Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Mac’

Stavekontroll i Pages

Norsk stavekontroll i Pages på Mac OS X er framleis noko som ein må installere sjølv. Til gjengjeld er det lett å installere, og det er så gratis at eg eigentleg burde bruke stavekontroll oftare.

Eg byrja å kladde denne bloggposten for nauta lenge sidan, men har sete og venta på at iWork ’09 skulle verte utdatert, men så har det ikkje skjett, og i mellomtida har både den eine og den andre spurt om stavekontroll. Ikkje minst dukkar det med ujamne mellomrom opp folk som forvillar seg til eit anna innlegg her etter Google-søk som «norsk ordliste iwork» og «norsk stavekontroll mac». Så då er det kanskje på tide å skrive noko om det.

Det eg skriv her, gjeld Pages ’09 og Mac OS X 10.6, Snow Leopard. Frå og med denne versjonen av operativsystemet er det lagt inn støtte for hunspell-ordbøker (sånne som kan brukast av OpenOffice.org), og oppskrifta er:

Gå til hunspell-sida og klikk på «Dictionaries», så kjem du til ordbokssida til OpenOffice.org. Der er det berre å laste ned av hjartans lyst.

Det som ligg der under «Norwegian» pr. i dag, er ein samla pakke for nynorsk og bokmål. Pakk ut denne zip-fila, finn t.d. nynorskpakken inni det som du nettopp pakka ut (han heiter nn_NO.zip, bokmålspakken heiter nb_NO.zip), pakk ut denne igjen, og finn .dic- og .aff-filene.

Desse filene skal no flyttast til mappa «Spelling» som ligg i ei av mappene som heiter «Bibliotek». Eg plar leggje slikt i Bibliotek-mappa på heimekatalogen min. Finst ikkje Spelling-mappa, kan du lage henne. (Ryktet seier at Mac OS X 10.7 ikkje kjem til å vise Bibliotek-mappene direkte. I Finder kjem du i så fall til dei ved å «Gå til mappe» (⇧⌘G) og taste inn ~/Library for mappa i heimekatalogen, eller /Library for den globale mappa.)

No kan den norske stavekontrollen brukast i alle program som kan bruke stavekontroll frå operativsystemet. Her kjem nokre ord om korleis vi får stavekontrollen til å fungere i Pages. Ta omstart på Pages, og du er så mykje i mål at berre detaljane står att:

Hugs at for at stavekontrollen skal fungere, må Pages vite at det er norsk du prøver å skrive. Det vel du i Inspektør > Tekst > Mer, som vist på biletet. Ver merksam på at denne innstillinga ikkje gjeld for dokumentet generelt, men for akkurat der du har skrivemerket ditt. Så om du vil at eit heilt avsnitt skal verte rekna som t.d. bokmål, så må du markere teksten og velje bokmål.

Eller endå betre: Når du har valt språk for (heile) avsnittet, så definer den aktuelle avsnittsstilen på nytt, ved å klikke på den no raude trekanten ved stilnamnet og velje «Definer stil fra markering på nytt». (Dersom du ikkje ser lista med stilar, så trykk ⇧⌘T.)

Skriv du andre språk innimellom, kan du definere ein eigen avsnitts- eller teiknstil for t.d. engelsk.

Vil du ha norsk som språk også i nye dokument, kan det løne seg å lagre ei tom malfil der du har definert stilane som du vil: Arkiv > Arkiver som mal. Og vil du at nye dokument automatisk skal velje denne malen, så gå inn i Pages > Valg (eller ⌘,) og vel dette der.

Orddeling fungerer ikkje med denne løysinga. Det finst noko som heiter hyph_nn_NO.zip i det som vart lasta ned i stad, men Mac-en bryr seg ikkje om det som ligg der. Hadde han brytt seg om det, måtte vi i alle fall ha passa på å krysse av for orddeling i Inspektør > Dokument, og sett til at orddelinga ikkje er avslegen i for det aktuelle avsnittet i Inspektør > Tekst > Mer. Men slikt får ein inntil vidare heller more seg med på andre språk enn norsk.

Og til slutt:
Akkurat når eg skal trykkje på «Publiser», så kjem Multilingual Mac med ei lenkje til ei side som byr på ein fiks ferdig pakke med norsk stavekontroll. Det fylgjer også med norsk-engelsk og engelsk-norsk ordbok til Ordliste-programmet. Men når eg fyrst har skrive denne bloggposten, så kan eg like gjerne trykkje på «Publiser» likevel.

Read Full Post »

Lydskrift på Mac

Å skrive lydskrift er ikkje nokon stor kunst. Denne bloggposten handlar primært om lydskrift på Mac, men noko av det (den andre måten under) kan også vere aktuelt for andre operativsystem. Har du Windows, så sjå i tillegg gjerne IPA-Unicode-sida til John Wells.

Fyrst av alt: Ein skriv ikkje lydskrift ved berre å endre font og taste i veg. Slik tilnærming er steinalderteknologi, og vil garantert føre til problem. Men ein treng jo likevel ein font som inneheld lydskriftteikna. Bruk Unicode-fontar, til dømes Doulos SIL eller Charis SIL, som kan lastast ned gratis frå SIL. (Merk: Den nettsida har også ein del andre fontar, og nokre av dei er frå steinalderen. Sjå opp for ord som «symbol-encoded», «obsolete» og «discouraged». Hald deg til Unicode-fontar!)

Som regel må ein endre font, same kva slags metode ein bruker for å stappe inn lydskriftteikn. Unntaket er dersom ein allereie skriv med ein font som inneheld alle dei IPA-teikna ein er interessert i. Til dømes er det mange fontar som inneheld ə og ŋ, m.a. Times, Times New Roman og Monaco (i alle fall dei relativt nye versjonane).

I alle fall, dersom ein har fontar med dei aktuelle IPA-teikna i, så kan ein skrive inn desse teikna på tre måtar.

Den eine måten er å navigere i tabellane i «Tegnvisning» [oppdatering 23.8.2015: frå OS X 10.10.3 heiter det visst «Emoji og symboler»]. Dette er tilgjengeleg i tastaturmenyen i menylina. Gå til Systemvalg > Språk og tekst > Inndatakilder (Mac OS X 10.5 og eldre er det Systevalg > Internasjonalt). Men dette er tungvint ettersom lydskriftteikna er spreidde omkring både her og der, ikkje berre i IPA-blokka. Den nemnde ŋ ligg t.d. i blokka «Latinsk, utvida A». Dersom ein ikkje er heilt stø i sin IPA, risikerer ein også å stappe inn feil teikn, fordi ein finn eit teikn som liknar på det ein ser etter, men som ikkje er det ein eigentleg vil ha.

I Word skal det visst også gå an å setje inn teikn frå ein meny der, men dette har eg aldri fått til, og eg har ikkje prøvt å finne ut av det heller, sidan eg til vanleg bruker Pages. [Oppdatering 23.8.2015: Etter at Apple øydela Pages, har eg gått over til Nisus Writer Pro.]

Ein annan måte å stappe inn lydskriftteikn på er å gå til IPA-tabellane til Weston Ruter, klikke, kopiere og lime inn. Dette er meir brukarvenleg, ettersom ein slepp å navigere så mykje. Dette fungerer på tvers av operativsystem, ein treng berre ein nettlesar. Klikk på det symbolet du treng, så dukkar det opp i eit felt nedst på sida som det er lett å kopiere frå.

Oppdatering 23.8.2015, metode 2b: Som ei blanding av den fyrste og den andre måten (ein treng ikkje å vere på nett), så finst det også ein teiknpalett som heiter IPA Palette, og som har IPA-teikna i det same oppsettet som vi er vane med på IPA-tabellane. Dette er ein reindyrka IPA-slektning av det som i dag heiter «Emoji og symboler». IPA Palette må ein sjølv installere etter nedlasting, paletten vert tilgjengeleg i tastaturmenyen saman med teiknvisinga og tastaturoversikta (han ville altså ha dukka opp som «Vis IPA Palette» i biletet over dersom han hadde vore installert på det tidspunktet), men er mykje lettare å finne fram i til vårt føremål enn metode 1 over. Dei siste åra har eg ofte tilrådd metoden for andre Mac-brukarar, og bruker av og til metoden sjølv òg, men sidan eg skriv lydskrift så mykje som eg gjer, held eg meg stort sett til den neste metoden. (Slutt på oppdatering.)

Den tredje måten (for oss som skriv IPA heile tida) er å omdefinere tastaturet sitt til å plukke fram teikn frå andre kodepunkt i Unicode enn tastaturet til vanleg opererer med. Altså endre tastaturoppsett. Det finst fleire tastaturoppsett for IPA, og eg har òg laga eit. Det som kjem frå mi hand, er omsider ferdig i versjon 2.0. Last det ned, installer (instruksar står i «read me»-fila), logg ut og inn, aktiver det slik at det dukkar opp i tastaturmenyen, og vel det når det trengst.

[Oppdatering 4.7.2011: Dersom du ikkje får kontakt med tenaren, så prøv alternativ lenkje her. Eller ta direkte kontakt.]

IPA-tastaturoppsett. Tastane som er markerte med raudt, er daudtastar.¹

Tastaturoppsettet når ⇧-tasten er trykt ned.
Ein kan også trykkje ned ⌥ og ⌥⇧ for å få endå fleire teikn.

Dette tyder at for å skrive teiknet ŋ (velar nasal) trykkjer ein ⇧N, og ein slepp å leite i teikntabellane og kanskje blande saman med ƞ, som ikkje finst i IPA. I dette tastaturoppsettet trykkjer ein elles ⌥N for å få ɳ (retrofleks nasal) og ⌥⇧N for å få ɲ (palatal nasal).

Og så ei lita åtvaring til slutt: Over nemnde eg dette med å vere stø i sin IPA, og den åtvaringa gjeld både for innsetjingsmenyar i Word og for tastaturoppsett, men sjølvsagt mest for innsetjingsmenyar der ein må navigere for å finne noko som ein håper er rett teikn (ŋ og ƞ er nemnde, eg kunne også nemnt IPA-vokalar som ɵ og ɤ og IPA-konsonantar som θ og ɣ). Min kollega Aleksander plar rå exfac-studentane til å skrive lydskrift for hand i obligatoriske oppgåver. Dette rådet byggjer både på den nemnde faren for feil og på den tida slik navigering kan ta. Det kan dessutan verte kluss med utskrifta dersom den maskina som ein skriv ut med, ikkje har dei fontane som ein har brukt i dokumentet (men om ein lagrar som pdf, går det likevel bra, altså).

_____
¹ Daudtast: tast som ikkje gjev eit ferdig skriftteikn, men som typisk gjev ein del av skriftteiknet, som ein så fullfører med neste tastetrykk. Til dømes tøddel ¨, som etterfylgd av o gjev det ferdige skriftteiknet ö.

Read Full Post »

Kalender i kvardagen

No har eg brukt iCal ei stund, og eg synkroniserer mellom heimemaskin og kontormaskin via MobileMe. Og for dei som ikkje forstår kva eg snakkar om: I staden for avtalebok av papir bruker eg altså avtalebok på datamaskina, og så syter eg for at begge datamaskinene viser det same. Mobiltelefonen min er òg med på leiken.

Med tillegg av MenuCalendarClock får eg også ein minikalender i menylina øvst på skjermen, der eg også kan sjå iCal-hendingane mine utan å starte iCal.

Ein betre måte å lage fødselsdagskalender på enn den innebygde i iCal fann eg i Dates to iCal. Det programmet kan leggje til alarmar, og tek seg også av andre datoar i Adressebok enn berre fødselsdagar, og oppdaterer iCal-kalenderen kontinuerleg, som ei erstatning for den innebygde koplinga mellom dei to Apple-programma. (Men alle hendingane markerer meg som «oppteken» fordi Apple har gjort det sånn. Nokon som veit ein kjapp måte å redigere dette på?)

Men så var det sjølve iCal, då. Somme ting med iCal irriterte meg. Til dømes at iCal ikkje har vekenummer. Løysinga har vore å abonnere på den velsigna vekenummerkalenderen til Morten Dreier, men det tek plass i kalenderen som elles kunne ha vorte brukt til avtalar og andre hendingar. Og plassen i iCal er verdfull, for har eg så mange heildagshendingar at dei fyller opp halve datoen i månadsvising, så får eg ikkje plass til fleire, men får berre «…» i staden. Og no når MobileMe går over til CalDAV-kalender, er det meir omstendeleg å ta tryggingskopi. Google-kalenderen ser dessutan ikkje ut i noverande iCal-versjon (4.0.3).

BusyCal var svaret.

Utprøvingstida på ein månad hadde ikkje kome seg lenger enn eit par timar før eg hadde bestemt meg: BusyCal er kalenderprogrammet for meg.

BusyCal ser ut som iCal, så overgangen var nesten ikkje til å merke. BusyCal bruker også bruker dei same kalenderdataa som iCal, så alt låg på plass då eg starta programmet, eg kan ha begge kalenderprogramma oppe samstundes, og det eg gjer i det eine, dukkar momentant opp på det andre (denne koplinga via Sync Services kan slåast av). Men visse skilnader er der:

BusyCal har vekenummer som kan slåast på og av. Eg kan ta tryggingskopiar og gjenopprette frå desse. Kalenderen tek også tryggingskopiar på eiga hand, og eg har no stilt han inn til å ta kopi éin gong pr. dag, og lagre dei femti siste tryggingskopiane. Desse inneheld også eksterne kalendrar, både CalDAV og WebDAV. Og Google-kalendrane er heilt fine og greie å administrere, og dukkar ikkje opp som «delegatar» som i iCal.

BusyCal har plass til fleire heildagshendingar, og skulle dei ordinære hendingane gjere dagen full i månadsvising, kan eg rulle opp og ned akkurat der, og sjå kva som skjuler seg – det kjem eit rullefelt når ein held musmarkøren over slike datoar.

Mange av godbitane ligg altså i detaljane. Ein kan t.d. slå på og av linebryting i hendingsnamna, og ein kan velje standardfont for heile kalenderen. Generelt er det mykje som kan konfigurerast.

I tillegg til månadsvising finst det dagsvising, vekevising og listevising. I dagsvising er det markert med skugge kva tid sola er under horisonten, i mitt tilfelle her i Trondheim. Det same gjeld vel i prinsippet i vekevising, men der er det i realiteten soloppgang og solnedgang for den fyrste dagen i veka som vert brukt for heile veka.

Når ein skal bla seg framover og bakover i tid i vekevising, kan ein som i iCal velje å bla veke for veke eller dag for dag. I månadsvisinga til BusyCal kan ein også bla månad for månad eller veke for veke.

Oppgåver med forfallsfrist kan integrerast i sjølve kalenderen, og forfalne oppgåver som ikkje er utførte, kan flyttast automatisk vidare inn i framtida.

For oss som er opptekne av vêret, er det triveleg at ein kan integrere fem dagars vêrmelding i kalenderen (levert av AccuWeather.com). Ein kan også slå på månefasar.

Ein kalender med merkedagar kan markerast nettopp som ein merkedag-kalender, slik at heildagshendingar som «Allehelgensdag» eller «Grunnlovsdag» dukkar opp som grå skrift som på ein vanleg kalender. Er det rauddag, kan ei slik merkedagshending også markerast nettopp som rauddag, og då vert datoen raud.

Alt er likevel ikkje roseraudt. Nærare sagt er det litt før mykje raudt: Laurdagane er rauddagar anten ein vil eller ikkje. Men dette har vorte sagt frå om til utviklarane, og det er håp om at det kjem seg med tida. Det vert same kva berre ein bagatell mot alt det andre.

[Denne bloggposten vart skriven i november 2010. Det fylgjande avsnittet er irrelevant frå mai 2011 pga. endringar i MobileMe og seinare iCloud.] Eksterne kalendrar (som Google-kalenderen min) vert dessutan synkroniserte med resten av systemet via Sync Services, slik at han også dukkar opp på MobileMe (og i iCal som kalender «på maskina»), og dermed vert han også synkronisert mellom heime og jobb som kalender «på maskina». Dette fordi BusySync-funksjonalitet er integrert i BusyCal. Men i den grad dette er eit problem, er det eit forbigåande problem: Når eg torer å oppgradere til den nye MobileMe-kalenderen, skal synkronisering av kalendrar «på maskina» til MobileMe same kva slåast av. Eg kan i og for seg slå av synkronisering med Sync Services her og no i BusyCal-vala, men det gidd eg ikkje.

Viktigast av alt er likevel kor brukarvenleg BusyCal er. Det går kjapt å setje opp hendingar, det går kjapt å redigere dei, eg treng ikkje klikke meg hit og dit, osb. Infopanelet gjer dette mykje enklare enn i iCal (og kva felt som skal visast i infopanelet, kan også konfigurerast). Og som dei fleste Mac-program er det sjølvsagt godt integrert med tenester, stavekontroll, ordbok osb. Hendingsnotat kan formaterast, det kan lagast hugselappar og dagboknotat, ei hending kan vere eit bilete som ein legg inn på ein gjeven dato (med gjentaking), eller det kan leggjast inn som grafikk i ei vanleg hending, osb.

Val: frå det nynorske grensesnittet.
Programmet er òg omsett til bokmål.

Men så var det dette med språk, då. Ein kalender på engelsk taklar eg, men du verda kor mykje meir avslappa heile kroppen føler seg når eg har iCal på norsk. Det ser jo også unekteleg litt rart ut å ha dagsnamna på nynorsk (henta frå systeminnstillingane) medan resten av kalenderen er på engelsk (BusyCal) eller bokmål (iCal). Men det fanst visst ei løysing på dette òg… Eg vart tilboden å omsetje kalenderen til norsk, og det har eg gjort, begge målformene. Det finst sikkert eitt og anna å setje fingeren på, men det er vel lov. Norsk grensesnitt er inkludert frå og med versjon 1.5b7 som kom i dag, og den ferdige 1.5 er visst like rundt hjørnet. (Støtte for den nye MobileMe-kalenderen finst frå 1.5 av, medrekna betaene.)

Eg skriv altså ikkje denne bloggposten for å drive reklame for noko som eg er involvert i (å omsetje noko er neppe å vere særleg involvert), men fordi eg allereie var frelst og ville skrive bloggpost og greier, og på grunnlag av denne frelsa vart også dei norske omsetjingane til.

Berre så det er sagt.

Også andre har uttalt seg om BusyCal i sine ymse versjonar, men meir systematisk enn eg: her, her, her, her, her og mange andre stader.

Read Full Post »

PagaWeb igjen

I 2009 vart PagaWeb innført for å spare verdfull arbeidstid. Det gjekk ikkje så veldig bra. Men etter at eg skreiv om dette for eit år sidan, har mykje skjett. Mellom anna har eg fått e-post frå hyggjelege folk i Bluegarden, PagaWeb (ofte også stava PAGAweb) har vorte kompatibelt med Mac og moderne tilstandar, og eg kan til og med finne lønsslippen min på eiga hand. Så ja: det fungerer faktisk, og det noko nostalgiske grensesnittet i Java-skjemaa er det ingen som tek fysisk skade av.

No kom det melding til dei tilsette frå høgare hald om at vi må logge inn på PagaWeb og leggje inn opplysningar om familie og næraste pårørande. Dette vert difor ein rapport frå utprøvinga av den oppdaterte versjonen av PagaWeb.

Høgare hald, som ikkje er å laste for noko, var venleg å skrive ei detaljert oppskrift for korleis det skulle gjerast (tilpassa målgruppa på fortreffeleg vis), så her låg alt til rette for at det skulle gå bra.

gå til https://********** (bruk kun Internet explorer, Java må være installert og updated for å åpne skjema!)

Internet Explorer finst berre for Windows, men greitt nok, eg har jo med sjølvsyn sett at Safari fungerer. Det er også gledeleg at PagaWeb no fungerer med oppdatert Java. Sjølv har eg aller nyaste versjon installert (versjon 6, oppdatering 21), så dette må vel gå bra. Ja, med eit ørlite men framleis gyldig atterhald frå 29. april om det som på den tida var den nyaste oppdateringa, og redigert i juni for å åtvare også mot den då nyaste oppdateringa:

Nye Java Versioner kan gi feil ved åpning av skjerma, velg nei her! Java Version 6 Uppdatering 19 og 20 (build 1.6.0_19-b04) Det er utfordringer med de elektroniske skjemaene i PagaWeb og siste versjon av Java De skjemaene vi har funnet til nå som er berørt av dette er “Person og familieinformasjon” og skjemaene for “Reiseregning”. Ved bruk av skjema i PagaWeb kommer det melding “Skal potensiellt usikre komponenter blokkeres fra å kjøres ? ” For at skjema skal kunne brukes må det svares “NEI” Om brukeren velger “JA” kommer ikke skjema til å fungere. For å rette opp dette, må brukeren stenge alle browservindu og starte opp igjen. Svar så “NEI” på meldingen. I noen tilfeller må midlertidige internet filer tømmes før skjema kan benyttes igjen. Sun melder at de undersøker videre rundt konsekvensene og kommer med ytterligere informasjon senere.

At nye versjonar av Java kan skape problem for PagaWeb, er ikkje nytt. Men sidan alarmen er falsk, er det ikkje noko verre enn at eg skal klare å klikke på ja eller nei, alt etter som. På Windows med Internet Explorer skal dei altså klikke på «nei» for ikkje å la vere å tillate noko, enkelt og greitt eit raudt lys for det raude lyset. Som språkmann med datarøynsle tippar eg at dette i omsett form tyder at folk med Mac skal klikke på «Tillat» for å tillate. Så her er det berre å skride til verket.

gå til:
– Skjemaer/oppgaver
– Nytt skjema
– Personinformasjon

No skal det nemnast at eg aldri fekk denne åtvaringa som det vart åtvara mot, så eg gjekk vidare utan å verte stoppa. Då kjem eg til ei side med to faner. Under fana «Person» kan eg endre namn og diverse på meg sjølv (bortsett frå at det på PagaWeb-kurset i fjor vart sagt at vi ikkje skal endre namn på oss sjølve fordi det kan føre til tekniske problem), men felta for «Eksisterende informasjon» er tome. Eg finst, det er ikkje det, for eg finn både namn og adresse annanstads i systemet, berre ikkje på skjemaet for personinformasjon.

Vel vel, det var uansett ikkje her eg skulle stappe inn Judith. Eg skal over til fana «Familie», men fyrst vil eg berre utvide vindauget litt for å verte kvitt det liggjande rullefeltet, skjemaet er ørlite for breitt for vindauget sitt.

Nei, det gjekk visst ikkje. Eller jau, eg klarer å utvide vindauget, men skjemaet held stand, til og med det ståande rullefeltet held stand og nektar å flytte seg, slik at vindaugsinnhaldet har det like trongt som før, det liggjande rullefeltet er der enno, med ein fin marg bort til den utvida vindaugskanten, som no ligg langt til høgre for også det ståande rullefeltet. Og gjer eg vindauget smalare, så forsvinn både det ståande rullefeltet og høgre enden av det liggjande rullefeltet. Men det er jo betre enn sist eg skreiv om PagaWeb, då fekk eg ikkje opp dette skjemaet i det heile teke. (Klikk på videoen for å sjå.)

Velg arkfanen Familie og fyll inn opplysninger om pårørende

Det er som sagt her eg skal stappe inn Judith. Her er det masse feltgrupper for ulike folk som eg er i slekt med, men i dag skal eg stappe inn berre Judith.

Så i den fyrste feltgruppa kryssar eg av for «NÊrmeste pÂr¯rende». Deretter prøver eg å velje «ektefelle» eller noko sånt i menyen for «slektsskap». Men det går ikkje. Det einaste eg finn, er eit menyval der det står «(ingen)». Og det er kanskje like greitt med tanke på fugeformativen.

Det går fint å fylle ut namn og adresse, sjølv om adressa inneheld ein ø. Hadde kona mi vore islandsk og heitt Þóra Guðmundsdóttir eller noko sånt, hadde vi framleis vore godt innanfor rammene til ISO 8859-1 (som PagaWeb elles baserer seg på), men då eg prøvde (for eg måtte jo prøve), viste det seg umogeleg å taste inn Þ og ð. Å kopiere bokstavane frå eit anna dokument og lime dei inn i javaskjemaet fungerte heller ikkje: innliming med ⌘V gav berre ein v, og i menyen er «Lim inn» gråa ut. Og samiske bokstavar som č og ŋ kan ein berre gløyme.

Sjølvsagt må eg prøve endå litt meir. Det verkar som det meste frå ISO 8859-1 lèt seg skrive, men ikkje ñ, ¤, ÷, × (gongeteikn), ¡ (opp-ned ropeteikn), frittståande tøddel (¨) og ein del andre teikn, men frittståande cirkumfleks (^) lèt seg skrive. Også euroteiknet € lèt seg skrive, trass i at det ikkje finst i ISO 8859-1. Så det kan verke som om det finst strikte grenser for kva for nokre teikn som er lovlege i 2010, nitten år etter at Unicode 1.0.0 såg dagens lys.

– Endre «status» til «Til overføring»
– KLICK PÅ «SEND» etter du har fyllt ut skjemaet for å gjøre informasjon tilgjengelig!!!)

«Til overføring» er ikkje mogeleg for meg. Trykkjer «Send». Men skjemaet vil ikkje sendast.

I staden kjem det ei melding om at «Verdien er obligatorisk». Men kva for ein verdi? Skrivemerket dukkar opp i feltet for e-postadresse i den neste, ikkje utfylte feltgruppa for nokon som er pårørande.

Ja vel, la meg skrive inn e-postadressa hennar ein gong til, då. «Send.»

«Verdien er obligatorisk,» seier PagaWeb, og plasserer skrivemerket der eg allereie har skrive e-postadressa for andre gong. Så eg fyller ut heile feltgruppa som ei duplikatoppføring av kona mi, og for å vere på den trygge sida legg eg inn papirpostadressa dobbelt begge stadene for å fylle ut absolutt alle felt som eg får lov til å fylle ut.

«Verdien er obligatorisk,» seier PagaWeb, og nektar meg å sende inn skjemaet. Det er framleis e-postadressa til Judith nr. 2 som vert markert.

Eg klikkar på «Lagre» og prøver «Send» igjen. Same problem. Eg lèt att skjemaet og opnar det på nytt. Oi, ingenting har vorte lagra.

Etter eit par timar med effektivt innspart tid skjøna eg at kvoten min for usynleggjering av administrative oppgåver var oppbrukt for denne gongen, så då gjekk eg til ein administrativt tilsett og bad om assistanse. Han fann fram eit ni år gamalt operativsystem og ein javaversjon frå i fjor vår, og snart var jobben gjord.

Men så var det dette rullefeltet, då. I det vindauget som ville la seg utvide og likevel ikkje ville la seg utvide. Då vi fekk prøvt det ut i ro og mak på ein Windows noko seinare, viste det seg at dette vindauget ikkje ville la seg utvide i det heile teke på den plattforma. Det verkar også som om den faste breidda på vindauget eigentleg er stor nok, men så har dei gløymt at også den loddrette rullesjakta tek plass.

Same kva, å betateste programvare av denne typen kan vere ei fin øving, som til og med kan auke medvitet om den teknologiske forhistoria vår. Men eg trur ikkje det er slikt eg eigentleg får betalt for å gjere i arbeidstida. Er det ikkje nokon der ute som vil spandere ein Mac på Bluegarden?

Read Full Post »

Skriv mange språk

Omsider vart versjon 2.1 av tastaturoppsettet Utvida norsk ferdig. Då versjon 1.0 vart til i 2003, var det to saker som låg til grunn.

Den eine var openberr: Eg sakna å kunne skrive litt fleire språk via tastaturet. Med Unicode er det jo ikkje lenger snakk om å skifte font når ein skal skrive eit språk med ikkje-norske bokstavar. Nei, ein finn den aktuelle bokstaven og skriv han, slik at ein c alltid er ein c, og ein ĉ alltid er ein ĉ, same kva font ein bruker. Skrekkhistoriene frå åttebitstida er mange, jf. bloggposten om Word. Og når ein då altså gjerne vil skrive ein ĉ, som ligg på adresse U+0109 i Unicode-tabellen, så er det tungvint å måtte navigere i teikntabellar, i alle fall for dei av oss som skriv ĉ heller ofte. Så kvifor ikkje berre trykkje på cirkumfleks-tasten og deretter på c-tasten, slik ein kan lage ê og î ved å trykkje cirkumfleks og deretter den aktuelle bokstaven?

«Utvida norsk» etter å ha trykt cirkumfleks. Mellomromstasten vil gje ^ (vanleg ASCII-cirkumfleks), men trykkjer du ⇧-mellomrom, vert det ˆ (ekte cirkumfleks). Oppe til høgre ligg akutt-tasten, som no vil gje cirkumfleks-akutt og tilgang til teikn som ấ (a med cirkumfleks og akutt).

Den andre motivasjonsfaktoren for å lage dette tastaturoppsettet var at eg bruker « og » ofte nok til at eg ville ha dei på ein lettare tilgjengeleg tast. Så då laga eg like godt to variantar av tastaturoppsettet: I den eine ligg « og » på dei vanlege plassane sine (⌥⇧V og ⌥⇧B), i den andre har eg flytta dei til «mindre enn/større enn»-tasten med ei tilsvarande forskuving av teikna < > ≤ ≥.

Tastar som cirkumfleks-tasten vert gjerne omtalte som «daudtastar». Daudtastane i versjon 2.1 er, med døme (det er ikkje sikkert du ser alle døma dersom du ikkje har ein font som inneheld dei aktuelle teikna): akutt é, grav è, tøddel ö, undertøddel ṳ, tilde ẽ, undertilde ṵ, cirkumfleks ê, undercirkumfleks ḓ, dobbel akutt ő, dobbel grav ȍ, komma ș, overprikk ṡ, underprikk ṣ, overring ů, underring ḁ, gjennomstrek ŧ, skråstrek ⱦ, haček č, cedille ş, kvist ǫ, overstrek ō, understrek ḏ, breve ŭ, invertert breve ȃ, krok ỏ ɗ, horn ơ.

Nokre av desse når ein med to trykk på daudtasten, t.d. dobbel grav. I tillegg har versjon 2.1 ein del andre doble daudtastar, slik som tøddel-akutt. Trykkjer ein tøddel, akutt og til slutt u, får ein nettopp ein u med tøddel og akutt (ǘ). Andre døme er cirkumfleks-underprikk ậ og horn-krok ử.

Eg har berre lagt inn slike teikn dersom dei er definerte som prekomponerte bokstavar i Unicode. Men kombinerande variantar av diakritiske teikn får ein ved å trykkje på den aktuelle daudtasten og deretter anten < eller ' (apostrof), begge heilt til venstre på tastaturet. Då vil det diakritiske teiknet leggje seg på/over/under førre teikn. Såleis kan ein lage seg ein @ med akuttaksent om ein vil: @́ (atterhald om at du kan sjå dette dømet, det trengst også fontar som stør slike finessar).

Då eg laga versjon 1.0 av «Utvida norsk» i 2003, fanst det allereie eit tastaturoppsett som kom med operativsystemet og som heitte «US Extended», så ideen var ikkje ny. Ein ny, liten idé var nok heller at eg stappa inn ein daudtast som vart koda med id-en «spesial» i xml-fila til tastaturoppsettet. Denne daudtasten kan ein trykkje for å nå teikn som det ikkje er naturleg å plassere andre stader, t.d. ƕ og ə.

Noko seinare på året kom altså Mac OS X 10.3, no med tastaturoppsettet «Norsk utvidet», men eg synest sjølvsagt at mitt eige «Utvida norsk» er best, så pass må ein få lov til å favorisere sine eigne born. Ja ja, det er best til min bruk, greitt. Apples «Norsk utvidet» har daudtastar og kombinerande teikn lagde inn etter andre prinsipp, slik at ein måtte fjerne ein del teikn for å få plass til alt det nye, t.d. har ein fjerna ≈ og ≠. I tillegg ligg dei fleste av daudtastane på andre tastar enn ein skulle vente dersom ein er van med det vanlege norske tastaturet.

Utvida norsk 2.1 er i hovudsak redigert i Ukelele, og oppsettet kan lastast ned her. Den nye versjonen har 1044 teikn (medrekna piltastar og slikt), fordelte på 2437 utputt-definisjonar (nokre av teikna er definerte fleire gonger, t.d. stor A på både shift og på caps lock). Men det fungerer altså berre på Mac. Det er ikkje vits i å spørje meg om Windows, for det har eg ikkje peiling på.

[Oppdatering 4.7.2011: Dersom du ikkje får kontakt med tenaren, så prøv alternativ lenkje her. Eller ta direkte kontakt.]

Read Full Post »

Teknologiske nyvinningar

No er tida komen til oss på vårt fakultet òg: Universitetets tilsette får ikkje lenger levere reiserekning eller registrere fråvær på papir, og heller ikkje lønsslippen skal kome på papir lenger. I staden skal kvar einskild tilsett gjere alt direkte i lønssystemet via PAGAweb, levert av firmaet Bluegarden. Systemet er nøye utprøvt og kvalitetssikra gjennom eit pilotprosjekt annanstads på universitetet, så her vert det ingen ubehagelege overraskingar.

Somme idear er gode, om dei berre hadde fungert.

PAGAweb er kompatibelt med Internet Explorer for Windows. Punktum.

Eg har Mac OS X. Då ser det slik ut:

Moderne tilstandar i det nye løns- og personalsystemet til NTNU

Lagnaden er heller ikkje noko blidare mot Linux-folket, og som ein innsendar til Universitetsavisa peiker på i innlegget «NTNU låser ansatte til Microsoft» (som bloggpost her): «PAGAweb er tydeligvis bygget på et rammeverk som er minst 9 år gammelt», og sjølv XP er for nytt til at feilmeldinga nemner det som kompatibelt system. (Eg har likevel klart å logge inn med XP, sjå under.)

Den same feilmeldinga indikerer at PAGAweb skal vere kompatibelt med både Windows 95 og med Mac OS 7.6 (som kom i 1997).

Det var forresten ikkje berre-berre å finne fram til feilmeldinga med denne viktige informasjonen. Eg måtte gå omvegen om «Rutinestøtte» og direktelinken til eit skjema der, for under «Skjema/Oppgaver» var alt blankt både i Safari og i Firefox. Skjermdumpen er frå Firefox, for i Safari opna direktelinken eit vindauga som berre lét seg att med det same. Det er kanskje like greitt, for som Aslak seier:

jeg forsøkte med HotJava 3.0, men det funka ikke. Bluegarden har tydeligvis ikke kvalitetskontrollert feilmeldingene sine.

På PAGAweb-kurset no for ei vekes tid sidan vart me orienterte om at også Windows-brukarar som elles har eit kompatibelt operativsystem og ein kompatibel IE, ikkje vil få tilgang dersom dei har oppdatert Java-en sin. PAGAweb er nemleg berre kompatibelt med gamle Java-versjonar. Eller sagt på ein annan måte: Systemet er per i dag ikkje kompatibelt med noko som helst, og ordet «problem» vart brukt om… eh… ikkje om PAGAweb, men om at det kom ei Java-oppdatering tidlegare i år.

Eg veit ikkje om det er Java-problem som ligg til grunn, men det var liksom ikkje så overraskande å lese om Windows-brukaren som har brukt tre dagar på å prøve å sende inn reiserekning utan å få det til.

Folk har ymta frampå om at Bluegarden kanskje ikkje er seriøse, som berre stør Internet Explorer, gamal Windows og utdatert Java. Men på kurset fekk me høyre at jau, Bluegarden er faktisk seriøse, for dei er ein stor leverandør.

Og det er sjølvsagt rett at «seriøs» kan tyde ‘av stort omfang’ i visse samanhengar, som i «dei er seriøst uskikka», så på det viset er det sjølvsagt noko heilt «seriøst» over både Bluegarden og over innføringa av eit PAGAweb frå steinalderen.

Terminalserver

Skjermdump frå terminalserverenFor alle oss som ikkje lever i steinalderen, så er det visst ein terminalserver som gjeld. Ein eller annan stad på universitetet står det ein utdatert Windows som ein skal kunne kople seg til via nettet for å få gjort jobben. Eg har prøvt denne, og har funne ut at dingsen ikkje er samd med tastaturet mitt om kvar @, é, akuttaksent generelt eller andre meir avanserte skriftteikn ligg, til dømes ç, ß, č, $, €, §, « og ».

Ja, forresten. Sånne rare teikn som € og č bør ein kanskje unngå same kva, for html-kjelda i PAGAweb bruker ISO 8859-1, frå tida før det fanst euro og samiske eller austeuropeiske stadnamn. (Det siste der er ikkje heilt sant, men.)

Linux-brukarane klarer ikkje å kople seg til denne terminalserveren, og kan korkje levere reiserekningar eller registrere fråvær, og vil heller ikkje få lønsslipp. (Det gjer kanskje ikkje noko, for det finst visst somme universitetstilsette som leverer prosentvise reiserekningar, og på kurset vart det nemnt at slike reiserekningar ikkje lèt seg fylle ut på dette systemet, ettersom det berre er universitet som har slike ordningar. På kurset rådde ein brukarane til heller å fylle ut reiserekninga litt kreativt, jukse litt med lunsjane og sånt.)

Den som har Mac, kan likevel bruke omvegen om terminalserver, om ein taklar å verte aktivt hindra i å utøve ortografisk kompetanse. Men klarer me å skrive ut lønsslippen? Eller reiserekninga? For me har fått beskjed om at reiserekningar må skrivast ut dersom det finst vedlegg å sende inn (kvitteringar og sånt). Jau, ein kan kople til lokal skrivar når ein loggar seg på terminalserveren. Men då eg prøvde å skrive ut på den måten, krasja heile klienten min (Remote Desktop Connection frå Microsoft). Neste gong låste utskriftsdialogen på Windows-serveren seg, og tredje gong krasja terminalklienten ein gong til.

Merk, grunnen til at dei tilsette heretter skal bruke akkurat PAGAweb, er at då vert kvardagen så mykje lettare og meir effektiv her på det «skapande» universitetet (har dei bestemt). Me skal bruke mindre tid på slikt som ein ikkje skal trenge å bruke tid på, og dermed spare både tid og såleis også pengar. Eg har til dømes allereie no spart meg for fleire dagar med fagleg arbeid ved rett og slett å bruke tid på å prøve å få PAGAweb til å fungere.

Virtualisering

Så korleis skal ein få til å skrive ut noko, eller kanskje lage ein pdf av det, dersom ein har Mac? Virtualisering er svaret. Eg har funne fram til ei løysing, men det krev altså at ein har Windows tilgjengleg t.d. i Fusion. Ah, det følest som eit leikety kvar gong eg fyrer opp Windows, i mitt tilfelle ein gamal XP. Løysinga fungerer på visse oversiktssider i PAGAweb, men diverre ikkje for lønsslippen:

  1. Logg inn på PAGAweb med Safari for Mac. Rett nok får du ikkje tilgang til noko som helst, men logg inn likevel. Legg merke til at dersom du trykkjer «logg ut», så kjem du tilbake til PAGAweb-framsida, og er framleis like innlogga.
  2. Fyr opp Internet Explorer i Windows. Eg har prøvt den godt utdaterte versjon 6, den versjonen er tydelegvis gamal nok til å fungere mot PAGAweb. Bluegarden garanterer liksom for versjon 4 og 5 og deromkring.
  3. Logg inn via Internet Explorer, gå til ei oversiktsside, t.d. tilsetjingshistorikken, og vel utskrift, deretter «forhåndsvisning» og OK i det vesle vindauga som dukkar opp no.
  4. Det dukkar opp ei førehandsvising. Trykk ctrl-N i Internet Explorer no. Då opnar det seg eit nytt vindauga med den same førehandsvisinga, men no har det også eit adressefelt.
  5. Kopier denne adressa, gå ut av leiketyet og over i Mac OS X og Safari igjen. Lim inn adressa i adressefeltet der, trykk på returtasten.
  6. Vips, der har du tilsetjingshistorikken din i Safari, og du kan skrive ut til skrivar eller som pdf på vanleg måte.

Lønsslippen lèt seg ikkje opne i Safari på denne måten. Trikset fungerer på oversikta over lønsslippar sameleis som det fungerer på tilsetjingshistorikken, men det fungerer ikkje på sjølve lønsslippane. Opnar du ein lønsslipp i Internet Explorer, vil du nedst i vindauga sjå ei lang nettadresse, diverre nyttar det heller ikkje å taste denne adressa inn i Safari manuelt.

Men om du i Fusion har tillate Windows-en å skrive ut til den skrivaren som Mac-en er kopla til, så kan du skrive ut rett frå Windows-en. Papirutskrifta kan du eventuelt skanne igjen om du vil lagre lønsslippen elektronisk på datamaskina di. (Min XP i Fusion kan skrive til fil som deretter kan overførast til vertssystemet, men berre i eit rart format som ikkje er brukande til noko.)

Det er sjølvsagt også mogeleg å installere ein virtuell pdf-skrivar på Mac-en, t.d. CUPS-PDF, om du er komfortabel med det å redigere filer av typen /etc/cups/cups-pdf.conf. Denne virtuelle skrivaren fungerer for tida ikkje utan vidare med Mac OS X 10.6, men dette tipset på Mac OS X Hints fortel korleis du kan ordne det dersom du veit litt om Unix.

Korleis får du tak i Fusion og Windows? Jau, som tilsett ved universitetet får du ikkje noko Windows-operativsystem utdelt dersom du har Mac. Dette har å gjere med lisensavtalar og sånt. Ein betaler slikt av eiga lomme. Kunnskapar om Unix skaffar du deg på eiga hand.

Og til slutt…

Då eg logga meg på PAGAweb med Internet Explorer frå min privatfinansierte XP i Fusion, fekk eg sjå lønsslippen min, og eg vil vere i stand til å skrive han ut slik som eg har nemnt over. Derimot fekk eg ikkje tilgang til noko skjema, heller ikkje skjemaet for familieopplysningar (som det er obligatorisk å fylle ut, sa dei på kurset). Årsak: «It is not possible to start Java in your Browser.»

Hm, den XP-en min har visst ikkje Java. Ja, då må eg visst setje meg inn i fleire ting her, for akkurat no er finst det absolutt ingen måte for meg å fylgje arbeidsgjevars pålegg på ved hjelp av det utstyret som arbeidsgjevar har gjeve oss (berre via ein bokstavfattig terminalserver der klienten krasjar). Så flott då at det finst eit utprøvt, pilottesta og såleis kvalitetssikra vedtak om at eg sit her og sparer både tid og pengar. Heilt seriøst.

pagaweb-powerpoint

Frå NTNUs PowerPoint på PAGAweb-kurset: «Innføring av lønnssystem som oppfyller moderne forutsetninger»

Read Full Post »

Bokstavforvirring

Det er 2009, og ein skulle tru at norske bokstavar ikkje var noko problem i eit så tvers gjennom Unicode-orientert operativsystem som Mac OS X 10.5.8.

Hah!

Gå til ein norsk nettstad i Safari. Søk etter bokstaven å. Sjå kva du finn. Prøv e, a eller å på ei side som inneheld æ. Søk eventuelt etter «vår», og få ei grammatisk openberring: Dette er jo eit verb i preteritum!

Eller gå til Mail og skriv: «Der grøßte Idiot», og bestem deg deretter for å søkje og erstatte for å endre ø til ö. Kan du gisse kva söm skjer då?

I Mail kan du ikkje søkje etter ĵ og finne j, men du kan søkje etter j og finne ĵ. Dei to bokstavane representerer lydar som er like ulike som y-en i engelsk «yes» og s-en i engelsk «pleasure», men tru ikkje at du kan søkje etter ein y og finne ein s av den grunn.

Gå til ei islandsk nettside med Safari og søk etter d, så finn du også ð. Søk etter ð og finn d. I Mail skjer det same, men der har du høve til å fjerne avhakinga for «Ignorer store/små», og dersom du no søkjer eksplisitt etter liten d eller liten ð, så finn du berre rett bokstav. Med mindre du har ein samisk đ i teksten, då. Men om du har ein samisk ŧ, så vert han ikkje rekna som ekvivalent med t, same kva du gjer.

Mitt framlegg til ny reklametekst for Mac:

Üņìĉöðê æňð 2009, ħëřè ŵé cømę! Ït’š śö čøöł! Ṡô mæñý ṇéẅ lèttërş tǫ ùsé! Mæč ØŜ Ẍ, føř tħøšȩ ẅĥø kñǒw ńȯtḩíng æbøüt ŀångűägëš. Mæðě bÿ Æppłæ!

Kva er poenget med å implementere Unicode, med éi adresse pr. teikn, når brukarprogramma blæs slike marsjar? Dette er jo som å gjere C ekvivalent med G, eller U ekvivalent med V, berre fordi dei liknar på kvarandre og tilfeldigvis har det same historiske opphavet. Men ah, i engelsk er dei jo ulike bokstavar. Då så.

Men om det endå hadde vore konsekvent. Søk etter «cool» i Safari 4.0.3 og få treff på «čøöł». Søk etter «čøöł» og få treff på «cool». Søk etter «a» eller «e» og få treff på «æ». Søk etter «Eppl» og få treff på starten på ordet «Æppłæ», søk på «Epple» og få treff på ingenting (anna enn «Epple» sjølv), og søk etter «Me» og få heller ikkje treff på starten på «Mæðě», men eit søk etter «Ma» vil hjelpe.

(No må eg skunde meg og få posta dette før Mac OS X 10.6 kjem ut på fredag. Ein veit jo aldri om dei har retta det opp der. Utan at eg ville ha vedda på det.)

Read Full Post »

Ein iPhoto-feil

Sist eg skreiv om iPhoto, nemnde eg denne «flotte» funksjonen som modifiserer bileta automatisk ved import. Dermed kan ein hjulkapsel eller ein lampe som vert identifisert som «andlet», verte kvitt dei «raude augo» sine utan at ein så mykje som treng å tenkje på det. Denne funksjonen er det umogeleg å slå av.

Så finst det heldigvis noko som heiter «Gjenopprett original». No har eg ikkje prøvt dette spesifikt på eit bilete der raude augo har vorte automatisk fjerna, men eg skreiv sist at ein kan berre markere alle dei nyimporterte bileta og gjenopprette originalane i éin jafs. Noko meir omstendeleg å importere bileta, sjølvsagt, men det er ein måte å gjere det på.

Trudde eg.

Det viser seg at ein kan klikke «Gjenopprett original» i det uendelege. Har iPhoto ’09 fyrst bestemt seg for at eit bilete skal modifierast automatisk, så får du ikkje tilbake originalen, nei. Straks den modifiserte versjonen er fjerna, vert ein ny oppretta, det ser ein også i iPhoto-biblioteket, om ein rotar seg inn der via filsystemet.

Å duplisere biletet er heller ikkje hjelp i. Den dupliserte versjonen lid under dei same tvangshandlingane.

No er det rett nok sjeldan eg lèt eit bilete stå umodifisert, men det er ille at ein ved somme tilfeldige bilete ikkje har høve til det. Eg har heller ikkje sjekka om den sta versjonen av tvangsmodifiseringa ser ut som originalen eller ikkje, men eg har i alle fall sjekka og sett at den modifiserte fila har ein annan storleik enn originalen. Så med jpeg-grunnlag i originalen vil me ved somme bilete tvangsmessig få dobbel kompresjon. Det er ikkje bra. Originalfila ligg jo framleis i iPhoto-biblioteket, men ho gjer ikkje så mykje av seg der.

Feilmelding er send i retning Apple, og så får me sjå om dei bryr seg noko meir om denne feilen enn om den eldgamle feilen som dei ikkje har gjort noko med enno: Den som skjer til eit bilete i eit sjølvvalt format (t.d. 10 × 13, som er nokså standard her til lands), og går vidare til neste bilete medan ein framleis er i redigeringsmodus, vil oppleve at det neste biletet vert skore til heilt av seg sjølv (men ikkje biletet deretter igjen).

Read Full Post »

iPhoto ’09

Fyrst likte eg iPhoto ’09. No er eg ikkje så glad i det lenger.

I iPhoto vert bileta grupperte til hendingar (hendelser, events). No er iPhoto sjølvsagt eit databaseprogram og ikkje eit filbehandlingsprogram, men likevel: Tidlegare har det vore slik at når eg har importert nye bilete til ei gamal hending, så har desse nye bileta lagt seg fint inn i mappa (på harddisken) som har det same namnet som hendinga. Denne mappa er rett nok ikkje synleg i det daglege, ho ligg inne i iPhoto-biblioteket.

I iPhoto ’09 fungerer det ikkje slik lenger. Fyrst importerte eg mine eigne bilete frå turen til Os, redigerte dei og flikka litt her og der. Sidan importerte eg bilete som eg hadde fått frå andre som hadde vore til stades. Det viste seg då at dei nyimporterte bileta la seg i ei anna mappe enn dei fyrst importerte bileta, og at dei heldt seg i separate mapper trass i at bileta vart samla til éi hending i sjølve iPhoto.

Ein skal sjølvsagt ikkje rote for mykje i iPhoto-biblioteket same kva (då kan databasen fort slå seg rang), men det finst faktisk grunnar til å ta ein kik av og til. For noko sidan var eg i tvil om kva slags eksport eg hadde brukt på bileta som eg hadde lasta opp til Eurofoto, og då var det kjekt å kunne samanlikne dei opplasta bileta – på filnivå – med dei originale og modifiserte bileta som låg i iPhoto-biblioteket. Det er mykje enklare å gjere dette når alle bileta frå ei hending ligg samla og ikkje er fordelte på fem mapper med meir eller mindre tilfeldige namn (som aldri endrar seg). Det finst jo også lokalmeny-val i iPhoto for å sjå på filene. Men no vert altså import-historikken teken vare på til evig tid i filstrukturen.

Ein annan grunn til at den gamle løysinga var betre, er at dersom iPhoto-databasen rotar seg til (for slikt kan skje), og ein ikkje har backup, så er det mykje enklare å rekonstruere biletsamlinga si dersom filstrukturen gjenspeglar databasestrukturen. Redundans er ein fin ting.

Det andre eg misliker med nye iPhoto, er at ved import vert nokre av bileta automatisk modifiserte. Eit bilete eg importerte av Judith no nettopp, vart modifisert, eg aner ikkje kva eller kvifor: I hjelpeteksten til iPhoto ’09 står det at iPhoto automatisk prøver å fjerne raude augo frå slikt som programmet meiner er eit andlet. Men då eg samanlikna originalfila med den modifiserte fila, såg eg ikkje raude augo nokon stad. Ein annan ting er jo at andletsgjenkjenninga til iPhoto kan identifisere både hjulkapslar og serviettar som andlet, og då vert vel desse fort modifiserte allereie før ein har fått sjansen til å seie ifrå til iPhoto om at dette ikkje var eit andlet?

Løysinga på det fyrste problemet er å vente til ein har alle dei bileta som ein har tenkt å importere for ei gjeven hending. (Og det er lettare sagt enn gjort dersom ein skal ha bilete frå fleire fotografar.)

Løysinga på det andre problemet er å markere alle dei nyimporterte bileta, høgreklikke og velje «Gjenopprett original».

Eg liker ikkje denne tendensen som Apple har fått til å ta kontrollen frå brukaren. Det finst ikkje eingong eit preferanseval for å sleppe denne automatiske modifiseringa.

Oppdatering 16.7.2009: Gjenoppretting av original fungerer ikkje. Les meir her.

Read Full Post »

Ny lineavstand i Pages ’09

Nøyaktig lineavstand i Pages ’08 og tidlegare var visst ikkje så veldig nøyaktig. Eller nærare sagt var dette avhengig av kva for ein font ein brukte. Noko eg sjølvsagt ikkje oppdaga før eg opna eit gamalt dokument i Pages ’09 og såg at her låg linene tettare, og dokumentet hadde vorte kortare.

Det viser seg at Pages ’08 og tidlegare behandlar dei fleste fontar rett: Times, Palatino og det meste anna har den same lineavstanden som kvarandre dersom ein set dei til å ha nøyaktig lineavstand, t.d. 14 pt. Men Times New Roman, Apple Symbols, Monaco og nokre andre fontar får ein annan faktisk lineavstand, i alle fall dei versjonane som eg har. «Nøyaktig 14 pt» tyder altså ikkje det same for alle fontar i Pages ’08.

I Pages ’09 får derimot alle fontar den same lineavstanden dersom dei vert sette til å ha nøyaktig den lineavstanden som dei skal ha.

Pages-lineavstand

Sjølvsagt er det surt at nokre av dei gamle dokumenta ikkje ser ut i Pages ’09, men det er no likevel betre, synest eg, at denne feilen har vorte retta i Pages ’09, enn om feilen skulle få leve vidare berre for å halde nye Pages kompatibel med eldre versjonar av programmet.

Dette tyder likevel at det for somme av oss kan vere lurt å ikkje slette iWork ’08 frå harddisken sin, sjølv om me installerer iWork ’09. I mitt eige tilfelle har eg heldigvis brukt «trygge» fontar i dei fleste av dei gamle dokumenta mine, men nokre dokument (til overmål nokre viktige og veldig store dokument) vil trenge manuell justering i Pages ’09, og då er det greitt å ha ’08 å sjå etter.

Somme oppdaga feilen for lenge sidan, her:

It seems OpenType fonts never work with exact line spacing. Many other fonts fail as well, but many work. You just have to try it out, to see if it works for your favourite fonts.

Men i Pages ’09 er altså feilen retta.

(Til slutt skriv eg ordet «linjeavstand» på bokmål her i parentesen til ære for søkjemotorane.)

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »