Adressebok vart alle dei tre mobilnummera hans Ola Ola klassifiserte som berre «mobiltelefon», ikkje «mobil, jobbmobil, privatmobil». Då eg synkroniserte tilbake frå Adressebok til telefonen, vart det kluss, og Ola Ola stod att med berre eitt mobilnummer.

Men å ta tryggingskopi av kontaktlista si er alltids lurt. Eg har i alle år brukt PhoneAgent til dette, og tilrår gjerne programmet. Opphavsmannen er også veldig imøtekomande når ein rapporterer om problem som ein oppdagar, og på min harddisk har eg no forutgåva til neste versjon. 🙂

Ein kan òg ta tryggingskopi av kontaktlista ved å overføre henne som vCard til datamaskina over blåtann. Dette har den fordelen at det er gratis. På min mobil gjer ein det slik: Kontaktliste > Valg > Mer > Avasert > Send alle kontakter > Via Bluetooth. Ein må sjølvsagt passe på at mobil og datamaskin er para, og på Mac må ein passe på at Bluetooth-deling er slege på: Systemvalg > Deling.

Då landar det ei .vcf-fil på harddisken, og denne kan brukast til import i Adressebok, Google kontakter eller kva det måtte vere. Importerer ein i Google kontakter, får ein til og med sjå kva som er jobbmobil og kva som er privatmobil.

Read Full Post »