Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Os’

flagg-osUtanfor rådhuset til Os kommune i Hordaland vert det flagga med eitt esperantoflagg og to norske flagg denne helga. Grunnen er at Norsk Esperanto-Forbund har landsmøte på Osøyro.

Men landsmøte i esperantoforbundet, kvifor skulle det kvalifisere til flagging utanfor rådhuset?

Jau, Os har ei viktig rolle i norsk esperantohistorie, for frå Os kom Haldor Midthus, mannen som vert rekna som grunnleggjar av den norske esperantorørsla i 1896, berre ni år etter at språket vart lansert. Som mange andre esperantobrukarar på den tida var han ein tidlegare volapükist som hadde meldt overgang til det nye språket. Midthus var visst ikkje den fyrste norske esperantobrukaren, men han var den fyrste som arbeidde aktivt med å utbreie det. Han deltok også på den fyrste internasjonale esperantokongressen i 1905, og vart vald inn i eit språkleg tillitsverv der.

Haldor MidthusAllereie året etter døydde han, og dermed rakk han ikkje å oppleve at norske esperantobrukarar organiserte seg: Den eldste klubben i landet er Trondheim esperantoklubb frå 1907 (i dag med litt over 20 medlemmer), medan Norsk Esperanto-Forbund ikkje vart skipa før i 1911. Forbundet har i dag noko over to hundre medlemmer, og oppunder tretti av desse fann vegen til landsmøtet.

Støtta som i dag står på grava til Haldor Midthus, vart reist av norske esperantistar i 1955, og seier:

Haldor Midthus
✩ 6.10.1841 – ✝ 31.3.1906
grunnla den norske
esperantobevegelse
1896.

Elna-tale103 år etter at han døydde, og i samband med opninga av landsmøtet fredag 12. juni 2009, heldt Elna Matland ein tale ved grava hans ved Os kyrkje. Ho var med på å få støtta reist for 54 år sidan. Ulf Lunde frå styret la ned ein krans på vegner av Norsk Esperanto-Forbund.

Foto av Haldor Midthus: Wikimedia Commons
Foto elles: Jardar Eggesbø Abrahamsen

Read Full Post »