Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Pages’

Tekstbehandling med Nisus Writer Pro

Då Apple endra iWork-programma sine i 2013, råka det meg særleg på tekstbehandlingsfronten, med nokre tusen filer privat og på jobb frå programmet Pages. Eg blogga om det den gongen: Apple øydela iWork. På det tidspunktet hadde eg brukt Mac i 20 år, men hendinga var med på å skape ein vedvarande effekt på tilliten min til programvare frå Apple. Eg måtte finne noko anna enn Pages.

Denne bloggposten skulle eg ha skrive for lenge sidan, merkar eg, men no gjer eg det: Etter å ha prøvt fleire tekstbehandlingsprogram landa eg på Nisus Writer Pro, og eg har ikkje angra. Det finst også ein Nisus Writer Express, som eg ikkje prøvde ut, så det eg skriv her, byggjer på røynslene med Pro-versjonen. Dette dekkjer ikkje alt som dette programmet kan gjere, berre noko av det som er viktigast for meg personleg. PDF-manualen som fylgjer med programmet, og som kan leitast fram i Hjelp-menyen, er til samanlikning på nesten 800 sider.

Nisus Writer var ikkje heilt ukjent for meg. Eg prøvde programmet ein periode på 2000-talet før Apple lanserte Pages, og likte det allereie då.

Skjermbilete av dokument.

Stildefinering

Fyrst og fremst er Nisus Writer Pro rett og slett brukarvennleg på alle vis. Og lat oss ta noko av det viktigaste fyrst: stilhandtering. Frå andre aktuelle tekstbehandlarar er vi gjerne vane med at for å redigere t.d. ein avsnittsstil må ein opne eit vindauge med mange faner eller knappar. Der kan ein velje lineavstand, innrykk og alt dette andre, og ein må gjerne leite etter innstillingane, for det er jo ikkje ofte ein justerer ein stil.

I Nisus Writer Pro er dette annleis. Der vekslar ein frå t.d. sidevising av dokumentet til stilvising. I stilvisinga slepp ein å klikke seg inn og ut av menyar og faner, i staden får ein sjå ei oppsummering av stilen på éi oversiktleg flate. Vil ein til dømes endre lineavstand, så gjer ein det ved å klikke eller taste i akkurat det same panelet som ein frå før bruker til spontane endringar for einskildavsnitt undervegs i skrivinga. Vil ein endre font for stilen, så vel ein fonten frå den same menyen som medan ein skriv. Det går kjapt å redigere stilar, og ein slepp å leite. Til venstre for stilarket er elles ei liste over alle stilane, så ein kan klikke seg vidare til den neste stilen ein vil redigere. Stilar kan lagrast til stilsamlingar i eit eige stilbibliotek, slik at ein kan hente dei inn att på tvers av dokument.

Skjermbilete av avsnittsstil.

Oppsummering av avsnittsstilen «Normal» i eit dømedokument.

Standardmalen for dokument som fylgjer med programmet, er ikkje særleg godt tilpassa til mine behov, så etter å ha justert stilane i eit nytt dokument lagra eg dokumentet som ny mal. Denne ligg automatisk til grunn for nye dokument, fordi eg har valt den malen i Preferences > New File > Advanced.

For meg som skriv mykje lydskrift, har overgangen til Nisus Writer Pro i periodar ført til daglege kjærleikserklæringar. Sjå på denne teiknstilen, som eg har kalla «ipa», oppkalla etter lydskriftsystemet med same namn:

Skjermbilete av teiknstil.

Når eg vil skrive lydskrift, kan eg anten klikke på teiknstilen «ipa», eller eg kan trykkje ein tastatursnarveg som eg har definert direkte i stilarket. Då vert teiknstilen sett til «ipa», og denne teiknstilen inneber det fylgjande: Skrifta vert endra til ein lydskriftvennleg font som heiter Doulos SIL. Sidan denne fonten er litt meir knipen enn nokre av dei andre fontane eg bruker i brødtekst, har eg for dømet si skuld sperra ørlite med 2 twips (1 twip = 1/20 typografisk punkt). I denne teiknstilen har eg også spesifisert eit språk, som vil overstyre eventuelle språkval i avsnittsstilane. Språket her er det eigendefinerte «IPA». Det språket har eg definert i programinnstillingane slik at stavekontrollen vert slegen av (det er trass alt lydskrift), og samstundes skiftar tastaturoppsettet mitt til IPA-oppsettet.

Så altså: Når eg vil skrive lydskrift, så trykkjer eg ein tastatursnarveg (eller klikkar i stilmenyen), då får eg momentant rett font, rett tastaturoppsett, og stavekontrollen vert deaktivert for den tekstsekvensen. Straks eg trykkjer tastekombinasjonen igjen, eller flyttar skrivemerket ut frå lydskriftområdet, så er eg tilbake til vanleg skriving. Kort sagt bruker eg nesten ikkje tid på slike mikroavbrot i skriveprosessen, eg berre skriv i veg, og eg merkar denne skilnaden frå andre tekstbehandlarar til dei grader på konsentrasjonen.

Tilfellet mitt med lydskrift er kanskje litt spesielt, men det fortel noko om kva ein kan få til med enkle grep. Det same gjeld det komande punktet.

Andre spesielle teikn og formateringar

Eg bruker teiknet ≫ ein del («mykje større enn»-teiknet, må ikkje forvekslast med sitatteikn), men det er få fontar som har det, så eg har definert ein eigen teiknstil som eg bruker når eg skriv dette teiknet. Eg har valt teiknstil-tilnærminga for å kunne skifte ut fonten på dette og visse andre teikn enkelt med eitt grep dersom det trengst.

Sjølve teiknet ≫ er i og for seg del både av IPA-tastaturoppsettet som eg nemnde over, og av det utvida norske tastaturoppsettet mitt. Men det kan vere meir praktisk å skrive teiknet ved å taste >> (to «større enn»-teikn), og definere i «QuickFix»-delen av programinnstillingane at den sekvensen skal skiftast ut automatisk under tasting med teiknet ≫. Då må eg rettnok framleis velje rett teiknstil kvar gong.

Så kva gjorde eg? Eg tok i staden i bruk «Glossary»-finessen til Nisus Writer Pro (same stad i innstillingane), der ein kan definere i ei eiga fil, og på eit noko meir avansert vis, korleis tekststrenger skal skiftast ut med noko anna medan ein skriv (ein kan skifte ut med smått eller stort, jamvel med grafikk om du vil). Slike glossary-sett med utskiftingar kan skruast på og av individuelt, og i eit sett som eg har definert for fagformalisme, spesifiserte eg at kvar gong eg tastar >>, så skal eg få ≫, men med korrekt teiknstil. Finst ikkje den teiknstilen i dokumentet eg redigerer, så vert han stappa inn straks. Og finst han frå før, så vil ≫ få nettopp den teiknstilen, også om kanskje glossary-fila har definert stilen litt annleis. Så ein kan altså halde fram med å sjonglere fontar i teiknstilen i dokumentet uavhengig av nøyaktig korleis teiknstilen er definert i glossary-fila.

Ein kan ha mange slike sett med utskiftingar, ein kan aktivere dei etter behov, og tilpasse dei som det høver seg. Eg laga meg altså eit sett med ein bestemt fagformalisme, og i tillegg til dette og andre teikn definerte eg at kvar gong eg tastar Max, Dep og visse andre formaletikettar, så skal desse verte skrivne med kapitelar i tråd med konvensjonane i faget. Så reint praktisk, dersom eg tastar t.d. Max (C) >> *Coda >> Dep (V), så vert det automatisk gjort om til Max (C) ≫ *CodaDep (V) medan eg skriv.

Videoen viser dette dømet i praksis:

Eg har overraska meg sjølv med dette. Det er utruleg korleis det hjelper når ein kan konsentrere seg om det å skrive ned, og ikkje treng å avbryte dette i eit lite sekund for å justere formateringa manuelt.

Elles vil eg nemne spesielt at Nisus Writer Pro har ein teiknmeny som er lett tilgjengeleg i sideskuffa med ulike verktøy (sjå straks), og som gjev enkel tilgang til utvalde spesialteikn under skriving, sånn som ulike slags mellomrom, strek, hermeteikn, greske eller hebraiske bokstavar og meir. Desse menyane kan sjølvsagt også konfigurerast med dei teikna som ein måtte ynskje seg, og ein kan velje å sjå teikna anten som liste med symbol og symbolnamn eller som teikntabell.

Å konfigurere

Ein kan i det heile teke konfigurere i mykje i dette programmet. Dette er det som eg bruker mest:

Det finst ein «palette dock», ei sideskuff med ulike verktøy, m.a. font, lineavstand, tabelloppsett og dokumentmargar. Denne kan også brukast som flytande vindauge, det er sjølvsagt ei innstilling. Eg har valt å bruke sideskuff, men samstundes plukke ut spesifikt lista med avsnitts- og teiknstilar som flytande vindauge, slik at eg alltid har den lista tilgjengeleg, same kva eg elles ser på i verktøyskuffa (som standard finst stillista i fanen med «Writing»-verktøya, om eg hugsar rett). Og dette flytande vindauget kan eg fjerne og få fram igjen ved hjelp av ein tastatursnarveg som eg har definert sjølv.

Med min jobb og mine interesser skriv eg mange rare teikn og bokstavar, og det er ikkje alltid at det aktuelle skriftteiknet finst i den fonten eg bruker der og då. Skriv eg eit teikn som ikkje finst i den fonten, så vil Nisus Writer vise teiknet i ein annan font. Greitt nok, slikt er ikkje uvanleg. Men her kan ein konfigurere at ein skal sjå ein sjølvvald bakgrunnsfarge (raudt som standard) for å oppdage teikn som ikkje finst i den fonten ein skriv med. For meg har dette vore ein svært nyttig detalj.

Ein kan også konfigurere og slå på eller av bakgrunnsfarge for andre situasjonar, t.d. automatisk tekst av typen sidetal og fotnotereferansar. Slike bakgrunnsfargar kjem ikkje med på utskrifta, men kan vere kjekke å ha når ein redigerer.

Det er generelt svært mykje som kan konfigurerast i Nisus Writer Pro. Tastatursnarvegar for alt som finst i ein eller annan meny, til dømes. Frå andre Mac-program er vi vane med at vi kan leggje inn tastatursnarvegar via systeminnstillingane. Då må ein taste inn nøyaktig namn på menyelementet. I Nisus Writer er den prosessen forenkla ved at ein kan gå til programinnstillingane, navigere i ein kopi av menystrukturen, velje tastaturstarveg, og få ei åtvaring dersom denne tastatursnarveg er brukt frå før. Her er nokre få av dei tastatursnarvegane som ligg inne hjå meg, primært eigendefinerte, og litt som standard:

⌃⌘-    Format > Baseline > Subscript
⌃⌘+    Format > Baseline > Superscript
⌃⌘I    Format > Character Style > ipa
⌘15    Format > Paragraph Spacing > 1.5 Space Lines
⌘H1    Format > Paragraph Style > Heading 1
⌃⌥⌘←    Table > Insert > Column to the Left
⌃⌥⌘→    Table > Insert > Column to the Right

Legg merke til at ein kan ha sekvensar i tastatursnarvegane. I eitt av døma her, som eg vedgår å ikkje bruke mykje, får vi lineavstand 1,5 ved å halde inne ⌘ samstundes som ein tastar 1 og deretter 5. Tastatursnarvegar for stilar kan ein elles definere direkte i stilvisinga, som nemnt over.

Søk, erstatt, makroar, kopiere og lime inn

Søkjefunksjonen, med erstatning, finst i tre utgåver: Normal Find, PowerFind og PowerFind Pro. Den sistnemnde tillèt regulære uttrykk, t.d. «[abc]d*e» for å søkje etter anten a, b eller c etterfylgt av null eller fleire d før e. Eg er som regel godt nok hjelpt med vanleg PowerFind. Søkjefunksjonen er uhyre lett å manipulere, og kan avgrensast til heile teksten, berre notar, berre kommentarar, og meir. Om ein vil søkje etter kva som helst av tekst som endar på bokstaven p, der akkurat bokstaven p er i halvfeit Times New Roman, så er det berre å søkje i veg. Pass berre på at «Formatting Sensitive» er avkryssa for å få med formateringa i søket (det vert han straks du formaterer noko i søkjefeltet).

Nytt i versjon 3 av programmet er at ein også kan få alle treffa opp i eit eige vindauge som ein kan klikke seg fram og tilbake i.

I tillegg til vanlege søk har eg t.d. brukt søkjefunksjonen når eg skal skrive dokument med tilbakemelding til studentar. Då limer eg fyrst inn ei liste med namn, deretter bruker eg søk og erstatt til å setje kvart namn i halvfeit skrift øvst på ei ny side, og så lèt eg det vere nokre tome liner under, eventuelt med oppgåveoverskrifter i halvfeit.

Skjermbilete av søk og erstatt.

Programmet byr på makroar i ein eigen meny for slikt. Det er lett å lage makroar, og ein treng berre berre eit par museklikk for å lage makro av søk eller søk og erstatt. Så på eitt minutt laga eg meg ein makro som søkjer opp åttebitskoda esperantobokstavar, den eldgamle konvensjonen med cx, gx osb., og erstattar med skikkelege bokstavar som ĉ og ĝ.

Nisus Writer Pro kan kopiere og lime inn ikkje berre uformatert og formatert tekst, men også avsnittseigenskapar isolert. Så ein kan plassere skrivemerket ein stad i teksten, kopiere eigenskapane frå det avsnittet, og lime dei inn ein annan stad, med innrykk, tabulatorar, lineavstand og alt.

Den same finessen finst også for teikneigenskapar. Ein kan setje skrivemerket i eit tekstområde som er t.d. i Helvetica kursiv, klikke på pipettesymbolet, så markere annan tekst, og denne vert då automatisk endra til Helvetica kursiv. Eller alternativt: Tast ⌥⌘C på tastaturet (Copy Character Attributes) eller vel dette menysystemet, marker den andre teksten, og tast ⌥⌘V for å lime inn teksteigenskapane. Ikkje at eg bruker denne finessen så mykje.

Filformat

Nisus Writer Pro bruker filformatet rtf. Dette gjer at filene kan lesast av nær sagt alle tekstbehandingsprogram. Formatet er også slik at same korleis det skulle gå med Nisus og jamvel med rtf-standarden i framtida (rtf vert ikkje lenger aktivt utvikla), så vil filene vere leselege.

Eg har valt å lagre med zrtf, dette er berre gzippa rtf, og gjer at filene tek mindre plass. Å døype dei om til .rtf.gz lèt oss pakke ut fila som rtf igjen dersom dette skulle trengast. Med zrtf er det likevel nokre få avvik frå standard rtf, visstnok slik at det til vanleg ikkje skal føre til kompatibilitetsproblem, med eitt unntak: Bilete som er dupliserte i dokumentet, er koda i fila berre éin gong. (Sjå dette foruminnlegget.)

Ein kan eksportere til doc-format, men då er det viktig å eksportere til doc (eller i dag gjerne docx), ikkje berre «lagre som» doc. Lagrar ein som doc, vert det .doc-filsuffiks, men med rtf inni. Eksporterer ein, vert det doc-format også inni fila. Programmet bruker element frå LibreOffice til den konverteringsjobben. Så dersom ein har tilgang til Word, eller skal bruke dokumentet i Word, så er det i mi røynsle like greitt å berre lagre som rtf, og så opne den rtf-fila direkte i Word og lagre som doc eller docx derifrå.

Andre finessar

Programmet byr på mykje som eg ikkje har nemnt her, både slikt som eg bruker nesten kvar dag, og slikt som eg aldri kjem til å bruke. For somme kan det vere viktig å vite at programmet tillèt kommentarar og sporing av endringar, og viser desse i sidestolpar. Tabellar og kantliner er lette å setje opp og justere.

Ein kan dele vindauget og sjå to eller fleire delar av dokumentet samstundes, med eller utan synkronisert rulling. Eller ein kan dele vindauget slik at ein ser dokumentet saman med alle fotnotane under eitt, saman med kommentarar eller spora endringar. Eller ein kan sjå dokumentteksten saman med stilvisinga og dermed sjå effekten av stilendringane momentant. Då eg oppgraderte frå versjon 2, trudde eg ikkje at eg kom til å bruke slik vindaugsdeling noko særleg, men det har vist seg at eg trudde feil.

Innhaldsliste kan genererast frå mellomtitlar med avsnittsstilar som er definerte slik at dei skal fangast opp nettopp i innhaldslista. No treng ein rettnok ikkje å ha innhaldsliste i dokumentet sitt for at dette skal vere nyttig. I lengre tekstar er det nemleg kjekt å kunne klikke seg fram og tilbake i ein stolpe til venstre for dokumentteksten. Stolpen viser dei mellomtitlane som har slike overskrift-avsnittsstilar. Er desse stilane på fleire nivå (t.d. 2 og 2.1, om ein skulle velje å nummerere dei), så kan ein falde ut eller skjule underliggjande nivå. Ein kan også flytte rundt på heile bolkar av teksten ved å trekkje elementa omkring i sidestolpen.

Skjermbilete av dokument og meir.

Delt dokumentvindauge, verktøy til høgre og innhaldsstolpe til venstre, og heilt til venstre eit flytande vindauge med teiknstilar (rosa ikon) og avsnittsstilar (blå ikon).

Slikt som eg saknar

Om eit gjeve filformat skulle vere kompatibelt på tvers av program, så er det likevel alltid eitt og anna som ikkje fungerer. Det er truleg ikkje så mange brukarar som vert råka av dette i praksis, men eksternt importert vektorgrafikk (pdf, eps) i Nisus Writer Pro vert til punktgrafikk med dårleg oppløysning når fila vert opna i Word, LibreOffice eller andre program. Når eg av og til må sende frå meg ei Word-fil med slike illustrasjonar, må eg derfor som siste steg i prosessen opne rtf-fila frå Nisus Writer Pro i Word, skifte ut illustrasjonane med originale grafikkfiler, og til slutt lagre som docx. For meg personleg veg andre eigenskapar ved programmet opp for denne ulempa. Nisus fortel i ein e-post at dette er utslag av ei begrensning i sjølve rtf-formatet. Det kunne finnast måtar å trikse det til på, men dette kan ha visse andre ulemper.

Spotlight indekserer rtf-filer så dei vert søkbare, og Finder kan vise dei i «hurtigvisning», men zrtf-filer får ikkje vere med på den moroa. Dette er av og til eit sakn, men den dramatisk mindre filstorleiken til zrtf gjer at eg bruker zrtf likevel.

Oppslagsvising (venstre og høgre side i same bilete) finst ikkje i inneverande versjon av programmet.

Når ein set inn bilete som teksten skal flyte rundt, kan det av og til verte kluss med den nøyaktige plasseringa av biletet, som kan finne på å hoppe til ein uventa plass. Dette er ein feil som Nisus arbeider med å fikse, får eg opplyst. Eit par andre småting som eg har lagt merke til, er allereie fiksa i inneverande betaversjonar til den komande oppdateringa.

Avrunding

Alle dei små sakna over kan eg leve med. Kanskje vert noko av det betre i seinare versjonar. Eg har vorte veldig glad i Nisus Writer Pro, nettopp fordi eg som regel slepp å tenkje på programmet medan eg skriv.

Gjennomgangen over er skriven på grunnlag av slik det er å bruke versjon 3.0.4. Denne versjonen finst berre med engelsk brukargrensesnitt, men det er kjent at fleire språk skal kome. (For ordens skuld, programmet støttar alle dei stavekontrollane som macOS har å by på, dette er ei heilt anna sak, som er uavhengig av kva språk menyane i programmet viser seg fram på.) Denne bloggposten vert publisert den 8. mars 2020, og i skrivande stund er Nisus inne i fasen med betatesting av versjon 3.1.

Det finst som nemnt ein billigare variant, Nisus Writer Express. Nisus har ei samanlikning av dei to her.

Andre òg har skrive si lukkelege meining om Nisus Writer Pro, t.d. Joe Kissel i MacWorld og Bambi Brannan i Mac360.

Det seier seg kanskje sjølv, men til slutt skal eg likevel for ordens skuld nemne at eg ikkje er tilknytt Nisus, eg er berre veldig glad i dette produktet. I samband med denne bloggposten har eg kontakta dei med nokre spørsmål, og eg har hatt tilgang til betaene til versjon 3.1.

Read Full Post »

Apple øydela iWork

Somme vil hevde at eg har vore ein levande Apple-reklame sidan eg byrja med Mac i 1993. Ofte har eg gledd meg som ein unge til oppdateringar og nye påfunn, det skal eg vedgå. Men dette er sjølvsagt ikkje heilt utan unntak, og unntaka har kome gradvis oftare. Dei siste ti åra har eg likevel investert delar av mitt skarve truverd i å tilrå den inntil nyleg glimrande kontorpakken iWork for Mac. Fy som eg angrar.

Eg skulle heller ha åtvara mot slike Apple-produkt, og no har eg byrja med nettopp det (nøgnare sagt har eg vorte meir aktiv med det), også i møte med studentane mine. For med Apple veit ein aldri om ein misser fleire års arbeid når nokon i rett posisjon plutseleg får ei openberring. Sjølv kjem eg, slik det ser ut i dag, til å misse alle presentasjonar og føredrag sidan 2003, alle manuskript til førelesingar, læringsmateriell, lærebok, artiklar og alt anna i tekstbehandling sidan 2005, og alle rekneark, herunder også databasar, sidan 2007. Det er framleis mogeleg å konvertere dokumenta til andre format, men du verda for eit arbeid det vert, også etterarbeidet for å få dei viktigaste konverterte dokumenta til å sjå ut slik dei skal.

La meg skyte inn at den mest akutte indignasjonen la seg etter ein dag eller to i oktober, og at det sidan då har handla mest om å finne pålitelege alternativ.

iWork

Keynote

Keynote 5.3 med ein ikkje-fagleg presentasjon av nyare dato.

Då eg heldt ei viktig førelesing i 2003, fekk eg spørsmål etterpå om kva slags program eg hadde brukt, for det såg teknisk veldig bra ut, og var i alle fall ikkje PowerPoint. Eg kunne røpe at eg hadde brukt Keynote, som på det tidspunktet var i versjon 1.1. Liknande kommentarar har kome seinare òg. Keynote har vore lett å bruke, og har gjeve gode resultat på lerretet.

Somme snik seg til å fylgje med på fotballkampar, eg har andre laster. I januar 2005 utbraut eg eit ørlite gledesrop i feil sosial situasjon då eg sneik meg til å sjå på rapporteringa frå presentasjonen til Steve Jobs på Macworld Expo i San Francisco om at no kom det også eit tekstbehandlingsprogram. Programmet heitte Pages, og saman med Keynote og etter kvart reknearkprogrammet Numbers (2007) har vi sidan då hatt programpakken iWork.

Oppdateringane har gjort programpakken stendig betre. Førre oppdatering kom i 2009, med småjusteringar sidan. Tekstbehandlaren Pages har vore hovudverktyet mitt. Berre på heimemaskina har eg i skrivande stund 1170 Pages-filer, og på jobbmaskina 2144 filer. Då ein kollega og eg laga bok for nokre år sidan, sette eg boka i Pages. Dei reviderte utgåvene sameleis, med god kontroll på utsjånaden og utan fare for herpa vektorgrafikk. Alle førelesingane mine sidan 2005 har eg skrive i Pages, alle revisjonane, alle støtteark, alt læringsmateriell, alle brev og viktige dokument.

Det har vore ein brukarvennleg draum å bruke både Pages, Keynote og Numbers, og for meg og mange andre har det etter kvart vorte lite å sakne i funksjonalitet. Gjeldande versjonar var Pages 4.3, Keynote 5.3 og Numbers 2.3.

Så kom oktober 2013

I oktober 2013 kom den neste større oppdateringa: Pages 5.0, Keynote 6.0, Numbers 3.0. Programma vart annonserte med store ord som fantastiske nyvinningar. Gamleversjonane vart samstundes trekte frå marknaden.

Eg oppdaterte ikkje. Det var nok å lese kva andre hadde opplevt. Programma har mist fleire titals funksjonar (for Pages ligg talet på ca. 90–100 fjerna funksjonar), t.d. noko så grunnleggjande som nøyaktig kniping og sperring av tekst, paginering med romartal, og støtte for rtf og doc (docx er støtta). I skrivande stund kan ein heller ikkje søkje og erstatte avsnittsskift eller strenger som inneheld mellomrom. Og folk som opnar ei gammal fil, får øydelagt formateringa si, illustrasjonar vert sletta, øydelagde (dårleg kvalitet) eller flytta rundt på, sidene (eller lysbilete i Keynote) kjem i feil rekkjefylgje, og så vert hærverket automatisk lagra (visstnok reversibelt vha. «Tilbakestill til…» i filmenyen).

I tillegg fortel folk at den gjenverande funksjonaliteten er meir tungvint. Til dømes er den vesle, flytande og praktiske inspektøren fjerna til fordel for eit sidepanel som tek opp ein viss del av skjermbreidda frå topp til tå i dokumentet, stilskuffa (eitt klikk for å skifte stil) er fjerna og er erstatta av ein meny, ein kan ikkje velje alle førekomstar av ein stil lenger, og ein må djupt inn i verktya for å gjere enkle oppgåver. Der tidlegare versjonar kunne brukast både til tekstbehandling og til sidelayout (det siste har eg m.a. brukt til å lage plakatar til fagpresentasjonar), kan noverande versjon brukast berre til tekstbehandling.

Pages

Pages 4.3 med stilskuffe til venstre, og utan inspektør til ære for skjermbiletet.

Filformatet er også endra: Før låg det xml til grunn, så dersom all verdas uhell og nedleggingar skulle vere ute, ville det i det minste vere mogeleg å hente ut tekst. No er det eit ugjennomtrengjeleg binærformat. Pages-filer frå 2008 og tidlegare lèt seg ikkje opne i det heile teke. Men filsuffikset, det er altså det same som før.

Grunnen til alt dette er at Apple vil gjere det mogeleg å redigere dei same dokumenta på ein iPhone som på ein Mac. Ettersom ein telefon og ei fullblods datamaskin ikkje er like gode til slikt, har dei nedjustert Mac-programma til lommeformat både i funksjonalitet og i brukargrensesnitt. På ein telefon er det jo dårleg plass til stilskuffe, flytande inspektør og drøssevis av tekstbehandlingsfunksjonar. Takk og farvel til dei av oss som brukte kontorprogramma til seriøst arbeid.

Etter den massive kritikken frå brukarane har Apple gjort noko så uvanleg som å fortelje at nokre av funksjonane (nokre av dei mindre viktige) skal kome tilbake, m.a. vertikal linjal og betre ordteljing.

Dette er sjølvsagt ikkje godt nok. Eg leiker ikkje når eg skriv noko eller lagar presentasjonar, det er faktisk jobben min, og eg kan ikkje halde pusten og håpe på at framtidige versjonar av programma kanskje skal takle t.d. nøyaktig sperring og kniping, paginering med romartal, bokmerke, hyperlenkjer til nettsider, søk-og-erstatt som forstår avsnittsskift/sideskift/mellomrom, samankopla tekstboksar, ligaturkontroll, ikkje-automatisk språkval for teksten, rtf-filer, diskontinuerleg tekstmarkering, ikkje-amerikansk datoformat i reknearket, sidemargar same stad, cellesplitting, cellebakgrunn, alfakanalvideo i Keynote (gjennomsiktig videolag, eg har drøssevis av slike i Keynote-presentasjonar der eg har teksta videoar) og støtte for QuickTime-plugins same stad for å kunne spele meir enn H.264 (men då får vel iPhone-versjonen fort eit problem), eller at det skal verte enkelt å handtere avsnitts- og teiknstilar igjen.

Papir, blyant, viskelêr og linjal. Tekst: Leaked photo shows Apple beta testing Pages 6.0 for the next major iWork upgrade. The release version will also have support for a vertical ruler. An attempt to take a screen shot of the Keynote 7.0 beta failed because of a defective bulb in the overhead projector.


Apple har ikkje akkurat skrudd opp forventingane til neste versjon.

For dei nye versjonane av iWork-programma Pages, Keynote og Numbers er altså ikkje nye versjonar. Dei er nye program på 1.0-stadiet eller under, men som heiter det same som dei gamle, og som har fått høgre versjonsnummer, og bruker dei same filsuffiksa men med eit heilt anna innhald og format.

Det er sjølvsagt kjempefint å kunne redigere det same dokumentet på ein telefon, eit nettbrett og ei datamaskin, og få dette automatisk synkronisert. Sjølv om eg personleg aldri ville ha skrive førelesing eller laga plakat på ein mobiltelefon. Hadde dei lansert dette som versjon 1.0 av iSumthin, utan iWork som referanseramme eller rival, hadde det sikkert vore supert. Det som er verre å rose Apple for, er at dei til ære for desse nye programma vel å sende nokre heilt andre slags program, fullblodsprogramma for datamaskin, til havs og sabotere årevis med arbeid for så mange brukarar.

Kontorprogram er ikkje såpeproduksjon

For dette handlar ikkje berre om å misse gode verkty. I tillegg risikerer arkiva våre å verte utilgjengelege ved ei tilfeldig oppdatering av operativsystemet som øydelegg noko for iWork ’09 (gamleversjonen vert ikkje avinstallert). Derfor kan vi altså ikkje halde pusten, men må berge dokumenta våre over til eit anna format medan iWork ’09 framleis fungerer.

Om nokon innstiller produksjonen av favorittsåpa, kan ein framleis kjøpe ei anna såpe og vaske seg. Men vi kan ikkje bruke Word eller eingong Pages 5 til å opne eit Pages 4-dokument (Pages 5 fungerer altså på filer frå 2009 og seinare, men ikkje på ein påliteleg måte). Vaskar eg meg på hendene, så har eg vaska meg, og kvar vask er ein avslutta vask. Har eg skrive ei førelesing, eit støtteark eller eit notat om noko eg arbeider med på jobb eller privat, så treng eg ofte å kunne kome tilbake til det på pålitelege måtar gong på gong i årevis.

I motsetnad til såpeproduksjon er det å tilby kontorprogramvare av denne typen identisk med å love ein infrastruktur med kontinuitet og stabile rammer for viktige data. Denne lovnaden har Apple brote. Ein kan ikkje stole på ein leverandør som fjasar bort nytteprogram og fjernar elementær funksjonalitet fordi det er kulare å samkøyre greiene med ein mobiltelefon. Då tek ein ikkje dei seriøse langtidsbrukarane på alvor.

Brukarvurderingar av Pages

Gjeldande versjon av Pages (5.0.1) har pr. 23. desember 2013 eit gjennomsnitt på 1,9 stjerner på den amerikanske versjonen av Mac App Store, med 1 stjerne frå 64 % av stemmene. Gjennomgangsmelodien i omtalane er «garbage», «horrible» og «worthless». Gjennomsnittskarakteren for versjonane før 5.0 var 4,0 stjerner, med 5 stjerner frå 60 % av stemmene.

Det ironiske for meg som har unngått Word, er at eg framleis kan opne tjue år gamle filer frå Word 5.1a med dei nyaste Word-versjonane. Det er berre nokre månader sidan eg trong dette då eg skulle skrive ei førelesing som var delvis basert på noko eg skreiv tidleg på nittitalet. Men Pages frå oktober 2013 kan altså ikkje opne Pages-filer frå september 2013 utan å rote det til. Fordi det skal vere mest mogeleg kompatibelt med ein telefon.

Tenk deg at Microsoft med brask og bram kom med eit nytt tekstbehandlingsprogram som var for ein stor del inkompatibelt med Word-filer, eit nytt program som ikkje inneheldt støtte for grunnleggjande funksjonar for ein tekstbehandlar, og at dei samstundes trekte Word frå marknaden fordi det nye programmet skulle heite Word, skulle marknadsførast som oppgradering av nettopp Word, og skulle bruke filsuffiksa .doc og .docx, no med eit heilt anna innhald og format enn før. Og at dei samstundes gjorde det same med Excel og PowerPoint. Tenk deretter på ordet «tillit». I tilfella med Word, Excel og PowerPoint ville i det minste andre program og tenester ha takla filene på eitt eller anna slags vis.

Hadde dette vore eit unikt uhell, hadde det vore si sak. Men dette er berre den siste episoden i ein serie med neddumma oppdateringar, til dels lanserte med høglydt marknadsføringssvada. Operativsystemet er framleis etter måten bra, og er saman med ein del viktige program frå andre leverandørar ein viktig grunn til at eg held meg til Mac (men operativsystemet har fått fjerna rullefelt-pilene og den finstilte kontrollen der, for å gjere det meir likt ein telefon, og eg har visse arbeidsoppgåver der andre navigeringsmåtar ikkje er fullverdige alternativ).

Så kva gjer eg no?

Eg har ikkje heilt bestemt meg enno, sjølv om eg har byrja å vippe i spørsmålet om tekstbehandlar. Word freistar ikkje spesielt. Berre det at eg treng trygg grafikkbehandling og lettvint tabellformatering og stilhandtering, er nok til å halde Word litt på avstand i dagleglivet, og sjølvsagt nye Pages endå meir på avstand. OpenOffice med venner liknar etter min smak litt for mykje på Word, og det er vel også meininga, forstår eg.

Eg synest at Mellel har ei bratt læringskurve og er noko upraktisk. Eg har ein lisens og skal ikkje sjå heilt bort frå at eg tek det i bruk til ei og anna oppgåve. Men eg har også byrja å snuse på Nisus Writer Pro, som er lett å bruke og har god stilhandtering. Eg brukte veslebroren Nisus Writer Express den siste tida før Pages kom i 2005. Og sjølv om nokre funksjonar er sårt sakna i Nisus (t.d. maskering, direktealfa og sidelayout) eller er litt omstendelege i inneverande versjon (t.d. kniping/sperring og skriftlinejustering), er somme ting også meir avanserte enn sjølv gamle Pages. Til dømes er søk (og erstatt) fenomenalt. Og teiknstilar endrar sjølvsagt font og språk, men samstundes kan språk definerast slik at det også automatisk ikkje berre slår av stavekontroll men også endrar tastaturoppsettet. Plutseleg vart det mykje lettare å skrive lydskrift.

Nisus-programma bruker som standard rtf som underliggjande format, så filene vil vere leselege sjølv om produsenten skulle få ein vulkan i hovudet. Andre ting er ikkje like bra, t.d. er programmet av og til usamd med seg sjølv om eit avsnitt skal delast eller ikkje mellom to sider, og så vert sideskifta berekna på nytt og retta opp når ein redigerer noko der. Grafikk og tekstflyt rundt grafikk kan rote det til for kvarandre slik at dei av og til hoppar både hit og dit akkurat under grafikkinnsetjinga. Og bilete som strekkjer seg utanfor satsspegelen («tekstområdet» på sida), får ein strek gjennom seg akkurat der på utskrifta, spesielt synleg dersom grafikken har skugge.

Same kva eg landar på, grur eg meg sjølvsagt til å måtte konvertere og deretter reinske opp manuelt i så mange noverande Pages-filer (ein masseeksport må gjerast same kva, berge det som bergast kan medan det framleis er mogeleg), så eg kjem nok til å sveipe innom Pages 4.3 enno ei stund medan eg utset det uunngåelege.

Numbers

Numbers 2.3 med fleire separate tabellar på eitt og same ark. Inspektøren flyt der vi vil ha han.

Rekneark er ikkje fullt så kritisk, men eg har altså unngått Excel. Sist eg prøvde Excel, hadde det m.a. problem med unicode når eg skulle importere tabtekstfiler med lydskriftteikn, eller motsett veg eksportere data med slikt eller andre spesialbokstavar. Eg kan ikkje sjå at dette har betra seg noko i Office 2011. Somme har føreslege Tables, men det verkar litt fattigsleg, sjølv om det ser ut til å takle i alle fall reknestykka mine (i Excel-eksport frå Numbers 2.3) betre enn Excel gjer sjølv, så eg skal ikkje heilt avskrive det. Eller Excel heller.

Eg les at nye Numbers ikkje er fullt så ribba for funksjonalitet som nye Pages og Keynote, det har i hovudsak berre vorte meir tungvint å bruke. I gamle Numbers finst det t.d. inspektør (det har forresten også Tables). Og ikkje minst ligg arka i ei liste nedover i venstre kant av vindauget, med god kontroll over både arka som heilskap og elementa på kvart av arka (noko av det geniale med Numbers er nettopp at ein kan ha fleire separate tabellar på eitt og same ark). I nye Numbers ligg arka som faner vassrett bortover utan detaljoversikt over strukturen. Slik vert det jo på ein telefon. Tråden på Apple-forumet om nye Numbers er elles avskrekkande nok, og omtalane på amerikanske Mac App Store er ein einaste lang variasjon over ord og uttrykk som «useless», «great app destroyed» og «lost my work».

Og finst det eit presentasjonsprogram som kan tene som brukarvennleg, funksjonsrik og estetisk erstatning for Keynote? Eg bruker som regel krit og tavle i undervisninga, men til føredrag og presentasjonar må eg som oftast ha noko meir moderne. Keynote var det beste. Eg liker ikkje PowerPoint.

Lenkjer

Apple-foruma har mange innlegg frå folk som har fått øydelagt arbeida sine av dei nye iWork-programma, og som har brukt dagar og veker på reparere skadane. Skuld ikkje berre på dårlege backuprutinar her. Dersom ein bilprodusent med overlegg leverer ein bil med katapultsete, er ikkje dårleg bilbeltebruk den einaste syndaren. Eg har gode backuprutinar, og sparer meg elles mykje arbeid på å halde meg unna dei nye iWork-programma. Men det kjem til å ta tid å berge seg over på noko som ein kan stole på i lengda, kva det enn vert.

Pages FAQ: Some Less Good News with Pages 5
Pages FAQ: Undocumented Proprietary File Format in Pages 5
Betalogue: Pages 5: An unmitigated disaster
Betalogue: More on Pages 5
Ars Technica: The productivity suite formerly known as iWork
Macworld: Numbers 3.0 review
Macworld: Pages 5.0 for Mac review
Macworld: Keynote 6.0 for OS X review
Apple-forum: Pages 5 features checklist
Apple-forum: Why does Apple get rid of so many useful features in new Pages?
Apple-forum: List of deleted features in Keynote ’13
Apple-forum: What has been lost in Numbers 3.0 upgrade?

Ikkje alle desse lenkjene fungerer lenger, forresten. Natt til 16. desember norsk tid, etter at «Why does Appe get rid of…»-tråden på Apple-brukarforumet hadde vorte rundt 70 sider lang med ca. 1050 stendig meir hissige innlegg og hadde vorte lesen omtrent 63 200 gonger, så bestemte Apple seg for å gjere heile tråden utilgjengeleg. Ikkje-innlogga brukarar vert bedne om å logge seg inn, medan innlogga brukarar får denne meldinga: «It appears you’re not allowed to view what you requested. You might contact your administrator if you think this is a mistake.»

Read Full Post »

Stavekontroll i Pages

Norsk stavekontroll i Pages på Mac OS X er framleis noko som ein må installere sjølv. Til gjengjeld er det lett å installere, og det er så gratis at eg eigentleg burde bruke stavekontroll oftare.

Eg byrja å kladde denne bloggposten for nauta lenge sidan, men har sete og venta på at iWork ’09 skulle verte utdatert, men så har det ikkje skjett, og i mellomtida har både den eine og den andre spurt om stavekontroll. Ikkje minst dukkar det med ujamne mellomrom opp folk som forvillar seg til eit anna innlegg her etter Google-søk som «norsk ordliste iwork» og «norsk stavekontroll mac». Så då er det kanskje på tide å skrive noko om det.

Det eg skriv her, gjeld Pages ’09 og Mac OS X 10.6, Snow Leopard. Frå og med denne versjonen av operativsystemet er det lagt inn støtte for hunspell-ordbøker (sånne som kan brukast av OpenOffice.org), og oppskrifta er:

Gå til hunspell-sida og klikk på «Dictionaries», så kjem du til ordbokssida til OpenOffice.org. Der er det berre å laste ned av hjartans lyst.

Det som ligg der under «Norwegian» pr. i dag, er ein samla pakke for nynorsk og bokmål. Pakk ut denne zip-fila, finn t.d. nynorskpakken inni det som du nettopp pakka ut (han heiter nn_NO.zip, bokmålspakken heiter nb_NO.zip), pakk ut denne igjen, og finn .dic- og .aff-filene.

Desse filene skal no flyttast til mappa «Spelling» som ligg i ei av mappene som heiter «Bibliotek». Eg plar leggje slikt i Bibliotek-mappa på heimekatalogen min. Finst ikkje Spelling-mappa, kan du lage henne. (Ryktet seier at Mac OS X 10.7 ikkje kjem til å vise Bibliotek-mappene direkte. I Finder kjem du i så fall til dei ved å «Gå til mappe» (⇧⌘G) og taste inn ~/Library for mappa i heimekatalogen, eller /Library for den globale mappa.)

No kan den norske stavekontrollen brukast i alle program som kan bruke stavekontroll frå operativsystemet. Her kjem nokre ord om korleis vi får stavekontrollen til å fungere i Pages. Ta omstart på Pages, og du er så mykje i mål at berre detaljane står att:

Hugs at for at stavekontrollen skal fungere, må Pages vite at det er norsk du prøver å skrive. Det vel du i Inspektør > Tekst > Mer, som vist på biletet. Ver merksam på at denne innstillinga ikkje gjeld for dokumentet generelt, men for akkurat der du har skrivemerket ditt. Så om du vil at eit heilt avsnitt skal verte rekna som t.d. bokmål, så må du markere teksten og velje bokmål.

Eller endå betre: Når du har valt språk for (heile) avsnittet, så definer den aktuelle avsnittsstilen på nytt, ved å klikke på den no raude trekanten ved stilnamnet og velje «Definer stil fra markering på nytt». (Dersom du ikkje ser lista med stilar, så trykk ⇧⌘T.)

Skriv du andre språk innimellom, kan du definere ein eigen avsnitts- eller teiknstil for t.d. engelsk.

Vil du ha norsk som språk også i nye dokument, kan det løne seg å lagre ei tom malfil der du har definert stilane som du vil: Arkiv > Arkiver som mal. Og vil du at nye dokument automatisk skal velje denne malen, så gå inn i Pages > Valg (eller ⌘,) og vel dette der.

Orddeling fungerer ikkje med denne løysinga. Det finst noko som heiter hyph_nn_NO.zip i det som vart lasta ned i stad, men Mac-en bryr seg ikkje om det som ligg der. Hadde han brytt seg om det, måtte vi i alle fall ha passa på å krysse av for orddeling i Inspektør > Dokument, og sett til at orddelinga ikkje er avslegen i for det aktuelle avsnittet i Inspektør > Tekst > Mer. Men slikt får ein inntil vidare heller more seg med på andre språk enn norsk.

Og til slutt:
Akkurat når eg skal trykkje på «Publiser», så kjem Multilingual Mac med ei lenkje til ei side som byr på ein fiks ferdig pakke med norsk stavekontroll. Det fylgjer også med norsk-engelsk og engelsk-norsk ordbok til Ordliste-programmet. Men når eg fyrst har skrive denne bloggposten, så kan eg like gjerne trykkje på «Publiser» likevel.

Read Full Post »

Når folk vil sende meg noko som dei meiner er så viktig at eg må lese det akkurat slik som dei skreiv det, så sender dei meg Word-filer. Ein gong var eg sensor på ein eksamen der studentane skulle levere elektronisk, og rundt halvparten leverte Word-filer, som vart vidareformidla til meg og dei andre sensorane. Det såg slik ut:

Word-tekst der alle fonetiske teikn ser ut som firkantar.

Nettopp, ja. Lydskrifta forsvann i alle oppgåvesvara. I tillegg forskuva figurane seg i mange av dei, og margane vart sære. Eg hadde Word, eg hadde korrekt font, eg hadde til og med den same versjonen av fonten. Men eg sat altså ikkje på dei datamaskinene som studentane hadde brukt. Det gjorde heller ikkje dei andre sensorane. Ingen av dei sensorane som eg snakka med, var i stand til å lese oppgåvesvara.

Datautstyret var i orden, men slikt er lite verdt når Word er vide kjent for å ha eit problematisk forhold til seg sjølv. Tilfeldigvis er eg ein sta fyr, så eg tok Word-filene som ei teknisk utfordring, og klarte etter ein viss innsats å lese det som stod skrive i dei.

For nokre av Word-dokumenta fungerte det å erstatte fonten med seg sjølv, men under eit anna fontnamn (sjå under).

For andre Word-dokument fungerte ikkje dette, men då fungerte det ofte å opne dei i Pages, bortsett frå at då vart lineavstandane endra. Ja, lineavstandane endra seg. Lineavstandane er nemleg definerte på ein heilt eigen måte i Word.

Atter andre dokument ville ikkje la seg opne i Word, anna enn i ein antikvarisk versjon som eg tilfeldigvis framleis hadde på maskina mi. Alt i alt var eg innom Pages, TextEdit, FontRevealer og to Word-versjonar for å få unna bunken. Nokre av dokumenta nekta også å la seg skrive ut, anna enn éi og éi side.

Og apropos utskrift: Grunnen til at margane vart sære i ein del av dokumenta, var truleg at eg hadde ein annan skrivar tilkopla på mi maskin enn studentane hadde hatt på sine maskiner då dei skreiv oppgåvesvara sine. (Lenkje 1, lenkje 2.) Word omformaterer nemleg dokumenta avhengig av kva for ein skrivar som er tilkopla.

Tilbake til dette med fontar: Den fonten som studentane hadde fått instruksar om å bruke, var ein åttebitsfont, der adressa til vanlege bokstavar var utstyrte med fonetiske skriftteikn på ikkje-standardiserte måtar, t.d. slik at stor N skulle sjå ut som ŋ og likskapsteiknet (=) skulle sjå ut som ɳ. Ettersom eg hadde nøyaktig same versjon av den fonten, kunne det ha vore overkomeleg, dersom Word berre hadde kjent att namnet på fonten. Operativsystemet oppgav nøyaktig same fontnamn som dokumentet etterspurde, men Word har tydelegvis sin eigen måte å tolke fontnamn på. Difor måtte eg erstatte fonten (SILDoulosIPA) med seg sjølv men under eit anna fontnamn (SILDoulosIPA Regular). At minst éin av studentane hadde gått ut på nettet og funne seg sin eigen font med andre og like ikkje-standardiserte plasseringar av skriftteikna, gjorde ikkje sensoroppdraget noko enklare:

Word-tekst der fonetiske teikn ser ut som mykje rart.

Eg tilrår sjølvsagt Unicode-fontar (t.d. den nyare Doulos SIL), der ein ɳ alltid er ein ɳ og i alle fall ikkje risikerer å sjå ut som = eller ♥. Men sjølv med Unicode-fontar kan det gå gale i Word, her er eit døme frå eit anna høve:

Word-tekst der mange fonetiske teikn ser ut som firkantar.

Lukka med Unicode-fontar er at om teikna då ikkje er synlege i Word (i den grad Word vil opne Word-fila), eller om mottakaren kanskje manglar fonten, så er det likevel lett å rekonstruere skriftteikna, og det kan ein gjere på opptil fleire måtar. Til dømes ved å erstatte med ein annan Unicode-font, ved å sjå etter kva for ei adresse i Unicode-tabellen det problematiske teiknet har, eller ved å opne Word-fila i Pages eller TextEdit.

Dette kompenserer sjølvsagt likevel ikkje for forskuva figurar, sære margar, endra lineavstandar og slike ting.

Ei anna utfordring når ein får tilsendt eit Word-dokument, er at den som skreiv dokumentet, nesten garantert også har brukt fontar som eg ikkje har installert på maskina mi (t.d. Calibri og Cambria, ikkje sant?), slik at når eg opnar fila på mi maskin, så ser dokumentet annleis og sikkert mykje styggare ut enn sendaren hadde tenkt seg. Det er sanneleg urettvist mot ein student som har lagt ned mykje arbeid i at det ikkje berre skal vere bra innhald, men at det også skal sjå pent ut.

Somme tider vert eg sjølv beden om å sende saker og ting i Word-format til folk, som når eg skal levere noko som skal redigerast inn i noko større. Den eine gongen fekk eg tilbakemelding om at kursivane i dokumentet mitt forsvann då mottakaren opna Word-fila mi i sin Word. Dei måtte rekonstruerast manuelt.

Eksamensoppgåver som inneheld lydskrift, kan vere nervepirrande å sende til oppgåvesett-redaktørar som bruker Word: Sist det skjedde, var det berre med naud og neppe at ikkje studentane fekk utdelt eksamensoppgåver med firkantar der det skulle stått lydskriftteikn.

No vert eg mimrete her. Eg hugsar ein student som skulle levere heimeeksamen i fonologi, og som kom glad og nøgd heimanfrå med Word-fila si i god tid før innleveringsfristen. Ho la fila inn på datamaskina på universitetet, skreiv ut – og byrja å sveitte. Med god grunn. Det enda med at ho måtte få utsett fristen med fleire timar.

Det finst ikkje nokon garanti for at ei Word-fil ser ut på same måten på to datamaskiner, sjølv ikkje om begge maskinene har den same versjonen av Word installert. Tvert imot er det veldig sannsynleg at dokumentet ser ulikt ut på dei to maskinene, også om fonten er den same. Det seier seg sjølv då at Word-filer er ueigna dersom ein vil at mottakaren skal sjå det same som sendaren.

Medisinen er anten papir eller pdf. Med pdf ser dokumentet ut akkurat slik som det skal sjå ut. Med tanke på alt det rare som ramlar ned i innboksen min, er det for studentar likevel tryggast å levere øvingsoppgåvene på papir.

Eg opna altså med å fortelje at når folk vil sende meg noko som dei meiner er så viktig at eg må lese det akkurat slik som dei skreiv det, så sender dei meg Word-filer. Difor vil eg til slutt nemne sånn i forbifarten at det er ikkje alle Word-brukarar som har ein Word-versjon som taklar – (kunstpause, trommekvervel) – docx-filer. Mine Word-versjonar taklar det ikkje (pr. desember 2009).

Så når folk sender meg Word-filer for at eg skal kunne lese dokumentet deira akkurat slik som dei skreiv det, giss éin gong kva slags format mange gode menneske vel på fila som dei sender?

(OK, Pages og TextEdit får til å opne docx, men det er ikkje poenget. Poenget er at… hmmm… Les denne bloggposten på nytt.)

Read Full Post »