Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘pappa’

Eit minneord om far min

Dei rundt meg veit at eg miste far min i sommar. I gravferda fortalde eg om han frå eit mykje meir personleg perspektiv, med anekdotar og andre detaljar også i den biografiske delen, men ingen av dei talane eignar seg på bloggen i den forma. Dette noko meir komprimerte minneordet stod i lokalavisa Vestlandsnytt den 12. oktober 2018. Avisa tillèt no berre 1200 teikn i minneorda, det er ikkje så veldig mykje, men eg veit at ikkje noka lengd ville ytt eit menneskeliv rettferd.

Per Arne Abrahamsen

Per AbrahamsenPer, far min, vart fødd 8. november 1937 som andremann i ein flokk på seks, og voks opp i Voldsund og på Remøyholmen. Fyrste delen av yrkeslivet var han mykje på sjøen. Mellom anna var han med «Giskøy» på fiske utanfor Ghana i 1959 og 1960, og i 1961 vart han sertifisert som kystskipper.

Han var òg i Australia i tre og eit halvt år, også med jobbar på land. Heime igjen arbeidde han på rutebåten «Valder» med onkelen Olav Remø, sidan på den svenske fiskebåten «Ingo» og på Volda mekaniske.

Han vart gift med Trude i 1969, og dei busette seg året etter på Eggesbønes. Dei vart foreldre fyrst til Jardar, så Gard (død 2016).

I 1971 opna han verkstad på Leinane (frå 1987 på Myklebust), der han etter eiga utsegn, og med glimt i auget, ikkje rustbehandla bilar, men antirustbehandla dei. I 1979 fekk han ein pris frå Tuff-Kote Dinol for beste kvalitet. Han pensjonerte seg i 2010.

Han spelte trekkspel og munnspel, var fysisk aktiv heile livet, men den beste rekreasjonen fann han i båten sin. Han fekk fem barneborn, og var sjeldan så sprudlande som når han var i lag med dei minste.

Kvardagshumoren var prega av praktiske spøkar og ikkje minst den turre, leikande replikken. «Ein bil kjem sjeldan åleine» sa han gjerne i kryssa.

Han døydde 14. juli 2018, snart 81 år gammal.

Read Full Post »