Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘oppgåve’

Eg tenkte eg skulle lage ei enkel, lita fonologioppgåve til studentane mine med utgangspunkt i genusbøying av sahidisk-koptiske adjektiv. Sidan dei ikkje har fått oppgåva enno, skal eg ikkje gå i detalj her, men det har å gjere med det dei skal lære på fonologiførelesinga over helga.

Full av pågangsmot sette eg meg ned her i sofaen seint onsdag ettermiddag og byrja å ordne ein liten tabell med adjektiv. Det var berre det at for å lage oppgåva måtte eg fyrst verte samd med meg sjølv om det materialet som studentane skal analysere. Ein viss idé om trykkforhold med tilhøyrande reduksjons- og lisensieringsfenomen er greitt å ha på plass før ein lagar seg ein hypotese om kva slags fonetisk transkripsjon ein skal bruke på dei døma som skal analyserast. Sjølv om oppgåva korkje handlar om trykkplassering eller om vokalkvalitetar. Då er det mildt sagt ei ulempe at språket døydde ut mange hundre år før det vart laga lydopptakarar.

Lambdin presenterer ein vanleg og plausibel hypotese om trykkplasseringa, som m.a. byggjer på observerte mønster i distribusjonen av midtre vokalar som [o] (eller [ɔ], det er ikkje så viktig her). Men for akkurat desse adjektiva gjeld det visse andre forhold, sier Lambdin, til dels noko diffust, til dels heilt sjølvinnlysande. Andre forfattarar si tilsynelatande (kanskje relle?) samanblanding av diakron fonologi og fonemikk er ei eiga utfordring, ikkje berre fordi eg er nybyrjar med koptisk (det er ei stor nok utfordring i seg sjølv), men òg fordi data på mange måtar må nytolkast kritisk når dei skal overførast til ei generativ tilnærming.

Etter seks timars drøfting med meg sjølv fann eg andre gjeremål. Ein skal jo gjerne vere litt ektemann òg. Men utpå ettermiddagen neste dag hadde eg teke alle dei viktigaste atterhalda, og plukka ut tre relativt ukontroversielle ordformer i hankjønn med tilhøyrande hokjønnsvariantar, pluss to snadder-ordpar.

Og skal studentane få litt å bryne seg på. Dei er ein glup gjeng.

Read Full Post »