Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘parkeringsplass’

Tuuuuut

Unnskyld, gode herre i bilen bak oss. Unnskyld at me forseinka deg då me stogga utanfor parkeringsplassen i staden for å køyre inn på plassen, med ein kant som ville ha vore til plage for pasienten i passasjersetet dersom bilen skulle over noko slikt. Dette burde pasienten ha tenkt på.

Unnskyld at pasienten brukte fleirfaldige sekund på å krype ut. Der stod jo du bakom med fløyta di og hadde det travelt med å få parkert og få deg heim til viktige gjeremål.

Det var plass til å køyre forbi oss, men dette måtte du sleppe, og du slapp det. Huff, me skulle ha behandla deg med respekt, dette fortente du ikkje. På vegner av pasienten og oss alle: Unnskyld.

Read Full Post »

Eg sit i bilen med MacBook på fanget og aner fred og ingen fare, nede på parkeringsplassen til burettslaget. Det er der me må parkere, me som ikkje har garasjeplass. Her er det fritt val mellom plassane, og kanskje litt for ofte må me også kjempe om plassen med garasjeplass-eigarane som ikkje gidd å parkere innandørs.

Lenger oppe ser eg ein fyr sige svakt vaklande ned den skrå grasplenen mellom to av parkeringsplassane.

Mac-en min heiter «kvakk», men XP-en som køyrer virtuelt i Fusion på kvakk, er ikkje så glad i Bluetooth. Faktisk nektar han å finne blåtanna mi i det heile teke, og det irriterer meg litt. Eg knotar vidare på XP-leiketyet, døra mi er open, og eg får litt trekk i sumarvarmen.

Plutseleg ser eg i augnekroken at den nemnde fyren, som nettopp har smoge interessert forbi den opne bildøra, snur og kjem tilbake den vesle meteren sin. Eg snur meg opp mot han, og han seier noko strengt noko som kanskje er på trøndersk, men det er vanskeleg å høyre, for han snakkar lågt, og for eit sunnmørsk øyra høyrest det nesten ut som om han har vanskar med artikulasjonen. Eg har ikkje lyst til å seie han imot. Så eg seier unnskyld, og bed han om å gjenta. To gonger. Han bøyer seg ned og kjem veldig nær.

– Tør æ spør om ka du driv på med? spør han like stilt og bestemt.

– Eg oppdaterer handsfreen min, seier eg.

– Kan æ be dæ om ikke å gjør det på min parkeringsplass? seier han kontant: – Kan du flytt bilen ned der? Han peiker ned mot neste parkeringsplass.

No innbiller eg meg at mannen som står ein halvmeter unna kvakk og meg, kanskje er veldig oppteken av at eg har parkert der han bruker å ha sin eigen bil. Her misforstår eg, som me snart skal sjå.

– Å, er det din plass, dette? Eg kan godt flytte bilen, ja.

– Flytt den dit ned.

Så kjem eg på at kanskje han trur at eg berre har stilt meg opp på ein tilfeldig parkeringsplass her i byen, og at eg dermed ikkje har noko å gjere på denne fellesparkeringa, så eg legg til og peiker i motsett retning og forbi ein annan parkeringsplass fem meter unna: – Men eg bur der oppe.

I mitt stille tenkjer eg at han kanskje vil tilby meg å parkere på den parkeringsplassen som er nærast min eigen bustad, når han høyrer at eg soknar til desse parkeringsplassane.

– Kjør ned der. Du forstyrre utstyret mitt, seier han bestemt.

Eg tenkjer at eg ikkje har lyst til å finne ut kva slags utstyr han har.

– Å unnskyld, det er klart eg kan flytte meg, seier eg, set den berbare trygt frå meg på passasjersetet, lèt endeleg att døra mi, og køyrer tjue meter bort, medan fyren sig resolutt vidare og inn i burettslaget igjen i ei litt anna retning enn han kom frå.

Til slutt vil XP samarbeide, men berre etter at eg har plugga inn ein eldgamal blåtannsdings frå Clas Ohlsson og teke omstart på leiketyet frå Veslemjuk.

Read Full Post »