Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘nynorsk’

No snakkar politikarane igjen om hovudmål og sidemål og sånt. Eg lurer på om eg ikkje høyrde skuleministeren seie på radioen ein morgon eller føremiddag denne veka at det å fjerne karakterane frå sidemålet vil motivere elevane betre i sidemål. Men ettersom eg ikkje kan finne noko sitat frå henne som kan underbyggje at det faktisk var henne eg høyrde (radioen var ikkje forgrunnen, eg hadde litt andre ting å konsentrere meg om), må eg heller ty til ein politikar frå eit anna parti, som har sendt ut pressemelding og er referert i mange aviser på denne måten:

Han tror endringene vil gi elevene mer motivasjon for å lære både sitt hovedmål og sidemål. Dette gjøres best gjennom å integrere sidemål som del av norskundervisningen, og ikke ha egne karakterer eller eksamen, sier Pedersen.

Vel, tja. Spør studentane på eit emne nokre av oss har høyrt om på ein høgare utdanningsinstitusjon ein stad (eller spør referansegruppa som forutsåg det, og som grunngav profetien sin). På det kurset var strykprosenten rundt 10, pluss minus litt, så vart dei graderte karakterane erstatta av «greidd/ikkje greidd» (bestått/ikke bestått på sidemålet mitt), og kort tid seinare låg strykprosenten oppunder 40. Men (agurknytt) som delprestasjon gjorde dei det langt betre i den delen som vart undervist vha. (tilfeldig, dette med målformkorrelasjonen, vil eg tru, men la oss krydre agurken her) sidemålet til dei fleste, hm.

Men i alle fall, ifylgje den politisk kompetente analysen (og eg vedgår at eg ikkje har politisk kompetanse), så må desse greiene her tyde at…

Men hm, huff. Hysj no.

Legg forresten merke til at eg ikkje har vore innom spørsmålet «ja eller nei til spynorsk eller bok-jål» her. Eg har berre kommentert ein hypotese. Og eg skal vere ærleg nok til å ta med atterhalda om at det er sjølvsagt mange ting som kan påverke motivasjonen for både det eine og det andre.

Read Full Post »

– Det er verre enn som så

Det er herleg med folk som seier det som det er. Dette er ein kveld for ikkje så lenge sidan. Haugevis av elevar frå vidaregåande skular kjem til eit stort arrangement der fagfolket står på stand og gjer seg lekre for ungdommen. Ved språkforskarstanden nyttar den eine eleven høvet og vender seg til ein av studentane våre. Eg høyrer berre svaret:

– Spør han der.

Så han snur seg mot meg og spør:

– Kan du nynorsk?
– Ja. (Tenkjer: Det er ikkje faget mitt, men eg hjelper gjerne.)
– Kan du skrive en nynorsktekst for meg?
– Eh, er det lekser? Eg kan ikkje hjelpe deg med å jukse, veit du.
– Lekser, nei?! Det er verre enn som så. Det er tentamen!

Read Full Post »