Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘orddeling’

Korrektur

Somme tastefeil får ein lyst til berre å la stå:

Ein analyse som den over er feristande.

Diverre oppdaga eg tastefeilen, og klarte ikkje å la vere å leike vaksen. Så eg retta han.

Ein av favorittane mine er likevel noko som korkje var tastefeil eller feil i det heile teke, men berre ei litt uheldig orddeling ved lineskift i bladet Norvega Esperantisto for nokre år sidan. Diverre vedtok grafikaren (fru Judith) å endre det slik at det likevel ikkje kom på prent med denne orddelinga:

la vigla tra-
fiko

Eg er altfor blyg til å forklare kva det samansette ordet trafiko tyder. Men «la vigla trafiko», slik det vart til slutt og eigentleg skulle vere, tyder i alle fall ‘den livlege trafikken’.

Read Full Post »