Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘oppgradering’

Linuxsvineri

«Linuxfolk» nærmar seg status som skjellsord, då ikkje med tanke på linuxnyttegjerarar som meg sjølv (hipp hurra for eit stabilt system som eignar seg godt til serverbruk), men på dei som lagar distroane og programma. Er det noko i heimen som ikkje fungerer og som er mangelfullt dokumentert, så er det sikkert linuxfolk som står bak. Denne bloggposten er prega av at eg eigentleg er språkmann og ikkje datamann.

Eg driftar to linuxtenarar. For litt sidan sette eg meg ned og skulle oppgradere den eine av dei frå Slackware 10.3 til 13.0. Det er sjølvsagt mi eiga skuld at eg har venta så lenge, men klok av skade har eg ynskt å la oppgraderinga straffe seg ein gong kvart jubelår heller enn kvar gong det kjem ein ny versjon. Meg om det.

I alle fall kopierte eg over pakkane til harddisk, gjekk til einbrukarmodus, og skulle etter tur oppgradere pakkeverktya og tar-versjonen, installere xz (eit nytt komprimeringsverkty) og oppgradere findutils og glib-solibs, før resten skulle oppgraderast i ein stor jafs.

Jau då. Det er som sagt mi eiga skuld at eg venta så lenge, men alt frå og med findutils og glib-solibs er altså pakka med xz. Det viste seg fort at eg ikkje fekk installert noko som helst av dette fordi xz krev at eg allereie har ein relativt oppdatert versjon av glib-solibs, som altså er pakka med xz.

Det vart ein tre og ein halv time lang omveg om ein mellomversjon av Slackware, medrekna bootproblem, kjerneproblem og måfå-endringar i /etc/rc.d for å få maskina opp igjen, før eg endeleg fekk starte på nytt att med å oppgradere til 13.0. Det er slike ting som gjer at eg som sagt heller vil la oppgraderinga straffe seg kvart jubelår enn kvar gong det kjem ein ny versjon.

Mange opplevingar seinare (hu hei) var det på tide å konfigurere vevtenaren Apache, som skulle handtere to virtuelle vev-vertar (eit hovuddomene og eit subdomene). Men Apache ville ikkje vise fram nettsidene. Ikkje tale om, ikkje som virtuelle vertar. Eg gjorde alt slik det stod i døma, i instruksjonane og i dokumentasjonen, eg sjekka filrettane og alt, men ingenting fungerte. Løysinga var Google, som avslørte at dette var eit vanleg problem. Svaret var å stappe desse tre linene inn i VirtualHost-oppføringane:

<directory /stig/til/nettsiderota>
allow from all
</directory>

Som det stod på nettsida som løyste problemet: «It is strange that neither the sample httpd-vhosts.conf file that comes with Apache2 nor the Apache2 documentation on VirtualHost gives a example that could work.»

Elleve timar etter at eg byrja oppgraderingsarbeidet, sat eg med ei maskin som heng litt under oppstart, og som har nokre gamle rc.d-skript fordi dei nye skapte fleire problem enn dei løyste, men i alle fall er maskina no på nett igjen.

Eg kom heim, og fann ut at brukarrettleiinga til fjernsynsapparatet både var mangelfull og feil. Sikkert linuxfolk som har skrive denne òg, sa eg. Skal tru kva linuxprogrammerarar seier om oss språkfolk, det er sikkert ikkje berre hyggjeleg, det heller.

Read Full Post »