Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Nye Kolsrud Transport’

Tungtransport

Tenk deg at du er på veg frå Vestlandet til Trøndelag. Du er tungt lasta, og kjem inn i Lærdalstunnelen, som med 2,5 mils lengd er verdas lengste vegtunnel. Tenk deg så at du får ein utanlandsk turist framføre deg som køyrer litt under fartsgrensa, og at dette ikkje gjer deg noko, ettersom du som sagt er tungt lasta. Unnabakke er det òg, og det er altså i ein tunnel utan høve til å køyre varsamt i grøfta.

Tenk deg no at du ser nokre lys i sladrespegelen. Dei nærmar seg mykje raskare enn avstanden opp til fartsgrensa skulle tilseie. Du skjønar fort at dette er ein trailer. Traileren nærmar seg, du prøver å setje opp farten for å gje traileren eit par sekund ekstra å bremse ned på, men framfor deg har du altså framleis din utanlandske turistkollega. Det freistar heller ikkje å køyre forbi og kollidere med møtande trafikk så langt inne i fjellet.

Traileren legg seg fem meter bak deg, blinkar med fjernlysa, og er så tøff at det er ikkje måte på. Du merkar framleis at det altså er unnabakke. Kan det vere at traileren prøver å få seg rennfart? Rennfart fram mot rundkøyringa som du veit er rett utanfor tunnelen? Nei, neppe.

Langt der framme veit du at det finst ein fjellhall der du kan køyre ut for å sleppe svineriet forbi deg og tettare inn på den stakkars utanlandske turisten, men du er i tvil om du vil rekke å slakke ned og køyre ut, for fem meters avstand til traileren gjev ikkje mykje slingringsmonn med farten.

Kva ville du gjort i ein slik situasjon? Kanskje ville du gjort som eg (ved hjelp av privatsekretæren i passasjersetet): notert deg datoen (måndag 15. juni 2009), klokkeslettet (15:15), registreringsnumeret til traileren (DL 76914) og namnet på eigaren (Nye Kolsrud Transport), og deretter skrive om det i bloggen din.

Read Full Post »