Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘lingvistikk’

/d/I dag, 4. mai 2017, er det akkurat 100 år sidan Daniel Jones for fyrste gong brukte termen «phoneme», altså fonem, i den tydinga som folk kjenner i dag. Ein hundreåring er sjølvsagt ikkje akkurat siste skrik lenger, men av ulike grunnar lærer ein framleis om fonemet her og der, og det er mange språkfolk som har eit nært og godt forhold til det. Fonemet er ein svært viktig del av historia til fagfeltet fonologi. Mellom dagens fonologar har fonemet likevel for ein stor del gått av moten.

Det er fleire grunnar til at fonemet gjekk av moten, men det kan oppsummerast med at språk rett og slett ikkje oppfører seg heilt slik som fonemmodellen skulle tilseie.

Noko av dette gjeld sjølve det å ha fonemet som eit mellomnivå mellom det leksikalske nivået (slik som ord og andre element er lagra i det mentale ordtilfanget) og overflata/allofonnivået/«uttalenivået». Andre sider av saka gjeld t.d. den meir allmenne førestillinga om kva ein språklyd eigentleg er for noko.

Eg har skrive ein ørliten artikkel om kva som ligg i dette meir i detalj, og kva som har skjett i dei hundre åra som har gått etter at fonemet kom til verda. Det skal seiast her at eg er korkje norsklærar, lærar eller norskfagleg av meg, men skal ein nå eit fagleg orientert publikum som ikkje allereie er godt kjende med stoffet, og som heller ikkje allereie er så spesialiserte at dei berre er interesserte i heilt andre ting, så er bladet Norsklæreren/Norsklæraren ein god stad. Så i nr. 1/2017 stod artikkelen «Når verktya endrar seg: hundre år etter fonemet». Som det høver seg, var dette sjølve jubileumsnummeret av bladet, ettersom Landslaget for norskundervisning fyller 40 i år, så det eine jubileet fekk verte markert med eit anna.

Artikkelen er attgjeven som resten av denne bloggposten. Det er avklart med opphavleg publiseringskanal at eg har lov til å leggje ut artikkelen på denne måten. Nokre få vil kjenne att delar av teksten: Ein tidleg kladd stod i studenttidsskriftet riss for tre år sidan, med eit opplag på 100 (eitt hundre). Takk til Jan K. Hognestad for råd om framstillinga i delar av den endelege versjonen (ein fotnote med takk fall ut då teksten kom på prent). Ein pdf av den prenta versjonen ligg her.

– – –

Når verktya endrar seg: hundre år etter fonemet

Av Jardar Eggesbø Abrahamsen
Opphavleg publisert i Norsklæreren 1/2017 s. 213–219.

Fonemet fyller 100 år i 2017. Dei fleste som har studert språk, har lært om fonem, men i fonologisk faglitteratur i dag finn ein knapt fonemet nemnt. Her skal vi sjå litt forenkla på noko av det som har endra seg sidan fonemets glansdagar.

Fonemet

Dei to lydane [tʰ] og [d] er ulike nok til at dei kan skilje mellom tydingane til dei norske orda [tʰiː] ‘ti’ og [diː] ‘di’. Då seier vi at desse lydane i norsk sorterer under ulike fonem, som vi gjerne kan transkribere praktisk som /t/ og /d/. Eit fonem har fleire allofonar, dvs. konkrete uttalar, som vekslar mellom å representere fonemet sitt. Til dømes har /t/ allofonar som [tʰ], [t] og meir til, avhengig av nabolydar og plassering i ordet, og avhengig av presisjonsnivå i presentasjonen vår.

Termen «fonem» har tradisjonar heilt tilbake til 1870-talet, men med eit noko varierande innhald (sjå Dresher 2011 for ein gjennomgang). I vår moderne tyding har fonemet sterke band til strukturalistisk lingvistikk, og skal ha vorte brukt om lydfamiliar med distinktiv funksjon fyrste gong den 4. mai 1917 av den vidgjetne britiske fonetikaren Daniel Jones (1881–1967), jf. Jones (1967:260f).

Fonemet i denne tydinga har hjelpt oss med å skilje mellom konkrete lydar (fonetikk) og strukturane i lydsystema (fonologi), og er såleis ei uhyre viktig oppfinning i den språkvitskaplege faghistoria.

Problem med fonemet

Likevel dukka det snart opp problem med modellen. Eitt av dei mest kjende er nøytralisering, når to fonem vert uttalte på den same måten. Til dømes er /g/ og /k/ ulike fonem, og kan skilje mellom adjektivet trygg med [g] og imperativen trykk med [k]. Nøytralisering av denne fonemskilnaden oppstår når /g/ i trygt og /k/ i trykt vert uttalte likt som [k] pga. t-en som kjem etter dei: Brannvesenet fekk katten [trykt] ned. Eit problem her var at når skilnaden mellom to fonem vert oppheva, slik at dei høyrest like ut og dermed ikkje lenger i seg sjølve kan skilje mellom tyding, så kjem dette i konflikt med korleis fonemet er definert og avgrensa som nettopp tydingsskiljande ulikskapar.

Ein fann løysingar på dette. Likevel fekk ein aldri heilt bukt med at skotta mellom fonema ikkje er vasstette. Om vi skal tillate oss å hoppe over detaljane: Til dømes vil ei stemtheitsveksling som i bøyinga try[g] – try[g]e – try[k]t (trygg, trygge, trygt) også handle om at ordet som del av bøyinga vekslar mellom to røter, fonemisk /tryg/ og /tryk/, eller eventuelt transkribert /tryg/ og /tryK/, der stor /K/ symboliserer eit nøytralisert fonem. Vekslinga mellom dei to røtene /tryg/ og /tryk/ i ulike bøyingsformer kunne då reknast som ei veksling mellom ulike fonem, sidan /g/ og /k/ er forskjellige nettopp på fonemnivået. Dette er det vi tradisjonelt kallar ei morfofonologisk veksling, for det handlar om eit samspel mellom morfologi og fonologi: Ordbøyinga fører til fonemveksling og dermed til at ordet vekslar mellom to fonologisk ulike røter. Så langt er alt vel.

Men på ei anna side finn vi samstundes den tilsvarande stemtheitsvekslinga mellom t.d. bergensk tve[ʁ]e og tve[χ]t (tverre og tvert), med stemd og ustemd skarre-r. No har det seg slik at stemd og ustemd skarre-r berre er to uttalevariantar (allofonar) av eitt og same fonem /r/. Dette bergenske tilfellet ville då vere ei reint fonologisk avhengig uttaleveksling (også kalla allofonveksling), sidan stemd og ustemd skarre-r ikkje er separate fonem. Den morfologiske rota /tvær/ er altså fonologisk konstant, og har dei same fonema heile tida, berre med litt forskjellig uttale i dei ulike bøyingsformene, avhengig av korleis nabolydane verkar inn. Vekslinga i uttale av fonemet /r/ er dermed ei sak for fonologiske uttalereglar åleine, og påverkar ikkje dei morfologiske forholda, sidan rota er fonemisk konstant.

Slike forhold skapte problem for analysemodellen. Eitt og same fenomen, i vårt tilfelle stemtheitsassimilasjon ved /t/, måtte forståast som to urelaterte prosessar, knytte til ulike nivå i språket: morfofonologisk fonemveksling i tilfellet «trygt», fonologisk allofonveksling i tilfellet «tvert». Og dette var berre eitt av problema med fonemmodellen, om enn kanskje det mest kjende problemet. Sjå t.d. Dresher (2011:256ff) og Carr & Montreuil (2013:79ff) for djupare drøftingar.

Slikt gav då ei uhaldbar forståing av korleis språk oppfører seg, og situasjonen hadde oppstått fordi modellen har eit fonemnivå mellom det leksikalske nivået (korleis orda er lagra i det mentale ordtilfanget) og allofonnivået (uttalen). I løpet av 1960-talet førte dette oss over i generativ fonologi, med Chomsky og Halle (1968) som klassikaren. Kort sagt finst ikkje det mellomliggjande fonemnivået lenger. Røter som trygg og trykk er lagra mentalt, i den «underliggjande repesentasjonen», med sine respektive /g/ og /k/ (skråstrek i formalismen tyder altså noko anna no enn tidlegare), men så kjem /g/ i visse fonologisk definerte situasjonar til overflata som [k], utan at dette får andre konsekvensar enn nettopp det.

Segment eller ikkje

Å avskaffe fonemnivået løyste ein del problem. Men fonologisk teori sleit framleis med ein annan arv frå faghistoria: segmentet. Eit segment er ei lydeining, i fonemmodellen altså eit fonem eller ein allofon. Tanken hadde vore at segmenta, fonologisk sett, kom på rekkje og rad som klart avgrensa lydeiningar, omtrent som bokstavar i alfabetiske skriftspråk. Kvart segment kan rettnok analyserast som oppbygt av massevis av såkalla trekk, slik som stemtheit, nasalitet og artikulasjonsstad, men desse trekka held seg på plass innanfor det segmentet som dei utgjer.
Trekkmatrise
Illustrasjonen her er ein tradisjonell såkalla trekkmatrise som viser fonologiske trekk som ein kunne rekne som involverte når vi skal lage segmentet /n/. Detaljane kan variere litt mellom analysane, og trekka har til dels andre etikettar enn den «stemde alveolare nasalen» som vi er vane med frå fonetikken. Men poenget her er at trekka held seg samla og innanfor segmentet, at eit segment er eit segment, og ferdig med dét.

Det er berre det at språk ikkje oppfører seg heilt slik.

John Goldsmith kom med sin autosegmentale representasjonsteori i 1976, og sjølv om mykje i fagteorien har endra seg sidan den gong, er hovudbodskapen framleis: Segmentet er ikkje ein bunt med trekk som alltid høyrer saman. Trekka, til dømes nasalitet, stemtheit og artikulasjonsstader, samarbeider om å lage det som vi oppfattar som segment, men trekka kan også leve sine eigne liv. I staden for éin streng med ferdige og klart avgrensa lydar kan ein enkelt sagt rekne med parallelle og separate men tidssamordna sjikt med lydbyggjesteinar, altså trekk. Dermed vert det klassiske segmentet litt tvilsamt.

Eit fenomen som illustrerer den sjølvstendige rolla til trekk godt, kan vere nasalar i lombardisk, eit romansk språk i Alpane, her Milano-dialekten. Vi skal sjå på korleis sjølve nasaliteten oppfører seg der, og skal ikkje bry oss om andre einskildtrekk (analysen min her er noko forenkla og utnyttar ikkje dei nyaste verktya, som ville ha gjeve ein nesten motsett prosedyre; takk til Jørgen G. Bosoni for milanesiske uttaledata):

Autosegmental figur av buNSpråket har ein litt spesiell nasal konsonant, la oss kalle han /N/, som i akkurat denne dialekten berre kan opptre i stavingsopptakt, dvs. til venstre for vokalen, og då med uttalen [n]. Hokjønnsforma av adjektivet ‘god’ er [ˈbuna] med [n] til venstre i stavinga [na]. Vokalen [a] her er bøyingsendinga for hokjønn. I hankjønn finst ikkje den endinga, og ein kunne ha venta [ˈbunː] eller liknande (lang [nː] av urelaterte grunnar), men det er ikkje dette vi får. Hankjønnsforma er i staden [ˈbũː] med nasal vokal. Mesteparten av den nasale konsonanten vert altså utelaten, men sjølve nasaliteten finst likevel, og legg seg på vokalen.

Ei klassisk segmentbasert tilnærming ville vere meir komplisert, for dersom nasaliteten t.d. er ein del av konsonanten, så må ein framleis forklare at det er den synkrone og fonologisk motiverte konsonantutelatinga som utløyser vokalnasalering. Med strengt avgrensa segment skulle det å utelate konsonanten også ha utelate nasaliteten, men det skjer jo ikkje her. Det viser seg òg at vokalen vert nasalert berre når konsonanten ikkje er der, dette heng altså saman. Når vi av ulike grunnar har former der ein nasal konsonant til samanlikning framleis er til stades, som i [ˈʃima] ‘fjelltopp’, [ˈʃimː] ‘fjelltoppar’, [ˈanː] ‘år’ (sg. og pl.) og altså [ˈbuna], får dialekten heller ikkje nasal vokal. Alt i alt lever nasaliteten sitt eige liv, og vekslar i former som [ˈbuna] og [ˈbũː] mellom å vere knytt til ein konsonant og å vere knytt til ein vokal, alt etter kva som er tilgjengeleg i den aktuelle posisjonen i stavinga.

Også norsk språkhistorie har døme på trekk som ikkje held seg innanfor segmentet sitt, t.d. omlydar, slik som eintalsforma strand mot fleirtal strender. I dag er dette ei reint morfologisk vokalveksling. Men den historiske bakgrunnen for denne vokalvekslinga finn vi i den urnordiske fleirtalsforma som kan rekonstruerast som strandiʀ. Det fanst ein fonologisk finesse på den tida som gjorde at den fremre vokalen /i/ i endinga påverka den bakre vokalen /ɑ/ til å verte uttalt som ein fremre vokal à la [æ]. Den regelen finst ikkje lenger, men dei historiske forholda er i dag gjenspegla av «e» i strender. På den tida var altså ikkje den fremre kvaliteten til /i/ avgrensa til sin eigen vokal. Liknande fenomen med vokalar som på visse vilkår påverkar kvarandre på avstand, finst i det synkrone språksystemet i mange nolevande språk.

Både einskildtrekk og grupper av trekk kan vere aktive i fonologiske prosessar i ulike språk, og det finst mange døme på slikt som vil vere vanskeleg eller meir omstendeleg å behandle i strengt lineære modellar, der ein lyd er ein lyd, finst på éin avgrensa plass, og ferdig med dét. Segmentomgrepet er likevel praktisk å bruke, og det finst gode faglege grunnar til å ta vare på det. Ikkje minst finst fenomen som metatese, altså lydomskifting, som då kross vart til kors i delar av skandinavisk, eller når born vil ta på seg stølvane. Skal segment skifte plass på slike måtar, treng vi at segmenta faktisk finst i språkstrukturen. Men vi veit altså at det fiks ferdige og klart avgrensa segmentet ikkje er heile historia.

Og om det då skulle verke framandt at lydane altså ikkje treng å vere faste og einskaplege klumpar med fonologiske trekk, så tenk på dette: I taleorgana finn vi den fonetiske kjelda til stemtheit på ein heilt annan stad enn kjelda til nasalering, osb. Det skulle ikkje overraske at ein kan finne spor av dette også i dei mentale representasjonane av lydsystemet, altså fonologien. Trekk- og segmentteori har forresten òg utvikla seg mykje dei siste førti åra, dette er ikkje dekt av gjennomgangen over.

Prosodi

Tonale vekslingar har vore viktige i fagutviklinga: Norsk er rettnok ikkje eit tonespråk, men har tonar. Tenk på den stigande tonen i vokalen i austlandsk sol, mot låg + høg tone i sola. Tonane her er ikkje knytte til vokalane men til stavingane, og i sol er låg + høg berre pressa saman på éi staving. Tonane lever altså sitt eige liv. Tonane er rettnok avhengige av å ha stavingar med lydar (segment) for å kunne høyrast, men dei kan fordele seg på desse stavingane avhengig av kor mykje lydmateriale som er tilgjengeleg. Det vert altså ein parallell til det lombardiske dømet med nasalar over.

Og sameleis som i dømet med nasalar over, så er det vanleg i tonespråk at ein tone overlever sjølv om stavinga (vokalen) skulle forsvinne, t.d. i ewe (Ghana): Possessivpartikkelen /ɸé/ er leksikalsk spesifisert for å ha ein høg tone, markert med akuttaksent i lydskrifta. Men partikkelen misser vokalen sin når substantivet etter byrjar på vokal, t.d. /awu/ ‘klede’, som berre har låge tonar. Dermed finst ikkje den stavinga lenger som skulle hatt høg tone. Men til saman vert dei to orda i fellesskap likevel uttalte [ɸáwu] i samanhengande tale, med høg tone frå den sletta vokalen, men no plassert fremst i substantivet (Motte 2013:80 og personleg). Vokalen frå det fyrste ordet vert altså utelaten, men tonen finn seg ein annan vert.

Med autosegmental teori fekk vi på kjøpet ei solid utvikling av prosodisk teori også meir generelt, altså trykk, tonar, moraer, stavingar og større prosodiske domene. Vi har fått verkty til å analysere trykkplassering, intonasjon (setningsmelodi) og meir. Det lombardiske dømet over var eit samspel mellom stavingsstruktur og segmentalfonologi.

La oss ta endå eit døme frå norsk: I mange norske dialektar uttaler ein den bundne forma båten som båt’n [¹boːtn̩] med stavingsberande [n] i siste staving, utan vokal. Det er derimot ikkje mogeleg å lage ei trykksterk staving utan vokal på norsk: Smått om *snn fekk eg *vndt i *tnna mi.

Dette òg er eit spørsmål for prosodien, i dette tilfellet det som fagsjargongen kjenner som ulike sonoritetstersklar for staving og fot (Zec 2003). Dette handlar om kor mykje klang, etter visse faglege definisjonar, som trengst for å få ei staving sånn generelt, kva som trengst for å få meir spesifikt ei trykkstaving, og eigentleg meir til. Slikt varierer frå språk til språk, men i norsk er det altså slik at trykkstavingane insisterer på å innehalde ein vokal (mykje klang), medan trykklette stavingar kan nøye seg med visse slags klangsterke konsonantar (mindre klang enn vokalar). Igjen har vi altså eit samspel mellom prosodi og einskildlydar.

Stoda i dag

Fonologisk teori har vorte stendig meir typologisk orientert, og dreg såleis vekslar på innsikter frå ulike språk – og på allmenn fonetikk og andre fag – for å forstå kva som skjer. Dei siste litt meir enn tjue åra har ein også byrja å gå bort frå fonologiske reglar (at /g/ vert til [k] i ordet trygt fordi /t/ dikterer det), og har teke i bruk eit optimalitetsteoretisk rammeverk (at /g/ vert til [k] fordi dette er den minst uheldige løysinga i den aktuelle situasjonen) med eit meir direkte forhold til dei innebygde kreftene i fenomenet menneskespråk, uavhengig av kva syn ein måtte ha på trekk og segmentstruktur.

Eg skal ikkje utdjupe teorien i dette, anna enn at det dreier seg om å kartleggje dei språkspesifikke styrkeforholda mellom ulike og presumptivt universelle krefter i språket som kan trekkje i kvar si retning. I dag kan ein knapt lese fonologisk faglitteratur utan å forhalde seg til optimalitetsteori.

Kvar vart det så av fonemet på vegen? Det finst framleis i kulissane, særleg på innføringsnivå og i språkfag der ein ikkje ser for djupt på den fonologiske materien. Fonemet kan nemleg vere nyttig til sin bruk, m.a. gir det praktiske innleiande oversyn over lydsystema i språk, og er ein viktig del av faghistoria. Ein må berre hugse at modellen hadde sine klare grenser og gav eit problematisk bilete av korleis språk oppfører seg. Slik vil det alltid vere med vitskaplege modellar, og også dei nyare teoriane og analysemodellane har sine utfordringar. Det skulle berre mangle.

Litteratur

Carr, Philip & Montreuil, Jean-Pierre 2013. Phonology. 2. utg. Houndmills: Palgrave Macmillan.

Chomsky, Noam & Halle, Morris 1968. The Sound Pattern of English. New York: Harper and Row.

Dresher, Elan 2011. The Phoneme. I Marc van Oostendorp m.fl. (red.): The Blackwell Companion to Phonology. Volume I: General Issues and Segmental Phonology. Wiley-Blackwell, 241–266. (På nett her.)

Goldsmith, John 1976. Autosegmental Phonology. Doktoravhandling, MIT. New York: Garland Press, 1979.

Jones, Daniel 1967. The Phoneme. Its Nature and Use. Tredje utgåve. Cambridge: W. Heffer & Sons.

Motte, Mercy 2013. Vowel Hiatus Resolution in Ewe. Masteroppgåve. Trondheim: NTNU, Department of Language and Literature. (På nett her.)

Zec, Draga 2003. Prosodic Weight. I Caroline Féry og Ruben van de Vijver (red.): The Syllable in Optimality Theory. Cambridge University Press, 123–143.

– – –

Tidlegare bloggpostar om fonologi med relativt fagleg vinkla innhald, men hakket meir popularisert enn dagens bloggpost, er mellom anna:

Skrik (20.11.2009) • Å gjere vestlending av statsministeren (15.12.2011) • Makaber onstag (23.4.2012) • Eit optimalt jubileum (1.7.2013) • Å gjere austlending av statsministeren (14.2.2016) • Meir her: språk

Read Full Post »

Infoskjerm: HF foreslår å legge ned studieprogrammet i språklig kommunikasjon sammen med lingvistikk, og vi har frist til 20. januar med å uttale oss.

Infoskjerm på Dragvoll

I desember vart det som kjent føreslege å leggje ned ei rekkje humanistiske fag på Dragvoll, les meir om dette saman med landsoversikta i Morgenbladet 6. januar. I alle fall vi på lingvistikk har jo fått vite at vi framleis skal ha lov til å forske innanfor våre eigne fagområde, sjølv om alle forstår at det ikkje vil vere like lett å halde seg fagleg oppdatert når ein skal undervise i noko anna. Det vil også verte vanskelegare å finne studentar som er kvalifiserte til å verte assistentar på forskingsprosjekt. Det hyggjelege er sjølvsagt at vi ikkje skal seiast opp.

Eg har blogga tidlegare om det nyttige i det tilsynelatande unyttige, og eg har nemnt nokre døme på meir umiddelbart nyttige utslag av mitt eige teorifag. Det er heilt klart at det også ville vere ille å leggje ned språkleg kommunikasjon (om studiet her) og andre små fag, men no tillèt eg meg å vere meg sjølv nærast.

For dei som ikkje kjenner faget, vil eg presisere at «teoretisk orientert fag» i denne samanhengen handlar om at faget fokuserer på sjølve analyseverktya og dei fenomena som dei kan brukast på, heller enn på det å verte flink til å snakke eller handtere eitt bestemt språk.

Bakgrunnen

Bakgrunnen for nedleggingsframlegga er den politiske satsinga på kunnskapssamfunnet. Medan til dømes statsministeren har halde nyttårstalar (2008 og 2010) om kor viktig det er å satse på kunnskap og leggje til rette for god utdanning, har vi fått det forklart slik: Universitetet får betalt pr. student, og når eit fag vert populært (for tida realfaga, departementet har ei stund hatt ein uttalt strategi der), vert opptakskvotane reduserte for andre fag ved universitetet. Det som løner seg best med ein slik finansieringsmodell, er å satse på fag for dei store massane, medan fag for dei spesielt interesserte straffar seg.

La meg omformulere: Det er overlate til dei personlege og mest umiddelbare interessene hjå våre yngste og minst utdanna vaksne å leggje føringar for den faglege infrastrukturen i det framtidige kunnskapssamfunnet.

Og somme fag har alltid vore og kjem alltid til å vere for dei spesielt interesserte. Røynsla er at mange studentar ikkje eingong har høyrt om slike fag før dei tilfeldigvis studerer ved ein institusjon der faget finst. Dette gjeld også fagtilbod som vart oppretta nettopp av omsyn til lokal fagleg infrastruktur (som fonetikk og lingvistikk i Trondheim).

Éi av rollene til små teorifag

bokhylleLingvistikk (om studiet her) kan sjølvsagt brukast til å skildre språk og finne ut av korleis språk og språkfenomen er skrudde saman, det er eit sentralt poeng med faget. Faget vert også brukt til å utvikle språklege hjelpemiddel av ymse slag. Eg har skrive litt om desse sakene i tidlegare bloggpostar (sjå lenkjer både øvst og heilt nedst i denne bloggposten). Men her vil eg skrive litt meir om éi av dei andre rollene:

Det er skilnad på å pugge ein regel og å sjå noko i ein større samanheng, det siste kan fort få konsekvensar for analysen. Og analyse må der vere, for teorikunnskap og abstraksjonskompetanse er trass alt det som gjer universitet til universitet.

Då er det ikkje tette skott mellom faga. Alle fag har mange roller. Éi av rollene til teorifag er sjølvsagt å forvalte teorikompetanse på tvers av bruksmåtane. Når vi i dag har ein velfungerande analyse av kvifor fleirtalsendinga i engelsk buses er som ho er (i staden for berre å pugge regelen), eller kvifor det på norsk heiter blå med lang vokal men blått med kort vokal (og ikkje blåt), eller når nyare analysemetodar for setningsbygnad har erstatta dei gamle analysane på ulike språkstudium, så er det teoriorienterte fag, her lingvistikk, som har levert premissane.

Så…

Det er kanskje ei fattig trøyst, men også dei som føreslår nedlegging, har sagt fine ord til oss om denne rolla, og har forklart oss at kompetansen vår er viktig. Og ettersom vi ikkje skal seiast opp, har dei føreslege at i staden for å vidareføre dette til dei som kjem etter oss, så kan vi kan utdanne folk i dei meir populære faga.

Seinare (ti dagar før høyringsfristen om nedlegginga) har også rektoratet skrytt av nyskapande og nyttige produkt som oppstod i samspelet mellom fleire fagområde på instituttet vårt, m.a. lingvistikk:

Det er veldig spennende å se at innovative undervisningsmetoder i grenseområdet mellom språk, kommunikasjon og teknologi blir utviklet på nye måter. Og hvor man tar i bruk nye kommunikasjonsteknikker og læringsmetoder. En stor takk til instituttet som har utviklet dette tilbudet på kort tid. Det er en viktig forutsetning for at NTNUs fagmiljøer kan nå sine internasjonale mål.

Og i eit større perspektiv: Medan eigaren vår (departementet) har ein eigen strategi for å skaffe studentar til realfag, så var det ein fyr frå NHO på radioen her om dagen og etterlyste også språk- og kulturkompetanse.

Ein legg merke til slike ting når ein er føreslegen nedlagd.

_____
Relaterte bloggpostar: Kvifor det unyttige er nyttigLingvistikk

Read Full Post »

Lingvistikk

Når eg vert spurd om kva eg jobbar med, og eg svarer lingvistikk, kjem det gjerne eit «hæ» tilbake. Somme veit at det har å gjere med språk, og spør «kva for eit språk?», berre for å få svaret «nei, ikkje noko spesielt språk». Det gjer ikkje saka betre at ordet «lingvist» opp gjennom åra gjerne har vorte brukt om folk som kan mange språk, eller at omgrepet «allmenn lingvistikk» høyrest ut nettopp som om lingvistar er allmenne poteter med mange språk i bagasjen. For som andre har sagt før: Å spørje lingvistar om kor mange språk dei kan, det er som å spørje bryllaupsplanleggjarar om kor mange ektefellar dei har.

Munn inne i øyret

Kva ligg bak?

Det er ikkje det å lære språk som opptek lingvistikken mest, men analyseverktya for språkfenomen, slik at vi kan forstå betre korleis språka er skrudde saman. Tenk på nyttige omgrep som «eintal» og «fleirtal», berre at det finst veldig mange fleire fenomen og samanhengar enn det ein lærer om på skulen. Slik teorikompetanse kan sjølvsagt vere nyttig også for andre språkfolk.

Mange lingvistikkstudentar har forska på språk som berre lingvistar kunne ha forska på, fordi desse språka ikkje liknar på «vanlege» skulefag. Eg hadde ein masterstudent som ville sjå nærare på samansette ord i morsmålet akan. Norsk, tysk og andre språk nær oss har reglar av typen «berre eitt primærtrykk pr. ord», det er m.a. derfor det er viktig å skilje mellom «gammalost» og «gammal ost», «lammelår» og «lamme lår». I akan har dei ikkje trykk i det heile teke, men dei har tonar og vokalharmoni. Eg kan ikkje akan, men eg veit litt om tonar, vokalharmoni og posisjonelle effektar, og kunne vere rettleiar. Studenten skreiv ei masteravhandling som kopla dei ulike fenomena saman som ulike sider av éi og same sak. Tenk å vere mellom dei aller fyrste som skildrar slike samanhengar i morsmålet sitt. I dette tilfellet hadde det ikkje gått an utan lingvistikkfaget.

Fleire enn eg har opplevt å setje seg inn i eit språk og plutseleg forstå eit rart unntak som noko heilt naturleg og enkelt, fordi vi har lingvistisk teori som ballast. Som eit knippe med ulike bøyingsendingar som ikkje er ulike endingar likevel, det er éi ending, som berre ser ut på ulike måtar. Ergo litt mindre å pugge. Han som ramsa opp orda med bøyingane i grammatikkboka, såg det ikkje, men lingvistikkstudentane, som aldri hadde møtt det språket før, såg det.

Fleire har også opplevt at t.d. kurdarar som lærer norsk, kan ha problem med å plassere «eg» og «meg» rett. Dette problemet oppstår på ein bestemt måte som har eit heilt forståeleg system for dei som veit at kurdisk er eit spalta ergativspråk. Tenk kor nyttig det er om også norsklæraren deira veit dette.

Mange fagfolk i ulike språkfag har litt lingvistikk i botnen, nokre til og med nokså mykje lingvistikk. Det er sjølvsagt eit gjensidig samspel mellom lingvistikk og språkspesifikke fag, men på sin måte er lingvistikk for språkfag som matematikk er for realfag: Det er ikkje dei store folkemassane som tek master i matematikk, veldig få treng dei teoretisk høgtflygande innsiktene i det daglege, men likevel ligg faget til grunn for mangt og mykje. Då er det viktig å utvikle og ta vare på kompetansen på alle nivå også i slike fag, og vidareføre han til nye generasjonar.

Relatert bloggpost: Kvifor det unyttige er nyttig.

Read Full Post »

Det sa han ikkje

For ei tid sidan fekk eg ein lakkskade på bilen, og slikt er det jo lurt å få fiksa. Då bilen var ferdig, fekk eg tekstmelding om det, klokka var no halv seks på ettermiddagen, og eg ringde tilbake for å avtale hentetidspunktet.

– Ja, bilen er ferdig, ja. Når vil du hente han?

– Når som helst.

Billakkeraren kjem med eit framlegg: – Halv åtte?

– Ja, gjerne halv åtte, seier eg tilbake.

– Eller kanskje, seier billakkeraren, og fullfører med eit halvvegs mumla klokkeslett som eg ikkje heilt høyrer, før han konkluderer: – Nei, halv åtte. Klokka er halv seks no.

Vi legg på, og eg seier til kona mi at vi skal hente bilen min klokka halv åtte. – I morgon tidleg eller no i kveld? spør ho.

– Nei, det sa han ikkje… Hm… Men han sa at klokka er halv seks no, så då er det vel i kveld.

Eg måtte sjølvsagt sporenstreks varsle kollegaen min om denne samtalen, for dette kan ho så uendeleg mykje betre enn ein språklydarbeidar som eg. Tilbake fekk eg tusen takk for dømet, og så ei forklaring om at min tilgang på kontekst gjorde ytringa til billakkeraren eintydig, medan ytringa vart fleirtydig for kona mi, som ikkje hadde snevra inn konteksten på same måte. For dette kan altså analyserast innanfor pragmatikken, fagfeltet som tek seg av forholdet mellom språk og kontekst.

Så studer gjerne lingvistikk, altså. Der lærer ein meir om sånt, i tillegg til slikt som også eg veit meir om.

Og bilen? Kjempefint arbeid. Treng du ein lakkjobb i Trondheim, så veit eg kven eg skal tilrå.

Read Full Post »