Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘pensum’

Kva er eit pensum?

Frå tid til anna kjem det spørsmål som:

Du har ikkje snakka om delkapittel 12.6 på førelesingane, er det då pensum?
Må eg kunne dette på eksamen dersom du ikkje har snakka om det?
Det du sa no, finn eg ikkje omtalt i pensum, må eg då kunne det på eksamen?

Alle desse spørsmåla byggjer eigentleg på litt misvisande premissar, nemleg førestellinga om at ein eksamen på universitetet handlar om å reprodusere faktaopplysningar eller ein fasit. Men på ein universitetseksamen dreier det seg sjeldan om å reprodusere faktaopplysningar, det handlar meir om å gjere seg nytte av at ein kjenner eit fagområde. Som regel er det heller ikkje mogeleg å setje opp ein absolutt «fasit», berre rettleiingar for kva sensor skal sjå spesielt etter.

Jamvel dei formelle karakterkriteria (i alle fall på mitt fag) handlar eksplisitt om refleksjon, drøfting og det å sjå samanhengar. Eit «korrekt svar» (etter pensum) er altså ikkje naudsynleg det beste svaret.

Spørsmåla over kan difor skiftast ut med dei to spørsmåla: Kva er eit pensum? Kva er ei førelesing?

Eit pensum er eit hjelpemiddel for å verte kjend med eit fagområde. Ein førelesingsserie dekkjer neppe heile pensum (det er det ikkje tid til), og kan også gå noko utanfor pensum. Førelesinga er eit hjelpemiddel som skal gjere det enklare å setje seg inn i pensum og fagområdet.

Og då handlar jo saka eigentleg om noko heilt anna.

Det finst sjølvsagt nyansar her. På exfac-nivå dreier gjerne studiet seg mykje om å tileigne seg ein terminologi og ei heilt grunnleggjande innsikt, og då finst det «fasitar», til dømes på spørsmål av typen «er dette ei rot eller ein formativ», eller når ein skal prøvast i om ein veit skilnaden på formell og funksjonell analyse, eller kva ein plosiv eller eit minimalt par er for noko.

Men sjølv på exfac-nivå vil drøftingar vere velkomne, og nettop difor er det vanskeleg også på det nivået å lage «fasitar» til oppgåver, sjølv om svarframlegg lettare lèt seg lage.

Og for å ta eit par døme nettopp frå det nivået som er mest terminologiorientert: Ein exfac-student forklarte kva ein bøyingsformativ er for noko (med utgangpunkt i pensumdefinisjonen, som forresten ikkje er problemfri), men la til at bøying også kan skje på andre måtar, og kom med sjølvstendige døme. Ein annan exfac-student hadde problem med at lydskrifta var unøyaktig, men forklarte kva som var problemet. Slikt viser at studentane kan faget, og det viser det mykje tydelegare enn ei fasitorientert oppramsing.

På høgare nivå, som også på exfac, kjem det ofte studentar som har oppdaga problem med definisjonar eller rammer i pensum, og som spør om kva som er det «rette» svaret eller den «rette» framgangsmåten. Då seier eg gjerne: Skriv på eksamen akkurat det som du spurde om no, med den same grunngjevinga for kvifor dette er eit problem. Det er denne refleksjonen som viser at du kan faget.

Og for då å gje eit døme på korleis det ikkje skal gjerast: Ikkje skriv på eksamen at e-en i lesehest er bøyingsformativ «fordi det står i pensumboka» at ein analyserer e-en på den måten når forleddet er eit verb. Ein slik kommentar viser nemleg ikkje at du har forstått det faglege resonnementet bak den analysen. Det er mykje betre å forklare tankegangen bak analysen, og kanskje også vise til eventuelle problem som oppstår dersom ein gjer analysen absolutt.

Hugs: At noko står i ei bok, tyder ikkje at det er Svaret med stor S. Ikkje eingong om det er ei pensumbok.

Read Full Post »

Svært mange studentar spør meg om dei på EXFAC0003-eksamen kan bruke den syntaksen som dei har lært på nordisk. Eller tysk. Eller fransk. Spansk. Engelsk. Svaret er nei, og så kjem spørsmålet om kvifor. (Sjå til slutt i bloggposten om korleis ein likevel kan bruke slike kunnskapar med stort hell på EXFAC-eksamen.) Det eg skriv her, gjeld syntaks fordi det er det eg har fått spørsmål om, men det er like aktuelt også for andre disiplinar.

Den fyrste grunnen til at eg seier nei, er at EXFAC0003 rett og slett ikkje er ein del av nordiskstudiet. Emnet er heller ikkje ein del av tyskstudiet, franskstudiet osb. Det er altså irrelevant kva som er pensum på andre fag som ein måtte studere. Skulle ein bruke t.d. nordisk-syntaksen på EXFAC0003, ville det vere som om eg studerte nordisk, men ynskte å halde meg til tyskpensum. Når studentar fortel om kor mykje arbeid det ligg i å lære begge tilnærmingane (altså både EXFAC-tilnærminga og den meir avanserte tilnærminga frå det vanlege språkstudiet), illustrerer det godt som noko at dei ulike tilnærmingane ikkje er ekvivalente, og at dei aktuelle eksamenane fortener sine respektive studiepoeng. Alternativet ville jo vere at studentane ikkje fekk full utteljing i oppteninga av studiepoeng pga. for stor fagleg overlapping.

I halen på dette kjem eit anna moment: Dette er eit innføringskurs, og lærestoffet ligg til grunn for slikt som ein lærer på ulike språkspesifikke studium. Dette er altså grunnkunnskap, der ein skal vise at ein kan t.d. skilnaden på form og funksjon, at ein veit å identifisere eit indirekte objekt, osb. Eigentleg er det ein repetisjon (og ei utdjuping) av det som ein lærte i grunnskulen, og som ein rett og slett må kunne for å forstå skikkeleg det som ein lærer på dei andre språkstudia. Om ein presenterer ein syntaktisk analyse etter modell frå eit vilkårleg språkstudium, har ein ikkje naudsynleg demonstrert at ein kan desse grunnleggjande og heilt allmenne tinga.

Ein tredje grunn er i slekt med dei to fyrste: Desse ulike modellane som er i bruk på ulike språkstudium, fokuserer på ulike sider ved syntaksen. Innanfor generativ syntaks er det t.d. visse tradisjonar for å fokusere på dei formelle sidene ved analysen. EXFAC-studentar som har brukt fagspesifikke tilnærmingar i staden for den meir allmenne frå EXFAC-pensum, har svært ofte ikkje svart skikkeleg på oppgåva, fordi dei t.d. har gløymt å modifisere tilnærminga si til også å inkludere den funksjonelle analysen som det var spurt etter. Dette er også ein relevant illustrasjon på konklusjonen frå førre punkt.

Mykje av det eg har skrive over, handlar nettopp om at studentane skal svare på eksamensoppgåva: Det inneber naudsynleg at studentane må forhalde seg til det som er pensum for den aktuelle eksamenen. Men for det fjerde inneber dette også at eksamensoppgåva må vere utforma slik at alle studentane på kurset kan svare på oppgåva. Det er ikkje sikkert at ein student som studerer fag X, vil vere i stand til å svare på ei oppgåve som er utforma slik at ein student med bakgrunn frå fag Y kan bruke fag Y sin analysemodell. På eit slikt innføringsemne må det altså leggjast til grunn at alle studentane faktisk vert prøvde i det same på eksamen. (Og det er difor det er eitt felles pensum for alle studentane på kurset.)

Ein femte grunn som heng saman med den førre, er at å opne for at alle skal få bruke sin eigen modell, på tvers av pensum og det som skal prøvast på eksamen, det ville vere å invitere til at ulike studentar skal vurderast etter ulike kriterium under sensuren. Dette ville vere svært urettvist mot studentane.

Ein sjette grunn er at min eigen kompetanse som faglærar heller ikkje strekk til: Eg kan ikkje alle desse ulike tilnærmingane som vert brukte på alle dei spesifikke språkstudia. Og om eg var skikkeleg kompetent i den eine av dei, ville det då ikkje (jf. førre punkt) vere urettvist om eg på den måten i praksis skulle favorisere dei studentane som tilfeldigvis kan den same meir avanserte modellen?

Og då kjem me tilbake til den fyrste grunnen: EXFAC0003 er ikkje ein del av nordiskstudiet, tyskstudiet, engelskstudiet osb.

* * *

Det er rett at eg ved tidlegare høve har tillate folk å bruke dei syntaktiske modellane som dei har lært på dei ulike språkspesifikke studia. Når eg ikkje lenger tillèt det, kjem det nettopp av at det oppstod slike problem som eg nemner over: Dei få studentane som brukte dei meir avanserte modellane, svarte ofte ikkje på meir enn halve oppgåva (og knapt nok det), men svarte altså i staden på slikt som det ikkje var spurt om, og som heller ikkje var noko som studenten skulle prøvast i.

Dermed skjedde dette på måtar som ikkje eingong plasserte den grunnleggjande kunnskapen i ein samanheng, fordi samanhengen kanskje var der, men ikkje det som eventuelt skulle plasserast i ein slik samanheng. (Karakterforklaringane snakkar om å «plassere kunnskapene inn i en sammenheng».) Dei demonstrerte praktisk dugleik i det å setje opp ein eller annan slags syntaktisk trestruktur, men dei demonstrerte ikkje at dei hadde fagleg innsikt i dei heilt grunnleggjande tinga som denne eksamenen skulle prøve dei i.

* * *

Difor, altså: Nei, på eit innføringsnivå som dette tillèt eg ikkje lenger at ein legg til grunn heilt andre analysemodellar enn det som studentane skal få prøvd kompetansen sin i. Men det som derimot er heilt OK, er å sjå pensummodellen i lys av ein annan modell, eller motsett, og på den måten demonstrere at ein verkeleg kan stoffet. Slik er det anten det gjeld syntaks eller noko anna. Det er heilt OK å drøfte veikskapane i den modellen som pensum legg til grunn, ved hjelp av kunnskapar frå dei spesifikke språkstudia eller frå kva som helst som ein har relevant kompetanse i. Det ville i tilfelle gå rett inn i vilkåra for ein A (fagspesifikk karakterforklaring for lingvistikk, fonetikk og swahili):

Høyt kunnskapsnivå. Svært god teoretisk innsikt og, i emner der det er relevant, svært gode praktiske ferdigheter. Kan plassere kunnskapene inn i en sammenheng. Kan bruke kunnskapen til selvstendig og kritisk drøfting og refleksjon over forklaringer, tolkninger og sammenhenger.

Read Full Post »

Pensum

Emneportefølje og studieplanar skulle leggjast om. Dermed måtte også pensum leggjast om.

Ei av utfordringane med fonologipensum er at nokre bøker som elles kunne ha vore aktuelle, bruker eit amerikansk lydskriftsystem, APA, i staden for IPA. Studentane har gjerne korkje lært fonetikk eller fonologi før, og det ville vere dårleg gjort å lære dei opp i APA samstundes som mange av dei lærer IPA på EXFAC-kurset.

På innføringsemnet i språkvitskap i haust (LING1105) fekk kvar disiplin tildelt 6 førelesingar (12 timar etter førelesingsbudsjettet + 3 timar etter øvingsbudsjettet), og i fonologi brukte me Francis Katamba si klassiske bok An Introduction to Phonology, med vekt på kap. 1–9, saman med Gjert Kristoffersens fonologikapittel frå Nordgårds innføringsbok frå 1998. Katamba-boka var sterkt forseinka frå forlaget, men på siste førelesing kunne eg seie ifrå om at no var boka komen.

Dei fyrste førelesingane gjekk med til føregriping/repetisjon og utdjuping av slikt EXFAC-stoff som trengst som generell bakgrunn: artikulatorisk fonetikk (og litt akustisk), fonetisk transkripsjon og strukturalistisk fonologi (fonemanalyse). (På det tidspunktet hadde det enno ikkje vore fonetikkførelesingar på EXFAC, og dei studentane som hadde EXFAC frå før, hadde trass alt berre fått sju timar til saman med fonetikk og fonologi, medrekna oppsummeringstimen.) Deretter kom SPE-fonologi som generell innføring i generativ tankegang (herunder også ein heil haug med binære trekk), og så litt om stavingar og tonelag.

Studentkullet fekk lov til å vere prøvekaninar for det nye opplegget, og har vore veldig snille og uthaldande. På framhaldskurset LING1112 til våren vert det òg litt eksperimentering, men no veit eg i alle fall kva me gjekk gjennom i haust, så eg veit kva som er å byggje på. Pensumskjemaet må fyllast ut i dag, og eg har landa på å bruke Understanding Phonology av Gussenhoven og Jacobs som hovudbok, kanskje med Generative Phonology av Iggy Roca som tilrådd litteratur. Fokus vil i hovudsak liggje på autosegmental fonologi (herunder litt metrisk og kanskje litt trekkgeometri). Nokre av studentane i haust har uttrykt interesse for å lære noko om Trondheimsmodellen for norsk intonasjon, og så bør me vel sjå om det vert plass til litt optimalitetsteori og kanskje litt leksikalsk fonologi.

Read Full Post »