Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘morfologi’

Trilogi, triologi

Etter å ha sett ferdig «CSI crossover»-trilogien som TV Norge konsekvent har omtalt som «triologi», er det freistande å ymte frampå om at trilogi/triologi er ein sjibbolett (ordbok) som skil oss fisefine (trilogi) frå dei mindre fisefine (triologi).

Men så enkelt er det sjølvsagt ikkje.

Eg kan ikkje gresk, men den engelske Wikipedia-artikkelen om suffikset -logy fortel, kort sagt, at o-fuga dukkar opp i dei fleste aktuelle nydanna lånordsgreske avleiingar i moderne engelsk (eit nærliggjande norsk døme for meg er sjølvsagt fon-o-logi), og så finst det visse unntak, m.a. trilogi.

I ein versjon av databasen til prosjektet Norsk–esperanto ordbok finn eg 64 norske ord som endar på -logi, frå aerologi via antologi, psykologi og teknologi til urologi og zoologi. Av desse 64 orda er det 5 som ikkje har ein o framfor -logi. Desse fem er: analogi, genealogi, mineralogi, tetralogi (ei gruppe på fire verk), trilogi (ei gruppe på tre verk).

Tendensen er endå tydelegare i den noko lengre lista i den tyske Wikipedia-artikkelen om suffikset -logie: Av 341 alfabetiserte ord (pr. natt til 26.8.2010) er det berre 7 som ikkje endar på -ologie. (Nei, eg har ikkje talt manuelt, grep -c er eit fint verkty.)

No burde eg strengt teke ha sett på ordfrekvens for alle logi-ord, men det tek eg meg ikkje tid til når klokka er som ho er, og ikkje har eg skikkeleg utstyr til det heller. Det skulle likevel ikkje overraske om det viser seg at dei aller fleste møta våre med suffikset -logi har ein o framføre seg. Om -o-logi har vorte omtolka til -ologi, ville det altså ikkje vere rart.

Nokre fonologiske strøtankar skal eg hoppe over her.

Før eg ergrar meg over «triologi» neste gong, skal eg spørje meg sjølv om kvifor eg ikkje ergrar meg like mykje over «anologi» og «geneologi», som òg dukkar opp no og då. (Eg har nokre mistankar.) Og samstundes skal eg minne meg sjølv på at i Nynorskordboka finn vi infinitiven sjåast, der -ast dukkar opp med ein a som ikkje alltid har vore der. Dette skjer truleg etter mønster frå dei fleste andre verb, t.d. møtast, der a-en eigentleg er infinitivsendinga, jf. å møt-a-st, no møt-e-st vi, i går møt-te-st vi, som parallell til å møt-a, møt-er, møt-te (til og med i ein heil del dialektar med e-infinitiv har a-en overlevt i st-forma). Kan dette skje med norske verb, må det vel få lov til å skje med greske lånord òg, eller?

Hm, verbet å slå-st har klart å halde stand. I infinitiv, ja. Opp med handa dei som skil mellom slåst i presens og slost i preteritum like bra som mellom slår og slo (eg rekkjer mi eiga hand sånn halvvegs opp). Og dessutan, «å slåast» med -ast vil uansett verte oppfatta nettopp som eit fullgodt verb med tydinga ‘å verte slegen’, til skilnad frå ‘å slåst, kjempe’, ein distinksjon som ikkje ville ha vore like lett å få til på den måten med fortidas morfologi.

Du verda, no har eg sanneleg skrive meg langt ut på viddene.

Read Full Post »